1400 færre heilt arbeidslause i april
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet
Pressemelding | Nr: 07 | Dato: 03.05.2019
– Talet på arbeidslause held fram å falle. Arbeidsløysa er på sitt lågaste nivå på ti år, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Frå mars til april blei 1400 færre registrert som heilt arbeidslause, justert for sesongsvingingar. Det svarar til ei arbeidsløyse på 2,2 prosent i april. Det er 0,1 prosenteining lågare enn i mars.
Det siste året har arbeidsløysa falle mest for ingeniør- og IKT-fag og blant industriarbeidarar.
Etterspurnad
– Verksemdene treng no folk. Regjeringa ønskjer å bruke dei gode tidene til å inkludere fleire i arbeidslivet. Vi veit det er mange som har mykje å bidra med, derfor har vi mellom anna sett i gong ein inkluderingsdugnad, seier Hauglie.