Auke i internasjonale prisar på korn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 17.10.2017
Internasjonale prisar på korn og egg auka i september. Prisane på kjøt var stort sett stabile, medan prisane på meieriprodukt utvikla seg i ulik retning.
Etter stor tilgang på kveite i innhaustinga i august, stabiliserte tilgangen på kveite seg i september. Dette førte til at prisen auka.
Liten tilgang på smør til eksport har bidrege til høge prisar på smør, medan prisane på skummamjølkpulver har gått ned den siste månaden. Prisane på ost i EU synest å vere stabile.
Stabile prisar på kjøt
FAO sin prisindeks for kjøt var om lag uendra frå august til september. Høgare verdsmarknadsprisar på småfekjøt jamna ut ein svak prisnedgang på svinekjøt. Verdsmarknadsprisane på storfe- og fjørfekjøt var stabile.
Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene.