Historisk arkiv

Statsministerens program veke 18

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Fredag 26. april

Kl. 18.00: Statsminister Erna Solberg deltek i rekviemmesse for ofre på Sri Lanka i Bredtvet kyrkje. Adresse: Bredtvetveien 12 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no.

Laurdag 27. april

Kl. 15.30: Statsminister Erna Solberg besøkjer Kristeleg folkeparti sitt landsmøte på Clarion Air Hotel på Sola.

Pressekontakt er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no.

Tysdag 30. april

Kl. 11.25: Statsminister Erna Solberg besøkjer Andøya Space Center. Statsministeren får ei omvising på senteret og orienteringar om mellom anna utvidinga av senteret og senterets dronesatsing. Det blir også eit treff med elevar frå landslina for romteknologi ved Andøy vidaregåande skule. Adresse: Bleiksvegen 46 på Andenes.

 

Kl. 13.15: Statsministeren møter lokale politikarar og representantar frå næringsliv og ulike organisasjonar om omstillingsarbeidet i Andøy kommune. Adresse: Samskap sine lokale, Storgata 12 på Andenes.

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer AH Holding AS og Jangaard Export i Andenes hamn. Adresse: Havnegata 87 og Havnegata 83 på Andenes.

Kl. 17.00: Statsminister Erna Solberg besøkjer Troms politidistrikt, der ho mellom anna får ei oppdatering om status i arbeidet med nærpolitireforma. Statsministeren er tilgjengeleg for presse etter møtet, om lag kl. 18.00. Adresse: Stakkevollvegen 9 i Tromsø.

Kl. 18.30: Statsministeren møter Vilde Nilsen, som tok fire gull i årets Para-VM. Presse kan vere til stades. Adresse: Helmersen delikatesser, Storgata 66 i Tromsø.

Kl. 19.00: Statsministeren deltek på eit ope møte arrangert av iTromsø på Skarven vertshus. Adresse: Skarven, Strandtorget 1 i Tromsø.

Pressekontaktar er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post ano@smk.dep.no.

Laurdag 4. mai

Kl. 10.15: Statsministeren deltek på Strandryddedagen ved Kollevågen på Askøy. Ho plukkar boss saman med Barnas Turlag i Bergen, Bergen og Omland Friluftsråd (Bof), Frå vik til vik, Miljøagentene og Askøy Turlag.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.