Tilskot til til frivillige organisasjonar i redningstenesta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 08.01.2019
Justis- og beredskapsdepartementet skal i 2019 fordele 55,3 millionar kroner til frivillige organisasjonar i redningstenesta.
Frist for å søke er 1. mars 2019.
Søknad sendast elektronisk til: postmottak@jd.dep.no.
Søknaden kan eventuelt sendast til:
Justis- og beredskapsdepartementet
Samfunnssikkerhetssavdelinga
Postboks 8005 Dep
0030 Oslo
Tilskotsordninga har ikkje eit eige søknadsskjema. Søkjaren må sjølv utforme søknaden.
Kontaktpersonar:
Lise Johansen,
Tlf. 22 24 52 15,
E-post: lise.johansen@jd.dep.no
For informasjon om kriterier for tildeling og andre krav til søknaden, sjå regelverket for tilskotsordninga.