Ot.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram forslag til:

  • lov om endring i lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter

  • lov om endringar i lov 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt

  • lov om endringar i lov 10. juni 1966 nr. 5 om toll (tolloven)

  • lov om endringar i lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift

  • lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eige­domsskatt til kommunane

  • lov om endringar i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleums­forekomster m.v.

  • lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)

  • lov om endringar i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova)

  • lov om endring i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkursloven)

  • lov om endring i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven)

  • lov om endring i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap

  • lov om endring i lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring (tvangsfullbyrdelsesloven)

  • lov om endringar i lov 13. desember 1996 nr. 87 om skatt på honorar til utenlandske artister m.v.

  • lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endringar i lov 2. juli 1999 nr. 64 om helse­personell m.v. (helsepersonelloven)

  • lov om endring i lov 16. juli 1999 nr. 69 om offent­lige anskaffelser

  • lov om endringar i lov 7. juni 2002 nr. 19 om person­navn (navneloven)

  • lov om endringar i lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner m.v.

  • lov om endring i lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring (bokføringsloven)

  • lov om endring i lov 29. april 2005 nr. 20 om innkreving av underholdsbidrag m.v. (bidragsinnkrevingsloven)

  • lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)

  • lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile tvister (tviste­loven)

  • lov om endring i lov 15. desember 2006 nr. 72 om endringer i lov 19. juni 1964 nr. 14 om avgift på arv og visse gaver

  • lov om endring i lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav

I proposisjonen inngår:

  • Forslag til lovendringar som følgje av reorganiseringa av skatteetaten (ROS)

  • Forslag om at pressa kan få tilgang til fullstendige skattelister, og at postnummer blir teken inn i skattelistene. Det blir òg føreslått at skattelista ikkje skal innehalde opplysningar om personar utan fast bustad og opplysningar om personar i tilfelle der opplysningane kan røpe eit klientforhold

  • Forslag om at tollmyndigheitene skal kunne varsle innehavaren av immaterielle rettar dersom det ligg føre grunngjeven mistanke om at varer under innførsel eller utførsel krenkjer rettane deira, og rett for tollmyndigheitene i slike høve til å halde varene attende i inntil fem dagar

  • Forslag om at artist som blir skattemessig busett i Noreg blir skattlagd etter dei alminnelege reglane om skattlegging av avgrensa skattepliktige for inntektsåret før det året vedkommande blei skattemessig busett i Noreg

  • Forslag om å tryggje stillinga til den som har pant i krav på utbetaling etter petroleumsskattelova under ei konkursbehandling

  • Forslag om at det skal betalast meirverdiavgift for tenester i form av rett til å sjå striptease, og ved formidling av slike tenester

  • Forslag om presisering av kva for beløpsgrense som skal leggjast til grunn ved sletting av næringsdrivande i meirverdiavgiftsmanntalet

  • Forslag om at tredje termin meirverdiavgift utsetjast frå 20. august til 31. august

  • Omtale av arbeidet med endring av reglane om frådrag for inngåande meirverdiavgift

  • Forslag om at fristen for innlevering av kompensasjonsoppgåve for tredje periode blir forlenga til 20. august

  • Forslag om oppretting av lovtekst

Til forsida