Ot.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

1 Reorganisering av skatteetaten – lovendringar

1.1 Innleiing

Regjeringa slutta seg i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Finansdepartementet til hovudtrekka i Skattedirektoratet sitt forslag om å reorganisere skatteetaten.

Skatteetaten skal organiserast i to nivå: Skattedirektoratet og eit regionalt nivå. Det regionale nivået skal organiserast slik at kvar region omfattar fleire fylke. Kvar region får eit organ, skattekontoret, som erstattar noverande likningskontor, fylkesskattekontor, skattefutkontor og folkeregister i regionen. Skattekontoret i kvar region skal utgjere ei formell forvaltningseining, men vil bestå av mange kontorstader innan regionen. Kvar slik kontorstad skal ha ei førstelinjeteneste som skal kunne behandle alle typar førespurnader, klager, søknadar med meir på alle skatteetaten sine område, noko som inneber at publikum skal kunne venda seg til eitkvart skattekontor. Skattekontoret skal primært behandle saker frå eigen region, men Skattedirektoratet skal ha myndigheit til å fordele oppgåver mellom skattekontora. Den nye organiseringa av skatteetaten er nærare forklart i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Finansdepartementet kapittel 2.5 og Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) kapittel 3.

Reorganiseringa av skatteetaten krev ei rekkje lovendringar. Alle føresegner der det blir vist til «likningskontor», «fylkesskattekontor» og «skattefogdkontor» må endrast. Myndigheit som blir gitt i dei aktuelle forvaltningslovane skal leggjast til « skattekontoret » som formell eining. Føresegner som gir myndigheit som er stadbunden må endrast som følje av at Skattedirektoratet skal fordele myndigheit til skattekontora.

Samtidig med lovendringane som følgje av reorganiseringa av skatteetaten er det gjort endringar i folkeregisterlova av meir teknisk og omgrepsmessig karakter. Tilsvarande endringar må gjerast i andre lover som har føresegner som bruker «folkeregister» som nemning på folkeregistermyndigheita.

Første del av lovendringane blei fremma i Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) og vedteke av Stortinget hausten 2006. Det blei da gjort endringar i arveavgiftslova, folkeregisterlova, likningslova, lov om meirverdiavgift og den nye skattebetalingslova. Her blei det også varsla at reorganiseringa gjer det nødvendig med enkelte endringar i folketrygdlova, skattelova og ei rekkje andre lover og at departementet vil fremje desse endringsforslaga seinare. Det er desse endringane som no blir foreslått. Det blir også foreslått endringar i den nogjeldande skattebetalingslova.

Ikrafttreding og overgangsføresegner

Departementet foreslår at Kongen får fullmakt til å bestemme når lovendringane skal tre i kraft, og at endringane kan tre i kraft på ulike tidspunkt. Ein foreslår at departementet får heimel til å gi overgangsføresegner.

1.2 Skattebetalingslova

Betaling og innkrevjing av skattar og avgifter er i dag regulert i lov 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt (skattebetalingsloven). Ny skattebetalingslov blei vedteke ved lov 17. juni 2005 nr. 67. Når lova trer i kraft vil ho erstatte den gjeldande lova. For den nye skattebetalingslova blei dei nødvendige tilpassingane som følgje av reorganiseringa av skatteetaten vedteke ved lov 15. desember 2006 nr. 85. For nærare omtale av endringane sjå Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) kapittel 3 «omorganisering av skatteetaten – lovendringer». Det ligg an til at den nye skattebetalingslova, for skattekrava og avgiftar til folketrygda sin del, ikkje trer i kraft 1. januar 2008, som er da reorganiseringa skal setjast i verk. Det er derfor nødvendig å vedta tilpassingar også i skattebetalingslova frå 1952. Hovudårsaka til endringane er at einingane likningskontor, fylkesskattekontor, skattefutkontor og sentralskattekontor blir erstatta med skattekontor.

Inntil den nye skattebetalingslova trer i kraft, er prosessordninga regulert i § 48 i den gjeldande skattebetalingslova. Departementet vil seinare komme med forslag til endringar i desse reglane som følgje av reorganiseringa.

1.2.1 Endringar i skattebetalingslova av 1952

Staden for forskottsutskrivinga m.m.

Skattebetalingslova § 8 nr. 1 og § 18 nr. 1 regulerer staden for forskottsutskrivinga for personlege skattytarar. Utskrivinga av skatt er som utgangspunkt knytt til likningskontoret for den kommunen som skattytaren er skatteskyldig til etter skattelova kapittel 3. Etter reorganiseringa skal skattekontoret stå for forskottsutskrivinga. Dei enkelte skattekontora skal i første rekkje behandle saker frå sin eigen region, men kan også få myndigheit til å behandle saker for andre regionar.

Departementet foreslår derfor å endre § 8 nr. 1 første ledd og § 18 nr. 1 til at skattekontoret står for utskrivinga av forskottsskatt. Av same grunn må tilvisinga til «ligningssjefen for den kommune hvor arbeidsgiveren hører hjemme eller har sitt kontor (hovedkontor)» i § 8 nr. 1 tredje ledd, endrast til «skattekontoret» . Departementet foreslår også å oppheve føresegna i § 8 nr. 4 andre punktum og § 18 nr. 4 andre punktum om at Skattedirektoratet kan bestemme at utskrivinga skal gjerast av ein annan likningssjef enn det som følgjer av paragrafen.

Ein viser til forslaga til endringar i § 8 nr. 1 første og tredje ledd og nr. 4 og § 18 nr. 1 og nr. 4.

Det følgjer av skattebetalingslova § 10 nr. 1 tredje ledd at når den skatteskyldige tek imot naturalytingar, skal arbeidsgivaren gjennomføre forskottstrekk så langt dei kontante ytingane rekk. Er det ikkje dekning for det samla berekna trekket i dei kontante ytingane, har arbeidsgivaren plikt til straks å melde frå om forholdet til likningssjefen for den skatteskyldige sin kommune. Som følgje av reorganiseringa foreslår departementet at arbeidsgivaren skal ha plikt til å melde frå om forholdet til skattekontoret. Ein viser til forslaget til endring i § 10 nr. 1 tredje ledd andre punktum.

Etter skattebetalingslova § 27 nr. 10 første ledd tredje punktum skal meldingar om førehandsskatt til dei skattskyldige som ikkje høyrer heime i kommunen, alltid sendast i rekommandert brev. Etter reorganiseringa skal skattekontoret stå for utskrivinga av skatt, og utskrivinga er ikkje lenger knytt til eit likningskontor for ein kommune. Departementet foreslår derfor at § 27 nr. 10 første ledd tredje punktum blir oppheva. Ein viser til forslaget til endring i § 27 nr. 10 første ledd.

Skattytarar som ikkje har varig tilknyting til riket og sjømenn busett i utlandet

Etter reorganiseringa av skatteetaten vil Sentralskattekontoret for utenlandssaker bli ei kontoreining under skattekontoret i den regionen der kontoret ligg, og blir dermed ein del av vedkommande skattekontor. Omgrepet «Sentralskattekontoret for utenlandssaker» i § 11 nr. 3 andre punktum og tilvisinga i §§ 36 andre ledd og 48 nr. 1 andre punktum til krav fastsett «ved sentral ligning etter ligningsloven § 2-4 nr. 1 bokstav a» må derfor endrast.

Departementet foreslår at tilvisinga i § 48 nr. 1 andre punktum blir endra til skattytarar som ikkje har varig tilknyting til riket og sjømenn busett i utlandet.

Etter likningslova § 2-4 nr. 4 kan departementet i dag gi forskrift om kven som ikkje har varig tilknyting til riket. Slike reglar er gitt i forskrift 3. april 1998 nr. 325 § 1. Som følgje av endringar i likningslova § 2-4 fell denne forskrifta bort. Det er eit behov for å vidareføre avgrensinga i forskrifta av kven som ikkje har varig tilknyting til riket, med verknad for innkrevjinga. Departementet foreslår derfor å gi ein tilsvarande forskriftsheimel i skattebetalingslova § 48 nr. 1 nytt tredje punktum.

Departementet foreslår også at tilvisinga i §§ 11 nr. 3 andre punktum og 36 andre ledd blir endra til ei tilvisning til § 48 nr. 1 andre og tredje punktum.

Ein viser til forslaga til endringar i § 11 nr. 3 andre punktum, § 36 andre ledd og § 48 nr. 1 andre punktum samt nytt tredje punktum i § 48 nr. 1.

Andre tilpassingar

Som følgje av reorganiseringa må tilvisingane til likningssjef/likningskontor, fylkesskattesjef og skattefut endrast til « skattekontor ».

Departementet foreslår at tilvisningane til «likningssjefen» blir endra til « skattekontoret » i § 8 nr. 1 andre ledd første punktum, nr. 2 første punktum, nr. 3 første og andre punktum og nr. 4 første punktum, § 11 nr. 2, § 18 nr. 2 første punktum, nr. 3 og nr. 4 første punktum, § 27 nr. 2 første ledd og nr. 3 første ledd og andre ledd første og andre punktum, § 39 nr. 2 andre punktum, § 42 nr. 1 andre punktum, § 46 nr. 1 første punktum og nr. 2 og § 56 nr. 1 andre punktum. Det er samtidig nødvendig med nokre språklege tilpassingar i enkelte av føresegnene.

I § 15 foreslår departementet at «fylkesskattesjefen» blir endra til « skattekontoret».

I § 47 nr. 1 tredje punktum, § 47 a nr. 4 og § 47 c nr. 1 foreslår departementet at «skattefogden» blir endra til « skattekontoret».

I skattebetalingslova § 56 nr. 1 tredje punktum foreslår departementet at nemninga « skatte­kontoret» erstattar tilvisinga til likningskontoret og folkeregisteret. Ein viser til forslaget til endringar i 56 nr. 1 tredje punktum.

1.2.2 Endringar i den nye skattebetalingslova

I punkt 1.2.1 foreslår departementet endringar i den nogjeldande skattebetalingslova § 10 nr. 1 tredje ledd andre punktum og § 11 nr. 3 andre punktum. Departementet foreslår også eit nytt tredje punktum i § 48 nr. 1 for å vidareføre ein forskriftsheimel frå likningslova § 2-4 nr. 4. Ved eit mistak blei ikkje dei tilsvarande føresegnene i den nye skattebetalingslova endra da tilpassingane som følgje av reorganiseringa blei vedteke ved lov 15. desember 2006 nr. 85.

Departementet foreslår derfor å ta inn ein heimel i § 2-3 første ledd nytt andre punktum om at departementet kan gi forskrift om kven som ikkje har varig tilknyting til riket. Departementet foreslår vidare at formuleringa «Er skattekort utstedt av Sentralskattekontoret for utenlandssaker» i § 5-5 sjette ledd andre punktum blir endra til « Er skattekort utstedt for skattyter som omfattes av § 2-3 første ledd første eller annet punktum ».

Departementet foreslår også at tilvisinga i § 5-10 tredje ledd andre punktum til «ligningskontoret for den kommunen hvor skattekortet er utskrevet» blir endra til « skattekontoret».

Ein viser til forslaga til endringar i § 5-5 sjette ledd andre punktum og § 5-10 tredje ledd andre punktum og forslaget til endring i lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav § 2-3 første ledd.

1.3 Skattelova

Etter lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) § 3-2 andre punktum skal kontorkommunen fastsetje skattepliktig formue og inntekt for upersonlege skattytarar, med dei unntak og presiseringar som følgjer av likningslova § 8-6. Etter ny § 8-6 i likningslova skal det skattekontoret som departementet bestemmer gjennomføre likninga. Departementet foreslår derfor at skattelova § 3-2 andre punktum blir oppheva. Av same grunn foreslår departementet å oppheve skattelova § 3-4 femte ledd siste punktum. Føresegna regulerar i kva kommune skattepliktig formue i og inntekt frå selskap og innretning som ikkje høyrer heime i riket og som regelmessig driv berging med samanhengande verksemd på norsk territorium, skal fastsetjast. Ein viser til forslag til oppheving av skattelova § 3-2 andre punktum og § 3-4 femte ledd siste punktum.

Med heimel i skattelova § 4-12 fjerde ledd bokstav d kan departementet gi forskrift om samordning av verdsetjinga av ikkje-børsnoterte aksjar i utanlandske selskap mellom forskjellige likningskontor og skattefutkontor. Som følgje av reorganiseringa må «ligningskontorer og skattefogdkontorer» endrast til « skattekontor ». Ein viser til forslag til endring av § 4-12 fjerde ledd bokstav d.

Etter skattelova § 8-17 andre ledd siste punktum kan likningsmyndigheitene krevje at det blir stilt tilfredsstillande garanti for skatteplikta når selskap trer ut av den særskilte skatteordninga for skipsaksjeselskap og skipsallmennaksjeselskap. Omfang og varigheit av garantien blir fastsett av Sentralskattekontoret for storbedrifter, jf. § 8-17 andre ledd siste punktum. Departementet foreslår at dette blir endra slik at garantien blir fastsett av «skattekontoret» . Ein viser til forslag til endring av skattelova § 8-17 andre ledd siste punktum.

I skattelova § 10-13 første ledd andre punktum heiter det at skatteberekninga skal skje under eitt «i den kommunen der selskapet har sitt kontor eller styret har sitt sete, eventuelt ved Sentralskattekontoret for storbedrifter dersom selskapet lignes der». Etter reorganiseringa av skatteetaten vil Sentralskattekontoret for storbedrifter bli ei kontoreining under skattekontoret. Departementet foreslår at føresegna blir endra slik at berekning av utbytte til utanlandske aksjonærar skal skje ved det skattekontoret departementet bestemmer. Ein viser til forslag til endring av skattelova § 10-13 første ledd andre punktum.

Skattelova § 10-34 andre ledd første punktum har føresegner om at aksjeselskap skal sende melding om omfordeling av kostpris på aksjar og unytta skjerming etter første ledd til likningskontoret for kontorkommunen til selskapet, medan tredje punktum seier at selskap som er vedtekne overførde til sentral likning skal sende slik melding til Sentralskattekontoret for storbedrifter. Etter reorganiseringa av skatteetaten vil Sentralskattekontoret for storbedrifter bli ei kontoreining under skattekontoret i den regionen der kontoret ligg, og det vil ikkje lenger vere krav om at oppgåver med vidare skal sendast ei særskilt eining i skatteetaten. Ein foreslår derfor at § 10-34 andre ledd første punktum blir endra i samsvar med dette og at tredje punktum blir oppheva som overflødig. Ein viser til forslag om endring av § 10-34 andre ledd.

Elles inneheld skattelova ein del føresegner som viser til «likningskontor» eller «fylkesskattekontor». Desse tilvisningane må som følgje av reorganiseringa endrast til « skattekontor ». Ein viser til forslag til endring av § 6-50 tredje ledd, § 8-3 tredje ledd andre punktum og § 8-17 tredje ledd tredje punktum.

1.4 Folketrygdlova

Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven) § 24-1 har reglar om skatteetaten sine oppgåver ved fastsetjing av pensjonsgjevande inntekt, trygdeavgift og pensjonspoeng. Føresegna legg oppgåvene til bestemde einingar innan skatteetaten. Etter reorganiseringa skal skatteetaten sine oppgåver ikkje lenger vere stadbundne, og departementet foreslår derfor å endre folketrygdlova § 24-1 første, tredje og fjerde ledd.

For et medlem som etter skattelova er busett i Noreg, skal den pensjonsgjevande inntekta, trygdeavgifta og pensjonspoenga fastsetjast av det skattekontoret som fastset skatten for vedkommande inntektsår, jf. forslaget til § 24-1 første ledd. Når det gjeld skattytarane som er omfatta av § 24-1 tredje og fjerde ledd, foreslår ein at den pensjonsgjevande inntekta, trygdeavgifta og pensjonspoenga skal fastsetjast av det skattekontoret som departementet bestemmer.

Forslaget til § 24-1 fjerde ledd første punktum gjeld «inntekt som er skattepliktig etter skattelovens § 2-3, petroleumsskatteloven eller artistskatteloven». Tilvisinga til skattelova § 2-3 er ei utviding i høve til gjeldane rett. I noverande fjerde ledd første punktum blir ein person som ikkje er busett, men avgrensa skattepliktig, omtala som «skattyter som blir lignet sentralt etter ligningsloven § 2-4». Skattepliktige etter skattelova § 2-3 omfattar ikkje berre personar som i dag blir likna sentralt, men også avgrensa skattepliktige som blir likna lokalt fordi dei har varig tilknyting til riket. Elles er skattytarane som er omfatta av forslaget til § 24-1 ei vidare­føring av gjeldande rett.

Ein viser til forslag til endring av folketrygdlova § 24-1 første, tredje og fjerde ledd.

I folketrygdlova § 24-4 andre ledd er det ei tilvising til «ligningssjefen» som må endrast til « skattekontoret ». Ein viser til forslag til endring av folketrygdlova § 24-4 andre ledd.

1.5 Eigedomsskattelova

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 8 tredje ledd står det at når det er klaga til «høgre likningsinstans» på verdsetjinga, skal eigedomsskatten likevel reknast ut etter det verdet som blei sett ved likninga. I samband med reorganiseringa av skatteetaten er likningslova § 9-2 nr. 1 bokstav a endra slik at skattytarane kan klage til skattekontoret (mot i dag likningsnemnda), over likning etter kapittel 8. Etter likningslova § 8-11 skal likningsmyndigheitene, dvs. skattekontoret, fastsetje verdi av eigedommar også når verdsetjinga ikkje har anna føremål enn eigedomsskatt. Likningslova § 9-4 slår fast at klagereglane i § 9-2 også gjeld verdsetjing etter likningslova § 8-11. Departementet foreslår å oppheve tilvisinga til «høgre likningsinstans» i eigedomsskattelova § 8 tredje ledd, slik at føresegna også omfattar klage til skattekontoret.

Etter eigedomsskattelova § 18 skal likningskontoret gi eigedomsskattekontoret alle opplysningar det ligg inne med og som trengst til utskriving av eigedomsskatten. Ein foreslår at «likningskontoret» blir endra til « skattekontoret ». Dette er ei viss utviding i høve til gjeldande rett ved at skattekontoret vil sitte inne med fleire opplysningar enn det likningskontoret gjer i dag. Etter departementet si vurdering vil dette bety lite i praksis, fordi det i første rekkje er likningsopplysningar som trengst til utskriving av eigedomsskatten.

Ein viser til forslag til endring av eigedomsskattelova § 8 tredje ledd og § 18. Desse føresegnene er berre i kraft med verknad for anlegg for produksjon av elektrisk kraft.

Når ein eigedom er leid bort og leigaren skal svara eigedomsskatten, har eigedomsskattelova i § 19 tredje ledd ei føresegn om at leigaren kan klage over den verdien som ligg til grunn for eigedomsskatten. Klagen skal setjast fram for likningsnemnda i den kommunen eigedommen ligg. Som følgje av reorganiseringa av skatteetaten vil det ikkje lenger vere krav om at oppgåver m.m. skal sendast ei særskild eining innan skatteetaten, og det skal heller ikkje lenger vere ei likningsnemnd for kvar kommune. Departementet foreslår derfor at § 19 tredje ledd andre punktum blir endra i samsvar med dette, slik at klaga skal rettast til skattekontoret. Eigedomsskattelova § 19 har ikkje tredd i kraft, men departementet meiner det likevel er hensiktsmessig å endre ordlyden slik at omgrepa i føresegna stemmer også etter reorganiseringa av skatteetaten. Ein viser til forslag til endring av eigedomsskattelova § 19 tredje ledd andre punktum.

1.6 Artistskattelova

I lov 13. desember 1996 nr. 87 om skatt på honorar til utenlandske artister m.v. § 8 første ledd heiter det: «Sentralskattekontoret for utenlandssaker med ligningsnemnder er skattemyndighet etter denne lov.» Etter reorganiseringa av skatteetaten vil Sentralskattekontoret for utenlandssaker bli ei kontoreining under regionleiaren i den regionen der kontoret ligg. Det blir dermed ein del av vedkommande skattekontor, jf. Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) side 18-19.

Når det gjeld klagenemnda, heiter det i Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) på side 20: «Departementet legger til grunn at det etter omorganiseringen skal være en særskilt skatteklagenemnd knyttet til hver av de to kontorenhetene som skal behandle de skattytergrupper som i dag behandles ved henholdsvis Sentralskattekontoret for utenlandssaker og Sentralskattekontoret for storbedrifter, og at disse nemndene skal oppnevnes av departementet». I ny likningslov § 2-2 nr. 2 heiter det at departementet «oppnevner særskilte skatteklagenemnder for behandling av bestemte skattytergrupper».

Etter reorganiseringa av skatteetaten er det dermed eit skattekontor og ei særleg skatteklagenemnd som skal vere skattemyndigheit etter artistskattelova. Det følgjer av artistskattlova § 12 andre ledd at føresegnene i likningslova om organiseringa av skatteetaten gjeld ved behandling av saker etter artistskattelova. Departementet foreslår å oppheve artistskattlova § 8 første ledd og at andre til sjette ledd blir nytt første til femte ledd.

Tilvisingane i artistskattelova § 8 andre ledd, fjerde ledd første og andre punktum, femte ledd andre punktum og sjette ledd andre punktum til «Sentralskattekontoret for utenlandssaker» eller «Sentralskattekontoret» må endrast til « skattekontoret ».

Artistskattelova § 8 sjette ledd første punktum viser til likningslova § 2-4. Departementet foreslår å sløyfe denne tilvisninga, og at ein i staden skriv at klage må sendast skattekontoret. Dette inneber ikkje nokon endring i høve til gjeldande rett, bortsett frå at skattyter no kan sende klage til eitkvart skattekontor.

Ein viser til forslag om endringar i § 8.

Tilvisingane i artistskattelova § 6 første ledd første punktum, fjerde og femte ledd og § 9 tredje ledd til «Sentralskattekontoret for utenlandssaker» eller «Sentralskattekontoret» må endrast til « skattekontoret ». Ein viser til forslag om endringar i § 6 første ledd første punktum, fjerde og femte ledd og § 9 tredje ledd.

1.7 Petroleumsskattelova

Reorganiseringa av skatteetaten gjeld ikkje oljeskattemyndigheitene, men det er behov for å endre nokre føresegner i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v.

Etter petroleumsskattelova § 6 nr. 1 bokstav f andre punktum har Oljeskattekontoret same rettar og plikter som «ligningskontor og ligningssjef». Departementet foreslår at dette blir endra til « skattekontoret og lederen av skattekontoret ».

Petroleumskattelova § 6 nr. 2 første punktum gjeld kva organ som skal likne andre skattepliktige etter petroleumsskattelova enn dei som er nemnt i § 6 nr. 1, dvs. andre enn skattepliktige som driv utvinning og rørleidningtransport av petroleum. For skattepliktige som ikkje driv slik verksemd og kor skatteplikta utelukkande følgjer av petroleumsskattelova, er Sentralskattekontoret for utenlandssaker og tilhørande nemnder likningsmyndigheiter. For arbeidstakarar som ein del av arbeidsåret også pliktar betale skatt for inntekt i riket, skal samla inntekt liknast ved Sentralskattekontoret for utenlandssaker. Sistnemnde går ikkje heilt klart fram av lovteksten, der det heiter i § 6 nr. 2 andre punktum at samla inntekt i desse tilfella skal liknast ved likningskontoret for «denne kommune». Ut frå gjeldande lovtekst er det uklart kva det viser til. Årsaka er at § 6 nr. 2 første punktum tidligare viste til «kommune 2312 Sokkelen», og at «denne kommune» viste tilbake til første punktum, jf. lov 18. desember 1987 nr. 81. I samband med etableringa av Sentralskattekontoret for utenlandssaker blei «kommune 2312 Sokkelen» endra til «de særskilte sentrale ligningsmyndigheter».

Etter reorganiseringa av skatteetaten vil Sentralskattekontoret for utenlandssaker bli ei kontoreining under skattekontoret i den regionen der kontoret ligg, og blir dermed ein del av vedkommande skattekontor. Det skal framleis være ei særskilt skatteklagenemnd for dei skattytargruppene som i dag blir behandla ved Sentralskattekontoret for utenlandssaker, jf. Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) side 20 og endringar i likningslova § 2-2 nr. 2, men denne nemnda blir ikkje særskilt omtala i lova. Tilvisinga «særskilte sentrale skattemyndigheter» må derfor endrast. Departementet foreslår at § 6 nr. 2 første og andre punktum blir erstatta med ei tilvising til at andre skattepliktige enn dei som er nemnde i nr. 1 blir likna av «skattekontoret». Føresegna vil da lyde: «Andre skattepliktige enn de som er nevnt i nr. 1 lignes ved skattekontoret». Kva for eit skattekontor dette er, blir avgjort av Skattedirektoratet etter delegasjon frå departementet, jf. den nye likningslova § 8-6. Departementet foreslår vidare at tilvisinga i § 6 nr. 2 tredje punktum til «skattytere som lignes sentralt etter ligningsloven § 2-4 nr. 1 a» blir endra til « skattytere som ikke har varig tilknytning til riket og sjømenn bosatt i utlandet ». Føresegna blir nytt andre punktum.

Ein viser til forslag til endring av petroleumsskattelova § 6 nr. 1 bokstav f andre punktum og § 6 nr. 2.

1.8 Arveavgiftslova

Etter lov 19. juni 1964 nr. 14 om avgift på arv og visse gaver § 24 andre ledd, slik den lyder etter lovendringa 15. desember 2006 nr. 72, er skattekontoret avgiftsmyndigheit med mindre saka høyrer inn under tingretten. Tingretten er avgiftsmyndigheit i bu som blir skifta offentleg, samt for nærare bestemde gåver, jf. § 24 første ledd.

Hovudregelen i forvaltningsretten er at klage skal fremjast for det organ som har gjort vedtaket. Ved lov 15. desember 2006 nr. 72 fekk arveavgiftslova § 35 eit nytt siste ledd som seier at «klage leveres skattekontoret». Det vil seie at ein kan levere klage med fristavbrytande verknad til einkvar kontoreining av eit skattekontor. Ein ser det som lite formålstenleg at klage over tingretten sin avgiftsfastsetjing skal sendast skattekontoret. I dei tilfella kor tingretten er avgiftsmyndigheit, foreslår departementet derfor at klage framleis må fremjast for den tingretten som fastsatte avgifta. Departementet forslår at lov 15. desember 2006 nr. 72 § 35 første ledd nytt siste punktum blir endra slik at klage berre skal leverast til skattekontoret når skattekontoret er avgiftsmyndigheit.

Ein viser til forslag til endring i lov 15. desember 2006 nr. 72 om endringar i lov 19. juni 1964 nr. 14 om avgift på arv og visse gaver § 35 første ledd siste punktum.

1.9 Særavgiftslova

Lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter § 7 første ledd har ei tilvising til «fylkesskattekontoret» som i samband med reorganiseringa av skatteetaten må endrast til « skattekontoret ». Føresegna er endra ved lov 17. juni 2005 nr. 67 ved at ho blir ny § 6 frå den tid Kongen bestemmer. Ein viser til forslag til endring av særavgiftslova § 7 første ledd.

1.10 Lov om kompensasjon av meirverdiavgift

Lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. har i § 6 første ledd ei føresegn om at oppgåver skal sendast «fylkesskattekontoret i det fylke den kompensasjonsberettigede hører hjemme». Etter reorganiseringa av skatteetaten skal det ikkje vera noko krav om at oppgåver m.m. skal sendast ei bestemt eining i skatteetaten. Departementet forslår derfor at «fylkesskattekontoret» blir endra til « skattekontoret » og at formuleringa «i det fylke den kompensasjonsberettigede hører hjemme» blir sløyfa.

Elles må tilvisingane til «fylkesskattekontoret» i § 7 første ledd første punktum, § 14 og § 17 endrast til « skattekontoret ».

Ein viser til forslag til endringar i lov om kompensasjon av meirverdiavgift § 6 første ledd, § 7 første ledd første punktum, § 14 og § 17.

1.11 Konkurslova

Lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkursloven) har i § 79 sjuande ledd andre punktum ei tilvising til «fylkesskattekontoret» som i samband med reorganiseringa av skatteetaten må endrast til «skattekontoret» . Ein viser til forslag til endring av konkurslova § 79 sjuande ledd andre punktum.

1.12 Bokføringslova

I lov 19. november 2004 nr. 73 om bokføring (bokføringsloven) § 2 tredje ledd heiter det at «[l]igningskontoret, fylkesskattekontoret eller sentralskattekontoret kan i enkelttilfelle pålegge den som antas å drive næringsvirksomhet bokføringsplikt etter denne loven for den virksomhet som drives».

«Ligningskontoret» og «fylkesskattekontoret» må som følgje av reorganiseringa av skatteetaten endrast til « skattekontoret ». Når det gjeld «sentralskattekontoret», så viser dette til same omgrep i likningslova § 2-4 der det omfattar Sentralskattekontoret for utenlandssaker, Sentralskattekontoret for storbedrifter og Oljeskattekontoret. Dei to førstnemnde blir formelt ein del av skattekontoret i den regionen dei ligg i. Reorganiseringa endrar derimot ikkje status til Oljeskattekontoret, som blir vidareført i den nye likningslova § 2-4. Departementet foreslår derfor at «sentralskattekontoret» blir endra til « Oljeskattekontoret ». Ein viser til forslag til endring av bokføringslova § 2 tredje ledd første punktum.

1.13 Lov om offentlege anskaffingar

Lov 16. juli 1999 nr. 69 om offentlige anskaffelser § 9 andre punktum seier at «[v]ed ileggelse av mulkt etter § 8 skal retten også underrette skattefogden som inndriver mulkten». I den nye skatteetaten blir skattefuten ein del av skattekontoret. Departementet foreslår derfor at tilvisinga til «skattefogden» i § 9 andre punktum blir endra til « skattekontoret ». Føresegna vil etter det lyda: « Ved ileggelse av mulkt etter § 8 skal retten også underrette skattekontoret, som er innkrevingsmyndighet for mulkten ». Dette kan vere eitkvart skattekontor. Formuleringa «som er innkrevingsmyndighet» viser kva funksjon skattekontoret har, og er tatt med av informasjonsomsyn. Ein viser til forslag til endring av lov om offentlige anskaffelser § 9 andre punktum.

1.14 Bidragsinnkrevingslova

Lov 29. april 2005 nr. 20 om innkreving av underholdsbidrag mv. (bidragsinnkrevingsloven) § 21 første ledd andre punktum har ei tilvising til «skattefogdene» som må endrast til « skattekontoret ». Ein viser til forslag til endringar i bidragsinnkrevingslova § 21 første ledd andre punktum.

1.15 Namnelova

Som følgje av reorganiseringa av skatteetaten er det behov for endringar i lov 7. juni 2002 nr. 19 om personnavn § 11 første ledd. Her heiter det:

«Den som vil ta, endre eller sløyfe navn, må gi melding om det til folkeregisteret, som avgjør om meldingen skal godtas. Meldingen sendes til folkeregisteret for den kommunen hvor den meldingen gjelder, er registrert bosatt. For enkelte navnesaker kan departementet bestemme at meldinger skal gis til og behandles av et annet forvaltningsorgan. Vedtak om å godta eller nekte å godta en melding kan påklages til fylkesmannen.»

Departementet foreslår at tilvisinga i første punktum til «folkeregisteret» blir endra til « skattekontoret » og at andre punktum blir sløyfa, slik at noverande tredje og fjerde punktum blir nytt andre og tredje punktum. Ein viser til forslag til endringar i namnelova § 11 første ledd.

1.16 Ekteskapslova

Som følgje av reorganiseringa av skatteetaten er det behov for endringar i lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap. I § 6 andre ledd heiter det:

«Prøvingen foretas av folkeregisteret eller av norsk utenrikstjenestemann på det stedet der en av brudefolkene bor, eller om ingen av brudefolkene har bopel her i landet, på det stedet der en av dem oppholder seg. Norsk utenrikstjenestemann prøver kun ekteskapsvilkårene for norske borgere som er fast bosatt i embetsdistriktet, og bare i de tilfeller der prøvingen ikke kan foretas av norsk folkeregister.»

Myndigheit som er lagt til «folkeregistret» må leggjast til «folkeregistermyndigheten», som vil være skattekontoret. Som følgje av at Skattedirektoratet skal fordele myndigheit til skattekontora forslår departementet å sløyfe «på det stedet der en av brudefolkene bor, eller om ingen av brudefolkene har bopel her i landet, på det stedet der en av dem oppholder seg» i første punktum. Føresegna vil etter endringa lyde:

«Prøvingen foretas av folkeregistermyndigheten eller av norsk utenrikstjenestemann. Norsk utenrikstjenestemann prøver kun ekteskapsvilkårene for norske borgere som er fast bosatt i embetsdistriktet, og bare i de tilfeller der prøvingen ikke kan foretas av norsk folkeregistermyndighet

I ekteskapslova er det vidare tilvisingar til «folkeregisteret» i § 7 bokstav a første punktum og bokstav h andre punktum, § 9 første punktum, § 10 første ledd første punktum og i § 14 første ledd. I alle føresegnene gjeld tilvisinga folkeregisteret som folkeregistermyndigheit. Departementet foreslår derfor at «folkeregisteret» i dei nemnde føresegnene blir endra til « folkeregistermyndigheten ».

Ein viser til forslag om endringar i ekteskapslova § 6 andre ledd, § 7 bokstav a første punktum og bokstav h andre punktum, § 9 første punktum, § 10 første ledd første punktum og i § 14 første ledd.

1.17 Barnelova

Lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) har tilvisingar til «folkeregisteret» i § 1 første ledd første punktum, andre ledd første og andre punktum og fjerde ledd, § 4 andre ledd bokstav a og tredje ledd første punktum, § 10 første ledd tredje punktum, § 35 tredje ledd og § 39 første, andre og tredje punktum. I alle føresegnene gjeld tilvisinga folkeregisteret som folkeregistermyndigheit. Departementet foreslår derfor at «folkeregisteret» i dei nemnde føresegnene blir endra til « folkeregistermyndigheita ».

Ein viser til forslag om endringar i barnelova § 1 første ledd første punktum, andre ledd første og andre punktum og fjerde ledd, § 4 andre ledd bokstav a og tredje ledd første punktum, § 10 første ledd tredje punktum, § 35 tredje ledd og § 39 første, andre og tredje punktum.

1.18 Utlendingslova

I lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) er det i § 45 første ledd bokstav f ei tilvising til folkeregisteret i tydinga folkeregistermyndigheita. Departementet foreslår derfor at «folkeregisteret» blir endra til « folkeregistermyndigheten ». Ein viser til forslag til endringar i utlendingslova § 45 første ledd bokstav f.

1.19 Helsepersonellova

Lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) har i § 35 første ledd første punktum og andre ledd tilvisingar til folkeregisteret i tydinga folkeregistermyndigheita. Departementet foreslår derfor at «folkeregisteret» blir endra til « folkeregistermyndigheten ». Ein viser til forslag til endringar i helsepersonellova § 35 første ledd første punktum og andre ledd.

Til forsida