Ot.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

3 Endring av tollova § 39

3.1 Innleiing

Finansdepartementet føreslår med dette endringar i lov 10. juni 1966 nr. 5 om toll (tolloven) § 39. Departementet føreslår at tollmyndigheitene skal kunne varsle innehavaren av immaterielle rettar (varemerke, opphavsrettar, patent, designrettar, rett til kretsmønster for integrerte kretsar og planteforedlarrettar) dersom det ligg føre grunngjeven mistanke om at varer under innførsel eller utførsel krenkjer rettane deira. Samstundes skal tollmyndigheitene i slike høve kunne halde varene attende i inntil fem dagar. Ei slik endring vil gjere det lettare for rettshavaren å ta hand om rettane sine ved å krevje mellombels åtgjerd etter tvangsfullføringslova § 15-13. Det er ikkje føreslått endringar i sjølve ordninga med mellombels åtgjerd i tvangsfullføringslova § 15-13 og tollova § 39.

3.2 Bakgrunn - gjeldande rett

Etter tvangsfullføringslova § 15-13 fyrste ledd fyrste punktum kan retten etter krav frå ein innehavar av ein immateriell rett eller lisenshavar (rettshavaren), som mellombels åtgjerd mot vareeigaren, avgjere at tollmyndigheitene skal halde varer attende frå frigjering, når innførsel av vara vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett.

Den mellombelse åtgjerda skal gå ut på at tollmyndigheitene skal halde varer attende i ei viss tid, jf. tollova § 39 fyrste ledd fyrste punktum. Når tollmyndigheitene får melding frå retten om at det er fastsett slik mellombels åtgjerd, skal tollmyndigheitene prøve å oppdage varer som kjem inn under åtgjerda som dei får til tollbehandling, jf. tollova § 39 andre ledd fyrste punktum. Når slike varer blir oppdaga, skal tollmyndigheitene gje varsel om det til retten, rettshavaren og vareeigaren, jf. tollova § 39 tredje ledd fyrste punktum. I varselet skal det opplysast at varene blir haldne attende i samsvar med den mellombelse åtgjerda inntil retten eller saksøkjaren bestemmer noko anna, eller retten gjev beskjed om at åtgjerda er rettskraftig oppheva eller har falle bort, jf. tollova § 39 tredje ledd andre punktum.

Desse reglane gjev rettshavaren og lisenshavaren eit verkemiddel til å hindre at varer som krenkjer rettane deira, blir innførte til landet samstundes som varene mellombels blir haldne attende til tvisten mellom rettshavaren og vareeigaren er endeleg avgjort.

Etter reglane i tvangsfullføringslova § 15-13 og tollova § 39 kan ikkje tollmyndigheitene halde varer attende av eige tiltak der det ligg føre ein mistanke om at innførsel vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett. Tollmyndigheitene kan berre gripe inn i tilfelle der det ligg føre ei mellombels åtgjerd, og berre mot slike varer som er nemnde i åtgjerda. Det er vidare lagt til grunn at tollova § 8 nr. 1 fyrste punktum er til hinder for at tollmyndigheitene varslar rettshavarar om innførsel av varer som kan krenkje dei immaterielle rettane deira. Justisdepartementet og andre har under høyringa av forslaget til ny tollov vist til at gjeldande reglar fører til at dei som har ein immateriell rett, ofte ikkje vil kjenne til at innførsel er i ferd med å skje, slik at det i praksis ikkje vil vere mogleg for dei å krevje mellombels åtgjerd.

EU har i rådsforordning 2003/1383/EF 22. juli 2004 fastsett reglar om inngrep tollmyndigheitene kan setje i verk overfor varer som dei mistenkjer for å krenkje immaterielle rettar, og om dei tiltaka som skal gjerast overfor slike varer. Rådsforordninga er ikkje EØS-relevant og dermed ikkje ein del av EØS-avtala. Noreg er dermed ikkje forplikta til å gjennomføre reglar som svarer til dei som er fastsette i forordninga.

I rådsforordninga er det blant anna fastsett reglar som opnar for at tollmyndigheitene kan varsle dei som har ein immateriell rett, dersom det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at varer som er under innførsel, krenkjer immaterielle rettar, samstundes som tollmyndigheitene i slike tilfelle kan halde varene attende i ein viss periode, jf. artikkel 4 i forordninga. Krav om attendehald kan avgjerast av tollmyndigheitene og ikkje av domstolane slik som i Noreg, jf. artikkel 5 i forordninga.

3.3 Høyring

Forslag til ny tollov vart send på høyring 17. januar 2006. Under høyringa tok Justisdepartementet og andre til orde for at tollova bør endrast slik at tollmyndigheitene våre får same høvet som tilsvarande myndigheiter i EU til å varsle dei som har ein immateriell rett, når det er mistanke om at innførsel av varer vil utgjere eit inngrep i ein slik rett, samstundes som tollmyndigheitene i slike tilfelle får høve til å halde varene attende ei viss tid, jf. artikkel 4 i forordninga.

Finansdepartementet sende forslaget om endring av tollova § 39 på høyring 14. desember 2006. I høyringa blei det føreslått å endre tollova § 39 slik at tollmyndigheitene utan hinder av teieplikt kan varsle rettshavaren dersom det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at varer under innførsel krenkjer ein immateriell rett. Samstundes blei det føreslått at tollmyndigheitene i slike tilfelle skal kunne halde varene attende i inntil fem dagar. Det blei også føreslått at tollmyndigheitene ved varsling av rettshavaren og attendehald av varer må sørgje for at vareeigaren blir varsla. Vidare blei det teke inn ein heimel for Kongen til å gje nærare reglar om at dei som har ein immateriell rett, skal oppmodast til å gje tollmyndigheitene opplysningar med sikte på å oppdage tilhøve som er nemnde her. Høyringsfristen blei sett til 12. februar 2007.

Desse høyringsinstansane har hatt merknader til forslaget:

  • Justis- og politidepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Den norske Advokatforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH)

  • Forbrukarrådet

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)

  • Landsorganisasjonen i Norge (LO)

  • Legemiddelindustriforeningen

  • Norsk forening for industriell rettsbeskyttelse (NIR)

  • Norske Patentingeniørers Forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

  • Regjeringsadvokaten

  • Skattedirektoratet

  • Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret)

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

I tillegg har Norsk Tollerforbund, Arntzen de Besche, Norwegian Anti Counterfeit Group (NACG) og Motion Pictures Association (MPA) hatt merknader til høyringa. Merknadene har i hovudsaka vore positive, men somme har hatt merknader til korleis forslaget er utforma, og kor langt det går. Merknadene frå instansane er nærare omtalte nedanfor.

Borgarting lagmannsrett har uttalt at høyringsnotatet ikkje gjev grunn til nokon merknader frå deira side. Vidare har følgjande instansar opplyst at dei ikkje har merknader/kommentarar til forslaget:

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Datatilsynet

  • Konkurransetilsynet

  • Logistikk- og Transportindustriens forening

  • Riksadvokaten

3.4 Vurderingar og forslag frå departementet

3.4.1 Generelt om forslaget

Finansdepartementet føreslår eit nytt fyrste ledd i tollova § 39 i tråd med det forslaget som blei sendt på høyring, med to unntak.

For det fyrste føreslår Finansdepartementet at rekkjevidda av framlegget blir utvida slik at det òg skal gjelde utførsel av varer under tollbehandling. Ei slik utviding blir føreslått som følgje av merknader om dette frå Toll- og avgiftsdirektoratet , Næringslivets Hovedorganisasjon , Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon , Patentstyret , Norsk forening for industriell rettsbeskyttelse og Den norske Advokatforening . Dette gjer at også tvangsfullføringslova § 15-13 og tvistelova § 34-7, som vil kome i staden for tvangsfullføringslova § 15-13 frå 1. januar 2008, må endrast tilsvarande slik at dei gjev heimel for mellombels åtgjerd ved utførsel som gjer inngrep i ein immateriell rett. Det blir her gjort framlegg om dette i samråd med Justisdepartementet. Nokre av dei nemnde høyringsinstansane meiner at ordninga bør gjelde alle former for tollbehandling. Finansdepartementet har i samråd med Justisdepartementet kome fram til at ordninga ikkje kan gjelde andre former for tollbehandling enn ved innførsel og utførsel, sidan andre former for tollbehandling, for eksempel ved transitt, ikkje vil utgjere inngrep i ein immateriell rett i Noreg. I andre tilfelle enn innførsel og utførsel vil det dermed ikkje vere mogleg for rettshavaren å få på plass ei mellombels åtgjerd eller ein dom for krenking etter norsk lovgiving om immaterielle rettar. Ei moglegheit for tollmyndigheitene til å varsle rettshavaren og samstundes halde varene attende ved andre former for tollbehandling enn ved innførsel og utførsel vil av den grunn ikkje ha noko for seg, sidan rettshavaren ikkje kan følgje opp dette gjennom mellombels åtgjerd og dom om inngrep.

For det andre blir det føreslått at retten til å gje forskrift blir lagt til departementet, ikkje til Kongen.

I høyringsrunden har mellom anna Nærings- og handelsdepartementet og Norske Patentingeniørers Forening teke til orde for at den absolutte fristen for attendehald bør vere lengre enn fem dagar. Nærings- og handelsdepartementet sluttar seg likevel til forslaget ut frå den vurderinga at fristen i dei fleste tilhøve vil vere lang nok. Også Skattedirektoratet og Den norske Advokatforening har gitt uttrykk for at høvet til å halde varer attende i fem dagar normalt bør vere nok. Finansdepartementet kan ikkje sjå at det er nokon grunn til å endre forslaget i høyringa på dette punktet.

3.4.2 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til tollova § 39

Etter § 39 nytt fyrste ledd fyrste punktum kan tollmyndigheitene, utan hinder av teieplikt, varsle rettshavaren der det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at innførsel eller utførsel av varer under tollbehandling vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett.

Forbrukarrådet har i sitt svar til høyringa uttalt at framlegget om endringar berre bør

«gjelde der innførsel skjer med sikte på vidaresalg. I motsatt fall vil den nye regelen kunne brukes mot forbrukere som i god tro har handla forfalskninger på nett eller ved utenlandsopphold».

Finansdepartementet viser til at innførsel til privat bruk av varer som er kjøpt i utlandet ikkje vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett her i landet, sjølv om salet (og også kjøpet) i utlandet utgjorde eit inngrep i ein immaterialrett der. Dei immaterielle rettane gjev berre ein einerett som gjeld i næring. Innførsel (og for så vidt utførsel) til privat bruk kan aldri krenkje immaterielle rettar i Noreg. Framlegget vil difor ikkje gje grunnlag for atterhald i slike tilfelle som dei Forbrukarrådet tek opp i høyringssvaret sitt.

Tollmyndigheitene må vurdere om innførsel eller utførsel av dei aktuelle varene vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett. Dette gjeld både om den aktuelle vara krenkjer ein immateriell rett, og om innførsel eller utførsel er ei handling som den immaterielle retten er til hinder for.

Tollmyndigheitene vil ikkje ha noka varslingsplikt, men berre ei moglegheit til å varsle rettshavaren når det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at varer tollmyndigheitene har til tollbehandling, vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett. I kravet om at mistanken må vere grunngjeven, ligg det at det må vere konkrete tilhøve som taler for at innførsel eller utførsel av varene vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett. Det er ikkje noko krav om at det må vere sannsynsovervekt for at varene vil medføre eit slikt inngrep, men ei fjern moglegheit for at det er eit inngrep, er ikkje nok. Tollmyndigheitene vil ikkje ha plikt til å undersøkje varer ut over det vanleg tollbehandling tilseier, for å finne ut om det ligg føre ein grunngjeven mistanke. I praksis vil tollmyndigheitene ofte vere avhengige av opplysningar frå rettshavaren for å kome til at det ligg føre ein grunngjeven mistanke om inngrep.

Når det ligg føre ein grunngjeven mistanke om at innførsel eller utførsel av varer vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett, skal tollmyndigheitene normalt varsle rettshavaren når dei veit kven som kan varslast. Tollmyndigheitene må likevel vurdere konkret om det i visse høve er behov for å varsle den som har ein immateriell rett, for eksempel fordi det dreier seg om svært få varer med liten verdi og rettshavaren som følgje av det mest sannsynleg ikkje vil gripe inn.

Fordi tollmyndigheitene aldri har noka plikt til å varsle, skal det svært mykje til for at rettshavaren skal kunne halde tollmyndigheitene ansvarlege for manglande varsel. Den kontrollen tollmyndigheitene står for, har frå tid til anna karakter av stikkprøver. Det kan da ikkje vere grunn til erstatningsansvar i tilfelle der vedkomande parti ikkje blir undersøkt. Men òg der varepartiet faktisk blir inspisert av tollmyndigheitene, kan det vere forståelege grunnar til at det ikkje blir gjeve varsel, og at partiet av den grunn ikkje blir halde attende. Varene blir ofte inspisert i høgt tempo og av personale som i praksis ikkje kan ha oversikt over alle marknader og vareslag.

Etter andre punktum kan tollmyndigheitene, når rettshavaren blir varsla etter fyrste ledd fyrste punktum, halde dei aktuelle varene attende i inntil fem virkedagar rekna frå da varselet blei gjeve. Slik får rettshavaren høve til å få på plass ei mellombels åtgjerd etter tvangsfullføringslova § 15-13. Tollmyndigheitene har inga plikt til å halde varene attende, men bør normalt gjere det, med mindre rettshavaren, når vedkommande tek imot varslet, melder ifrå om at vedkommande ikkje ønskjer at varene blir haldne attende. Når rettshavaren, før det har gått fem virkedagar, melder ifrå om at vedkommande ikkje lenger ønskjer at varene skal haldast attende, bør tollmyndigheitene frigjere varene. Om varer som kan gå til grunne, skal haldast attende, for eksempel matvarer, må vurderast konkret. Det bør da blant anna leggjast vekt på kor sterk mistanken er.

Om det i tilfelle der tollmyndigheitene har gjort bruk av retten til å halde varer attende, seinare blir bindande fastsett at varene ikkje krenkjer nokon immateriell rett, kan ikkje varemottakaren halde tollmyndigheitene erstatningsansvarlege for økonomisk tap i femdagarsperioden så framt vurderinga til tollmyndigheitene av om det låg føre ein grunngjeven mistanke om inngrep, har vore forsvarleg. Det må her leggjast til grunn ei mild aktsemdsnorm, sidan det ikkje kan stillast høge krav til kva som vil vere ein grunngjeven mistanke, eller til undersøkingsplikta til tollmyndigheitene. Det skal av den grunn svært mykje til før det kan hevdast at tollmyndigheitene har gått fram på ein slik måte at dei kan bli erstatningsansvarlege som følgje av aktlaus framferd. I tida da varene eventuelt blir haldne attende som følgje av ei mellombels åtgjerd etter tvangsfullføringslova § 15-13, vil eit eventuelt økonomisk ansvar vere ei sak mellom varemottakaren og rettshavaren, jf. tvangsfullføringslova § 3-5.

Etter tredje punktum skal tollmyndigheitene varsle vareeigaren eller representanten for vareeigaren når dei varslar rettshavaren eller held varer attende etter fyrste ledd fyrste og andre punktum. Med vareeigaren er meint den som overfor tollmyndigheitene har godtgjort at vedkommande rår over ei vare.

I fjerde punktum er det teke inn ein forskriftsheimel som gjev departementet høve til å fastsetje nærare reglar om at rettshavaren skal oppmodast til å gje tollmyndigheitene opplysningar med sikte på å oppdage varer som er nemnde i fyrste punktum, og om kven som kan ta imot varsel på vegne av den som har retten.

Til tvangsfullføringslova § 15-13

Fyrste ledd fyrste punktum er endra slik at det også kan takast mellombels åtgjerd når utførsel av ei vare vil utgjere eit inngrep i ein immateriell rett, jf. merknadene til tollova § 39.

Til tvistelova § 34-7 fyrste ledd

Når tvistelova blir sett i kraft, vil reglane om mellombels åtgjerd i tvangsfullføringslova bli oppheva og vidareførte i tvistelova kapittel 34. Dette vil også gjelde tvangsfullføringslova § 15-13, som vil bli vidareført som § 34-7 i tvistelova. Tvistelova vil ta til å gjelde 1. januar 2008. Det er her føreslått ei endring i § 34-7 fyrste ledd som svarer til endringa som er føreslått i tvangsfullføringslova § 15-13.

Til tvistelova § 37-3 nr. 48

Sidan det vil bli føreslått å innføre eit nytt fyrste ledd i tollova § 39, må tvistelova § 37-3 nr. 48 , som endrar tollova § 39, endrast. Denne endringa vil få verknad frå nyttår, sidan tvistelova da tek til å gjelde og kjem i staden for tvangsfullføringslova kapittel 15.

3.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget vil gje tollmyndigheitene noko meirarbeid, sjølv om forslaget ikkje er meint å medføre at tollmyndigheitene skal gjere meir omfattande undersøkingar av varer enn det dei gjer i dag. Opplysningar frå dei som har immaterielle rettar, er viktige for at tollmyndigheitene skal kunne oppdage varer som krenkjer immaterielle rettar, og dermed også for at forslaget skal gje rettshavarane meir effektivt vern mot krenkjing av immaterielle rettar.

Forslaget vil òg gje noko meirarbeid for domstolane ved at det vil kome inn fleire krav om mellombels åtgjerd til sikring av immaterielle rettar. Finansdepartementet ser det likevel slik at meirarbeidet for tollmyndigheitene og domstolane ikkje vil vere større enn at det kan takast hand om utan utvida budsjettrammer.

Forslaget vil gjere det lettare for dei som har immaterielle rettar, å ta hand om dei immaterielle rettane sine, noko som vil vere til fordel for det innovative næringslivet her i landet. Forslaget vil også meir generelt ha ein samfunnsøkonomisk gunstig verknad ved at det vil styrkje arbeidet mot økonomisk og organisert kriminalitet.

3.6 Ikraftsetjing

Det er føreslått at endringane skal setjast i kraft frå 1. september 2007.

Til forsida