Ot.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endringar:

I

§ 8 tredje ledd første punktum skal lyde:

Er det klaga verdsetjinga, eller er verdsetjinga under prøving for domstolane, skal eigedomsskatten likevel reknast ut etter det verdet som vart sett ved likninga.

§ 18 skal lyde:

Skattekontoret skal gjeva eigedomsskattekontoret alle opplysningar det ligg inne med og som trengst til utskriving av eigedomsskatten.

§ 19 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Klaga må vera sett fram forskattekontoret , innan fristen som er nemnd i første leden.

II

Endringane under I gjeld frå den tid Kongen fastset. Dei einskilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid. Departementet kan gje overgangsføresegner.

Til forsida