Ot.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

Forslag til lov om endringar i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova)

I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) gjer ein følgjande endringar:

I

§ 1 første ledd første punktum skal lyde:

Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita.

§ 1 andre ledd skal lyde:

Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.

§ 1 fjerde ledd skal lyde:

I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregistermyndigheita og tilskotsfuten.

§ 4 andre ledd bokstav a skal lyde:

a) folkeregistermyndigheita

§ 4 tredje ledd første punktum skal lyde:

Dersom sambuarar er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, kan sambuaren til mora vedgå farskapen etter paragrafen her, utan at mora medverkar etter andre stykket andre punktum.

§ 10 første ledd tredje punktum skal lyde:

Vert farskapen vedgått, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregistermyndigheita.

§ 35 tredje ledd skal lyde:

Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregistermyndigheita om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.

§ 39 skal lyde:

Registrering av foreldreansvaret

Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregistermyndigheita . Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregistermyndigheita er ikkje gyldig. Dersom farskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, skal folkeregistermyndigheita registrera at foreldra har foreldreansvaret saman.

II

Endringane under I gjeld frå den tid Kongen fastset. Dei einskilde føresegnene kan setjast i verk til ulik tid. Departementet kan gje overgangsføresegner.

Til forsida