Ot.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

2 Endringar i reglane om offentleggjering av skattelistene

2.1 Innleiing og samandrag

Departementet legg fram forslag om endringar i reglane om offentleggjering av skattelister. Målet med endringane er å styrkje ivaretakinga av dei omsyna som ligg bak offentleggjeringa av skattelistene.

Departementet føreslår at det opnast for at pressa igjen kan få tilgang til fullstendige skattelister. Dette vil styrkje den kritiske debatten om skattesystemet, for eksempel om samanhengen mellom økonomisk evne og skattleggjing.

Departementet føreslår òg at postnummer blir teken inn i skattelistene. Vidare føreslår departementet at skattelista ikkje skal innehalde opplysningar om personar i tilfelle der opplysningane kan røpe eit klientforhold og opplysningar om personar utan fast bustad.

2.2 Gjeldande rett

2.2.1 Utgangspunkt

Likningsstyresmaktene har teieplikt om skattytarane sine «formues- eller inntektsforhold eller andre økonomiske, bedriftsmessige eller personlige forhold», jf. likningslova § 3-13 nr. 1. Likningslova § 3-13 nr. 5 slår likevel fast at «[t]aushetsplikten omfatter ikke innholdet i skattelister som etter § 8-8 skal legges ut til alminnelig ettersyn, eller senere endringer i disse». Etter likningslova § 8-8 nr. 1 gjeld ikkje offentleglova ved krav om innsyn i skattelistene.

2.2.2 Omfanget av opplysningar som er offentlege

Etter likningslova § 8-8 nr. 2 skal skattelista innehalde «den enkelte skattyters navn, poststed, fødselsår for personlig skattyter, organisasjonsnummer for upersonlig skattyter, den fastsatte nettoformue og nettoinntekt, skatter og avgifter».

Likningslova § 8-8 nr. 2 sett òg ramma for kva for opplysningar som kan offentleggjerast via skattelistene.

Skattelistene skal ikkje gje opplysningar om personar med adresse som er sperra i medhald av folkeregistreringslova, jf. likningslova § 8-8 nr. 2.

2.2.3 Måten dei offentlege opplysningane gjerast kjende på

2.2.3.1 Innleiing

Når likninga er ferdig, skal det utarbeidast ei liste for kvar kommune over alle som det er fastsett likning for, jf. likningslova § 8-8 nr. 1. Skatteetaten legg denne lista ut på likningskontoret og på Skattedirektoratets heimesider på Internett.

2.2.3.2 Utlegging på likningskontora

Skattelistene ligg ute på likningskontoret i tre veker, jf. § 8-8 nr. 3 første ledd. Likningssjefen kan òg leggje listene på etats- eller servicekontor der likningskontoret er representert.

Dette utlegget skjer ein gong i året – om hausten.

Det er ikkje høve til å kopiere, fotografere eller bruke elektroniske hjelpemiddel til å lese av opplysningar i den skattelista som er lagt ut.

2.2.3.3 Offentleggjering på Internett

Skattedirektoratet kan offentleggjere skattelista på Internett i den same trevekersperioden som listene ligg ute på likningskontora, jf. likningslova § 8-8 nr. 3 andre ledd. Søk i lista kan berre gjerast dersom ein gir opplysningar om skattyters namn, poststad og eventuelt alder. Ved søk i lista vil ein som hovudregel berre få opplysningar om ein enkelt skattytar.

Likningslova § 8-8 nr. 3 andre ledd gir Skattedirektoratet heimel til å gi nærmare retningsliner om publiseringa på Internett. Slike retningsliner er fastsett av Skattedirektoratet 4. oktober 2004. Av retningslinene følgjer det mellom anna at skattelistene skal vere tilgjengeleg for søk frå Skatteetatens nettsider (skatteetaten.no), jf. retningslinene § 2. Vidare skal skattelista på Internett være identisk med den som ligg på likningskontora, jf. retnings­linene § 1. Offentleggjeringa på Internett skal likevel ikkje innehalde opplysningar om personar som bur på institusjonar og personar utan fast bustad, jf. retningslinene § 6.

2.2.3.4 Utlevering av opplysningar etter at tre­vekersperioden er omme

Etter utløpet av trevekersperioden som skattelistene skal liggje ute på likningskontora eller Internett, kan likningsstyresmaktene skriftleg gi opplysningar frå skattelista om den enkelte skattytar til skattytaren sjølv, til skattytarens ektefelle, dødsbu, eller konkursbu, og til ein domstol, jf. likningslova § 8-8 nr. 3 tredje ledd. Slike opplysningar kan likningskontoret i rimeleg omfang òg gi til andre. Den som ønskjer opplysningar, må kjenne skattytars namn og poststad. Det er først og fremst pressa dette er aktuelt for.

Likningslova § 8-8 nr. 3 tredje ledd siste punktum gir Skattedirektoratet kompetanse til å gi nærmare retningsliner for utlevering av skattelisteopplysningar frå likningskontora. Slike retningsliner er gitt 28. september 2004. Etter retningslinene kan likningskontoret mellom anna ikkje gi opplysningar om meir enn fem skattytarar for kvar førespurnad.

2.2.3.5 Bruk av opplysningane frå skattelistene

Likningslova inneheld ingen føresegner om mottakarens bruk av opplysningar frå skattelistene etter at dei er utleverte. Reglane om bruken av skattelisteopplysningar følgjer av personopplysningslova. Dette regelverket hører inn under Datatilsynets ansvarsområde.

2.3 Rettstilstanden før lovendringa i 2004

2.3.1 Utgangspunkt

Reglane om offentleggjering av skattelistene var tidligare regulert dels i likningslova og dels i offentleglova. Som etter gjeldande rett, var utgangspunktet i likningslova § 3-13 nr. 1 at likningsstyresmaktene har teieplikt om formues- og inntektstilhøva til skattytarane og om andre økonomiske, bedriftsmessige eller personlege tilhøve. Etter likningslova § 3-13 nr. 5 omfatta teieplikta likevel ikkje innhaldet i skattelista som etter likningslova § 8-8 skulle leggjast ut til alminneleg ettersyn.

2.3.2 Omfanget av opplysningar som var offentlege

Etter likningslova § 8-8 nr. 2 første punktum var, i tillegg til dei opplysningane som er offentleg etter gjeldande rett, òg skattytarens fødselsdag og -månad, gateadresse, postnummer og skatteklasse offentlege opplysningar.

2.3.3 Måten skattelistene blei offentleggjort på

2.3.3.1 Innleiing

Når likninga var ferdig slo likningslova § 8-8 nr. 1 første punktum og nr. 3 fast at likningskontoret skulle leggje ut skattelistene til alminneleg ettersyn i tre veker slik som etter gjeldande rett. Likningslova hadde likevel ingen nærmare føresegner om den praktiske gjennomføringa av offentliggjeringa. Likningslova § 8-8 utgjorde ein spesialregel i forhold til offentleglova § 8 om korleis et dokument som er offentleg skal gjerast kjent. Den nærmare gjennomføringa av innsynsretten både i og utanfor trevekersperioden blei derfor regulert av offentleg­lova § 8.

Innafor trevekersperioden kunne likningsstyresmaktene vise alle som ba om innsyn til dei utlagde listene. Etter utleggsperioden kunne alle krevje å få innsyn i skattelistene i «en bestemt sak», jf. offentleglova § 2 andre ledd.

2.3.3.2 Likningskontoret

Skatteetaten la skattelistene ut på landets likningskontor i to omgangar; på våren for skattytarar som var omfatta av ordninga med førehandsutfylt sjølvmelding, og om hausten for skattytarar som var undergitt ordinær likning. Skattelistene lå ute i tre veker både om våren og om hausten.

Departementets retningsliner av 8. august 1991 for innsyn i og utskrift av skattelister § 3, inneheldt nærmare reglar om skriftleg utlevering av opplysningar frå skattelista om den enkelte skattytar. Etter retningslinene skulle opplysningar frå skattelista om den enkelte skattytar gis skriftleg til skattytaren sjølv, til skattytarens ektefelle, dødsbu eller konkursbu, og til ein domstol. Slike opplysningar kunne likningsstyresmaktene dessutan òg i rimeleg utstrekning gi skriftleg til andre.

2.3.3.3 Masseutlevering

Masseutlevering av opplysningar blei regulert av departementets retningsliner av 8. august 1991 § 4. Retningslinene skilte mellom utlevering av papirlister og lister i elektronisk format:

«Den alfabetiske skattelisten for en kommune kan utleveres på papir. Skattelisten kan også utleveres i elektronisk form til den som godtgjør å ha oppfylt sin meldeplikt til Datatilsynet, jf. personopplysningsloven §§ 8 og 31, eller å ha konsesjon fra Datatilsynet for lagring av skattelister etter personopplysningsloven § 33, eller å være fritatt fra slik meldeplikt/konsesjonsplikt.»

Utlevering til aktørar som var fritatt for melde- og konsesjonsplikt omfatta særleg pressa, jf. unntaket om journalistiske føremål i personopplysningslova § 7.

Hausten 2002 fekk Finansdepartementet opplyst at skatteetaten masseutleverte opplysningar til om lag 150 aktørar. Dei som tok imot listene var:

  • medieverksemder (aviser, bladforlag, tv- og radiostasjonar)

  • bankar, finansinstitusjonar, forsikringsselskap og kredittopplysningsverksemder

  • marknadsføringsverksemder

  • frivillige organisasjonar (idrettslag, skulekorps og liknande)

Om lag 100 av mottakarane var medieverksemder, mens om lag 40 var bankar, finans- og forsikringsinstitusjonar og kredittopplysningsverksemder.

2.3.4 Bruken av opplysningar som er utleverte

2.3.4.1 Innleiing

Bruken av dei utleverte opplysningane blei som etter gjeldande rett i mange tilfeller regulert av personopplysningslova.

2.3.4.2 Trykking og sal av skatteaviser

Ein del frivillige lag og foreiningar trykte og selde såkalla «skatteaviser» med utgangspunkt i dei offentlege skattelistene. I slike skatteaviser blei gjerne heile skattelista for kvar einskild kommune publisert på papir. Datatilsynet slår i ein artikkel datert 25. november 2002 publisert på Datatilsynets heimesider på Internett, fast at trykking og sal av slike opplysningar er ulovleg. I artikkelen skriv Datatilsynet mellom anna:

«Som Datatilsynet har pekt på også tidlegare år, kan ikkje det å trykke skatteaviser definerast som journalistisk verksemd. Ein er difor ikkje unnateken føresegnene i personpplysningslova, der det mellom anna vert stilt som krav at samtykke skal vere innhenta på førehand fra kvar einskild skattytar, før slik utlevering av personopplysningar vert gjort. Dette inneber difor i praksis at trykking og sal av skatteavisar ikkje er tillete.»

2.3.4.3 Bruken av opplysningar frå skattelistene i marknadsføringsverksemd

Adresserings- og marknadsføringsverksemder fekk tidligare tilgang til opplysningar frå skattelistene gjennom masseutlevering. Opplysningane blei mellom anna nytta til målretta marknadsføring overfor utvalte deler av befolkninga. Dette kunne skje utan at dei det gjaldt hadde gitt sitt samtykke til at opplysningane blei brukt til slike føremål.

I brev av 5. juni 2001 frå Datatilsynet til ei marknadsføringsbedrift, skriv tilsynet mellom anna:

«Datatilsynet mener at behandlingsansvarlige også kan behandle opplysninger til markedsføringsformål uten samtykke med hjemmel i personopplysningsloven § 8 bokstav f. Dette begrenser seg imidlertid til bruk av opplysninger om navn, adresse, anropsnummer for teletjenester (telefon, elektronisk post og lignende) og fødselsår. Bruk av andre opplysninger enn disse krever samtykke fra den registrerte med hjemmel i personopplysningsloven § 8 første ledd.»

2.3.4.4 Bruk av skattelisteopplysningar i journalistisk verksemd

Som nemnt i avsnitt 2.3.3.3 gjeld blant anna ikkje reglane om melde- og konsesjonsplikt i personopplysningslova ved behandling av personopplysningar utelukkande for kunstneriske, litterære eller journalistiske føremål, jf. personopplysningslova § 7. Departementets retningsliner av 8. august 1991 § 4 la derfor til grunn at masseutlevering av skattelisteopplysningar til bruk i journalistisk verksemd kunne skje utan vidare.

I brev av 19. juli 2001 til Skattedirektoratet skriv Datatilsynet mellom anna dette om det at mediebedrifter la ut skattelister for heile eller deler av landet på Internett:

«Personopplysningsloven § 8 fastsetter at behandling av personopplysninger må ha et rettslig grunnlag som angitt i paragrafen. For å kunne tilgjengeliggjøre skattelister på Internett må det rettslige grunnlaget i § 8 som påberopes også dekke en slik form for tilgjengeliggjøring. Bestemmelsen må ses i sammenheng med lovens § 11, som bl.a. fastsetter at opplysningene bare kan nyttes til formål som er saklig begrunnet i den behandlingsansvarliges virksomhet. Datatilsynet antar at det skal svært mye til for at det kan anses som saklig begrunnet for en virksomhet å tilgjengeliggjøre skattelistene på Internett. Personopplysningsloven § 7 fastsetter (..) at deler av loven ikke gjelder for behandlinger utelukkende for journalistiske formål, herunder §§ 8 og 11. Det at et presseorgan er behandlingsansvarlig er ikke i seg selv tilstrekkelig til at en behandling kan anses å ha journalistisk formål. Det skal likevel mye til for å innskrenke ytringsfriheten der pressen påberoper seg journalistiske formål. Datatilsynets oppfatning er imidlertid at å legge ut skattelister over alle skatteytere eller skatteytere i et visst distrikt, uten noen form for bearbeiding og uten å påvise forhold eller sammenhenger ved innholdet knyttet til utvalgte grupper eller enkeltpersoner, ikke kan sies å være utelukkende journalistisk formål.»

Datatilsynet var òg i dialog med pressa om korleis ein skal forstå omgrepet «journalistiske formål» i personopplysningslova § 7. I årsmeldinga frå Datatilsynet for 2001 skriv tilsynet mellom anna:

«Datatilsynet har bedt pressens organer som rette instans, å ta stilling til hvordan journalistisk virksomhet skal defineres i forhold til nettpublisering av skattelister. I svarbrev til Datatilsynet skrives det «[I] den grad det finnes definerte avgrensninger i noen form, gjelder det i forhold til reklame og fiksjon…» Datatilsynet forstår dette som at pressens organer selv definerer journalistikk som alt som ikke er nettopp reklame og fiksjon. Og at denne vurderingen også legges til grunn ved publisering av skattelister på Internett.»

2.4 Bakgrunn

Openheit rundt likningsfastsetjinga har tradisjonelt blitt grunngitt med at:

  • hemmeleghald kan gi grunnlag for spekulasjonar om det generelle likningsarbeidet og om fastsetjingane for enkeltpersonar eller grupper av skattytarar

  • ordninga representerer ei form for samfunnskontroll med likningsstyresmaktene

  • skilnader mellom verkelege verdiar og dei verdiane som skal nyttast ved skattleggjinga kan fremje debatt om og eventuelt kritikk mot skattereglane

Endringane i reglane om offentleggjering av skattelistene som blei vedtatt våren 2004, stramma kraftig inn i innsynet i skattelistene. Etter departementets syn kan unødvendige hindringar for innsyn i skattelistene skape grunnlag for spekulasjonar omkring arbeidet med likninga.

Det er særleg uheldig at masseutlevering av skattelisteopplysningar til pressa ikkje lenger er mogleg. Denne innstramminga har ført til at det har blitt mykje vanskelegare å lage journalistikk som retter søkjelyset mot uheldige skilnader og utviklingstrekk i samfunnet. Informasjon om inntekts- og skatteforhold er viktig i samfunnsdebatten. Etter departementets syn bør derfor dei endringane som blei vedtatt våren 2004 reverserast.

Hausten 2004 stilte EFTAs overvakingsorgan (ESA) spørsmål om dei gjeldande reglane om offentleggjering av skattelistene og forholdet til EUs personverndirektiv. Bakgrunnen for dette var at ESA hadde motteke ei klage på dei norske føresegnene om offentleggjering av skattelister. Departementet har enno ikkje mottatt noko formelt svar frå ESA med deira konklusjon i denne saka. For at endringane skal kunne tre i kraft med verknad for skattelista som skal publiserast hausten 2007, er det likevel nødvendig å fremme forslag om endringar no. Etter departementet si oppfatning er båe den gjeldande ordninga og den føreslåtte ordninga i samsvar med EØS-retten.

2.5 Vurderingar og forslag frå departementet

2.5.1 Masseutlevering av skattelister

Ordninga med masseutlevering av skattelister blei avvikla ved lovendringa i 2004. Ingen kan no få fullstendige skattelister utlevert i medhald av likningslova § 8-8. Ein kan berre gjere enkeltsøk i skattelistene på skatteetatens heimesider på Internett. Det er heller ikkje tillate å kopiere, fotografere eller bruke elektroniske hjelpemiddel for å lese papirskattelistene som er lagt ut på likningskontora.

Etter departementet si oppfatning er det som tidligare nemnt, særleg uheldig at pressa ikkje kan få utlevert fullstendige skattelister. Skal omsyna bak ordninga med offentleggjering av skattelister kunne realiserast fullt ut, er det viktig at pressa enkelt kan få tilgang til skattelisteopplysningane. Det er først og fremst pressa som kan bidra til kritisk debatt om skilnader mellom verkelege verdiar og dei verdiar som skal nyttast ved skattlegginga. Departementet føreslår derfor at pressa igjen skal få tilgang til fullstendige skattelister.

Datatilsynet har allereie uttalt seg om enkelte problemstillingar knytt til kva som skal sjåast på som journalistisk verksemd som nemnt i personopplysningslova § 7 for så vidt gjeld skattelisteopplysningar. Departementet viser til omtala i avsnitt 2.3.4.4. Den vidare oppfølginga av pressa si bruk av skattelistene vil vere Datatilsynets ansvar.

Som nemnt under gjennomgangen av reglane om utlevering av skattelister slik dei lydde før lovendringa våren 2004, fekk også frivillige organisasjonar, marknadsføringsverksemder, bankar og kredittopplysningsverksemder mv. utlevert fullstendige skattelister.

Frivillige organisasjonar brukte skattelistene først og fremst til trykking og sal av skatteaviser. Som nemnt under avsnitt 2.3.4.2 har Datatilsynet uttalt at trykking og sal av skattelister ikkje er tillate. Masseutlevering av skattelisteopplysningar til frivillige organisasjonar er derfor ikkje aktuelt.

Bankar, kredittopplysningsverksemder mv. får no opplysningar i medhald av likningslova § 3-13 nr. 6, og har derfor ikkje behov for masseutlevering av skattelister.

Marknadsføringsverksemder kan berre bruke opplysningar om namn, adresse, telefonnummer og liknande og fødselsår for marknadsføringsføremål. Bruk av andre opplysningar enn dette krev samtykke frå den registrerte. Se nærmare om Datatilsynets utsegner om dette under avsnitt 2.3.4.3. Marknadsføringsverksemder kan dermed ikkje bruke opplysningane om skattepliktig inntekt, formue eller skatt til målretta marknadsføring overfor for eksempel høginntektsgrupper. Departementet ser derfor ingen grunn til at det skal opnast for masseutlevering av skattelister til marknadsføringsbedrifter.

Tidligare var det i prinsippet inkje atterhald med tanke på kven som kunne få utlevert fullstendige skattelister på papir. Utover dei gruppene som tidligare fekk masseutlevert skattelister og som er nemnt ovanfor, er det vanskeleg å peike på enkeltgrupper som det er av avgjerande betyding at får masseutlevert skattelister. For eksempel er det vanskeleg å sjå at privatpersonar skal ha behov for få utlevert fullstendige skattelister på papir. Etter departementets oppfatning er det ikkje grunn til å gjeninnføre ei slik ordning.

For best mogleg å realisere dei føremål som ligg bak offentleggjeringa av skattelistene føreslår departementet at det i likningslova § 8-8 nr. 3 opnast for at pressa kan få utlevert fullstendige skattelister. Med pressa meiner ein her massemedia som aviser, magasiner og vekepresse uavhengig av om dei blir gitt ut på papir eller Internett, samt fjernsyn og radio.

Departementet viser til forslag til likningslova § 8-8 nr. 3 nytt fjerde ledd.

2.5.2 Kva for opplysningar bør vere offentlege

For at hovudsiktemålet med openheit rundt likningsfastsetjingane skal kunne realiserast, må i alle fall skattytarens namn, nettoformue, nettoinntekt samt skattar og avgifter gå fram av listene.

Ved lovendringa våren 2004 blei det vedteke at opplysningar om skattytaranes fulle adresse, fødselsdag og –månad, samt skatteklasse ikkje lenger skal gå fram av skattelistene. Dette blei blant anna grunngitt med at dette er opplysningar som ikkje er strengt nødvendige for å realisere dei kontrollføremåla som grunngir openheitsprinsippet.

Opplysningar om gateadresse, fødselsdag og -månad, samt skatteklasse, er opplysningar som kan misbrukast når dei blir samanstilte med økonomisk informasjon om skattytaren. Denne typen informasjon er og særleg egna til å lette utarbeidinga av personprofilar og karakteriserande utval av befolkninga. Departementet gjer derfor ikkje framlegg om å gjeninnføre masseutlevering av desse opplysningane. Når slike opplysningar ikkje skal vere med i skattelistene, er det også vanskelegare å bruke skattelistene til kriminelle føremål.

Forslaget om å utvide tilgangen til masseutlevering av skattelister gir likevel grunn til ei ny vurdering av om omsynet til kontroll og identifikasjon blir godt nok realisert ved at ein berre gir opplysningar om skattytaranes namn, fødselsår og poststad. Mange stader er det ein stor grad av oppdeling i poststader slik at forvekslingsfaren er liten og det vil vere mogleg å trekke slutningar av inntektsforholda på ein bestemt poststad. Andre stader vil forvekslingsfaren vere større slik at å seie noko om for eksempel inntektsfordeling vil vere vanskelegare dersom ein berre kjenner poststaden. Dette gjelder mellom anna Oslo. For å sikre ein betre identifikasjon av skattytarane, føreslår departementet at skattelistene skal innehelde opplysningar om postnummer i tillegg til poststad. Dette vil òg styrkje moglegheitene for kritisk debatt om for eksempel inntekt og bustad.

Etter Skattedirektoratets retningsliner for offentleggjering av skattelister på Internett av 4. oktober 2004 § 6 skal skattelista på Internett ikkje innehalde opplysningar om personar som bur på institusjon og personar utan fast bustad, i tillegg til personar med sperra adresse som er unntatt etter likningslova § 8-8 nr. 2 første ledd siste punktum. Bakgrunnen for denne utvidinga av gruppene som ikkje skal med i skattelistene, er at opplysningar om desse personane kan røpe eit klientforhold. I tillegg til personar utan fast bustad vil dette mellom anna omfatte personar som bur på psykiatriske institusjonar eller som er i fengsel. Departementet føreslår at denne praksisen går fram av lova og gjerast generell. Det vil seie at det ikkje skal vere med nokre opplysningar om desse gruppene i skattelistene, uavhengig av korleis opplysningane blir presentert. Eit utgangspunkt for vurderinga av kva for opplysningar som kan røpe eit klientforhold, vil vere praksisen knytt til folkeregistreringslova § 13, som bruker det same uttrykket.

Departementet viser til forslag til endring av likningslova § 8-8 nr. 2 første ledd.

2.5.3 Utlegging på likningskontora og publiseringa på skatteetatens heimesider på Internett

Forslaget om masseutlevering av skattelister til pressa reiser òg spørsmål om ein bør gjere endringar i utlegginga av skattelistene på likningskontora og publiseringa på skatteetatens heimesider på Internett.

Etter departementet si oppfatning er det viktig at alle har enkel tilgang til skattelisteopplysningane når skattelistene blir lagt ut. Departementet føreslår derfor at utlegginga av skattelistene på likningskontora og skatteetatens heimesider på Internett skal halde fram som i dag. Som ei følgje av forslaget om at pressa skal få skattelister masseutlevert, er det etter departementet sitt syn ikkje nødvendig med like strenge reglar når det gjeld elektronisk avlesing av skattelistene på likningskontora og søk på skatteetatens heimesider på Internett. Departementet føreslår derfor å oppheve forbodet mot å kopiere, fotografere eller å bruke elektroniske hjelpemiddel for å lese av opplysningane i dei skattelistene som er lagt ut på likningskontora. Departementet føreslår òg å oppheve føresegna om at søk i lista på Internett berre kan gjennomførast når ein gir opplysningar om skattyters namn og poststad. Ei viss avgrensing av søka på Internett er likevel nødvendig, mellom anna av kapasitetsmessige omsyn. Skattedirektoratet må derfor framleis kunne fastsette retningsliner for søk i lista som er lagt ut på skatteetatens heimesider på Internett.

Departementet viser til forslag til endringar i likningslova § 8-8 nr. 3.

2.5.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei føreslåtte endringane i reglane om offentliggjering av skattelistene vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for skatteetaten. Skattedirektoratet kan sjølv stå for masseutleveringa til pressa, eller dei kan gjere avtale om slik distribusjon med ein privat aktør. Før lovendringa i 2004 blei kostnadene ved masseutlevering dekt av den som mottok skattelista. Departementet legg til grunn at dette framleis vil gjelde når ein frå 2007 igjen gir pressa tilgang til skattelistene gjennom masseutlevering.

2.5.5 Når endringane tek til å gjelde

Departementet føreslår at endringane tek til å gjelde straks. Dette inneber at endringane får verknad for skattelistene for inntektsåret 2006, som blir lagt ut hausten 2007.

Til forsida