Ot.prp. nr. 61 (2006-2007)

Om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

5 Pantsetting og overdraging av krav på utbetaling etter petroleumsskattelova § 3 c femte ledd – stillinga til panthavar under ei konkursbehandling

5.1 Innleiing

Med verknad frå og med inntektsåret 2007 blei det mogleg å pantsette og overdra krav på utbetalingar etter petroleumsskattelova § 3 c femte ledd. Finansdepartementet legg fram forslag om ei presisering av lova slik at panthavar si stilling er sikra også under ei konkursbehandling.

5.2 Gjeldande rett

Etter petroleumsskattelova § 3 c femte ledd femte til åttande punktum og ny skattebetalingslov (lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)) § 10-1 tredje ledd kan krav på utbetaling av skatteverdien av undersøkingskostnader etter skattelova § 3 c femte ledd, pantsettast eller overdragast. Dette inneber eit unntak frå det som elles gjeld på skatte- og avgiftsområdet sidan skattebetalingslova § 32 a ikkje tillet slik pantsetting eller overdraging. Moglegheita til å pantsette eller overdra utbetalingskravet på kostnader til undersøking blei innført i samanheng med endringa av skattereglane for finansielle inntekter og kostnader for oljeselskapa med verknad frå og med inntektsåret 2007.

Krava på utbetaling etter § 3 c femte ledd refererer seg til skatteverdien av direkte og indirekte kostnader (med unntak av finanskostnader) til undersøking etter førekomstar av petroleum. Slik utbetaling kan krevjast i tilknyting til den årlege likninga. Kostnader til undersøking kan òg framførast til frådrag i framtidig inntekt etter petroleumsskattelova § 3 c andre ledd. Vidare kan overføring og utbetaling av denne skatteverdien krevjast etter petroleumsskattelova § 3 c tredje og fjerde ledd. Det vil seie som ledd i opphøyr og realisasjon eller fusjon av verksemda. Slike utbetalingar kan ikkje pantsettast eller overdragast.

5.3 Departementet sine vurderingar og forslag

Departementet er av aktørar på sokkelen og enkelte bankar blitt gjort merksam på at ordninga med pantsetting ikkje fullt ut har fungert som forventa. Dette er på grunn av at bankane har reist tvil om verdien av pantet dersom skattytaren blir tatt under konkursbehandling. Dei fryktar at konkursbuet i tilfelle kan sjå vekk frå avtala mellom banken og skattytaren om pantsetting og i staden overdra underskotet etter ordninga i petroleumskattelova § 3 tredje ledd, eller krevje utbetalt skatteverdien av underskotet etter ordninga som omhandla i petroleumsskattelova § 3 c fjerde ledd.

Departementet har kome til at det er behov for å presisere i petroleumsskattelova at det ikkje er meininga at eit konkursbu skal kunne overdra underskot som refererer seg til kostnader som omhandla i petroleumsskattelova § 3 c femte ledd etter regelen i tredje ledd eller krevje utbetaling etter fjerde ledd, når utbetalingar etter femte ledd er pantsett. Er krav på utbetaling som omhandla i § 3 c femte ledd pantsett eller overdratt, foreslår departementet at det går fram av lova at ei anna behandling av slike kostnader krev samtykke frå panthavar. Departementet viser til forslaget til nytt niande punktum i petroleumsskattelova § 3 c femte ledd.

5.4 Framlegg frå enkeltselskap om utviding av høvet til pantsetting mv.

Som nemnd under avsnitt 5.2 blei det i samanheng med endringane for finansielle postar gitt høve til å pantsette eller overdra krav på utbetaling frå staten av skatteverdien av årets kostnader til undersøking. I samband med høyringa om lovframlegget med omsyn til finansielle postar påpeikte mellom anna OLF, Revus m.fl., samt enkeltselskap at omlegginga vil medføre ei skatteskjerping for leite- og utbyggingsaktivitet særleg for nye aktørar på sokkelen. Ved framlegging av lovendringa, jf. Ot. prp. nr. 1 (2006-2007), påpeikte departementet at omlegginga kunne medføre ei mindre innstramming for nye aktørar som berre har leite- og utbyggingsaktivitet.

Storleiken på innstramminga blei vurdert å utgjere om lag tre prosent av prosjektverdien etter skatt. Bakgrunnen for innstramminga var at dei tidlegare skattereglane for finansielle postar kunne medføre ei utilsikta skattefavorisering for aktørar med framførbart underskot. Med dei nye skattereglane vil noverdien av skattefrådraget for finansielle postar i lita grad påverkast av skatteposisjon, og dermed sikre større grad av skattemessig likestilling mellom nye og etablerte aktørar. Departementet gjorde samtidig med endringane for finansielle postar framlegg om å gje høve til å pantsette kravet på refusjon frå staten av skatteverdien av kostnader til undersøking. Dette kan gje nye, små aktørar betre finansieringsmoglegheiter og lavare lånekostnader som følgje av redusert risiko for långjevar.

I seinare møte med Finansdepartementet og i høyringsbrev til framlegg om forskrift for finansielle postar har Pertra, Eon-Ruhrgas, Noreco og Revus igjen påpeika at omlegginga vil medføre ei skatteskjerping særleg for aktørar i oppbyggingsfasa. Selskapa ber departementet foreta ei snarleg vurdering av endringane, og peikar i høyringsbrevet på overføring av underskot frå oljeprissikring mv. frå land til sokkel og utviding av panteordninga for skattemessig refusjon av kostnader til undersøking.

Etter departementet si vurdering er den mindre innstramminga knytt til ei utilsikta skattefavorisering i dei tidlegare reglane, jf. Ot. prp. nr. 1 (2006-2007). Med dei nye reglane vil ein ha om lag den same skatteverdien av frådraget for rentekostnader mv. for nye aktørar som for dei etablerte. Etter departementet sitt syn er det ikkje ønskjeleg å kompensere for ein utilsikta skattefordel i tidlegare reglar, og det er ikkje formålsteneleg med ei snarleg vurdering av skattereglane for rentekostnader mv., eller dei andre forslaga som selskapa peikar på.

5.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje har nemneverde økonomiske eller administrative konsekvensar.

5.6 Når endringane tek til å gjelde

Departementet føreslår at lovendringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2007. Det vil seie at endringa får verknad for krav på utbetalingar som gjeld kostnader til undersøking pådratt frå og med inntektsåret 2007.

Til forsida