Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

7 Språk i barnehage og grunnopplæring

7.1 Innleiing

Språket er den viktigaste nøkkelen inn i store og små fellesskap i det norske samfunnet. Utdanningssektoren står i ei særstilling når det gjeld å bidra til gode språkkunnskapar, og har ei viktig rolle å spele for å sikre at norsk held stillinga som samfunnsberande språk. Frå dei minste barna til dei eldste elevane inneber kommunikasjon å skape meining med språk og å kunne bruke språket i formelle og uformelle samanhengar. Barn i barnehagen og elevar i grunnopplæringa skal få oppleve, bruke og utforske språket og utvikle språkleg medvit.

Regjeringa har gjennom fleire prosjekt og satsingar lagt vekt på at alle barn og elevar skal få stimulering og støtte til språkutvikling og språkopplæring slik at dei får like moglegheiter til deltaking i leik og læring, eit godt utbytte av opplæring og utdanning og like høve til å bli aktive samfunnsborgarar og deltakarar i demokratiet. Norskopplæring for innvandrarar er avgjerande for integrering og deltaking i det norske samfunnet.

7.2 Status

Språkstimulering, språkutvikling og opplæring i språk for barn, unge og vaksne er forankra i barnehagelova med forskrift, opplæringslova med forskrifter, integreringslova og samelova.

7.2.1 Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver

Det viktigaste grunnlaget for gode språkkunnskapar blir lagt i dei tidlege barneåra, og språkstimulering og språkutvikling har ein sentral plass i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved utviklinga til barnet, og gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining.

I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå notid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leikar med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, medvit og utvikling. Personalet skal invitere til utforsking av både munnleg språk og skriftspråk.

I barnehagen skal barna få erfare ulike måtar å formidle tekstar og forteljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur.

Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barn sine ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, også teiknspråk. Barnehagen skal bidra til at språkleg mangfald er noko positivt for heile barnegruppa. Fleirspråklege barn skal få støtte i å bruke morsmålet sitt, og barnehagen skal samtidig aktivt fremje og utvikle den norsk- eller samiskspråklege kompetansen til barna. Samiske barnehagar skal fremje den samiskspråklege kompetansen, styrkje den samiske identiteten og vidareføre dei samiske verdiane, den samiske kulturen og den samiske tradisjonskunnskapen. Føringane rammeplanen legg for samiske barnehagar, gjeld tilsvarande for samiske avdelingar i andre barnehagar.

I samiske barnehagar er samisk hovudspråket. Personalet skal kunne samisk og ha kunnskap om samisk kultur. I andre barnehagar med samiske barn skal barna få støtte til å ta vare på og utvikle språket sitt.

For døve og høyrselshemma barn er teiknspråk ein nøkkel til aktiv deltaking i større og mindre grupper. Barn under opplæringspliktig alder som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter ei sakkunnig vurdering har behov for teiknspråkopplæring, har rett til slik opplæring, jf. barnehagelova § 19 h. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Tilbodet om teiknspråkopplæring skal så langt som mogleg utformast i samarbeid med barnet og foreldra til barnet, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Alle barn skal få god språkstimulering gjennom kvardagen i barnehagen, og alle barn skal få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og heilskapleg språkutvikling. Det er derfor viktig at dei tilsette har god språkkompetanse og kompetanse til å støtte språkutviklinga til barna. For å bli fast eller førebels tilsett i ein barnehage må personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk gjennomføre ei språkprøve eller på annan måte dokumentere språkkompetansen sin.

7.2.2 Språkopplæring i skulen

I skulen skal barn og unge lære å lese, skrive og kommunisere. Gjennom opplæringa skal elevane få utvikle sin eigen språklege og kulturelle identitet. Språkopplæringa skal sikre elevane språkkompetanse som grunnlag for deltaking i leik og læring her og no, og for vidare utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.

Norskfaget er det største faget i skulen. Det overordna målet med norskfaget er å setje alle elevar, uavhengig av bakgrunn, i stand til å bruke norsk i opplæring, vidare utdanning, arbeidsliv og daglegliv. Opplæring i både bokmål og nynorsk er eit vilkår for at vi kan ha to jamstilte skriftspråk i landet.

I Noreg er også samisk og norsk teiknspråk viktige språk med mange brukarar og eigne læreplanar i skulen. Det er utarbeidd parallelle, likeverdige læreplanar på samisk for elevar som har samisk som førstespråk.

Elevar som vel opplæring i og på teiknspråk, vil kunne følgje ein eigen læreplan i norsk for elevar med teiknspråk i kombinasjon med læreplan i norsk teiknspråk.

I grunnskulen har elevar i Troms og Finnmark rett til opplæring i kvensk eller finsk dersom minst tre elevar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn på skulen ønskjer det. Faget skal gje elevane språkkompetanse for at dei skal kunne vere ein del av språk- og kulturfellesskapen som kvener og norskfinnar har. Faget skal òg gje kunnskap om mangfald, identitet og kvensk/norskfinsk kultur og samfunnsliv.

7.2.3 Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020

Hausten 2019 fastsette Kunnskapsdepartementet nye læreplanar for grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring. Læreplanane skal takast i bruk i skulen hausten 2020. Eit av dei uttala måla med dei nye læreplanane er å gje betre rom for djupnelæring. Kompetansemåla i kvart fag byggjer på såkalla kjerneelement. Kjerneelementa er ei prioritering av det faglege innhaldet som skal bidra til at lærarane og elevane kan konsentrere seg om det viktigaste i faget. Gjennom opplæringa skal elevane utvikle kunnskapar, ferdigheiter, verdiar og haldningar som er relevante og har meining for både den enkelte og for samfunnet, både no og i framtida.

I den overordna delen av læreplanverket står det at elevane gjennom opplæringa skal bli trygge språkbrukarar, og at dei skal utvikle den språklege identiteten sin. Vidare skal dei kunne bruke språk for å tenkje, skape meining, kommunisere og knyte band til andre. Opplæringa i skulen skal gje elevane kunnskap om det språklege mangfaldet i samfunnet og innsikt i ulike uttrykksformer, idear og tradisjonar. Alle elevar skal få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i skulen og samfunnet elles.

Norskfaget

Norskfaget er både eit kulturfag og eit språk- og tekstfag. Både dei kommunikative, meiningsdannande, kulturelle og identitetsmessige aspekta ved norskfaget blir vektlagde i læreplanen. Det overordna målet er å setje alle elevar, uavhengig av bakgrunn, i stand til å bruke norsk i opplæring, vidare utdanning, arbeidsliv og daglegliv. Norskfaget skal gje elevane innsikt i den rike og mangfaldige språk- og kulturarven i Noreg. Faget skal ruste elevane til å delta i demokratiske prosessar og eit arbeids- og samfunnsliv som stiller krav til variert kompetanse i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.

Den nye læreplanen slår fast at opplæringa i skriftleg sidemål skal starte tidlegare enn før. Elevane skal allereie etter 4. trinn utforske skilnader og fellestrekk mellom skriving på hovudmål og sidemål. I dag møter ikkje elevane skriftleg sidemål i opplæringa før seinast på 7. trinn. Det at elevane får øve seg på å skrive på sidemålet sitt allereie etter 4. trinn, skal bidra til betre progresjon gjennom opplæringsløpet. Etter 2. trinn skal elevane ha lytta til og samtala om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk.

I tillegg er det gjort ei endring slik at elevane no ikkje lenger får to skriftlege karakterar (hovudmål og sidemål) i undervegsvurderinga på 8. og 9. trinn på ungdomstrinnet og på vg1 og vg2 på vidaregåande skule. Det vil seie at dei skal ha éin samla karakter i skriftleg norsk og éin i munnleg norsk. På 10. trinn og på vg3 skal elevane framleis ha to karakterar i skriftleg norsk: éin for hovudmål og éin for sidemål. Endringa er basert på eit forsøk som starta i 2013, der til saman 184 vidaregåande skular og 25 ungdomsskular deltok. Ei evaluering av forsøket1 viste at karakternivået heldt seg stabilt sjølv om elevane fekk færre karakterar i halvårsvurderingane. Evalueringa viste at når talet på karakterar ved halvårsvurderingane gjekk ned, opplevde lærarane større rom for å gje variert og meir samanhengande opplæring. Intensjonen med å redusere talet på karakterar er å styrkje norskfaget.

Samiske læreplanar

Alle samiske elevar i Noreg har rett til å få opplæring i samisk, uansett bustad. Elevar i grunnskulen som er busette i forvaltningsområdet for samisk språk, har rett til å få opplæring i og på samisk i alle fag. For elevar utanfor forvaltningsområdet er retten til opplæring regulert nærare i opplæringslova.

Det er eigne læreplanar for Kunnskapsløftet 2020 – samisk. Alle elevar i grunnskulen i forvaltningsområdet for samisk språk skal følgje læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 – samisk. Det er Sametinget som fastset læreplanane i samisk språk. Elevar som får opplæring i samisk utanfor samisk distrikt, skal følgje læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 – samisk for denne opplæringa.

Faget samisk som førstespråk er både eit språkfag og eit danningsfag. Faget skal skape trygge språkbrukarar som kan nytte den samiskspråklege kompetansen sin både i skule, arbeidsliv og demokratiske prosessar i samfunnet. Faget tek utgangspunkt i og byggjer på samisk språk, kultur og verdiar, uavhengig av kva for eit av dei samiske språka elevane får opplæring i.

Norsk teiknspråk i opplæringa

Norsk teiknspråk er både ein kulturberar og eit identitetsmerke, og det er eit fullverdig språk med eigne grammatiske reglar og setningsoppbygging. Teiknspråk i opplæring handlar derfor både om kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling og språkinnlæring. For døve og høyrselshemma barn og elevar er teiknspråk ein nøkkel til aktiv deltaking i større og mindre grupper.

Læreplanane i norsk teiknspråk og norsk for elevar med teiknspråk strekar under at teiknspråkfaget er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon og danning, og det skal bidra til at elevane utviklar ein teiknspråkleg identitet. Opplæringa skal ta utgangspunkt i bakgrunnen og kulturen til elevane og skal bidra til at dei utviklar språk for å tenkje, kommunisere og lære.

Elevar som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter ei sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til grunnopplæring i og på teiknspråk etter opplæringslova §§ 2-6 og 3-9. I dag skal elevar som har ein slik rett, følgje læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for elevar med teiknspråk, engelsk for elevar med teiknspråk og drama og rytmikk for elevar med teiknspråk. Dette er læreplanar som utfyller kvarandre og som i dag ikkje kan veljast uavhengig av kvarandre. Norsk teiknspråk skal saman med norsk for elevar med teiknspråk bidra til at elevane blir trygge språkbrukarar. Dei skal bli medvitne om sin eigen språklege og kulturelle identitet i ein inkluderande fellesskap der det å vere fleirspråkleg blir verdsett som ein ressurs.

Opplæring i teiknspråk kan også vere av interesse for andre enn elevar med teiknspråk som førstespråk. Det er derfor mogleg å gje tilbod om teiknspråk som framandspråk på skular som ønskjer det og har slik kompetanse.

I 2019 gav Kunnskapsdepartementet Utdanningsdirektoratet i oppdrag å styrkje teiknspråk i barnehage og skule. Som ein del av arbeidet med oppdraget er det no etablert ei tidsavgrensa stimuleringsordning som skal leggje til rette for at barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular kan gje opplæring i teiknspråk til ei større gruppe av barn og unge, særleg barn av døve foreldre og søsken til døve barn. Dette skal bidra til å styrkje språkmiljøet for teiknspråkbrukarar, både i barnehage- og skuletida og på fritida. Tilskotsordninga er avgrensa til barnehage- og skuleåra 2019/2020, 2020/2021 og 2021/2022.

Regjeringa har nyleg gjort det mogleg for kommunar å søkje om å delta i forsøk med teiknspråk som valfag på ungdomstrinnet. Målet med forsøket er å leggje til rette for at høyrande elevar får ei betre språkforståing og høve til å lære eit nytt språk. I tillegg vil tiltaket kunne utgjere ein inkluderande faktor for læringsmiljøet for både døve, høyrselshemma og høyrande elevar.

7.2.4 Språkopplæring for flyktningar og innvandrarar

Norskopplæring for innvandrarar er ein nøkkel til integrering og deltaking i det norske samfunnet. Det er viktig at alle som over tid skal delta i norsk arbeidsliv, utdanning og samfunnsliv, kan norsk. Å kunne norsk vil seie å dele det viktigaste felles kulturuttrykket i samfunnet vårt og ha tilgang til infrastrukturen for kommunikasjon og samhandling.

I Integrering gjennom kunnskap. Regjeringens integreringsstrategi (2019–2022) varslar regjeringa ei fornying og forbetring av norskopplæringa. Det er eit mål for regjeringa at alle som bur i Noreg, må kunne snakke og forstå norsk. Berre slik kan dei delta i samfunnet og i arbeidslivet. Eit hovudgrep i strategien er å stimulere arbeidsgjevarar til auka medvit om at mangfaldet er ein ressurs. I integreringsstrategien blir det også lagt vekt på at barn og unge med flyktning- og innvandrarbakgrunn skal få gode norskkunnskapar gjennom likeverdige utdanningsløp. Som oppfølging av strategien sende regjeringa hausten 2019 eit forslag til ny integreringslov og forslag til endringar i statsborgarlova ut på høyring. Den overordna målsetjinga er at innvandrarar til landet skal bli tidleg integrerte i det norske samfunnet og bli økonomisk sjølvstendige. Lova skal også bidra til at asylsøkjarar tidleg får kjennskap til norsk språk, kultur og samfunnsliv. Lovforslaget og lovendringa set ambisiøse mål for språkferdigheitene til deltakarane i introduksjonsordninga og til dei som søkjer statsborgarskap.

Etter opplæringslova har minoritetsspråklege elevar i grunnopplæringa, det vil seie barn og unge som har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, rett til særskild norskopplæring til dei har gode nok ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen (jf. opplæringslova §§ 2-8 og 3-12). Om nødvendig har elevar også rett til morsmålopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Det er også utarbeidd læreplan i norsk i vidaregåande opplæring for elevar med kort butid. Denne læreplanen er likeverdig med ordinær læreplan i norsk.

Kunnskapsdepartementet har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Rett og plikt til å delta i opplæring blir i dag regulert i introduksjonslova. Målgruppa er flyktningar og innvandrarar med utsikter til varig opphald i Noreg. Kompetanse Noreg har ansvar for læreplanar i desse faga og for utvikling og spreiing av undervisningsmetodar, læringsmateriell og gjennomføring av avsluttande prøver.

Kunnskapsdepartementet har i perioden 2017–2020 prøvd ut tospråkleg fagopplæring på nett i matematikk og naturfag i språka arabisk, somali og tigrinja. Det nettbaserte tilbodet er eit supplement til den ordinære undervisninga på nærskulen i tilfelle der skulen ikkje har lukkast med å få tak i eigne tospråklege lærarar. Det er framleis den lokale læraren som har det faglege ansvaret. Rundt 300 elevar deltek i piloten i skuleåret 2019/2020. Dei fleste er frå ungdomstrinnet. Evalueringa av piloten viser mellom anna at elevane som deltek, forstår meir av klasseromsundervisninga på norsk når dei har dette nettilbodet. Tilbodet har ført til at fleire elevar med rett til tospråkleg fagopplæring faktisk får det. Regjeringa vidarefører denne løysinga med nettbasert opplæring for minoritetsspråklege i utvalde fag som ei permanent ordning frå hausten 2020.

7.3 Utfordringar og strategiar

7.3.1 Innleiing

Språkpolitikken heng uløyseleg saman med utdanningspolitikken og kunnskapspolitikken. For det første er barnehagesektoren og opplæringssektoren heilt avgjerande for at befolkninga får opplæring i norsk, samisk eller norsk teiknspråk. Slik opplæring er viktig med tanke på danning og kunnskaps- og språkutvikling og fungerer som reiskap for inkludering, kommunikasjon og samhandling. Vidare står opplæringssektoren i ei særstilling når det gjeld å bidra til å sikre norsk og samisk som samfunnsberande språk. I utforminga av innhaldet i skulen og lærarutdanninga er det derfor avgjerande at utdanningssektoren tek omsyn til språkpolitikken.

I Granavollplattforma slår regjeringa fast at ho vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei to likestilte målformene i norsk.

7.3.2 Revisjon av opplæringslova

Ei rekkje språkpolitisk relevante spørsmål blir regulerte i opplæringslova. Lova regulerer til dømes val av opplæringsspråk i skulen, rett til opplæring, rett til parallellklassar eller eigne elevgrupper og rett til lærebøker og andre læremiddel på eige språk.

I september 2017 sette regjeringa ned eit utval som fekk i oppgåve å gå gjennom regelverket for grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Målet for arbeidet er eit regelverk som er tilpassa måla og prinsippa for grunnopplæringa, og som samtidig sikrar at kommunen og fylkeskommunen får tilstrekkeleg rom til å fremje kvalitetsutvikling i skulen. Opplæringslovutvalet leverte 13. desember 2019 eit forslag til ny opplæringslov i NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. I rapporten er det brei omtale av mellom anna opplæringsspråk, skriftspråk, læremiddel og språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk.

Kunnskapsdepartementet har sendt rapporten på høyring. Vidare tek Kunnskapsdepartementet sikte på å sende på høyring eit samla høyringsnotat med regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov våren 2021. Kunnskapsdepartementet vil i oppfølginga av forslaget frå utvalet sjå nærare på dei ovannemnde emna, og omsynet til dei språklege rettane til elevane vil vere eit av fleire viktige tema i det vidare arbeidet med å følgje opp lovforslaget frå utvalet. Oppfølginga vil vere i tråd med dei overordna prinsippa for språkpolitikken slik dei vil kome til uttrykk i ny språklov.

7.3.3 Tidleg innsats

Hausten 2019 vart Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO lagd fram. Meldinga legg vekt på at barnehage og skule skal gje like moglegheiter for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn og kognitive og fysiske skilnader. Det krev at barnehagen og skulen arbeider for ein inkluderande fellesskap og tidleg innsats. Tidleg innsats vil seie å ha eit godt pedagogisk tilbod frå tidlig småbarnsalder, og at det blir sett i verk tiltak straks ein oppdagar utfordringar.

Blant forslaga i meldinga er å innføre ei plikt for kommunen til å observere og vurdere alle barn før skulestart for å kunne identifisere dei som treng nærare kartlegging av norskkunnskapane sine. Regjeringa vil at desse barna skal bli fanga opp tidleg, slik at dei kan få den støtta dei treng. Målet er at barn skal kunne snakke og forstå norsk så godt at dei kan trivast og utvikle seg i leik og læring og i lag med andre barn og med vaksne. På same måte som norskkunnskapane til barna skal vurderast og eventuelt kartleggjast, vil ein i samarbeid med Sametinget avgjere korleis samiskkunnskapane til barn som skal ha opplæring i og på samisk, skal vurderast for ei eventuell kartlegging før skulestart.

7.3.4 Nynorsk

Allmenn kompetanse i dei to norske skriftspråka er ein premiss for at både bokmål og nynorsk skal vere fullt utbygde og samfunnsberande språk. Det gjev eit utgangspunkt for alle til å bruke begge skriftspråka. Ansvaret for å bere det nynorske språket kan ikkje aleine leggjast til den minoriteten som nyttar nynorsk. Det at majoriteten lærer å kjenne det mindre bruka språket, gjer det mogleg for elevane som har hovudmålsopplæring i nynorsk, å bruke språket sitt i alle situasjonar.

I Granavollplattforma slår regjeringa fast at ho vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei to likestilte målformene i norsk. Dei fleste elevane i Noreg har nynorsk som sidemål. Læreplanen i norsk er felles for elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med bokmål som hovudmål. Det er læreplanane som i størst grad regulerer kontakten barn og unge har med nynorsk, og kunnskapen dei tileignar seg om nynorsk.

St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining og St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer la i si tid til grunn at det offentlege må ta eit særleg ansvar for nynorsk som mindretalsspråk. Begge meldingane framheva nynorskopplæringa som ekstra viktig for å sikre rettane til nynorskbrukarane og for å sikre reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Målet var å halde oppe talet på nynorskbrukarar og leggje til rette for at fleire held på nynorsk som hovudmål. Dette prinsippet blir stadfesta i denne meldinga og i framlegget til språklov.

Tal frå Utdanningsdirektoratet syner at 12,1 prosent av norske skuleelevar hadde nynorsk som opplæringsspråk i skuleåret 2018/2019. I skuleåret 2004/2005 hadde 14,2 prosent av elevane nynorsk som opplæringsspråk. På desse åra har talet på nynorskelevar gått ned med om lag ti tusen elevar, til om lag 76 000 elevar i 2018/2019. Tala frå Utdanningsdirektoratet viser også at det er eit stort skifte frå nynorsk til bokmål i overgangen til vidaregåande skule. Eksamensadministrasjonssystemet PAS viser kva målform kandidatane er registrerte på når dei blir meldt opp til eksamen i hovudmål i vg3. I utgangspunktet må alle elevane ha eksamen i hovudmål. Tal frå eksamen våren 2019 viser at rundt 7 prosent av elevane på nasjonalt nivå hadde eksamen i hovudmål nynorsk, medan rundt 93 prosent av elevane hadde eksamen i hovudmål bokmål. Språkbyte er framleis ei utfordring og er med på å svekkje statusen til nynorsken. Tala tyder på at vi ikkje har nådd det politiske målet om å styrkje nynorsk og stabilisere talet på nynorskelevar i skulen. Samstundes kan ikkje statusen til nynorsk vere knytt berre til talet på elevar i skulen som har språket som hovudmål.

7.3.5 Samiske språk

Samisk språk, kultur og tradisjonell kunnskap er grunnleggjande verdiar i samisk barnehage og grunnopplæring. Det er viktig at samiske barn og unge får lære på sitt eige språk og får kjennskap til og kunnskap om samisk samfunnsliv, historie og tradisjonar gjennom barnehagen og heile det 13-årige skuleløpet. I NOU 2016: 18 Hjertespråket peikar det samiske språkutvalet på at det er særleg verknadsfullt å lære seg samisk i barnehagen, og språkopplæring i skulen blir halden fram som eit sentralt verkemiddel for å støtte opp om språkutviklinga hos samiskspråklege barn. Samiske barn og unge er dei viktigaste språkberarane, og deira språkkunnskapar er det som legg grunnlaget for framtida til dei samiske språka.

Det samiske språkutvalet vurderte tilgangen på språkopplæring i samisk og peikar mellom anna på mangel på lærarar med rett kompetanse og regelverk som ikkje er tilpassa alle utfordringar.

Riksrevisjonen undersøkte i 2019 oppfølginga av den retten samiske elevar har til opplæring i og på samisk, jf. Dokument 3:5 (2019–2020) frå Riksrevisjonen. Hovudfunna er at retten til samiskundervisning blir oppfylt, men at tilbodet om samiskundervisning ikkje er godt nok kjent utanfor forvaltningsområda. Forholda for fjernundervisning er ikkje godt nok tilrettelagde, verken i organisering eller i gjennomføring. Riksrevisjonen tilrår vidareutvikling av fjernundervisningstilbodet og betre digitale verktøy. Utdanningsdirektoratet har etablert ei permanent plattform for nettbasert undervisning, Digilær.no, som fellesløysing for opplæringssektoren. I 2020 vil departementet og direktoratet i samarbeid med Sametinget og fylkesmennene i Troms og Finnmark og Nordland vurdere om plattforma skal takast i bruk for samisk fjernundervisning.

I undersøkinga frå Riksrevisjonen kjem det også fram at det er mangel på samiske lærarar. Regjeringa gjennomfører no eit kompetanse- og rekrutteringsløft for å sikre kvalifiserte lærarar. For Sametinget er det viktig med eit kompetanseløft innanfor samisk lærarutdanning og vidareutdanning.

7.3.6 Læremiddelsituasjonen

Gode læremiddel og læringsressursar er avgjerande for å kunne lære og bli trygg i eit språk. Læremiddel er i kapittel 17 i forskrift til opplæringslova definerte som alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Dei kan vere sjølvstendige eller del av ein heilskap, og aleine eller til saman dekkje kompetansemåla i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Etter opplæringslova § 9-4 skal læremiddel i grunnskulen og vidaregåande opplæring som utgangspunkt berre nyttast dersom dei er tilgjengelege på begge målformer til same tid og same pris. Dette blir kalla parallellitetskravet.

Opplæringslova legg ansvaret på kommunane for å sørgje for at elevane får læremiddel på sitt eige hovudmål. Det inneber at kommunane ikkje har lov til å kjøpe inn læremiddel som ikkje finst på både bokmål og nynorsk på same tid og til same pris, uavhengig av om elevane har bokmål eller nynorsk som hovudmål. Regelverket inneber at ein del digitale program, verktøy og ressursar som blir nytta i skulen, ikkje blir definerte som læremiddel. Det kan vere fordi dei ikkje er knytte til kompetansemåla i læreplanen, eller at dei ikkje er utvikla til bruk i opplæringa. I tillegg finst det reglar om at ein ressurs må nyttast regelmessig for å bli definert som læremiddel. Forskriftene inneheld ei rekkje unntak frå parallellitetskravet. Det er til dømes ikkje krav om parallelle utgåver av kjeldestoff, bakgrunnsstoff, aviser, artiklar, oppslagsverk og liknande. Heller ikkje læremiddel der den norske teksten berre utgjer ein mindre del av verket, kjem inn under kravet om parallelle utgåver. Dette gjeld til dømes læremiddel i engelskfaget.

Vidare er det eigne reglar for små fag og fagområde der det ikkje er kommersielt kostnadssvarande å utvikle parallellutgåver. Forlag og andre utviklarar kan søkje om tilskot til nynorskutgåver eller fellesspråklege utgåver på slike fagområde.

Regjeringa vil sikre retten til læremiddel på begge dei norske skriftspråka. Regjeringa har styrkt tilskotsordninga til læremiddel der det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling. Gjennom denne tilskotsordninga gjev også Utdanningsdirektoratet støtte til materiell og læremiddel som sørgjer for fleirkulturelle og fleirspråklege perspektiv.

Regjeringa har dessutan gjeve tilskot til både innkjøp og utvikling av digitale læremiddel til dei nye læreplanane for Kunnskapsløftet 2020 (fagfornyinga). Eit vilkår i alle tilskotsordningane er at læremidla skal kome ut på begge målformer til same pris og same tid. Det blir også stilt krav om at dei digitale læremidla skal kunne omsetjast til samisk. I 2019 var ramma for tilskotsordninga på 23,8 mill. kroner.

Alle digitale læremiddel som Utdanningsdirektoratet gjev tilskot til, skal vere universelt utforma, i tråd med reglane i likestillings- og diskrimineringslova.

I tråd med den generelle samfunnsutviklinga og digitaliseringa tek skulane i bruk stadig fleire digitale verktøy og ressursar som ikkje er omfatta av kravet om parallellutgåver. Mange av desse finst ikkje på nynorsk. Ifølgje ei undersøking gjord av Noregs Mållag i fire skular i ulike kommunar var berre 15 av i alt 104 digitale appar, dataprogram og læringsressursar på nynorsk i 2018.2 Desse læringsressursane er ikkje omfatta av kravet om parallellutgåver, men det er ein openberr konsekvens av det digitale skiftet at elevar med nynorsk hovudmål får større utfordringar med å nytte hovudmålet sitt i alle delar av undervisninga.

Læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Kompetanse Noreg har eit særskilt ansvar for fagleg og pedagogisk utvikling av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Dette inneber å utvikle kompetanse, metodar og læringsressursar for opplæringa. Regjeringa gjev tilskot til revisjon og omsetjing av læremiddel. Det blir kvart år løyvd midlar til utvikling og produksjon av læremiddel i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Tilskotsordninga skal sørgje for at det blir utvikla, produsert og gjort tilgjengeleg læremiddel på begge målformer i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar der det ikkje er grunnlag for kommersiell utgjeving. Kompetanse Noreg lyste ut midlar hausten 2019. Kompetanse Noreg har òg ei oversikt over ulike læremiddel på bokmål og nynorsk på nettsidene sine. Det blir òg lyst ut midlar til eit vaksenopplæringssenter som skal gje rettleiing i bruk av nynorsk i opplæringa etter læreplanen i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Samiske læremiddel

Sametinget har forvaltningsmynde på fagområdet utdanning og oppvekst og forvaltar og prioriterer sjølv midlar på budsjettkapittel 560 Samiske formål, post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv. Sametinget har det overordna ansvaret for utvikling av samiske læremiddel. I samband med Kunnskapsløftet 2020 – samisk (fagfornyinga for samisk) vil det vere behov for nye læremiddel i mange fag. I budsjettet for 2019 har regjeringa derfor auka løyvinga til Sametinget til utvikling av samiske læremiddel. Sametinget har varsla Kunnskapsdepartementet om at samiske digitale læremiddel av høg kvalitet er mangelvare. Både i 2018 og i 2019 lyste Utdanningsdirektoratet ut midlar til utvikling av digitale læremiddel til fagfornyinga gjennom satsinga Den teknologiske skulesekken. Innanfor denne ramma er det også sett i gang utvikling av samiske læremiddel i duodji og musikk. I 2020 har regjeringa sett av 15 mill. kroner til omsetjing, tilpassing og utvikling av samiske digitale læremiddel i samanheng med Den teknologiske skulesekken.

Sametinget vedtok i 2019 Handlingsplan for læremiddelutvikling 2020–2023. Sametinget vil mellom anna prioritere utvikling av digitale læremiddel av høg kvalitet. Vidare vil Sametinget prioritere tilskot til revidering av noverande læremiddel og omsetjing og tilpassing av læremiddel frå andre språk framfor nyutvikling, dersom dette er føremålstenleg. Auka merksemd om digitale læremiddel utløyser behov for eit kompetanseløft hos både læremiddelforfattarar og læremiddelutviklarar. Sametinget ønskjer å få utvikla samiske digitale læremiddel som samsvarar med innhaldet i fagfornyinga og mellom anna oppfyller dei lovbundne krava om universell utforming og behandling av personopplysningar.

7.3.7 Om lærarutdanninga og lærarkompetanse

Kompetansen til læraren er avgjerande for kvaliteten på det pedagogiske tilbodet og på undervisninga i barnehage og skule. Vi treng lærarar i barnehagen som kan vere gode språkmodellar for barna, og vi treng lærarar i skulen som kan undervise på og lære bort både nynorsk og bokmål. Det er også viktig at lærarane har kunnskap om den norske språksituasjonen og kjenner dei språklege rettane som barna og elevane har.

Lærarutdanning

I rammeplanane for dei relevante lærarutdanningane er det stadfesta at «[u]tdanningen skal bygge på opplæringsloven og gjeldende læreplaner for grunnopplæringen». Og vidare: «Kandidaten […] behersker norsk muntlig og skriftlig, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng.» Dette forpliktar institusjonane som utdannar lærarar, til å syte for at kandidatane har kompetanse til å undervise på både bokmål og nynorsk. At utdanninga skal byggje på opplæringslova og læreplanane, forpliktar òg institusjonane til å sørgje for at norsklærarar har kompetanse til å lære bort både nynorsk og bokmål. Dette er presisert i dei nasjonale retningslinjene for grunnskulelærarutdanning under norskfaget. Her står også følgjande om læringsutbytte: «Kandidaten har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål.» Rammeplanane og retningslinjene er nokså nye (høvesvis frå 2017 og 2018), og det vil seie at det enno ikkje har blitt uteksaminert kandidatar sidan dei vart innførte.

Samisk høgskule har lenge tilbydd lærarutdanning og barnehagelærarutdanning på nordsamisk. Likevel er det mangel på kompetente samisklærarar. I faga sør- og lulesamisk har det ikkje vore tilbydd lærarutdanning tidlegare. Nytt frå 2018 er at Nord universitet har starta opp sør- og lulesamisk grunnskulelærarutdanning. Der er pensum og undervisning dels på dei samiske språka og dels på norsk. Grunnen til at utdanninga er tospråkleg på denne måten, er at sør- og lulesamiske ungdommar er tospråklege, og at rekrutteringsgrunnlaget til utdanninga er lite. Frå hausten 2020 har universitetet òg planlagt å tilby sør- og lulesamisk barnehagelærarutdanning etter liknande modell. Universitetet i Tromsø har, frå 2019 av, tilbod om kvensk som valfag i lærarutdanningar. Kunnskapsdepartementet har støtta tiltaka i samisk og kvensk.

Det er også ei utfordring med god nok tilgang på kompetente lærarar i norsk teiknspråk. OsloMet – storbyuniversitetet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Høgskulen på Vestlandet har kompetanse i norsk teiknspråk og tilbyr dette som valfag i lærarutdanningar. Kunnskapsdepartementet tildelte i 2018 midlar til OsloMet for å utvikle norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane og ein modul i norsk teiknspråkdidaktikk for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), eventuelt i samarbeid med dei to andre institusjonane. Det blir òg løyvd midlar til studieplassar på teiknspråkutdanninga ved OsloMet i 2019, ti nye studieplassar kvart år i fire år, til saman 40 plassar.

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

I statsbudsjettet for 2017 vart det innført ei ny ordning for kompetanseutvikling i skulen, jf. òg Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen. Ordninga inneber at bruken av dei statlege kompetansemidlane skal vere betre tilpassa lokale behov. Alle fylke har etablert samarbeidsforum med skuleeigarar, universitet/høgskular og fylkesmannsembeta. Frå 2019 er fylkeskommunane også omfatta av ordninga.

Mange barnehagar og skular manglar kompetanse blant lærarane og personalet til å følgje opp språkutviklinga til minoritetsspråklege barn og elevar godt. I Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO er derfor eit av tiltaka å vurdere korleis alle barnehagar og skular kan få tilstrekkeleg tilgang til kompetanse i norsk som andrespråk. I den same meldinga står det også at det på lang sikt bør vere eit mål at alle lærarar som underviser i særskilt norsk, skal ha formell kompetanse i norsk som andrespråk.

7.4 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Kunnskaps- og utdanningspolitikk er viktig språkpolitikk. Barnehagesektoren og opplæringssektoren er heilt avgjerande for at befolkninga får opplæring i norsk, samisk, kvensk eller norsk teiknspråk. Opplæringssektoren står i ei særstilling når det gjeld å sikre norsk og samisk som samfunnsberande språk. Derfor må det takast språkpolitiske omsyn når innhaldet i barnehage, skule og lærarutdanning skal utformast. Særleg viktige er dei språkpolitiske vurderingane, inkludert omsynet til ulike språklege mindretal, når det skal gjerast større systemendringar på feltet.

  • Det skal leggjast til rette for at nynorskelevar og bokmålselevar får eit likeverdig høve til å meistre sitt eige språk.

  • Regjeringa vil sørgje for at dei overordna språkpolitiske prinsippa blir følgde opp i utviklinga av innhaldet i barnehagen, skulen og lærarutdanninga, og vareta prinsippa i norsk språkpolitikk i språkopplæring og språkstimulering.

  • Regjeringa vil utarbeide forslag til revidert opplæringslov. Forslaget byggjer på NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Omsynet til dei språklege rettane til elevane vil vere eitt av fleire viktige tema. Oppfølginga vil vere i tråd med dei overordna prinsippa for språkpolitikken slik dei kjem til uttrykk i den nye språklova.

  • Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring i 2021.

  • Regjeringa vil leggje fram forslag til ny integreringslov.

  • Regjeringa tek sikte på å innføre ei plikt for kommunen til å observere og vurdere alle barn før skulestart for å kunne identifisere dei som treng nærare kartlegging av norskkunnskapane sine.

  • Regjeringa vil arbeide for at elevar med innvandrarbakgrunn styrkjer norskferdigheitene sine, mellom anna gjennom meir bruk av tospråkleg fagopplæring med støtte frå løysinga med nettbasert opplæring.

  • Regjeringa vil leggje til rette for utvikling av kvalitetskriterium for val av læremiddel i norskfaget.

  • Regjeringa vil styrkje teiknspråk i barnehage og skule gjennom ei tidsavgrensa stimuleringsordning som skal leggje til rette for at barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular kan gje opplæring i teiknspråk til ei større gruppe av barn og unge.

  • På bakgrunn av erfaringane frå forsøk vil regjeringa vurdere om teiknspråk skal innførast som valfag i ungdomsskulen.

  • Språkrådet har eit særleg ansvar for å bidra til sektorovergripande implementering av språkpolitikken. Regjeringa forventar at Språkrådet og dei sentrale organa på utdanningsområdet samarbeider vidare om oppfølging av språkpolitikken på opplæringsfeltet.

Fotnotar

1.

NIFU-rapport 2018:9. Sluttrapport fra evaluering av forsøk med halvårsvurdering med én eller to karakterer i norsk.

2.

LNK. (2018). 4 av 5 lærarar slit med å finna digitale læremiddel på nynorsk. Henta frå: http://lnk.no/mobilnyhende/4634-4-av-5-laerarar-slit-med-a-finna-digitale-laeremiddel-pa-nynorsk.

Til forsida