Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

9 Språkvitskaplege disiplinar

9.1 Innleiing

Regjeringa vil bidra til å sikre norsk som eit velfungerande og brukande språk no og i åra som kjem. Befolkninga skal ha god tilgang til oppdatert og kvalitetssikra kunnskap og informasjon om rettskriving og språk, basert på solid dokumentasjon av den språklege tradisjonen og av korleis språket blir bruka i samtida. Ein slik dokumentasjon er eit nødvendig grunnlag for språkforsking og opplæring, og for Språkrådets arbeid med normering av språket er slik dokumentasjon avgjerande. Eit godt normert skriftspråk legg grunnlag for klar og god kommunikasjon. Ei kontinuerleg utvikling av norsk fagspråk og terminologi må til for å sikre norsk som eit språk som kan nyttast på alle samfunnsområde. Forskingsbasert kunnskap om språket og språkutviklinga skal liggje til grunn.

Det knyter seg sterk folkeleg interesse til ord og namn i språket. Forsking på den nasjonale kulturarven har betydning for sjølvforståing, sjølvrefleksjon og sjølvkritikk. Norsk er ein del av verdas språklege kulturarv, og i verdssamanheng er det berre Noreg og norske styresmakter som må kunne ventast å ta vare på norsk språk. Det inneber at det norske samfunnet må sikre ein språkleg infrastruktur for norsk. Døme på infrastrukturelle språktiltak for norsk vil vere å sikre tilgang til ordbokverk som dokumenterer nynorsk og bokmål og gjev informasjon om bruk av språket, å leggje grunnlag for effektiv normering av skriftspråket, å verne stadnamn som kulturhistoriske minne og å styrkje norsk fagspråk ved å utvikle norskspråkleg terminologi.

Forsking og utdanning innanfor fagfelta leksikografi, namnegransking og terminologi handlar såleis ikkje berre om å sikre norsk språk som kulturobjekt, men om å leggje til rette for effektiv kommunikasjon innanfor alle samfunnsområde, til gode for alle innbyggjarane i Noreg. Faga har med andre ord direkte nytteverdi for det norske språksamfunnet. På same måte som andre infrastrukturtiltak vil språklege infrastrukturtiltak kunne bidra til meir samarbeid, vekst og effektivisering.

Dei leksikalske faga har fått fornya og forsterka samfunnsrelevans i kraft av å vere kjerneressursar for gjennomføringa av det digitale skiftet. Fagdisiplinar som terminologi og leksikografi utgjer grunnforsking for det arbeidet som skjer i offentleg sektor med omgrepsharmonisering og behandling av språkdata til bruk i kunstig intelligens og språkteknologi, jf. punkt 6. Språkteknologi er eit fag i møtepunktet mellom lingvistikk og informatikk. Utvikling av språkteknologi på norsk med høg kvalitet er avhengig av at det finst datalingvistar med solid kompetanse i norsk språk.

9.2 Status

Innsamling av språklege data har vore støtta av norske styresmakter sidan 1800-talet. Språksamlingane som ligg til grunn for dei store ordbokprosjekta Gammelnorsk ordbokverk, Det norske litterære ordboksverk og Nynorsk ordboksverk, hadde utgangspunkt som private initiativ og dugnadsprosjekt med offentlege tilskot som finansieringskjelde heilt sidan 1920-åra.1 Det var tett samband mellom desse dokumentasjonsinitiativa og Universitetet i Oslo, og i 1972 vart dei tre verksemdene integrerte i universitetet gjennom opprettinga av Norsk leksikografisk institutt. Integreringa i universitetsorganisasjonen kom til som eit resultat av Stortingets behandling av Vogtkomiteens innstilling om språksaka2 og av eit uttrykt behov for sikker og langsiktig tilgang til kunnskap om norsk språk. Alle større språksamlingar som finst i Noreg, er i praksis oppbygde av det offentlege, men eigarskap og forvaltningsansvar har til dels vore privat, dels knytt til språkvitskaplege miljø ved universiteta eller også skilde ut frå universiteta.

Nokre av dei viktigaste språkressursane i landet er i dag del av samlingsporteføljen til Universitetet i Bergen, lokalisert ved universitetsbiblioteket. Språksamlingane er ein omfattande dokumentasjon av norsk språk frå gammalnorsk og norrønt, til bokmål, nynorsk, stadnamn og dialektar. Materialet finst i form av både opptak, transkripsjonar og kart. Samlingane er ein viktig vitskapleg ressurs til bruk i ordbokarbeid, stadnamngransking og dialektgransking. Språksamlingane omfattar både eldre fysisk materiale og elektronisk språkleg materiale (både digitalisert og digitalt utvikla). Universitetet i Bergen og Språkrådet sin visjon for språksamlingane er at dei skal vere ein levande infrastruktur for norsk språk. Infrastrukturen skal vere mest mogleg open og tilgjengeleg både for forskarar, forvaltning og alle som er interesserte i norsk språk.3

Språksamlingane låg mellom 1972 og 2015 ved Universitetet i Oslo, men vart overførte til Bergen i 2016. Samtidig vart 6 mill. kroner flytta frå Universitetet i Oslo og lagde inn i ramma til Universitetet i Bergen. Med utgangspunkt i språksamlingane gjer Universitetet i Bergen ei viktig oppgåve med å sikre samfunnet tilgang til ordbøker og annan språkleg dokumentasjon.

9.2.1 Leksikografi

Leksikografi handlar om å studere og skildre ordforrådet i språket. Den praktiske delen av faget resulterer i ordbøker og leksikalske oppslagsverk, medan den teoretiske delen av faget tek føre seg teoretiske og praktiske problem ved utarbeiding og bruk av ordbøker og andre oppslagsverk. Den praktiske og den teoretiske delen av faget heng tett saman.

Ordbøker og leksikalske oppslagsverk er viktig språkinfrastruktur. Leksikografisk arbeid og utarbeiding av ordbøker er ein sentral del av språkdokumentasjonen og er viktig for arbeidet med språkopplæring, betre språkbruk og større medvit om språk. Dette arbeidet har både språkpolitisk og kulturhistorisk verdi. I den digitale tidsalderen har dei leksikografiske ressursane, både språkdokumentasjonen og ordbøkene, også fått fornya og sentral verdi som kjerneressursar til utvikling av språkteknologi. Det offentlege har investert store summar i ordbokverk.

Språkrådet og Universitetet i Bergen eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som gjev språkbrukarane informasjon om språknorma for bokmål og nynorsk. Ordbøkene er tilgjengelege på nettet og i ein eigen appversjon. Stadig fleire nyttar dei elektroniske utgåvene. Det vart gjort over 45 millionar oppslag i 2018. Appen vart lasta ned over 38 000 gonger det året. Drifta og vedlikehaldet av desse ressursane skjer ved Universitetet i Bergen, medan Språkrådet ser til at ordbøkene er i tråd med gjeldande rettskrivingsnormer. I 2018 starta Språkrådet og Universitetet i Bergen arbeidet med revisjon av dei to ordbøkene. Ein slik systematisk revisjon hadde ikkje vorte gjord på tretti år. Arbeidet er nødvendig for at ordbøkene skal bli supplerte med presise og oppdaterte definisjonar og relevante døme. Revisjonsprosjektet er estimert til fem år. Resultata av revisjonsarbeidet blir presenterte fortløpande. Kulturdepartementet bidreg med om lag 6 mill. kroner i året til revisjonsprosjektet.

Norsk Ordbok – ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet er det store ordbokverket for nynorsk og dei norske dialektane. Startåret for Norsk Ordbok kan setjast til 1929, då den første løyvinga til arbeidet kom frå Stortinget. I 1950 vart første hefte av ordboka gjeve ut, og i 2016 kom band 12 og sluttføringa av verket. Fram til 1972 hadde Det Norske Samlaget vore eigar av ordbokverket og stått for organiseringa av arbeidet, men i 1972 vart Norsk Ordbok og dei tilhøyrande nynorske ordsamlingane plasserte ved Universitetet i Oslo, som ein del av Norsk leksikografisk institutt. I 2002 vart ordbokarbeidet gjort til eit tidsavgrensa prosjekt med sluttlevering til 200-årsjubileet for den norske grunnlova. Prosjektet Norsk Ordbok vart finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo. Bidraget frå departementet var på om lag 130 mill. kroner i perioden 2002–2015. Den trykte utgåva av verket er gjeven ut av Det Norske Samlaget. Ordboka er digitalt tilgjengeleg på nett, men det er berre mogleg å søkje opp ord i alfabetstrekket i–å. Dei første banda (alfabetstrekket a–h) er berre digitalt tilgjengelege som pdf-filer. Ved Universitetet i Bergen er det sett i gang eit prosjekt for å få digitalisert heile verket, samstundes som dei eldste banda blir moderniserte og reviderte. Kulturdepartementet bidreg med ca. 2 mill. kroner i året til prosjektet.

Det Norske Akademis ordbok (NAOB) dokumenterer bokmål og riksmål frå tidleg 1800-tal og fram til i dag og er den mest omfattande dokumentasjonen av bokmål og dermed eit viktig språkpolitisk tiltak. NAOB er eit digitalt ordbokverk som byggjer på Norsk Riksmålsordbok, som vart utgjeven i fire band frå 1937 til 1957, med to tilleggsband frå 1995. Arbeidet med Norsk Riksmålsordbok starta som Det norske litterære ordboksverk, som vart påemna i 1911, men for alvor kom i gang i 1921. Det var Riksmålsvernet som var utgjevar av Norsk Riksmålsordbok. Då Riksmålsvernet og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur gjekk saman i 1981, overtok Det Norske Akademi for Språk og Litteratur ansvaret for ordboka. Akademiet samarbeidde i fleire tiår med Kunnskapsforlaget om NAOB. Frå 2007 vart det statlege bidraget til ordbokverket trappa opp slik at prosjektet kunne fullførast og lanserast som gratis ordbok på nett i 2017. Kulturdepartementet har investert om lag 80 mill. kroner i prosjektet og private kjelder om lag 20 mill. kroner. Frå 2020 står Akademiordboken AS for drifta av NAOB. Akademiordboken AS er heileigd av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur. Kulturdepartementet har frå 2018 bidrege med om lag 2 mill. kroner i året til vedlikehald av NAOB.

9.2.2 Namnegransking

Person- og stadnamn er immaterielle kulturminne og ein del av den felles kulturarven vår. Stadnamna representerer språkleg dokumentasjon som går så langt attende i tid at det ikkje finst andre kjelder. Dette gjeld særleg ein del elvenamn og øynamn som er svært gamle. Stadnamn kan gje opplysningar om språk, terreng, ferdselsårer, dyreliv, plantevekst, militære varslingssystem, kyrkjeleg styring, folkelege gjeremål, ordbruk osb.

Stadnamna har også ein sentral praktisk funksjon i offentlege samanhengar, ikkje berre som kulturminne. Internasjonalt er det United Nations Group of Experts on Geographical Names (UNGEGN) som arbeider for standardisering av stadnamn. Resolusjon nummer 4 frå den første konferansen i Genève i 1967 slår fast at nasjonal standardisering av stadnamn har både økonomiske og praktiske fordelar. Noreg er representert i UNGEGN.

Samfunnet har behov for klar og sikker stadfesting av objekt, formasjonar og fenomen (både i geografien og på kart). Slik blir det mogleg å forvalte eigedommar og grenser og å orientere seg og finne fram. For naudetatane kan det til dømes stå om liv og død dersom det er tvil om kva adresse dei skal rykkje ut til. Stadnamn og skrivemåten av stadnamn som er i offentleg bruk, må vere kvalitetssikra og konsistent innanfor og mellom forvaltningsnivå. Lov om stadnamn (stadnamnlova) skal sikre både det kulturhistoriske vernet og dei praktiske behova i samfunnet.

Både staten, fylkeskommunane og kommunane har oppgåver som følgjer av stadnamnlova. Oppretting av nye stadnamn (til dømes adresser) og fastsetjing av skrivemåten for eksisterande stadnamn er prosessar som går føre seg i forvaltninga på heilt regulær, dagleg basis. Stadnamntenesta i Språkrådet gjev rettleiing og tilrådingar om skrivemåten av stadnamn, namneskikk og namnsetjing. Alle statlege, fylkeskommunale og kommunale organ som skal vedta skrivemåtar av stadnamn, skal leggje saka fram for stadnamntenesta. Kartverket forvaltar oppgåver etter stadnamnlova, irekna drift, utvikling og oppdatering av Sentralt stadnamnregister (SSR). Kartverket fastset også skrivemåten på naturnamn og nedervde gards- og bruksnamn.

Alle forvaltningsnivå er avhengige av at stadnamnlova blir etterlevd, og av god saksbehandling i stadnamnsaker. Føresetnaden for dette er at det finst god dokumentasjon av stadnamn, og at stadnamnkompetansen er tilgjengeleg. Det har likevel vorte ei stor utfordring å skaffe slik kompetanse fordi det ikkje blir utdanna mastergradskandidatar innanfor namnefag og tilgrensande område. Mangelen på kvalifiserte fagfolk skapar utfordringar når det gjeld forvaltninga av kunnskapen om stadnamn som kulturminne, og i å sikre dei praktiske omsyna ved stadnamnlova. Denne utfordringa er også er omtala i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge.

Namnegransking som fagleg disiplin stod for eit par tiår sidan sentralt i morsmålsfaget. I dag finst det ikkje faste studietilbod i namnegransking ved norske universitet, og knapt nok tilsette ved institusjonane som har namnegransking som ei sentral oppgåve. I Danmark, til samanlikning, er fagfeltet både internasjonalt og teoristerkt og samhandlar tverrfagleg med andre disiplinar.

Kulturdepartementet uttrykte i Prop. 65 L Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.) sterk uro for nedbygginga av dei språkvitskaplege miljøa som har sikra rekruttering av nødvendig kompetanse i forvaltninga av stadnamnlova. Situasjonen er så akutt for forvaltning av stadnamna at Kulturdepartementet fann det nødvendig i lovendringa å omorganisere stadnamntenesta. Medan stadnamnlova tidlegare knytte stadnamntenesta til fem universitetsregionar, var det no nødvendig å fjerne denne tilknytinga og heller formalisere Språkrådet som tilrådingsorgan også i stadnamnsaker. I proposisjonen var argumentet å:

«[…] bøte på den nedbygginga av dei namnefaglege miljøa ved universiteta som skjer regionalt. Departementet understrekar også at den foreslåtte lovendringa ikkje vil stå i vegen for å oppretthalde t.d. eit regionalisert kontor ved Universitetet i Bergen. Det kan vere gode grunnar til å oppretthalde tilknytinga til eit sterkt vitskapleg miljø. Språkrådet har i dag fleire formaliserte samarbeidsflater med nettopp Universitetet i Bergen, fordi her er det framleis sterke språkvitskaplege miljø som korresponderer med dei oppdraga Språkrådet har på vegner av norsk språk.»

9.2.3 Terminologi

Ein grunnleggjande føresetnad for at norsk skal vere eit komplett, samfunnsberande språk, er at det kan brukast til å utveksle og formidle spesialisert kunnskap. Dette krev at det finst tilgang på norske fagord og faguttrykk – ein norsk fagterminologi – som kan danne grunnlaget for fullverdig fagleg kommunikasjon på norsk, både bokmål og nynorsk. Fagterminologien er ein svært viktig del av fagspråket, i ein del disiplinar den viktigaste delen.

Mangelen på norsk fagspråk og fagterminologi er ein av dei største trugslane mot norsk som eit fullverdig og samfunnsberande språk. Om ein ikkje har norsk fagspråk og terminologi, vil det i siste instans føre til at fagfolk ikkje vil vere i stand til å skrive og snakke om vesentleg fagstoff på norsk, og det vil kunne skje eit språkskifte til engelsk i dei faga der påverknaden frå engelsk er størst. Ein vil då vere vitne til domenetap.

Språkrådet er nasjonalt samordningsorgan for arbeidet med utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Språkrådet skal rettleie andre i terminologiarbeid, ikkje fastsetje termar sjølv.

Universitets- og høgskulesektoren har eit lovpålagt ansvar for å sikre vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk nedfelt i § 1-7 i universitets- og høgskulelova. Gjennom dei tre samfunnsoppdraga forsking, undervisning og formidling blir mykje av terminologien skapa og spreidd, ikkje berre i sektoren, men i heile samfunnet og arbeidslivet. UH-sektoren har derfor ei særleg strategisk språkpolitisk rolle i å vidareutvikle fagspråket gjennom å lage og bruke norskspråklege fagtermar. Likevel er UH-sektoren eit stykke unna å nå dei politiske måla om eit norsk fagspråk og ein norsk terminologi som dekkjer alle disiplinar det blir undervist i og forska på. Mangel på norsk terminologi hindrar at forskarar og studentar kan uttrykkje seg på norsk.

Som del av verksemda på språkfeltet tok Universitetet i Bergen i 2018 over drift og ansvar for Termportalen. Termportalen er ein prototypeversjon av ein nettbasert søkje- og redigeringsportal for fagterminologi. Portalen gjev fri tilgang til norsk terminologi innanfor ei lang rekkje fagområde, og det er mogleg å søkje på tvers av fag og samfunnssektorar. Utviklinga av portalen har hovudsakleg vore finansiert av Noregs forskingsråd gjennom infrastrukturprosjektet CLARINO, og prosjektet vart fram til 2018 leia av Noregs handelshøgskole.

Standard Norge oppretta i 2011 termbasen Snorre i eit prosjekt med økonomisk støtte på 1,9 mill. kroner frå Kulturdepartementet. Prosjektet slo saman to eksisterande termbasar til den noverande termbasen Snorre. Standard Norge gjer all omsett terminologi frå standardar tilgjengeleg i termbasen, og 1. januar 2019 inneheldt termbasen 59 700 termpostar.

Standard Norge har levert termlister til språkbanken. Dataa blir bruka vidare på ein måte som er språkteknologisk tenleg utan at ein gjer innhaldet i standarden tilgjengeleg. Det at Standard Norge held fram med å fylle termbasen Snorre med nyutvikla terminologi, er viktig for å sikre og styrkje arbeidet med norsk terminologi og utvikling av språkteknologi på norsk. Fleire og periodiske leveransar av termlister til språkbanken vil kunne styrkje arbeidet ytterlegare.

9.3 Utfordringar og strategiar

Det er ei nasjonal oppgåve å halde oppe forsking på dei spesifikke norske kulturarvempiriane. Noreg kan ikkje vente at utanlandske forskarar og forskingsinstitusjonar tek på seg slike forskingsoppgåver i like stor grad som dei norske.

Samfunnet har behov for ordbøker, terminologi og andre språkressursar i digital form og med kvalitetssikra innhald. For at desse ressursane skal kunne utviklast, må det finnast fagmiljø ved norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar som kan syte for kompetanse, metodar og arbeidskraft på alle dei leksikalske fagfelta. Desse institusjonane må utvikle ei fornuftig arbeidsdeling og fruktbare samarbeidsformer. Til saman er dette ein sentral del av det samfunnsoppdraget norsk språkforsking har i det norske språksamfunnet.

I Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge (humaniorameldinga) omtala regjeringa situasjonen for norsk fagspråk og framheva at det vil vere nødvendig å ha merksemd kring språkspørsmålet i åra framover.

Universiteta og høgskulane i Noreg har stor grad av sjølvstende, og det er styret ved institusjonane som avgjer kva fag dei vil tilby, og korleis faga skal dimensjonerast. I humaniorameldinga står det:

«Universitetene og høyskolene har, og må ha, faglig frihet. Med friheten følger ansvar for å identifisere samfunnets behov og respondere på dem, i dette tilfellet for humanistisk kunnskap og kompetanse på presserende tematiske områder og i lærerutdanning og skole. Det politiske ansvaret for universiteter og høyskoler innebærer at styringen må balansere behovet for autonomi og faglig frihet mot samfunnets behov for relevant kunnskap og ferdigheter.»

Som det er gjort greie for i punkt 8.3.4, har regjeringa sett ned eit utval som har vurdert situasjonen for små, utsette humaniorafag. Rapporten som vart levert Kunnskapsdepartementet av det såkalla Lieutvalet hausten 2019, har vore på høyring. Kunnskapsdepartementet skal no gå gjennom høyringssvara og vurdere vidare oppfølging.

Kulturdepartementet har investert betydelege summar i store ordbokprosjekt dei siste åra, og i 2020 er det samla tilskotet til ordbokarbeid nær 12 mill. kroner. I budsjettproposisjonen for 2020 varsla departementet at ein vil sjå dei offentleg støtta norske ordbokverka meir i samanheng. Departementet meiner at det kan hentast ut både faglege og økonomiske gevinstar gjennom betre samordning. Ei betre samordning av det redaksjonelle arbeidet med ordbøkene vil både kunne gje effektiviseringsfordelar og gjere at ein unngår dobbeltarbeid når det gjeld opplysningar som går att i alle verka. Ei eventuell samordning av tekniske løysingar vil kunne spare ressursar og gje betre løysingar for både fagmiljø og brukarane. Det vil òg vere mogleg å utvide og gjere grunnlagsressursane for utvikling av språkteknologi rikare, og ein legg til rette for at språkdata som det offentlege finansierer, kan gjenbrukast.

Dei to «syskenordbøkene» Bokmålsordboka og Nynorskordboka ligg no ved Universitetet i Bergen, og det gjer også det store ordbokprosjektet for nynorsk, Norsk Ordbok. Det store ordbokprosjektet på bokmålssida, Det Norske Akademis ordbok (NAOB), er privateigd, delvis privat finansiert og organisert for seg sjølv. Det har lenge vore ein føresetnad for den statlege støtta til NAOB at når ordboka stod ferdig som produkt i 2017, skulle ei eventuell vidareutvikling knytast til eit vitskapleg miljø. For dette føremålet hadde NAOB ein avtale med Universitetet i Oslo, men etter at Universitetet i Oslo la ned det leksikografiske arbeidet sitt, var ei slik tilknyting ikkje lenger aktuell. Med overføringa av språksamlingane til Universitetet i Bergen, og arbeidet med ordbøker som no går føre seg der, er det meir realistisk å sjå føre seg eit tettare tilhøve mellom NAOB og Universitetet i Bergen. Dei faglege føresetnadene for eit slikt samarbeid er på plass. Dette vil kunne gjere arbeidet med dokumentasjon av bokmål mindre sårbart framover.

Termportalen ved språksamlingane ved Universitetet i Bergen, som i dag finst i form av ein fullt funksjonell prototyp, kan utviklast til å bli ein fritt tilgjengeleg ressurs for norsk terminologi innanfor fleire domene, der det er mogleg å søkje på tvers av termbasar og fag. Språksamlingane ønskjer å etablere eit fagmiljø som kan drifte portalen slik at innhaldet kan utviklast vidare til å omfatte terminologi frå viktige domene, både i og utanfor UH-sektoren. Dette fagmiljøet vil òg kunne arbeide med å utvikle nynorsk fagterminologi der det manglar. I Termportalen skal fagfolk kunne lage norske fagtermar, og ulike brukargrupper frå heile samfunnet skal finne fagtermane i eitt søkefelt på tvers av alle relevante lister og basar i dei ulike samfunnssektorane. Termportalen kan derfor bli ein nasjonal infrastruktur for å sikre vidareutviklinga av norsk fagspråk og terminologi. Både Språkrådet og språkmiljø i universitets- og høgskulesektoren har peika på at vidareutvikling og drift av denne prototypen vil vere eit godt bidrag til å styrkje norsk fagspråk.

Regjeringa meiner at Termportalen kan bli eit viktig verktøy som vil bidra til at universiteta og høgskulane oppfyller dei pliktene dei har etter universitets- og høgskulelova § 1-7 og i dei språkpolitiske retningslinjene for kvar institusjon. I tillegg vil Termportalen bidra til at vi når den overordna målsetjinga i framlegget til språklov om å sikre norsk som eit samfunnsberande språk.

Språket utviklar seg heile tida, og fast og langsiktig språkleg dokumentasjon, forsking og formidling er nødvendig for å sikre innbyggjarane tilgang til eit velfungerande, norsk bruksspråk. Med flyttinga av språksamlingane og seinare Termportalen til Universitetet i Bergen er det lagt eit grunnlag for at universitetet skal ha ei viktig rolle i forvaltninga av norsk språk. Ifølgje humaniorastrategien til universitetet4 har forvaltninga av samlingane og arbeidet med ordbøkene styrkt samfunnsrolla til universitetet. Eit av måla i strategien er at språkmiljøet ved Universitetet i Bergen skal ha ei leiande rolle i nasjonal språkforvaltning og -utvikling.

Regjeringa på si side ser at arbeidet universitetet gjer med forvaltning av språksamlingane, inkludert Termportalen, og arbeidet med ordbøker spelar ei viktig rolle i å leggje eit grunnlag for språkleg dokumentasjon og forsking, og sikre samfunnet tilgang til oppdatert kunnskap om språk og rettskriving – i tråd med ambisjonane i strategien til universitetet.

9.4 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet vil i samarbeid med Universitetet i Bergen leggje til rette for utvikling og drift av Termportalen ved Universitetet i Bergen. Tiltaket skal bidra til å styrkje arbeidet med utvikling og formidling av norsk fagspråk i UH-sektoren og å gjere norskspråkleg terminologi tilgjengeleg for samfunnet elles.

  • Kulturdepartementet tek sikte på framleis støtte til ordbokarbeid med utgangspunkt i dei fire verka Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok.

  • Kulturdepartementet vil framleis leggje til rette for oppdatering og utvikling av Bokmålsordboka og Nynorskordboka etter at revisjonsprosjektet er avslutta, slik at ordbøkene frametter kan oppdaterast jamleg, ikkje med store prosjekt for avgrensa periodar.

  • Kulturdepartementet vil støtte Det Norske Akademis ordbok (NAOB) vidare, slik at kontinuiteten i prosjektet blir sikra. Samtidig ønskjer departementet å sjå satsinga på dei statleg finansierte ordbøkene meir samla og langsiktig. Derfor ser departementet det som tenleg at NAOB knyter seg nærare til ordbokarbeidet som departementet finansierer ved Universitetet i Bergen. Målet er å hente ut gevinstar ved at dei ulike verka dreg vekslar på kvarandre, og å bidra til eit sterkare leksikografisk fagmiljø. Kulturdepartementet vil be Universitetet i Bergen og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur samarbeide om ein plan for korleis prosjekta kan samordnast. Departementet krev ikkje ei umiddelbar omstilling, men ein plan som rettar seg tydeleg mot målet om å skape fagleg meirverdi og å sikre samfunnet god tilgang til språkleg dokumentasjon og ordbøker.

  • Ordbøker og ordbokverk som er bygde opp heilt eller delvis for offentlege midlar, bør gje opplysningar om kva som er offisiell rettskriving. Regjeringa ønskjer at Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok følgjer gjeldande offisiell rettskriving i oppslagsord, og at eventuell rettskrivingsvariasjon for grunnform og bøygde former blir vist med same status. Eventuelle former utanfor gjeldande offisiell rettskriving må markerast.

  • Regjeringa vil arbeide for å fremje utvikling av norsk terminologi gjennom å omsetje standardar og å gjere omsett terminologi tilgjengeleg.

Fotnotar

1.

Laurits Killingbergtrø: Ord i bok, tale og database: Nasjonal ordboksverksemd ved UiO. Publisert 12. januar 2015. Henta frå: https://www.muv.uio.no/uios-historie/fag/humaniora/sprak/nasjonal-ordboksverksemd-ved-uio.html.

2.

Innstilling om språksaken fra Komitéen til å vurdere språksituasjonen m.v. oppnevnt ved kongelig resolusjon 31. januar 1964.

3.

Universitetet i Bergen (sist oppdatert 6. november 2018): Norsk kulturarv i skrift og tale. Henta frå: https://www.uib.no/ub/101277/norsk-kulturarv-i-skrift-og-tale.

4.

Universitetet i Bergen, Det humanistiske fakultetet: Humaniorastrategi 2018–2022 .

Til forsida