Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

3 Språksituasjonen

3.1 Innleiing

Korleis ein stat behandlar det kulturelle og språklege mangfaldet innanfor grensene sine, seier mykje om kor liberalt og demokratisk samfunnet er. Autoritære statar har vore kjende for å undertrykkje dei som brukar eit anna språk enn majoritetsspråket, men også her i Noreg har minoritetar vore utsette for sterk urett. Fornorskingspolitikken hadde som mål å gjere minoritetane norske og å fjerne den språklege og kulturelle eigenarten deira. Resultatet var undertrykking og diskriminering av minoritetane.

Medan mangfald tidlegare vart sett på som eit trugsmål mot nasjonsbygginga, er respekten for mangfald i dag ein viktig føresetnad for eit moderne og liberalt demokrati. Eit liberalt demokrati tek ikkje omsyn berre til fleirtalet, men sørgjer for at ulike minoritetar og mindretalsgrupper har grunnleggjande rettar. Å avdekkje og motverke maktstrukturar som fører til systematisk diskriminering, er særleg viktig for å sikre reell fridom for mindretala.

Den norske skriftkulturen har vore delt sidan 1800-talet. Det har bidrege til at språkleg variasjon har vore norma, og ikkje unntaket, i den norske offentlegheita. Dei siste femti åra har det òg vore ei jamn utvikling mot meir bruk av dialekt på stadig fleire område i samfunnet. Å akseptere norske talemål i alle situasjonar har gjort det mogleg å ha mektige posisjonar i samfunnet utan å endre eigen dialekt og tilpasse seg eit framandt språkideal.

Samstundes har toleransen og respekten for dei tradisjonelle minoritetsspråka våre vakse, etter mange år med diskriminering og undertrykking. Det vitnar om eit samfunn som har vorte opnare og meir tolerant overfor mangfald i ulike variantar. Den auka toleransen er eit resultat av politiske kampar på ulike frontar og folkeleg mobilisering. Dette mangfaldet må vi halde høgt. I mange land er premissen om at mangfald er ein verdi i seg sjølv, under sterkt press og utsett for åtak, også frå styresmaktene si side.

Dei demokratiske prinsippa som har lege til grunn for denne utviklinga, må også gjere seg gjeldande i møte med dei nye språklege minoritetane i Noreg. Ei grunnleggjande forståing for verdien av språkleg mangfald kan gjere oss i stand til å handsame også dei nye språklege realitetane og det nye mangfaldet i Noreg på ein god måte.

3.2 Språka som Noreg har ansvar for

UNESCO fører eit atlas over truga språk («Atlas of the World’s Languages in Danger»), der organisasjonen vurderer kva for utsikter språk har til å overleve på lang sikt. Etter visse kriterium kan språka i verda bli klassifiserte i seks kategoriar, frå sikre til utrydda. I atlaset er norsk eitt av i alt 40 europeiske språk som er plasserte i den minst utsette kategorien, som ikkje truga språk («not endangered languages»). Det norske språket er fellesspråk i Noreg og står i ei særstilling i det norske samfunnet. Dei to likestilte skriftspråka nynorsk og bokmål er i vid bruk på ulike område av samfunnet, og begge er berarar av ein rik og variert skriftkultur. Med somme unntak skal alle som går gjennom norsk skule, lære å meistre både bokmål og nynorsk, og språkbrukarane sine rettar knytte til bruken av nynorsk og bokmål er fastsette fleire stader i lovverket.

Noreg har frå gamalt av vore fleirspråkleg. Noreg har ratifisert Europeisk pakt om regions- eller minoritetsspråk, som forpliktar den norske staten til å verne og fremje seks språk: nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kvensk, romani og romanes. Desse språka har ei lang historie i Noreg, og staten har derfor eit særskilt ansvar for å verne og fremje dei. Dei samiske språka er urfolksspråk, medan kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk.

Samiske språk blir snakka i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Det finst ti forskjellige samiske dialektar eller språk, og språkgrensene går på tvers av riksgrensene. Det blir ikkje ført statistikk om etnisitet i Noreg, så det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange brukarar desse språka har. Av dei samiske språka som blir og har vorte bruka i Noreg, er nordsamisk klassifisert som eit klart truga språk («definitely endangered language») i UNESCOs atlas over statusen til språka i verda. Lulesamisk og sørsamisk er alvorleg truga språk, medan austsamisk, pitesamisk og umesamisk er klassifiserte som utdøydde i Noreg.

Dei nasjonale minoritetane kvener, romar, romanifolk/taterar, jødar og skogfinnar er minoritetar med historisk tilhøyrsel i Noreg. Dei nasjonale minoritetsspråka er følgjeleg språka til desse gruppene, med nokre unntak: Skogfinnane har mista språket sitt, som ein følgje av det norske storsamfunnets fornorskingspolitikk og krav om tilpassing. Den siste som snakka skogfinsk, døydde i midten av det førre hundreåret, men framleis kan vi finne spor av dette språket på Finnskogen, ikkje minst i ei stor mengd stadnamn. Jiddisk, språket til jødane (ved sida av hebraisk), var ein viktig og levande del av det jødisk-norske kulturlivet fram til andre verdskrigen og holocaust. Det finst i dag berre nokre få eldre talarar av jiddisk i Noreg, men interessa for jiddisk er aukande i det jødiske miljøet. Sjølv om jiddisk og skogfinsk ikkje har vern gjennom minoritetsspråkpakta i Noreg, betyr ikkje dette at desse minoritetane er «språklause», eller at det ikkje kan vere behov for språklege tiltak.

Målrettet plan 2017–2021 – videre innsats for kvensk språk plasserer årsaka til at kvensk språk er truga:

«En følge av fornorskingspolitikken var at kvensk språk og kultur etter hvert forsvant helt eller delvis fra mange lokalsamfunn og tradisjonelle kvenske områder. En annen følge av fornorskingspolitikken var at språkskiftet fra kvensk til norsk skjedde svært raskt, også innad i familier.»

Språkskifteprosessen etter fornorskingstida har kome til ein siste fase, slik at det no nesten ikkje skjer naturleg overlevering av kvensk frå foreldre til barn. Den språkpolitiske strategien er revitalisering, og den nemnde målretta planen for kvensk er starten på den innsatsen regjeringa gjer for å styrkje kvensk språk.

Også romanifolket/taterane har vorte utsette for ein hard fornorskingsprosess, som har ført til ei marginalisering av språket deira, romani. I dag er norsk førstespråket til denne gruppa.

Samanlikna med dei andre minoritetsspråka står språket til folkegruppa rom (sigøynarar), romanes, sterkt hos minoriteten sjølv. Til dømes er det mange romske barn som kan snakke romanes, men ikkje norsk, når dei tek til på skulen. Det finst lite dokumentert kunnskap om romanes, og språket er først og fremst i bruk som talespråk.

Norsk teiknspråk er ikkje omfatta av dei internasjonale konvensjonane som Noreg har slutta seg til, men brukarane av norsk teiknspråk har rettar som er sikra av staten. Språket har lange tradisjonar i Noreg og får i framlegget til språklov rettsleg vern, til liks med norsk, urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka.

I tillegg til desse språka, som Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på, finst det ei lang rekkje nye innvandrarspråk i Noreg. Ut frå Statistisk sentralbyrås statistikk over innvandring til Noreg (frå 2019), er det grunn til å tru at polsk, litauisk, svensk, arabisk og somali er blant dei største innvandrarspråka i Noreg i dag.

3.2.1 Domenetap og språkskifte

For norsk språk generelt er det fagleg grunnlag for å seie at den reelle trusselen er domenetap, ikkje språkdød. Omgrepet domenetap blir nytta om situasjonar der eit språk blir fortrengt av eit anna (større) språk innanfor ulike domene. Det kan vere domene i tydinga samfunnsområde, til dømes offentlege domene som politikk, religion, arbeidsliv, medium og utdanning. Døme på private domene er familie og venekrins. Ulike fagområde kan også reknast som eigne domene.

Når engelsk vinn stadig sterkare innpass medan norsk blir trengd tilbake, står vi overfor faren for slike domenetap. Domenet IKT representerer store utfordringar for norsk språk, jf. punkt 6. Som vi gjer greie for i punkt 8, har norsk gått tilbake som vitskapleg publiseringsspråk i akademia, og nær 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar var på engelsk i 2017. Det er skilnader mellom ulike fagområde.

Diglossi betyr at to forskjellige språkvariantar eller to ulike språk har ulike bruksområde i eitt og same samfunn. Eit høgspråk er i ein diglossisk situasjon ofte både offisielt, autoritativt og prestisjefullt, medan lågspråket er stengt ute frå offisielle samanhengar og karakterisert som «lite eigna», gjerne i faglege samanhengar. I somme samanhengar kan lågspråket også vere direkte forbode i bruk. I typiske kolonistatar er til dømes engelsk offisielt språk, medan dei lokale morsmåla ofte ikkje eingong har ordbøker, eller berre blir bruka i uformelle situasjonar. Noreg var til dømes under fornorskingstida eit sterkt diglossisk samfunn, der det var forbode å bruke samisk og kvensk på skulen og i undervisninga. Fornorskinga var eit effektivt middel for å utslette kvensk og samisk kultur. Domenetap for norsk språk kan også skape eit diglossisk samfunn, på den måten at engelsk blir det prestisjefylte språket å bruke i offentlege og faglege samanhengar, medan norsk blir annanrangs og mindre bruka.

Ser vi spesielt på utsiktene for norsk skriftkultur, er det eit problem at nynorsk har ein så mykje veikare posisjon enn bokmål. Nynorsk er det minst bruka språket sett i høve til bokmål, og nynorsk og nynorskbrukarar er utsette for mange av dei same mekanismane som tradisjonelle minoritetsspråk og minoritetsspråkbrukarar når det gjeld diskriminering.

I den grad domenetap «smittar» frå eitt samfunnsdomene til eit anna, kan eit fullverdig norsk språk vere truga. I desse tilfella snakkar ein om språkskifte. Språkskifte refererer til den prosessen der eit språk tek over for eit anna språk som førstespråk. Språkskifte er ei utfordring i fleirspråklege samfunn. Språkskifte inneber at minoritetsspråklege, som samtidig er tospråklege, går over til majoritetsspråket. Årsaka til ein slik overgang er demografiske endringar, manglande sosial status eller manglande institusjonell støtte (til dømes manglande lovregulering, manglande støtte i skuleverket og manglande offentleg bruk av språket). Eit språkskifte frå norsk til engelsk er ikkje sannsynleg i dag. Men domenetap på viktige samfunnsområde er, som nemnt ovanfor, ein reell fare.

Språkskiftet frå samisk til norsk er ein svært reell trussel. Sjølv om språkreglane i samelova slår fast at samisk er likeverdig med norsk, er denne posisjonen meir formell enn reell. Vern av eit språkleg mindretal som det samiske inneber derfor at staten utviklar tiltak for å rekruttere brukarar av samiske språk og hindre at samar skiftar permanent til norsk. Språkvern finn vi derfor att i mandatet til det samiske språkutvalet, som i oktober 2016 la fram NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk: «Utvalget skal i den sammenhengen legge vekt på ordninger og tiltak som bidrar til at flere lærer seg og bruker de samiske språkene».

Språkskiftet frå nynorsk til bokmål er omtala som målbyte. Sidan andre verdskrigen har nynorsk vore på retur som opplæringsspråk i skulen og som allment bruksspråk. Særleg ser ein at mange elevar som tek til i skulen med nynorsk som hovudmål, byter til bokmål gjennom skulegangen. Denne tendensen er størst i dei områda der det er mest kontakt mellom bokmål og nynorsk, i dei nynorske randsonene. Mekanismane for skiftet mellom nynorsk og bokmål kan samanfattast slik:

«Typisk for språk som er mindre brukte i fleirspråklege statar, er at dei vert oppfatta som avvikande og ikkje-normale, det språksosiologane kallar markerte. Dei vert òg ofte oppfatta som vanskelegare å meistre – fordi dei er mindre brukte i ålmenta slik at språkbrukarar vert mindre eksponerte for dei og mindre kjende med skriftbilete og språkstruktur. Både markertheita og det ukjende og dermed vanskelege ved mindretalsspråk gjer at mindretalsspråk vert skifta frå.»1

Sjølv om det har vore eit sentralt språkpolitisk mål å hindre målbyte frå nynorsk til bokmål, har ein ikkje lukkast med å bremse denne utviklinga. I somme område ser ein rett nok teikn til at nynorsk blir konsolidert og endåtil styrkt, men på same tid blir språket svekt i dei såkalla randsonene. Somme av desse randsonene er område i nærleiken av dei store byane, med sterk tilflytting. Å sikre at nynorsken har ein sterk posisjon som hovudmål i skulane i desse områda, vil ha mykje å seie for å halde talet på nynorskbrukarar stabilt.

I denne samanhengen er det viktig å trekkje fram den demokratiske verdien av at alle norske skuleelevar får opplæring i begge dei norske skriftspråka. Ei grunnopplæring som gjev kunnskapar og ferdigheiter i både nynorsk og bokmål, er ein føresetnad for at skriftspråka skal vere likeverdige, og gjev eit utgangspunkt for alle til å bruke begge skriftspråka. Det at majoriteten lærer å kjenne det mindre bruka språket, gjer det mogleg for elevane som har hovudmålsopplæring i nynorsk, å bruke språket sitt i alle situasjonar. Tilhøva for mindretalet blir betra, og det språklege og kulturelle mangfaldet i samfunnet blir støtta opp under. I tillegg blir den minst bruka varianten av norsk mindre markert, sidan auka bruk også aukar statusen til eit språk. Slik bidreg sidemålsundervisninga til demokratiforståing: Elevane lærer korleis det å leve i eit liberalt demokrati inneber at fleirtalet tek omsyn til og legg til rette for ulike mindretal.

3.2.2 Språklege mindretal i eit liberalt demokrati

Språkleg mangfald er viktig for demokratiet. Det representerer kulturell rikdom og kan motverke politisk einsretting. Skal vi halde på det språklege mangfaldet, må språkbrukarane vere medvitne om verdien i språket sitt. Språkleg medvit trengst for at eit språk skal stå imot ytre press. Derfor er det ei viktig språkpolitisk oppgåve å bidra til å styrkje den språklege identiteten og sjølvkjensla til språkbrukarane. Særleg dei minst bruka språka er under press. Staten har eit særleg ansvar for dei minst bruka språka.

Internasjonalt er språkvern eit viktig demokratisk og kulturelt grunnprinsipp. Retten til å ytre seg på sitt eige språk og aksept for språket som ein integrert del av nasjonal kultur og tradisjon heng saman med ei plikt for staten til å halde språket i hevd og å gjere språket tilgjengeleg i samfunnet. I dei fleste demokratiske samfunn aksepterer den språklege majoriteten at staten har ansvar for å ta vare på mindretala og minoritetsspråka i samfunnet. Det er vanskelegare å få aksept for at eit slikt ansvar krev særlege tiltak – at det som mange oppfattar som «urettferdig særbehandling», er nødvendig for å få eit rettferdig resultat.

Å leve i eit liberalt demokrati krev at ein forstår kva det vil seie å vere i mindretal, også om ein sjølv tilhøyrer fleirtalet. Vi kan ikkje overlate til enkeltindivid eller grupper av enkeltindivid å ta vare på eit heilt språk. Å utvikle politikk i eit demokrati vil også handle om å ta mindretalsomsyn gjennom til dømes kvotereguleringar og særordningar. Språka må sikrast, slik at dei kan brukast på så mange samfunnsområde som mogleg. Ei slik særbehandling eller positiv diskriminering av mindre bruka språk kan bidra til at språka overlever på lang sikt.

3.2.3 EØS og norsk som samfunnsberande språk

Etter utvidinga av Den europeiske unionen austover i 2004 har det vorte ein auke i arbeidsinnvandringa til Noreg. Gjennom Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) er Noreg medlem av EUs indre marknad med fri flyt av arbeidskraft, tenester, varer og kapital. Det inneber mellom anna at arbeidstakarar frå EU-landa kan søkje og ta arbeid i Noreg.

Eit grunnleggjande prinsipp i EU- og EØS-samarbeidet er at den frie rørsla innanfor området ikkje skal hindrast av nasjonale lover og reglar. Å stille eit generelt krav om opplæring eller kunnskap i norsk for arbeidsinnvandrarar frå EØS-området ville vere eit klart brot på dette prinsippet. Derfor finst det heller ikkje slike krav i dag. Personar frå EØS-området som oppheld seg i Noreg, er dermed ikkje omfatta av reglane om rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter lov av 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonslova). Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS har plikt til opplæring. Dette betyr ikkje at opplæringa er gratis, men at dei sjølve må betale for opplæring i kommunen eller hos ein privat aktør. Vi har ikkje kunnskap om kor stor del av arbeidsinnvandrarar eller EØS-borgarar som i dag betalar for opplæring, eller som får eit slikt tilbod frå arbeidsgjevar. I forslag til ny integreringslov, som var på høyring hausten 2019, er det ikkje føreslått å endre reglane for kva grupper lova gjeld.

Auka samhandling på tvers av landegrensene i Europa ligg til grunn for både EU-samarbeidet og EØS-avtalen. Arbeidsinnvandringa frå EU-land er eit døme på slik europeisk integrasjon og er med det ei ønskt utvikling både frå EU og frå norske styresmakter. Samstundes stiller den store innvandringa frå EU-landa den norske staten overfor nokre dilemma i språkpolitikken.

Norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg, og mellom anna derfor er den norske språkpolitikken tufta på prinsippet om at alle som oppheld seg i Noreg over tid, skal kunne lære seg og ta i bruk norsk språk. Ei viktig avgrensing i denne samanhengen vil vere korleis ein definerer omgrepet over tid. Det er store skilnader i kor lenge arbeidsinnvandrarar frå EU-/EØS-land blir verande i Noreg. Somme blir berre nokre månader før dei reiser ut att, medan andre blir verande i fleire år.

Med den store arbeidsinnvandringa til Noreg er det all grunn til å tru at det i dag finst grupper som bur meir eller mindre fast i Noreg og ikkje meistrar det samfunnsberande språket. Mange arbeider saman med andre arbeidsinnvandrarar, og høvet til å lære og bruke norsk i arbeidet kan derfor vere avgrensa. Med fri rørsle i EØS-området som utgangspunkt er det ikkje å vente at alle arbeidsinnvandrarar frå EU-/EØS-landa raskt skal meistre norsk og vere fullt ut deltakande samfunnsborgarar i Noreg. Tvert imot må ein vente at ein viss del av befolkninga har ei lausare tilknyting til det norske samfunnet enn det majoriteten av befolkninga har. Frå ein språkpolitisk ståstad rokkar ikkje dette nødvendigvis ved posisjonen til norsk som samfunnsberande språk, men det føreset ein viss grad av språkleg pragmatisme og kunnskap i møte med den delen av befolkninga som ikkje meistrar norsk.

Mykje meir problematisk vil det vere om ein etter kvart får store grupper av EU-/EØS-borgarar som bur i landet over fleire år utan å lære og meistre norsk. Desse innbyggjarane vil i så fall vere fastbuande i Noreg utan å vere fullstendige samfunnsborgarar som deltek i det norske demokratiet, sidan slik deltaking føreset ein viss dugleik i norsk.

Frå ein språkpolitisk ståstad vil det vere viktig å sørgje for at dei fleste EU- og EØS-borgarane i Noreg lærer seg norsk. Dette er i tråd med det overordna målet i språkpolitikken om at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg. I dag skortar det på faktisk kunnskap om språkkompetansen i denne gruppa.

Fotnotar

1.

Bjørhusdal, Eli (2014): Nynorskelevar i minoritetsposisjon – ein språkpolitisk analyse. Innleiing på haustkonferansen til Noregs Mållag, Odda 27. september 2014.

Til forsida