Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

2 Språket – kulturberar, identitet og infrastruktur

2.1 Innleiing

Regjeringa vil føre ein offensiv språkpolitikk for å utvikle og tryggje språk som kulturberar, samfunnsinfrastruktur og uttrykk for identitet.

Kvart einaste språk er ein kulturell rikdom. Kulturmeldinga, Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida, slår fast at språket er den fremste beraren og formidlaren av kultur, historie og identitet. Kultur og språk er knytte uløyseleg saman. Noreg har eit særskilt ansvar for norsk, både bokmål og nynorsk, norsk teiknspråk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka. Desse språka er ein grunnleggjande del av kulturen og identiteten til den enkelte språkbrukaren, både dei som har eitt av desse språka som morsmål og førstespråk, og dei som er to- eller fleirspråklege. Norsk er den identitetsmarkøren som i sterkast grad knyter alle som bur i landet, saman. Språk skapar samhald og fellesskap. Språk ber kulturarven vår, gjev oss identitet og ei kjensle av å høyre til.

Språk er den viktigaste fellesmarkøren vi har. Vi er historia vår, og vi er samtida vår, og det å forstå både historia og samtida gjer oss i stand til å forme ei felles framtid. Ikkje for at vi alltid skal vere einige om alt, men nettopp fordi språket er ein fellesnemnar, og eit utgangspunkt, for diskusjonar og samtalar som utviklar samfunnet vidare.

Norsk er fellesspråket i Noreg. Det er dette språket som i hovudsak blir nytta i forvaltninga, i offentleg tenesteyting, i utdanningssystemet, i arbeidslivet og i det sivile samfunnet. Alle som bur i Noreg, vil på eitt eller anna tidspunkt ha behov for å bruke norsk. Med framlegget til språklov vil regjeringa formalisere og lovfeste statusen til norsk som eit fellesspråk som skal kunne brukast på alle samfunnsområde og i alle samanhengar. Norsk språk har til no ikkje hatt ein slik formell status. Lovfestinga er viktig for å sikre norsk språk ein sterk posisjon i framtida. Samstundes slår ho fast og vørder den kulturelle rikdommen norsk språk utgjer for Noreg og for verdssamfunnet.

Gjennom å meistre fellesspråket får innbyggjarane tilgang til store og små fellesskap, demokratiske prosessar, barnehage, skule, utdanning og arbeidsliv, helse- og omsorgstenester osb. Å sikre kvar enkelt tilgang til eit fellesspråk handlar såleis om myndiggjering, deltaking og demokrati. Det handlar òg om den retten individet har til å kunne ta informerte val og forvalte rettar og plikter for seg og sine. Når det politiske ordskiftet og den offentlege debatten skjer på eit språk folk flest meistrar, opnar det for brei deltaking og hindrar at viktige debattar som vedkjem alle, berre går føre seg i lukka krinsar. Klarer vi ikkje å skape opne og tilgjengelege samtalar og møteplassar, vil dette svekkje demokratiet. Norsk språk som ytringsfellesskap er såleis ein del av ein demokratisk infrastruktur, jf. «infrastrukturkravet» i Grunnlova § 100 sjette ledd: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.» Det vil seie at staten aktivt skal medverke til at det faktisk blir mogleg for individ og grupper å ytre seg, og at det er eit statleg ansvar å byggje opp eit offentleg rom med kanalar og institusjonar som fremjar ein open og offentleg samtale.

Det er naudsynt at det norske fellesskapsspråket blir halde i hevd, slik at språket kan vere i bruk på alle samfunnsområde. Det stiller krav til at vi har ein språkpolitikk som er verksam i alle samfunnssektorar. Språklege omsyn skal vere med i politikkutforminga på ei lang rekkje område, som i utdanningssektoren, mediesektoren, helsesektoren, IKT-politikken og rettsstellet. Språklege omsyn må òg ha forrang framfor kortsiktige økonomiske og praktiske omsyn der det er naudsynt.

Fleirspråklegheit er eit gode både for den enkelte og for samfunnet. Det er eit breitt kulturelt og språkleg mangfald i Noreg i dag. Det vitnar om eit ope samfunn og eit sterkt demokrati, som ikkje berre tolererer, men òg stimulerer til mangfald. Det levande språklege mangfaldet i Noreg heng saman med høg grad av ytringsfridom og toleranse i samfunnet. Språkleg fridom inneber at enkeltmenneske får høve til å uttrykkje seg på førstespråket sitt og på fellesspråket norsk.

Eit rikt språkleg mangfald og eit sterkt fellesspråk er ikkje motsetnader. Det er heilt nødvendig å meistre norsk språk for å klare seg godt i det norske samfunnet. Samstundes er det viktig for kvar enkelt å kunne hegne om og utvikle sin eigen språklege identitet og ta del i dei språklege fellesskapane ein høyrer til. Det språklege mangfaldet utviklar og øver oss i toleranse, som er ein viktig stolpe i det demokratiske samfunnet. Eit sterkt fellesspråk bidreg til demokratiet ved å gjere det mogleg å møtast på tvers av individuelle ulikskapar. Fellesspråket er ein føresetnad for ein offentleg samtale der innbyggjarane står på like fot, og det fungerer som eit lim i samfunnet og motverkar fragmentering og polarisering.

Dialektvariasjonen er ein del av det språklege mangfaldet i Noreg, og det er høg aksept for bruk av dialekt. Dialektmangfaldet er uttrykk for språkleg toleranse og demokrati. Noreg er eitt av få land i Europa med ein så liberal språkkultur. Denne verdien skal vi ta vare på.

Norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk er språk med lang tilknyting til Noreg. Å ta vare på desse språka er ein del av Noregs bidrag til å verne om det kulturelle og språklege mangfaldet i verdssamfunnet. Grunnlova § 108 pålegg staten å leggje forholda til rette slik at samane kan verne og utvikle språket sitt, kulturen og samfunnslivet. I samelova er det fastsett at norsk og samisk er likeverdige språk, og dei er jamstilte språk etter kapittel 3 i samelova. Gjennom å ratifisere den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta) anerkjente Noreg samiske språk, kvensk, romanes og romani som «et uttrykk for kulturell rikdom» (artikkel 7, paragraf 1a). I framlegg til språklov er statusen til samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk definert. Det offentlege ansvaret for desse språka er slått fast.

Med nyare innvandring har det språklege mangfaldet i samfunnet vorte rikare. Opplæring i framandspråk i skulen og i høgare utdanning bidreg også til dette. Kunnskapar i fleire språk er nøkkelen til kommunikasjon med og forståing av andre kulturar. Både privat og offentleg sektor treng tilsette med gode språkkunnskapar og god kulturforståing for å kunne konkurrere og verke internasjonalt. Omsetjing frå andre språk sikrar at det norske samfunnet får impulsar utanfrå og bidreg til bruk og utvikling av språka i Noreg, samtidig som vi deltek i den globale kulturen og kunnskapsutviklinga. Fleirspråkleg kompetanse har med andre ord stor verdi, både for den enkelte og for samfunnet. Det er likevel ikkje tema for denne proposisjonen å utvikle politikk for andre språk enn dei staten Noreg har ansvar for.

Makttilhøva mellom språk er ikkje like. Små språk er utsette i møte med større språk. Sjølv om norsk er eit vitalt og relativt stort språk i verdssamanheng, er det på nokre område utsett for press frå verdsspråket engelsk. Dersom eit stort verdsspråk som engelsk tek fullstendig over nokre bruksområde frå eit lite, nasjonalt språk, vil det innebere mindre fleirspråklegheit og eit kulturelt tap. Sjølv om skriftspråka bokmål og nynorsk heilt sidan jamstillingsvedtaket i 1885 har vore formelt jamstilte, er mindretalsspråket nynorsk stadig utsett for press frå bokmål. Samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka er i storsamfunnet utsette for press frå norsk, og det same gjeld norsk teiknspråk. Ein av kjerneverdiane i eit liberalt samfunn som det norske er at fleirtalet tek omsyn til mindretalsinteressene. Dette inneber at Noreg treng ein målretta, ambisiøs og offensiv språkpolitikk som styrkjer norsk i møte med engelsk, samstundes som han styrkjer det språklege mangfaldet og dei språka vi har eit nasjonalt ansvar for.

Tillit, samhald og fellesskap er særtrekk ved dei nordiske samfunna. Den nordiske språkfellesskapen fremjar tillit og mobilitet og legg eit viktig grunnlag for utdanningsfellesskap og felles arbeidsmarknad. I tillegg vil den nordiske språk- og kulturfellesskapen gjere oss i stand til å løyse mange felles samfunnsutfordringar. For regjeringa er den nordiske språkforståinga ein umisteleg verdi.

Med språket kan vi diskutere og argumentere, men òg samlast og byggje verdifellesskap. Fellesskap om grunnleggjande rettar som ytringsfridom, likestilling og mangfald. Språket samlar oss, uavhengig av kven vi er, kor vi kjem frå, eller kor vi bur. Derfor legg regjeringa fram ei språklov for framtida.

2.2 Språkpolitiske mål

Regjeringa legg desse måla til grunn for språkpolitikken i åra som kjem:

Norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. I dette ligg det at norsk er eit rikt og levande språk som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Det offentlege skal ta eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk.

Bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk. Språkpolitikken skal fremje reell jamstilling mellom dei to skriftspråka. Det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka språket. Dette inneber at situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk blir vurdert særskilt, til dømes i politikkutvikling eller regelverksarbeid som gjeld norsk språk.

Noreg er eit samfunn som set fleirspråklegheit og dialektmangfald høgt. Det offentlege skal verne og fremje samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Språkpolitikken er eit sektorovergripande politikkområde og handlar om språk og språkbruk innanfor alle sektorar. Alle departement skal ta språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører eigen sektorpolitikk.

Retten til språk, også minoritetsspråk, er eit grunnvilkår i demokratiet. Innbyggjarane i Noreg skal ha tilgang til språk. Norsk språk er ein av stolpane i infrastrukturen som skal sikre innbyggjarane ytringsfridom.

Det norske språket skal vere eit godt bruks- og kulturspråk som utviklar seg i takt med samfunnet og kunnskapsutviklinga elles. Språkpolitikken skal bidra til at språkbrukarane kan meistre og vere stolte av språket sitt.

2.3 Bakgrunn

Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga) vart lagd fram i 2018. Hovudbodskapen i meldinga er at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og at eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati. Kulturmeldinga slår altså fast at kultur er ytringar. Det statlege ansvaret for kulturpolitikken er forankra i infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd.

Kulturmeldinga peikar på kulturpolitiske utfordringar i lys av sentrale utviklingstrekk i samfunnet, som teknologisk utvikling, globalisering, demografiske endringar og utviklinga i samfunnsøkonomien. Ho skisserer den overordna politiske retninga for kulturpolitikken framover og slår fast at eit viktig mål for kulturpolitikken er å styrkje norsk som samfunnsberande språk.

Kulturmeldinga varslar at Kulturdepartementet vil

«[l]eggje fram ei språklov og språkmelding som grunnlag for å sikre at norsk språk held på posisjonen som eit fullverdig samfunnsberande språk i Noreg, og definere ansvaret for å verne og styrkje samisk, dei nasjonale minoritetsspråka og teiknspråk.»

I Innst. 258 S (2018–2019) til kulturmeldinga uttala fleirtalet i familie- og kulturkomiteen på Stortinget:

«Flertallet er positive til at meldingen anerkjenner rikdommen Norge har med to norske skriftkulturer og skriftspråk – nynorsk og bokmål. Flertallet mener at i arbeidet med den kommende språkloven og språkmeldingen er det viktig med målrettede tiltak som bedrer situasjonen for nynorsk og nynorskbrukerne, som er i mindretall.»

Granavollerklæringa, Politisk plattform for en regjering utgått av Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, slår fast:

«Språk er grunnlaget for tenking og samhandling, ein viktig del av kulturarven og ein føresetnad for deltaking i demokratiet. Regjeringa vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg og dei to jamstilte målformene i norsk.»

Vidare står det i erklæringa at regjeringa vil

«[f]remje forslag om ei ny heilskapleg språklov som fører vidare prinsippa i lovverket i dag knytt til jamstilte målformer, teiknspråk og minoritetsspråk, og vurdere tiltak for å styrkje hovud- og sidemålsopplæringa for tidlege alderstrinn, og dessutan opne for lokale prøveordningar.»

I 2009 vart St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk behandla av Stortinget med grundige drøftingar av den norske språksituasjonen. Analysane og kunnskapsgrunnlaget i meldinga er framleis aktuelle. Men verda har endra seg sidan 2009, og strategien og tiltaka må justerast. Mål og meining gjorde til dømes greie for det nasjonale infrastrukturtiltaket som etablering av ein nasjonal språkbank ville vere. Og sjølv om språkbanken vart etablert i 2010, såg ein på den tida berre konturane av korleis språkteknologiske produkt ville få fotfeste i arbeidslivet og skulesektoren ti år seinare. Det var heller ikkje lett å spå for ti år sidan at teknologigigantar som Facebook, Google, Amazon og Microsoft skulle leggje så store føringar på medieutviklinga. Og sjølv om Mål og meining peika på høgare utdanning og forsking som den strategisk viktigaste samfunnssektoren når det gjeld å sikre stillinga til norsk språk som komplett og samfunnsberande, er den enkle oppsummeringa i dag at norsk i stadig mindre grad er bruka i høgare utdanning.

Ei overordna språklov vart først varsla i Mål og meining. Ein samla familie-, kultur- og administrasjonskomité slutta seg til at det er behov for ei klar lovforankring av språk i Noreg, jf. Innst. S. nr. 184 (2008–2009).

2.3.1 Innspel og underlag

I 2017 sette Språkrådet ned eit utval som fekk i oppdrag å peike ut område der det trengst ein særskild innsats for å sikre at norsk språk er i bruk på alle samfunnsområde i framtida. Utvalet skulle også gje innspel om kva som skal til for å sikre tilgang til og bruk av norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. Utvalet har mellom anna jamført dagens situasjon med det biletet som vart teikna i Mål og meining. Departementet har bruka utvalet sin rapport Språk i Norge – kultur og infrastruktur i arbeidet med denne meldinga.

Språkrådets femte språkpolitiske statusrapport Språkstatus 2017 inneheld ein gjennomgang av status for dei språkpolitiske måla.

Departementet har motteke over 50 skriftlege innspel til meldingsarbeidet. Saman med høyringssvara til framlegg til ny språklov utgjer innspela eit viktig kunnskapsgrunnlag for meldinga. Innspela og høyringssvara vitnar om eit stort engasjement for språk og språkpolitikk. Så godt som alle innspela og høyringssvara er positive til språklova og ser behovet for å styrkje språkpolitikken med nye tiltak.

2.3.2 Konsultasjon med Sametinget

Departementet har konsultert Sametinget om tiltak i proposisjonen som kan påverke samane direkte, jf. Prosedyrer for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget. Sametinget har i tillegg fått høve til å gje innspel til arbeidet med proposisjonen. I konsultasjonane er det konstatert semje om omtalen av gjeldande politikk, gjeldande rett for samiske språk og framlegget til føresegner i språklova som gjeld samiske språk.

2.4 Tematiske avgrensingar

2.4.1 Samiske språk

Regjeringa vart våren 2018 samd med Sametinget om å samle dei fleste av løyvingane til Sametinget under eitt budsjettkapittel og éin budsjettpost i statsbudsjettet. Som ein del av denne semja har regjeringa også etablert ei ordning der det kvar vårsesjon skal leggjast fram ei melding til Stortinget om samepolitikken framover. Meldinga skal omtale utviklingstrekk for samiske språk, samisk kultur og samfunnsliv og tenestetilbodet til samiske innbyggjarar. I Meld. St. 31 (2018–2019) Samisk språk, kultur og samfunnsliv var språk eit viktig overordna tema.

Tilhøva for samiske språk vart grundig utgreidde i NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk. Utvalet fekk i oppgåve å gå gjennom lovverk, tiltak og ordningar for sør-, lule- og nordsamisk språk i Noreg. Målet med gjennomgangen var å vurdere og føreslå tiltak for å sikre funksjonelle og likeverdige offentlege tenester på samiske språk. Utvalet gav tilrådingar på fleire samfunnsområde, mellom anna forvaltning, opplæring, helse, språk og kultur. Kommunal- og moderniseringsdepartementet koordinerer arbeidet med ei heilskapleg oppfølging av rapporten frå utvalet.

På bakgrunn av dette vil ikkje meldingsdelen her (punkt 2–10) behandle spørsmål om samiske saker i like stor grad som norsk språk. Men samisk har ein sjølvsagt plass i ein heilskapleg språkpolitikk, og i lovdelen (punkt 11–19) blir det greidd ut om samiske tilhøve i samband med framlegg til føresegner som omfattar samiske språk og tilhøve.

2.4.2 Nasjonale minoritetsspråk

Kommunal- og moderniseringsdepartementet leiar arbeidet med ei eiga stortingsmelding om nasjonale minoritetar. Føremålet med meldinga er å beskrive politikkutviklinga dei siste 20 åra og politikken overfor dei nasjonale minoritetane i dag. Meldinga skal dessutan sjå på korleis regjeringa vil leggje til rette for å styrkje dei nasjonale minoritetsspråka, og kulturen og situasjonen til dei nasjonale minoritetane i det norske samfunnet i åra framover. Dette gjev høve til å sjå språk i eit sektorovergripande perspektiv, i samanheng med den samla politikken overfor nasjonale minoritetar elles. Derfor vil ikkje denne proposisjonen innehalde ein fullstendig gjennomgang av språksituasjonen for nasjonale minoritetsspråk.

Ut over rettar som følgjer av internasjonale konvensjonar og avtalar som Noreg har slutta seg til, har nasjonale minoritetar hatt få språklege rettar etter norsk lov. I framlegget til språklov (punkt 11–19) får nasjonale minoritetsspråk lovfesta status.

2.4.3 Nyare minoritetsspråk i Noreg

Noreg har alltid vore eit fleirspråkleg samfunn. Norsk, samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk har ei lang historie i landet. Denne proposisjonen er avgrensa til desse språka, som staten Noreg har eit ansvar for. Hovudvekta blir lagd på norsk som samfunnsberande språk og fellesspråk i Noreg. Med nyare innvandring er det kulturelle og språklege mangfaldet i Noreg større enn før. Alle språka som blir bruka i Noreg, har den same verdien som kulturuttrykk, kulturberar og uttrykk for identitet. Mange av språka i det nye språklege mangfaldet i Noreg utgår frå eigne nasjonalstatar, og mange av dei er språk med fleire brukarar enn norsk har. Det er ikkje innanfor rammene av denne meldinga å føreslå tiltak for å verne og fremje desse språka. Samtidig må det understrekast at framandspråka vi lærer i skulen, og den språkkompetansen som innvandrarar og etterkomarar etter innvandrarar har, er av stor verdi for den enkelte og for samfunnet.

2.5 Samandrag

Punkt 3 gjev innsikt i korleis språksituasjonen i Noreg kan skildrast ut frå omgrep som domenetap og språkskifte m.m. Det å ta omsyn til mindretalet blir peika på som ein del av dei verkemidla det liberale demokratiet har for å sikre mindre bruka språk.

Punkt 4 gjer greie for korleis regjeringa vil styrkje den sektorovergripande språkpolitikken. I framlegget til språklov blir offentlege organ pålagde ansvar for norsk språk, samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Ei slik lovfesting av språkpolitikken som sektorovergripande må følgjast opp med verkemiddel for å sikre at lova blir etterlevd. Punktet gjer greie for korleis det språkpolitiske ansvaret skal følgjast opp. Hovudtiltaket for oppfølging av lova er å lovfeste Språkrådets tilsyn med og rettleiing om språklova. Det skal utarbeidast ein rettleiar for oppfølging av språkpolitisk sektoransvar. Rettleiaren skal vere til hjelp for departement og relevante statlege verksemder med å lage planar og rutinar for korleis reglane i språklova skal etterlevast.

Punkt 5 dreier seg om språkdimensjonen i kultur- og mediepolitikken og gjer det klart at politikken på desse områda må utviklast vidare med ein revitalisert språkdimensjon. Nokre kulturpolitiske tiltak er eksplisitt språkpolitiske, som tilskot til språkorganisasjonar og ordbokarbeid. Mange andre kulturpolitiske tiltak har også ein vesentleg språkpolitisk dimensjon, til dømes litteratur, arkiv, scenekunst, bibliotek og presse- og mediestøtte.

Punkt 6 til 9 omtalar fire strategisk viktige domene for å sikre norsk språk som samfunnsberande: teknologien, grunnopplæringa, forsking og høgare utdanning og språkvitskapen. Det er viktig for regjeringa at ønskt bruk av språkteknologiske produkt ikkje medfører overgang til engelsk. Det er vidare viktig at politikken på opplæringsfeltet tek eksplisitte språkpolitiske omsyn og dermed sikrar tilgang til språk. Det lovpålagde ansvaret universitets- og høgskulesektoren har for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk, er viktig for språkutviklinga både i sektoren og i samfunnet elles. For at norsk språk skal vere den infrastrukturen som demokratiet har behov for, må norsk fagspråk haldast ved like og utviklast i alle sektorar.

Punkt 10 omtalar situasjonen for norsk teiknspråk som prekær. Språket har ei brukargruppe med eit spesielt utgangspunkt og er under press. Regjeringa føreslår å setje ned eit offentleg utval som skal greie ut vilkåra for bruk av teiknspråk i samfunnet i dag.

Punkt 11 gjer greie for korleis framlegget til språklov er å forstå som fundament i ein aktiv språkpolitikk. Punktet slår fast at lovframlegget er inspirert av internasjonal språkrett, der språkvern er eit viktig demokratisk og kulturelt grunnprinsipp. Retten til å ytre seg på sitt eige språk og aksept for språket som ein integrert del av nasjonal kultur og tradisjon heng saman med ei plikt for staten til å halde språket i hevd og å gjere språket tilgjengeleg i samfunnet. Vidare orienterer dette punktet om høyringa av lovframlegget som departementet gjennomførte hausten 2019. Hovudsynspunkt frå høyringa er refererte, men elles er synspunkta frå høyringsinstansane omtala i dei aktuelle punkta i dokumentet.

Punkt 12 slår fast at føremålet med lova er å styrkje norsk språk og å sikre at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Dei skal også bruke, utvikle og styrkje samiske språk slik det går fram av samelova. I tillegg skal offentlege organ verne og fremje nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Departementet føreslår å delvis innlemme fylkeskommunane inn i dei pliktreglane i mållova som i dag berre gjeld for statsorgan. Det er elles lagt opp til at språklova skal ha tilsvarande verkeområde som offentleglova.

Punkt 13.1 drøftar forslaget om å lovfeste statusen til norsk språk slik at det blir nasjonalt hovudspråk. Forslaget vidarefører jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

Punkt 13.2 drøftar forslaget om å slå fast status for samiske språk som urfolksspråk i Noreg.

Punkt 13.3 drøftar forslaget om å slå fast status for kvensk, romani og romanes som nasjonale minoritetsspråk.

Punkt 13.4 drøftar forslaget om å slå fast status for norsk teiknspråk som nasjonalt teiknspråk.

Punkt 13.5 drøftar forslaget om å lovfeste ein rett til å få bruke svensk og dansk i skriv til norske styresmakter. Forslaget inneber samtidig at norske styresmakter skal kunne svare på norsk.

Punkt 14.1 drøftar forslaget om krav til bruk av klart språk i det offentlege. God språkleg kvalitet må til for å sikre den statusen norsk skal ha som forvaltningsspråk, samfunnsberande språk og nasjonalt hovudspråk. Kravet om bruk av klart språk i det offentlege gjeld også samiske språk.

Punkt 14.2 gjer greie for forslaget om å slå fast ei plikt for offentlege organ til å bruke offisiell rettskriving.

Punkt 15 drøftar paragrafar som i hovudsak er ei vidareføring av gjeldande mållov. I punkt 15.1 gjer departementet greie for forslaget om å vidareføre reglane i mållova som seier at fylkeskommunar og kommunar kan krevje at statsorgan brukar eit visst skriftspråk i brev til fylkeskommunen eller kommunen.

Punkt 15.2 gjer greie for forslaget om å forenkle reglane for utrekning av fleirtalsspråk innanfor tenesteområdet til eit regionalt statsorgan. Regelen i forslaget seier at det skal eit absolutt fleirtal av bokmåls- eller nynorskkommunar til for at eit regionalt statsorgan skal ha plikt til å bruke berre det eine skriftspråket i til dømes allment tilgjengelege dokument.

Punkt 15.3 gjer greie for reglane for veksling mellom bokmål og nynorsk i regionale statsorgan. Forslaget er å skjerpe reglane, slik at det til dømes blir kvotefesta at også regionale statsorgan må bruke minst 25 prosent av det eine skriftspråket i allment tilgjengelege dokument. Denne regelen har til no berre sentrale statsorgan hatt plikt til å følgje. Fylkeskommunen blir etter forslaget omfatta av krava om å veksle mellom bokmål og nynorsk dersom dei sjølve har definert seg som nøytrale fylke utan eit spesielt skriftspråk som sitt språklege identitetsmerke.

Punkt 15.4 gjer greie for forslaget om å vidareføre reglar i mållova om krav til at statsorgan lagar visse dokument til enkeltadressatar på bokmål og nynorsk samtidig. Forslaget er også at lova pålegg statsorgan å lage dokument som er meinte for skulebruk, på begge skriftspråk – av omsyn til nynorskelevar som møter lita støtte for skriftspråket sitt i samfunnet.

Punkt 15.5 grunngjev forslaget om å vidareføre reglane i mållova om at statsorgan skal skrive til enkeltpersonar og enkeltkommunar på det skriftspråket personen eller kommunen har valt. Etter forslaget skal også regelen gjelde for fylkeskommunar, som ikkje har hatt ei slik plikt før.

Punkt 15.6 formulerer på nytt og moderniserer reglane i mållova om at det er ei personleg tenesteplikt å bruke bokmål og nynorsk i skriftleg arbeid. Reglane blir justerte og gjorde gjeldande også for fylkeskommunane. Organet skal kunne krevje at dei tilsette brukar bokmål og nynorsk når føremålet er at organet skal etterleve reglar om bruk av bokmål og nynorsk. Organet skal syte for å ha den nødvendige skrivekompetansen som skal til. Det går fram av reglane at organet kan frita medarbeidarar frå krava til å bruke bokmål og nynorsk dersom dei ikkje har gjennomført sidemålsopplæring. Reglane blir gjort gjeldande også for fylkeskommunen.

Punkt 15.7 drøftar kva klageretten etter språklova inneber. Departementet etablerer ein tydeleg klagerett i språklova for dei tilfella statsorgan bryt reglar om å utferde dokument som til dømes førarkort, skattekort, vitnemål, statsborgarbrev og liknande. Departementet føreslår å presisere kva effekten av klage etter lova er. Departementet føreslår ei eiga føresegn, som gjev språkorganisasjonar rett til å påpeike brot på reglane overfor eit statsorgan, sjølv om saka ikkje vedkjem dei sjølve.

Punkt 16 og 16.1 inneheld framlegget om å lovfeste Språkrådets oppgåver. Språkrådet blir med dette sett på som eit verkemiddel for at lova blir etterlevd, og får heimel til å føre tilsyn og å rettleie. Dette sikrar at Språkrådets arbeid blir forankra i lov, og at Språkrådet får eit mandat for arbeidet som er tydeleg for Stortinget, forvaltninga og samfunnet.

Punkt 16.2 gjer greie for ein heilt ny regel i språkregelverket, nemleg at Språkrådet kan be om opplysningar frå tilsyns- og rettleiingsobjekt. Dette er ei viktig kontrollføresegn som effektiviserer til dømes tilsynsarbeidet.

Punkt 17 inneheld dei reglane som er føreslåtte for iverksetjing og oppheving, og overgangsreglar.

Punkt 18 inneheld ei utgreiing av dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovframlegget.

Punkt 19 inneheld merknader til dei enkelte paragrafane.

Til forsida