Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

19 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Til § 1 Føremål

Føresegna tilfører eit eksplisitt språksikringsperspektiv i norsk rett, både for norsk språk, men også for dei andre språka staten har ansvar for. Det å sikre språk vil i lova seie at offentlege organ skal sikre tilgang til språk, slik at særlege språksamfunn skal kunne bruke og møte sitt eller sine språk.

Første ledd første punktum slår fast det overordna målet med lova, som er å styrkje norsk språk på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Med «norsk» er meint både bokmål og nynorsk, i tale og skrift. Nemninga «norsk språk» omfattar også norsk talespråk generelt. Med «styrkje norsk» er meint at norsk språk skal auke i bruk, men ikkje på ein slik måte at norsk språk fortrengjer dei andre språka som lova femner om. Det er i posisjonen som samfunnsberande språk at språklova skal sikre at norsk språk aukar i bruk i Noreg. Det einaste språket som gjer at norsk språk er i ein utsett posisjon som samfunnsberande språk, er engelsk. Å auke norsk i bruk betyr derfor at lova skal verke for at norsk språk erobrar domene som engelsk dominerer i norsk samfunnsliv i dag, til dømes i den fagspråklege utviklinga og på språkteknologiske område. At norsk språk skal kunne nyttast på alle samfunnsområde, tyder til dømes at det skal sikrast at norsk språk ikkje manglar eit spesialisert ordtilfang, men held tritt med kunnskapsutviklinga i alle sektorar. Føremålet om å sikre norsk språk på alle bruksområde i Noreg er ei presisering av infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»

Første ledd andre punktum vidarefører innhaldet i mållova § 1, som sikrar at nynorsk og bokmål er godtekne og respekterte i bruk i det offentlege. Ettersom første ledd første punktum også slår fast at norsk språk skal nyttast på alle samfunnsområde og sikrast i alle delar av samfunnslivet, inneber ei vidareføring av likestillingsprinsippa frå mållova til språklova ei realitetsendring og ei utviding av verkeområdet for prinsippa om likestilling. Nynorsk og bokmål skal tolast i bruk i alle delar av samfunnslivet, ikkje berre i det offentlege. Dette inneber ikkje eit påbod om at begge skriftspråka skal brukast i konkrete situasjonar.

I andre ledd går det fram at offentlege organ har eit særleg ansvar for dei språka som lova femner om, og som dei særlege språksamfunna skal sikrast tilgang til. Det lovfestar samtidig at heile offentleg sektor har ansvar for språk. Det ligg ikkje til éin sektor å sikre norsk i bruk, til dømes kultursektoren. Ansvaret for språka er eit ansvar som ligg på alle sektorar i det offentlege. Ansvaret for språka som er nemnde i bokstav a, b og c, skal primært oppfyllast som eit ledd i arbeidet med andre oppgåver. I dette ligg det òg at det ansvaret eit konkret organ tek for eitt av språka i bokstav a, b og c, til dømes må kunne variere med kva som er samfunnsoppdraget til organet. Eit organ som forvaltar eit språkopplæringsoppdrag lokalt eller nasjonalt, kan setje i verk heilt andre tiltak enn eit organ som har som hovudverksemd å tilby transport.

I ordet «ansvar» ligg at eit offentleg organ må kunne svare for seg ved å gje opplysningar og gjere greie for korleis dei handterer ansvaret sitt.

I bokstav a skal offentlege organ ta ansvar for å «bruke, utvikle og styrkje» bokmål og nynorsk.

I formuleringa «bruke» norsk ligg det at språksikring av norsk etter første ledd berre kan skje gjennom aktiv bruk av bokmål og nynorsk. Kravet til bruk er det primære, men det betyr ikkje at norsk språk alltid må brukast. Norsk skal likevel vere det føretrekte språket. Plikta statsorgana og fylkeskommunane har til å sikre tilgang til bokmål og nynorsk, går fram av dei nærare bruksreglane i §§ 12 til 18.

Føresegna i § 1 andre ledd bokstav a slår også fast at ein del av føremålet med lova er å sikre at offentlege organ tek ansvar for å «utvikle norsk». Konkret har Språkrådet etter lova heimel til å normere bokmål og nynorsk, dvs. fastsetje kva som er offisiell rettskriving, jf. § 19 første ledd. Føresegnene i § 9 Klart språk og § 10 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk er støtteparagrafar til § 1 andre ledd bokstav a om å utvikle norsk språk. Desse føresegnene sikrar status og prestisje til norsk språk ved å tilføre påbod om språkleg kvalitet, ettersom markant dårleg språkleg kvalitet frå offentlege organ eller gjennomgåande avvik frå offisiell rettskriving er med på å bryte ned respekten for språket. I ansvaret for å «utvikle» bokmål og nynorsk ligg det også eit ansvar i offentlege organ for å sikre at terminologi blir utvikla på norsk.

I formuleringa «styrkje bokmål og nynorsk» ligg det at offentlege organ brukar bokmål og nynorsk som hovudspråk i sin sektor, og at norsk språk skal auke i bruk, jf. § 1 første ledd – i sektorar som er dominerte av engelsk.

Føresegna i bokstav b fastset ansvaret offentlege organ skal ta for å bruke, utvikle og styrkje samiske språk. Regelen er plassert i eige punkt, ettersom samiske språk har ei særstilling i norsk rett. Føresegna slår fast at det offentlege har ansvar for å bruke samisk i samsvar med føresegnene i kapittel 3 i samelova, og dermed at ansvaret offentlege organ har etter språklova, ikkje går vidare enn dette. Sametinget har det konkrete ansvaret for vern og utvikling av samiske språk. Dette følgjer av samelova § 3-12 og det samiske sjølvstyret i interne spørsmål. Formuleringa «utvikling» inneber mellom anna samisk språkrøkt og terminologiutviklingsarbeid. Å «styrkje» samiske språk tyder at det offentlege skal setje i verk tiltak for å auke bruken av samiske språk utover det som går fram av konkrete reglar i samelova. Ansvaret for å «bruke og styrkje» samiske språk inneber vidare at offentlege organ skal hindre at samiske språk møter negative sanksjonar.

Føresegna i bokstav c slår fast at offentlege organ skal «verne og fremje» dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. At det offentlege skal «fremje» nasjonale minoritetsspråk, utgjer eit ansvar for å setje i verk fleire positive tiltak for å auke bruken av kvensk, romani og romanes enn det som følgjer direkte av den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta. Å fremje norsk teiknspråk omfattar å setje i verk positive tiltak for å sikre tilgang til norsk teiknspråk utover det som går fram av særlovgjevinga.

Paragraf 1 andre ledd bokstav c inneber òg at nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk må vernast mot negative sanksjonar.

Tredje ledd lovfestar eit prinsipp om å vurdere situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt – til dømes i politikkutvikling eller regelverkspraktisering som gjeld norsk språk. Føresegna slår fast at det er mindretalsposisjonen til nynorsk som utløyser eit spesielt behov for å fremje nynorsk. «Fremje» skal tolkast slik at det er pålagt det offentlege å auke bruken av nynorsk på ein måte som går vidare enn det som følgjer av særlovgjeving i §§ 12 til 18.

Til § 2 Definisjonar

Føresegna i bokstav a definerer dokumentomgrepet. Med dokument er meint ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande. Dokumentomgrepet er teknologinøytralt og omfattar alle typar skriftleg informasjon utan omsyn til korleis informasjonen er lagra. Ordlyden «eller liknande» klargjer at opprekninga ikkje er uttømmande. Opptak av menneskeleg tale fell utanfor dokumentdefinisjonen. Tekst som tener som grunnlag for opplesing ved hjelp av ei kunstig røyst, vil likevel vere omfatta.

Føresegna i bokstav b definerer kva allment tilgjengelege dokument er. Det er dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova, og som ikkje er stila til enkeltadressatar. Det gjeld dokumenttypar som typisk er tenkte for ei uavgrensa mengd mottakarar, til dømes alle nettekstar retta mot eit allment publikum, brosjyrar, informasjonstekstar, nyhendetekstar, stillingslysingar og pressemeldingar.

Dokument som fell inn under § 4-2 i forskrift 12. august 2016 nr. 974 om offentlige anskaffelser (anskaffelsesforskriften) vil ikkje bli rekna som «allment tilgjengelege dokument» etter bokstav b i lova her.

Føresegna i bokstav c definerer omgrepet statsorgan. Med statsorgan er meint alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt knytt til staten, jf. § 3 første ledd. Etter forskrift 18. mars 2004 nr. 532 er helseforetak å rekne som statsorgan etter lov om målbruk i offentleg teneste.

Føresegna i bokstav d definerer omgrepet offentlege organ. Med offentlege organ er meint statsorgan slik dei er definerte i bokstav c, og i tillegg alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt knytta til dei, jf. § 3 første ledd. Interkommunale samarbeid etter kommunelova kapittel 18 og 19 som ikkje er eit eige rettssubjekt, skal òg reknast som organ for kommunar og fylkeskommunar etter denne definisjonen.

Føresegna i bokstav e definerer omgrepet sentrale statsorgan. Med sentrale statsorgan er meint statsorgan med heile landet som tenestekrins.

Føresegna i bokstav f definerer omgrepet regionale statsorgan. Med regionale statsorgan er meint statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.

Til § 3 Verkeområde

Første ledd regulerer kva verksemder lova gjeld for, så lenge det ikkje er fastsett noko anna i særskilde paragrafar.

Reglane i § 3 første ledd første punktum med bokstavane a, b, c og d er identiske med reglane i offentleglova § 2 første ledd første punktum.

Verkeområdet for lova er i § 3 første ledd andre punktum avgrensa med det same materielle innhaldet som i offentleglova § 2 første ledd andre punktum. Føresegna fastset at dei sjølvstendige rettssubjekta som er nemnde i bokstav c og d, ikkje er omfatta av verkeområdet dersom organet hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. Det avgjerande for om dette unntaket er relevant, er om det aktuelle rettssubjektet samla sett i hovudsak driv næringsverksemd i konkurranse med det private. Bakgrunnen for unntaket er ikkje at eit bestemt språk skal sjåast på som byrdefullt å bruke, men at det er ei konkurranseulempe for organet å vere omfatta av fleire regelverk enn dei verksemdene ein driv i konkurranse med.

Andre ledd regulerer kva verksemder reglane i §§ 12 til 18 ikkje gjeld for. Reglane i §§ 12 til 18 inneheld konkrete pliktreglar om bruk av bokmål og nynorsk i offentleg teneste. Samla er dei i hovudsak ei vidareføring av reglane i gjeldande mållov med forskrift. Tidlegare førearbeid er relevante så lenge dei vidarefører tilsvarande føresegner i mållova.

Andre ledd bokstav a slår fast at reglane i §§ 12 til 18 ikkje gjeld for kommunane og alle organ for ein kommune, til dømes eit kommunalt føretak, interkommunalt selskap etter IKS-lova eller kommunalt oppgåveselskap. Det same går også fram av gjeldande mållov, der kommunen ikkje er pliktsubjekt i det heile.

Andre ledd bokstav b fastset at pliktreglane i §§ 12 til 18 ikkje gjeld for sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigardel på over halvparten eller rett til å velje meir enn halvparten av alle medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet.

Andre ledd bokstav c slår vidare fast at §§ 12 til 18 heller ikkje gjeld for interkommunalt politisk råd etter kommunelova kapittel 18 eller kommunalt oppgåvefellesskap etter kommunelova kapittel 19, sjølv om ein eller fleire av deltakarene er ein fylkeskommune og samarbeidet ikkje er sjølvstendig rettssubjekt.

Etter andre ledd bokstav d gjeld føresegnene i §§ 12 til 18 ikkje for Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen og andre organ for Stortinget. Føresegna svarar til § 2 første ledd bokstav a i gjeldande mållov. Ho svarar òg til offentleglova § 2 tredje ledd.

Tredje ledd er ei delvis vidareføring av gjeldande mållov i § 12 første ledd bokstav b og fastset at lova ikkje gjeld for internt saksarbeid. Interne saksdokument, til dømes interne notat, intranett og styredokument, fell utanom. Det same gjeld for møtebøker, protokollar, innstillingar til folkevalde og audiovisuelle hjelperåder. Paragrafen må sjåast i samanheng med § 2 bokstav b, som definerer allment tilgjengelege dokument.

Fjerde ledd vidarefører mållova § 2 andre ledd, slik at reglane i §§ 12 til 18 gjeld berre for den administrative delen av verksemda ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular, vidaregåande skular, domstolane, forliksråda og påtalemakta. I domstolane er derfor skriving av rettslege avgjerder ikkje omfatta av reglane om bruk av bokmål og nynorsk i lova. Det same gjeld for gjeremål som politiet og påtalemakta har etter straffeprosesslova.

Femte ledd gjev departementet heimel til å gje forskrifter om at §§ 12 til 18 heilt eller delvis ikkje skal gjelde for organ og sjølvstendige rettssubjekt som elles ville vere omfatta av lova, og også til å fastsetje ny forskrift om val av skriftspråk i samband med eksamen ved statlege universitet og høgskular. Forskrift 7. juli 1987 nr. 4148 om målform i eksamensoppgåver held fram å gjelde så langt ho ikkje er i strid med lova her.

I tråd med vanleg praksis tyder «departementet» her det departementet som til kvar tid har forvaltningsansvaret for språklova.

Til § 4 Norsk språk

Første ledd lovfestar statusen til norsk språk som det nasjonale hovudspråket i Noreg. Med termen hovudspråk er det meint å uttrykkje reint deskriptivt at norsk språk er fleirtalsspråket og dermed det språket som alle i Noreg må meistre for å vere deltakarar i demokratiet. Nemninga «hovudspråket» skal også tolkast slik at når lova femner om andre språk enn norsk som ber adjektivet «nasjonal», betyr det likevel at norsk har ei unik rolle ved å vere hovudspråket. Nemninga hovudspråk skal også forståast normativt på den måten at dersom norsk språk i ein sektor eller på eit bruksområde ikkje lenger er det føretrekte språket, dvs. er fortrengt av engelsk, er dette i strid med føremålet med språklova, som er å styrkje norsk som samfunnsberande språk.

Andre ledd første punktum fastslår at bokmål og nynorsk er likeverdige språk. I denne føresegna er nemninga «språk» bruka, og ikkje «skriftspråk». Bokmål og nynorsk er her ikkje avgrensa til skriftspråk. Både bokmål og nynorsk er også talespråk. Sjølv om nynorsk i mindre grad enn bokmål har eit standardisert talemål i levande bruk, har det likevel ein viktig posisjon i media og som scenekunstspråk. Ein skal forstå føresegna slik at ikkje berre skal nynorsk og bokmål vere tillatne i bruk i alle delar av samfunnet; det skal leggjast til rette for bruk av nynorsk og bokmål i alle delar av samfunnet. Nynorsk som mindretalsspråk skal kunne brukast i heile landet, og det skal kunne brukast på alle saksfelt. Dette er ei utviding av gjeldande mållov, som fastset at jamstillingsprinsippet berre gjeld i det offentlege. Sjølv om private verksemder ikkje er pliktsubjekt i lova, ligg det i føresegna at når offentlege organ tek ansvar for språka, er dei føredøme for resten av samfunnet.

Andre leddandre punktum svarar i hovudsak til gjeldande mållov § 1 første punktum, men med framlegg om å endre nemningsbruken om bokmål og nynorsk frå målform til skriftspråk.

Til § 5 Samiske språk

Første ledd fastslår statusen til samiske språk i Noreg. Den særskilte stillinga som samiske språk har i nasjonalt lovverk, gjer at departementet tilrår termen «urfolksspråk» om den nasjonale statusen samiske språk har i Noreg.

Føresegna er ikkje meint å få rettslege konsekvensar utover det som allereie følgjer av gjeldande regulering av samisk språk.

Andre ledd svarar i hovudsak til formuleringane i Lov av 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova) § 1-5. Føresegna fastsett at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei skal vere jamstilte språk etter nærare føresegner i samelova kapittel 3. Samelova kapittel 3 gjev borgarane språklege rettar i møte med ulike offentlege organ.

Til § 6 Nasjonale minoritetsspråk

Første ledd gjev kvensk, romani og romanes status som nasjonale minoritetsspråk i Noreg.

Dei nasjonale minoritetsspråka er språk som høyrer til ein nasjonal minoritet, og som er verna etter den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

Føresegna slår fast det overordna utgangspunktet om å sikre både kvensk, romani og romanes som levande bruksspråk på eit visst nivå i Noreg. Det dreier seg både om å sikre ein viktig del av kulturgrunnlaget for dei nasjonale minoritetsgruppene sjølve og å yte eit norsk bidrag til å sikre språkmangfaldet i verda.

Andre ledd slår fast at kvensk, romani, romanes og norsk er likeverdige språklege uttrykk for kultur. I dette ligg det ikkje at kvensk, romani og romanes spelar ei likeverdig rolle i samfunnet med det norsk språk gjer. Norsk er altså hovudspråket i Noreg, jf. § 4 i språklova, og eit samfunnsberande forvaltningsspråk. Dei spelar heller ikkje same rolle som samiske språk til dømes gjer som forvaltningsspråk. Føresegna slår derimot fast at kvensk, romani og romanes har like stor verdi som bruksspråk og kulturarv som norsk har.

Til § 7 Norsk teiknspråk

Første ledd gjev norsk teiknspråk status som nasjonalt teiknspråk i Noreg. Nemninga «nasjonal» understrekar at teiknspråk ikkje er eitt felles, internasjonalt språk for ikkje-høyrande over heile verda, men at norsk teiknspråk er eit separat teiknspråk.

Andre ledd slår fast at norsk teiknspråk er likeverdig med norsk, både som kulturuttrykk og som språksystem. Norsk teiknspråk er ein del av den norske kulturarven og det språklege mangfaldet som det offentlege har ei plikt til å verne og fremje, jf. framlegg til § 1 andre ledd bokstav c.

Føresegna inneber ei styrka gjennomføring av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). I artikkel 30 nr. 4 er det særskilt nemnt at personar med nedsett funksjonsevne «på lik linje med andre skal ha rett til anerkjennelse av og støtte til sin spesielle kulturelle og språklige identitet, herunder tegnspråk og døvekultur».

Til § 8 Skandinaviske språk

Føresegna inneber at alle som tek kontakt med det offentlege, skal ha ein rett til sjølve å nytte dansk eller svensk når dei tek kontakt, men at det offentlege på si side kan svare på norsk. Føresegna gjeld både munnleg og skriftleg kontakt.

Dansk og svensk er saman med norsk med på å definere den nordiske språkfellesskapen. Ein kan forvente at det offentlege Noreg forstår dansk og svensk så godt at desse språka kan brukast i kontakt med norsk forvaltning. Det er også å forvente at danskar og svenskar forstår eit svar på norsk. At dei skandinaviske språka kan brukast om kvarandre i slik kommunikasjon, er med på tryggje stillinga til norsk språk fordi det gjer at norsk forvaltning ikkje må byte til engelsk i kontakt med utanlandske borgarar.

Til § 9 Klart språk

Paragrafen skal sikre god kvalitet i det språket som kjem frå offentlege organ. Høg språkleg kvalitet er med på å tryggje stillinga til og respekten for eit språk.

Ansvaret for klar kommunikasjon omfattar her dei språka som det offentlege har plikt til å bruke, altså bokmål og nynorsk, jf. språklova, og samiske språk, jf. samelova. Klarspråksideala gjeld òg når offentlege organ brukar andre språk enn bokmål, nynorsk og samiske språk.

Plikta til å bruke klart språk er ikkje ei rettsleg plikt som ein i prinsippet kan få prøvd av domstolar. Regelen er eit generelt krav om å kvalitetssikre språket.

Paragrafen lovfestar eit ansvar for å kommunisere klart og språkleg korrekt på ein måte som er tilpassa mottakaren. Kommunikasjon omfattar òg bruk av til dømes grafiske element og illustrasjonar for å få fram ein bodskap.

At språket skal vere «klart», tyder at det er god struktur og samanheng i teksten, at det er god samanheng mellom tekst og eventuelle illustrasjonar, at setningane heng saman og at vanskelege ord er forklarte. Eit dokument som er klart skrive, blir forstått av mottakaren utan at han må lese dokumentet mange gonger eller er nøydd til å bruke hjelpemiddel. Klart språk treng ikkje vere unyansert eller fritt for fagord. Føremålet og målgruppa avgjer.

At språket skal vere «korrekt», tyder at offentlege organ må rette seg etter kravet i § 10 om den offisielle rettskrivinga for norsk slik ho er forvalta av Språkrådet, jf. § 19 første ledd. § 9 skal òg hindre at offentlege organ bryt med rettskrivinga i andre språk enn norsk (særleg samisk).

At språket skal vere «tilpassa målgruppa», tyder at offentlege organ må ordleggje seg annleis når dei vender seg til vanlege privatpersonar, særleg mindreårige, enn når dei skriv til juristar og andre sakshandsamarar eller ekspertar. Det er ekstra viktig at informasjons- og rettleiingsmateriell om regelverk er språkleg tilpassa målgruppa. Merk at kravet om tilpassing til målgruppa ikkje inneber plikt til å byte ut norsk med andre språk. Samiske språk skal brukast etter reglane i samelova.

Til § 10 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk

Første ledd første punktum fastset at offentlege organ skal bruke offisiell rettskriving når dei brukar norsk etter reglane i lova. Eit formelt korrekt norsk språk er ein del av ein språkleg kvalitetsstandard. Høg språkleg kvalitet i tekstar som kjem frå offentlege organ, er med på å tryggje stillinga til og respekten for norsk språk. Det skal stillast like høge formelle krav til tekstar på nynorsk som til tekstar på bokmål.

Med offisiell rettskriving er meint både reglar for staving og bøying av ord og formelle skrivereglar om teiknsetjing, bruk av store og små bokstavar, bruk av tal og siffer osb. Reglane for staving og bøying er ulike for bokmål og nynorsk, medan dei formelle skrivereglane er felles for dei to skriftspråka.

At eit offentleg organ følgjer offisiell rettskriving, er avhengig av språkleg kompetanse hos dei tilsette. Når eit offentleg organ er gjort merksam på at det har gjort formelle språkfeil, skal det ta grep for ikkje å gjere feila opp att. Feil i nettbaserte dokument bør rettast snarast råd dersom dokumenta skal vere tilgjengelege i lengre tid.

Dersom det i somme tekstar er særlege stilistiske behov som gjer seg gjeldande, kan det likevel gjerast unntak frå offisiell rettskriving for ord og uttrykk i tekstar. Medvitne brot på offisiell rettskriving skal vere grunngjevne ut frå eit reelt behov for å nytte unormerte skrivemåtar.

Andre ledd slår fast at statsorgan skal ha namn som finst på norsk. Regelen inneber at namnet skal finnast på norsk, i tråd med at norsk er nasjonalt hovudspråk, jf. § 4. At namnet skal finnast på norsk, er ikkje til hinder for at statsorgan har namn på engelsk og andre framandspråk i tillegg. Det norske namnet skal brukast som hovudform i norsk samanheng og finnast på både bokmål og nynorsk. Regelen om at namnet skal finnast på nynorsk og bokmål, er ei vidareføring av § 4 i forskrift om målbruk i offentleg teneste, som krev at statsorgan har organisasjonsnamn på bokmål og nynorsk dersom det ikkje høver med same namneforma på begge skriftspråk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.

Ikkje berre det øvste organisasjonsleddet i statsorgan skal ha namn på både bokmål og nynorsk. Kravet gjeld òg namn og nemningar på regionale organisasjonsledd, avdelingar, seksjonar, nemnder, utval og andre organisatoriske einingar. Føresegna er ikkje til hinder for å registrere eitt hovudnamn i føretaksregistreringa.

Det er i ein konkret situasjon Språkrådet som avgjer om eit namn følgjer offisiell rettskriving eller ikkje, jf. framlegg til § 19.

Språkrådet har heimel i § 19 andre ledd til å gje å råd om namneskikk, dvs. om namnet er eit godt namn etter norske namnelagingsreglar.

For å oppfylle krava til klart språk, jf. § 9, vil det vere rett å krevje at namnet til eit statsorgan er lett å forstå og kommuniserer klart med publikum. I slike situasjonar vil det oftast vere eit godt prinsipp å velje eit namn som beskriv kva statsorganet eller verksemda er eller driv med. Det vil ikkje vere i strid med føresegna i § 10 andre ledd å velje eit særprega ord eller namn på statsorganet eller verksemda, ettersom dette ikkje står i motsetnad til at namnet er skrive på norsk og følgjer offisiell rettskriving.

Til §11 Kommunale og fylkeskommunale språkvedtak

Paragrafen vidarefører i første ledd det materielle innhaldet i mållova § 5 med ei språkleg endring frå «målvedtak» til «språkvedtak».

Språkvedtak etter første ledd er, som etter dagens mållov, ikkje det same som eit administrativt vedtak om kva språk kommunen eller fylkeskommunen sjølv skal bruke.

Andre ledd klargjer at språkvedtak skal meldast til Språkrådet som statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. Språkrådet har ansvar for å gjere vedtaka kjende, slik det i dag går fram av forskrift om målbruk i offentleg teneste § 8 første og andre ledd. Ordninga med fastsetjing av eiga forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar blir også vidareført.

Til § 12 Fleirtalsspråk

Prinsippet om «fleirtalsmålform» i mållova § 7 er vidareført i språklova § 12. Reglar om fleirtalsspråk er til for at kommunale språkvedtak etter § 11 skal få verknad for det skriftspråket regionale statsorgan brukar i allment tilgjengelege dokument i tenestekrinsen sin. Dette sikrar tilgang til nynorsk som mindretalsspråk for eit allment publikum, slik eitt av føremåla med lova er. Sjølv om prinsippa om at eit regionalt statsorgan kan ha eit fleirtalsspråk, er vidareførde, er reglane for utrekning av fleirtalsspråk endra.

Føresegna i § 12 første punktum gjev reglar for den nye utrekningsmåten. Det krevst eit reint fleirtal av kommunar som har gjort same språkvedtak, for at det skal finnast eit fleirtalsspråk i ein tenestekrins eller eit geografisk område som omfattar fleire kommunar.

I andre punktum fastset paragrafen at eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Regelen er ikkje avgrensa til å gjelde utvalde dokumenttypar. Der det ikkje følgjer noko anna av andre reglar, skal det regionale statsorganet bruke fleirtalsspråket i alle dokument. Det vil seie at når det regionale statsorganet t.d. skriv til andre regionale statsorgan eller til sentrale statsorgan, skal ikkje det regionale statsorganet byte til eit anna skriftspråk. Dette følgjer i dag av reglane i forskrift om målbruk i offentlege teneste § 5 andre ledd fjerde punktum.

Tredje punktum slår fast at eit regionalt statsorgan kan vere utan fleirtalsspråk. I desse tilfella skal det regionale statsorganet reknast som språkleg nøytralt. Dei reglane som gjeld for språkleg nøytrale regionale statsorgan, går fram av § 13 andre ledd.

Til § 13 Veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument

Fleire av føresegnene i paragrafen er i hovudsak vidareføring av tilsvarande føresegner i mållova § 8, og førearbeida til mållova vil framleis vere relevante.

Veksling vil seie at organet skriv nokre tekstar på nynorsk, nokre på bokmål. Til skilnad frå reglane om parallell bruk av bokmål og nynorsk i § 14, inneber reglane om veksling at same tekst ikkje skal føreliggje i to språkversjonar. I ein dokumentkategori, til dømes i nyhendetekstar, inneber ein 25-prosentsregel at organet publiserer minst ein fjerdedel av tekstane på nynorsk eller bokmål. Føresegna gjeld allment tilgjengelege dokument. Veksling mellom skriftspråka sikrar eit allment publikum tilgang til begge dei norske skriftspråka, slik føremålet med lova er.

I første ledd første punktum er kvotekravet for sentrale statsorgan lovfesta til 25 prosent, noko som i dag følgjer av forskrift om målbruk i offentleg teneste § 6 første ledd.

Første ledd andre punktum inneber at i allment tilgjengelege dokument skal regionale statsorgan bruke anten berre bokmål eller berre nynorsk, slik det går fram av regelen i § 12 første ledd første punktum om fleirtalsspråk.

I andre leddførste punktum er det vidareført frå mållova § 8 andre ledd andre punktum at vekslingskravet òg gjeld for regionale statsorgan. Samstundes er det presisert i andre ledd andre punktum eit 25-prosentskrav for språkleg nøytrale tenestekrinsar, der minst ein fjerdedel av kommunane har gjort same språkvedtak.

Andre ledd tredje punktum slår fast kva reglar som gjeld dersom minst éin kommune, men færre enn ein fjerdedel av kommunane i ein språkleg nøytral tenestekrins, har gjort vedtak om å krevje nynorsk. Regelen er eksplisitt utforma for å sikre at nynorsk som mindretalsspråk ikkje blir ytterlegare marginalisert i ein språkleg nøytral region.

Reglane i tredje ledd inneber at alle statsorgan skal bruke fleirtalsspråket som kommunane i eit avgrensa geografisk område har, dersom det er eit fleirtalspråk innanfor området. Dersom kommunane i det avgrensa geografiske området har eit anna fleirtalsspråk enn eit regionalt statsorgan, skal det regionale statsorganet bruke dette fleirtalsspråket, ikkje sitt eige fleirtalsspråk. Også i desse tilfella er det tale om fleirtalsspråk etter oppteljing av talet på kommunar i det aktuelle området.

I fjerde ledd blir det gjeve ein ny regel jamført med vekslingsregelverket i mållova. Føresegna innfører ei plikt for nøytrale fylkeskommunar til å veksle mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg dokument slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei to skriftspråka. Regelen tek utgangspunkt i at ein fylkeskommune som har valt å gjere eit vedtak om å vere språknøytral, eller som manglar eit slikt vedtak og dermed blir språknøytral etter § 11 i lova, pliktar å veksle mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Fylkeskommunen fastset sjølv kva som er eit rimeleg samhøve for veksling i sin tenestekrins. Vi viser til dei generelle merknadene i punkt 15.3.4.

Til § 14 Parallell bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan

Første ledd vidarefører innhaldet i mållova § 8 fjerde ledd om at skjema, anten det er elektronisk eller papirbasert, skal liggje føre og vere tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk, men med somme endringar.

Føresegna gjeld berre for statsorgan, slik reglane i dag er i mållova. Sjølv om fylkeskommunane har nokre utvida pliktar samanalikna med dagens mållov, har ikkje fylkeskommunane plikt til å ha denne typen tenester eller dokument på begge skriftspråk.

Ordet «skjema» frå regelen i mållova § 8 fjerde ledd blir vidareført, samtidig med at det nye omgrepet «sjølvbeteningstenester» blir innført for å reflektere realiteten i dagens offentlege forvaltning, der digitale skjema og papirskjema i aukande grad blir erstatta med språkteknologisk baserte, interaktive løysingar. Skjema er å rekne som ei sjølvbeteningsteneste i formuleringa «skjema og andre sjølvbeteningstenester». Omgrepet «sjølvbeteningstenester» er meint å vere teknologinøytralt, og skal omfatte både elektroniske søkjestiar, ulike digitale sjølvbeteningsløysingar, men også tradisjonelle papirskjema og elektroniske versjonar av papirskjema. Dersom allmenne høyringar frå eit statsorgan med framlegg til politiske vedtak er tilrettelagde som utfyllingar av digitale skjema, vil dei vere å rekne som sjølvbeteningstenester.

Andre ledd vidarefører mållova § 6 første ledd tredje punktum med somme språklege endringar. Føresegna slår fast at statsorgan skal innfri krav frå private rettssubjekt om å få alle løyve og faste formular som direkte gjeld rettssubjektet, på bokmål eller nynorsk. Dokumenta det er tale om her, er nødvendige for at private rettssubjekt kan legitimere seg som borgarar eller etterleve plikter og krevje sine rettar som det. Som døme kan nemnast skattekort, førarkort, attestar, pass, konsesjonar, vitnemål, tilsetjingsbrev, førelegg osv. Parallell tekst på bokmål og nynorsk oppfyller kravet.

Tredje ledd slår fast at prinsippet som kjem til uttrykk i opplæringslova § 9-4 første ledd om at læremiddel på bokmål skal vere tilgjengelege til same tid på nynorsk, òg gjeld når statsorgan lagar dokument særskilt til bruk i skulen. Regelen skal sikre tilgang til nynorsk fagspråk for elevar med nynorsk som hovudmål når statsorgana står som utgjevar av dokument som blir bruka i undervisninga. Føresegna er ei skjerping av gjeldande kan-regel i mållova § 8 tredje ledd, som gjer det opp til statsorganet å vurdere om allment tilgjengeleg tilfang kan gjevast ut i parallellutgåver.

Til § 15 Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar

Første ledd vidarefører og presiserer, med somme språklege endringar, mållova § 6 første ledd første punktum, men utvida til også å gjelde fylkeskommunen. Føresegna må forståast slik at det private rettssubjektet har ein rett til å få svar på bokmål eller nynorsk, i tråd med kva skriftspråk den private sjølv skreiv til statsorganet eller fylkeskommunen på. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, står statsorganet og fylkeskommunen fritt i val av skriftspråk. Gjeld det til dømes skriv til ein organisasjon som arbeider for å fremje nynorsk eller bokmål, er også plikta klar.

I SMS-tenester, særleg i pasientinnkalling og liknande, der timen gjerne blir sett opp utan føregåande skriftleg korrespondanse, er det ikkje krav om eit visst skriftspråk i skriv til enkeltadressatar. Det er på sikt eit mål at til dømes skriftlege samtalerobotar skal kunne gje svar på begge skriftspråk, men det finst i dag ikkje tilfredsstillande teknologiske løysingar på nynorsk for dette. Føresegna krev derfor ikkje at fylkeskommunen må bruke både bokmål og nynorsk i desse typar kommunikasjon med private rettssubjekt. Dokument frå fylkeskommunen, som er retta mot eit privat rettssubjekt, men som er automatisk generert til mange rettssubjekt på same tid, til dømes på bakgrunn av rettssubjekta si adresse i fylket eller anna, er ikkje omfatta av føresegna. Det same gjeld automatisk genererte svar frå fylkeskommunen sitt postmottak om et eit brev eller liknande er motteke.

Føresegna i andre ledd inneber at ein kommune og ein fylkeskommune skal få svar frå statsorgan og fylkeskommunen på det skriftspråket kommunen eller fylkeskommunen har gjort vedtak om etter § 11, og som er fastsett i forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Dette gjeld også dersom det andre skriftspråket faktisk vart nytta i skrivet til statsorganet eller fylkeskommunen. Andre ledd gjeld òg situasjonar der statsorgan og fylkeskommunar skriv til kommunar eller fylkeskommunar av eige tiltak og på den måten innleier korrespondansen. Også i denne føresegna får fylkeskommunen ei ny plikt til å bruke bokmål og nynorsk slik mottakarkommunen har kravt. Dersom ein fylkeskommune skriv til fleire kommunar som har ulikt skriftspråk, så kan fylkeskommunen sjølv velje kva for skriftspråk han vil bruke.

Til § 16 Krav til skrivekompetanse

Føresegna i første ledd vidarefører gjeldande rett på den måten at prinsippet i forskrift om målbruk i offentleg teneste § 1 andre ledd blir lovfesta. Forskrifta til mållova § 1 slår her fast at kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde. Innhaldet i denne forskriftsregelen blir løfta inn i språklova § 16 første ledd. Ansvaret for at eit statsorgan og ein fylkeskommune følgjer reglane om bruk av bokmål og nynorsk i språklova, ligg på organet sjølv. Statsorgan og fylkeskommunar har etter regelen plikt til å byggje opp og vedlikehalde den skrivekompetansen i bokmål og nynorsk som må til for å følgje dei reglane som det konkrete organet skal etterleve. Regelen er fleksibel på den måten at han gjer kravet til skrivekompetanse avhengig av kva som er nødvendig for å oppfylle reglane.

Andre ledd første punktum er ei presisering av styringsretten til arbeidsgjevar. For at statsorganet og fylkeskommunen skal kunne oppfylle reglane etter § 16 første ledd, skal dei kunne krevje at ein tilsett skriv både bokmål og nynorsk. Andre ledd vidarefører delvis innhaldet i mållova § 4, men med den materielle endringa at brot på reglane om bruk av bokmål og nynorsk ikkje lenger er å rekne som brot på tenesteplikter. I dette ligg det at brot på reglane om bruk av bokmål og nynorsk ikkje lenger skal kunne møtast med sanksjonar etter statstilsettelova, slik reglane i prinsippet opnar for i mållova § 4. I praksis er endringa frå gjeldande rett svært lita, ettersom dei tilsette vil måtte rette seg etter krav frå arbeidsgjevar om å skrive både bokmål og nynorsk når føremålet er å etterleve reglane i lova.

Å bruke bokmål og nynorsk etter lova skal ikkje reknast som spesialkompetanse, men byggjer på ein føresetnad om ein grunnkompetanse som igjen har sin basis i skriftleg sidemålsundervisning etter opplæringslova.

Andre ledd andre punktum set opp ein unntaksregel. Unntaket signaliserer at gjennomført sidemålsopplæring er eit sakleg kvalifikasjonskrav. Tilsette som ikkje har gjennomført slik opplæring, vil vere fritekne for krav frå arbeidsgjevar etter første punktum.

I tredje ledd er det ei føresegn om at departementet kan gje forskrift om særlege unntak frå andre ledd første punktum, som fastset at statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk.

Til § 17 Klagerett

Føresegna gjev klagerett til private rettssubjekt på feil som statsorgan har gjort.

Første ledd første punktum slår fast ein rett for det private rettssubjektet til å klage på den feilen som er gjord når eit statsorgan ikkje har bruka det skriftspråket som det private rettssubjektet har rett til å få i løyve og faste formular, jf. § 14 andre ledd.

Dersom eit dokument som er nemnt i § 14 andre ledd, blir utferda på eit anna skriftspråk enn det det private rettssubjektet har kravt, har klagaren rett til å få dokumentet utferda på nytt. Denne regelen gjeld også dersom eit dokument etter intensjonen til dømes er utferda på nynorsk, men inneheld systematiske avvik frå offisiell rettskriving på ein slik måte at det inneheld bokmål. I slike tilfelle skal dokumentet utferdast på nytt dersom klagaren krev det.

Det følgjer av første ledd andre punktum at den praktiske framgangsmåten i samband med klage etter språklova § 17 vil vere at klagaren set fram klagen direkte for det statsorganet ein meiner har brote reglar i språklova om bruk av bokmål og nynorsk, jf. forvaltningslova § 31. Det overordna organet, typisk eit departement, vil ikkje få saka til behandling dersom saka løyser seg i samband med kontakten mellom klagaren og det underordna organet, eventuelt òg Språkrådet. Språkrådet er ikkje klageinstans, men kan rettleie i korleis regelverket er å forstå.

Til § 18 Påpeiking av feil bruk av språk hos statsorgan

Paragrafen presiserer at språkorganisasjonar kan påpeike feil dersom dei meiner at eit statsorgan bryt §§ 14 eller 15 i språklova. Føresegna er i innhald ei vidareføring av gjeldande § 9 første ledd andre punktum i mållova, der språkorganisasjonar er gjevne ein vidtgåande påpeikingsrett som ikkje er bunden til om saka vedkjem dei sjølve. Regelen omfattar også høvet til å ta opp prinsipielle spørsmål. I språklova blir klageomgrepet berre bruka om mishald av § 14 andre ledd, som berre gjeld for statsorgan.

Føresegna i § 18 er til for å styrkje rettskjensla på området og å gje språkorganisasjonar ein klar heimel til å vende seg til organ som ikkje følgjer regelverket. Føresegna skal sjåast på som eit tiltak i lova som er der for å justere praksis som ikkje er i tråd med lova, til dømes brot på det vekslingsregelverket som sikrar allmenn tilgang til også mindretalsspråket, nynorsk, men som ikkje er til for å oppfylle individuelle språkrettar. I føresegna ligg det ei forventning om at statsorgan og dei overordna organa tek slike førespurnader på alvor og gjev dei ei reell saksbehandling. Også andre enn språkorganisasjonar har rett til å påpeike feil, men føresegna må sjåast i lys av at språkorganisasjonane har ei viktig rolle i språksamfunnet.

Til § 19 Språkrådet

Føresegna gjev Språkrådet ansvar, mynde og oppgåver. Ansvaret, myndet og oppgåvene som Språkrådet har, blir direkte knytte til reglane om det særlege ansvaret offentlege organ har for språka som lova femner om, og til dei meir spesifikke reglane i §§ 11 til 18.

Første ledd fastset at Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. I det ligg at Språkrådet er eit ordinært forvaltningsorgan med eit spesialisert oppdrag om å bidra til at staten oppnår språkpolitiske mål. Språkrådet er eit sentralt statsorgan etter definisjonen i § 2 e i lova her. Departementet fastset vedtekter og mål for Språkrådet.

I formuleringa om at Språkrådet «forvaltar» skriftnormalane, ligg det at det er overlate til departementets skjønn kva fullmakter Språkrådet skal få i normeringsspørsmål. Språkrådets fullmakter i normeringssaker er i dag regulerte i § 3 i Språkrådets vedtekter. Språkrådet har også oppgåver etter andre lover, t.d. opplæringslova § 9-4, som omtala i dei generelle merknadene under punkt 16.1.4.

Andre ledd gjev Språkrådet heimel til å gje råd når eit nytt statsorgan skal ha namn eller når eit etablert statsorgan skal endre namn. Språkrådet skal ta stilling kva namn som kan seiast å vere norsk og om skrivemåten av namnet er innanfor offisiell rettskriving, jf. § 10. For at Språkrådet skal kunne gje råd om skrivemåte og namneskikk, skal statsorganet, for å etterleve § 10, ta kontakt med Språkrådet før vedtak.

Andre ledd inneber òg at Språkrådet på eige initiativ kan ta kontakt med statsorgan, medrekna departement og andre overordna organ, i samband med namnesaker.

Tredje ledd er ei lovfesting av dagens mållovstilsyn. Tilsynsansvaret ligg i dag til departementet, jf. forskrift om målbruk i offentleg teneste § 1 første ledd, men har sidan 1993 vore delegert til Språkrådet. Det er opp til Språkrådet korleis tilsynet skal leggjast opp. Språkrådet kan både føre regelmessig tilsyn med alle statsorgan og tilsyn på adhocbasis med enkeltståande statsorgan dersom det er behov for det. Tilsyn kan setjast i verk anten på bakgrunn av observasjonar frå Språkrådet eller allmenta, eller i samband med oppfølging av klagar som Språkrådet har fått kjennskap til.

Fjerde ledd fastset at Språkrådet skal rettleie offentlege organ om reglane i lova. Språkrådets ansvar er å rettleie offentlege organ om korleis organa best kan oppfylle pliktene sine etter lova. Det er organet sjølv som har ansvaret for å etterleve reglane. Språkrådet har heimel til, på eige initiativ eller på førespurnad frå organet, å gje råd og informasjon om korleis reglane i lova bør følgjast opp i praksis.

Til § 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet

For at Språkrådet skal bli best mogleg rusta til å følgje opp reglane om bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan, vil statsorgan etter § 19 ha plikt til å gje Språkrådet rapportar og opplysningar etter førespurnad. Departementet legg til grunn at omfanget av slike førespurnader blir halde innanfor det rimelege, og at omfanget av rapportar frå statsorgan blir halde innanfor det statsorgana kan få fram med nokså enkle grep. Departementet legg like fullt til grunn at statsorgana i si vanlege verksemd er merksame på at språkbruksreglane for statsorgan skal følgjast, og at dei syter for at opplysningar om bruk av bokmål og nynorsk enkelt og raskt kan gjerast tilgjengelege for Språkrådet.

Til § 21 Iverksetjing og overgangsreglar

Etter første ledd gjeld lova frå den tid Kongen fastset. Frå same tidspunkt blir lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste oppheva.

Etter andre ledd vil forskrifter som er gjevne i medhald av lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste, halde fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid med i lova her.

Til § 22 Endringar i andre lover

Paragrafen inneheld forslag til endringar i andre lover som følgje av forslaget om ny lov om språk.

Nr. 1 inneheld forslag til endringar i lov 16. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Opplæringslova §§ 2-5 første ledd, 2-5 tredje ledd første punktum, 2-5 sjette ledd første punktum, 9-4 tredje ledd og 15-6 andre ledd blir endra som følgje av framlegget i ny lov om språk om å endre nemningsbruken om bokmål og nynorsk frå målform til skriftspråk. Dette kjem til syne i fleire paragrafar i lova, men på mest prinsipielt vis i framlegget til § 4 Norsk språk.

Opplæringslova § 9-4 andre ledd andre punktum blir oppheva. Noverande andre ledd tredje punktum blir andre punktum.

Nr. 2 inneheld forslag til endringar i lov 14. desember 2007 nr. 116 om studentsamskipnader (studentsamskipnadslova). Nemninga «lov om målbruk i offentleg teneste» i § 11 første ledd blir erstatta med «språklova».

Nr. 3 inneheld forslag til endringar i lov 16. juni 2017 nr. 50 om likestillings- og diskrimineringsombudet og diskrimineringsnemnda. Endringa skuldast at tredje ledd ved ein inkurie fall ut av føresegna ved lov 21. juni 2019 nr. 57 endringslov til diskrimineringsombudsloven og likestillings- og diskrimineringsloven.

Til forsida