Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

5 Språkdimensjonen i kulturpolitikken og mediepolitikken

5.1 Innleiing

Språk er vår fremste kulturberar og eit kulturobjekt i seg sjølv. Kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft. I mange kunst- og kulturuttrykk står språket sentralt i ytringa. Teateret, litteraturen og musikken er døme på kunstformer som held i hevd og utviklar språket. Det same gjeld for mediefeltet. I kulturarvinstitusjonane finst publikasjonar og originaldokument frå fleire hundre år tilbake og fram til i dag. Samlingane er unike kjelder til kunnskap om språkhistorie og skriftkultur. Men også rundt kulturuttrykk som i mindre grad er baserte på tekstlege uttrykk, finst det ein rik offentleg samtale, og desse kulturuttrykka har såleis òg ei viktig språkleg side. Dermed er det rett å seie at heile kultursektoren og mediefeltet er eigne domene for språk og ein eigen del av skriftkulturen. Kulturpolitikk, irekna mediepolitikk, er språkpolitikk.

Regjeringa vil føre ein aktiv kulturpolitikk med ein tydeleg språkdimensjon som skal leggje til rette for bruk, utvikling og styrking av bokmål, nynorsk og samiske språk og hindre domenetap. Regjeringa vil leggje til rette for vern og fremjing av dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som del av kulturpolitikken. Alle desse språka er del av den felles kulturarven i Noreg, og gjennom kunst og kultur med ulike språklege uttrykk får vi innsikt i kven vi er som folk, og det mangfaldet folket består av.

Språkdimensjonen i kulturlivet og media er like viktig for dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som han er for norsk og alle andre språk. Men for små språk kan offentleg symbolsk og institusjonell støtte vere endå meir avgjerande og bidra til utvikling og anerkjenning av språket og til bruk av språket på fleire arenaer.

Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga) slo fast at eitt av dei overordna kulturpolitiske måla er «[e]it fritt og uavhengig kulturliv som […] styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar».

For norsk språk vart dette også uttrykt slik:

«Det er behov for eit rikt og lett tilgjengeleg norskspråkleg kultur- og medietilbod med gode språklege førebilete, slik at det norskspråklege tilbodet vil bli valt i konkurranse med det engelskspråklege. Det er ønskjeleg å stimulere til brei produksjon og bruk av blant anna litteratur, musikk og audiovisuelle produkt på norsk. Dette er med på å auke tilfanget av kultur- og medieinnhald på norsk og leggje til rette for norskspråkleg kulturinnhald av høg kvalitet.»

Kulturmeldinga slo også fast at «[k]ulturarvmaterialet utgjer saman med språk og annan immateriell kulturarv det kollektive samfunnsminnet vårt». Både immateriell og materiell kulturarv er kjelde til identitet og kunnskap med forankring i historia, og til saman utgjer dette mykje av grunnlaget for samfunnsutviklinga.

5.1.1 Historisk tilbakeblikk

Språkdimensjonen er altså ein heilt sentral del av kulturpolitikken. Den språkpolitiske grunngjevinga var svært tydeleg ved opprettinga av Norsk kulturfond i 1965. I Budsjett-innst. S. nr. 235 (1964–65) viste kyrkje- og undervisningskomiteen til at opprettinga av eit kulturfond er nødvendig fordi «[s]ærlig er de små sprogsamfunn i fare ved at de blir oversvømt av billig utenlandsk kulturstoff». Innkjøpsordninga for norsk litteratur kan til dømes etter dette med rette kallast eit sikringstiltak for norsk språk, og skal òg forståast slik i kulturpolitikken framover. Det vil seie at all satsing på norsk litteratur samtidig er ei satsing på norsk språk, og at all bibliotekutvikling også er ei sikring av norsk språk.

Det same gjeld for dei andre kulturfelta. Audiovisuelt innhald har lenge vore prega av angloamerikanske produksjonar, og allereie på slutten av 1940-talet såg staten eit behov for å innføre støtte til norsk filmproduksjon som motvekt mot utanlandske filmar, jf. til dømes St.prp. nr. 2 (1946–47) for Kyrkje- og undervisningsdepartementet:

«Filmen er blitt en av de mest betydningsfulle faktorer både til godt og ondt i det alminnelige kulturliv. […]
Det er ikke nok å føre en viss kontroll med den film som bys fram av filmindustrien, en må aktivt støtte produksjonen av film som har kulturell verdi. Ved siden av dette vil det også alltid være en oppgave av nasjonale og valutamessige grunner å stimulere produksjonen av norsk underholdningsfilm som motvekt mot det overveldende antall av utenlandske filmer.»

På same måte som bøker og tidsskrift er aviser fritekne for meirverdiavgift. I Ot.prp. nr. 17 (1968–69) Om lov om alminnelig omsetningsavgift og særskilt avgift på visse varer og tjenester (meirverdiavgiftslova) er dette omtala slik:

«Begrunnelsen for det nåværende avgiftsfritak for aviser, bøker og tidsskrifter er at det i et lite språksamfunn som det norske er sterke grunner for at det trykte ord skal være fritatt for den omkostningsbelastning som en avgift vil bety for den trykte publikasjon.»

Fritak for meirverdiavgift for trykte medium, inkludert papiraviser, vart innført i 1970. Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand. Mediepolitikk for ei ny tid stadfestar at vedtaket hadde ei språk- og kulturpolitisk grunngjeving og handla om å ta vare på det norske språket. Fritaket for pressa vart i tillegg grunngjeve med at pressa har betydning for den offentlege samtalen, og at ei differensiert dagspresse held oppe og skapar grunnlag for ei mangesidig og fri opinionsdanning. Regjeringa har i fleire rundar modernisert dette avgiftsfritaket for å tilpasse det til ein stadig meir digital mediekvardag. Først vart fritaket for meirverdiavgift for papiraviser utvida til også å gjelde digitale nyhendemedium, seinare til elektroniske nyhendetenester uavhengig av plattform. Samla verdi av fritaket for meirverdiavgifta for aviser og elektroniske nyhendetenester vart talfesta til ca. 2,2 mrd. kroner i 2018, jf. Prop. 1 LS (2018–2019). I 2019 sørgde regjeringa jamvel for avgiftsfritak for elektroniske tidsskrift og bøker, i takt med den digitale utviklinga i samfunnet.

5.1.2 Språkleg og kulturelt mangfald

Å føre ein kulturpolitikk med eit tydeleg mål om å fremje norsk, samiske språk, norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk handlar ikkje om motstand mot andre språk. Det er heller ikkje eit signal om at desse språka er betre enn andre språk. Tvert imot vil departementet understreke verdien av møte med andre språklege og kulturelle uttrykk. Det bidreg til fornying av den offentlege samtalen og utviding av intellektuelle og kulturelle horisontar. Likevel er det ikkje mangfald dersom engelskspråklege kunst- og kulturuttrykk skapa av store internasjonale marknadsaktørar aleine skal dominere det som blir konsumert, eller setje standarden for kva som skal til for å hevde seg. Det er såleis ein verdi å sikre at det blir produsert kunst- og kulturuttrykk på norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk med utgangspunkt i lokale og nasjonale forteljingar, språk og erfaringar.

UNESCO-konvensjonen av 20. oktober 2005 om å verne og fremje eit mangfald av kulturuttrykk, som Noreg har ratifisert, sikrar enkeltland retten til å utforme og gjennomføre ein aktiv kultur- og mediepolitikk som fremjar kulturelt mangfald. Til grunn for konvensjonen ligg det ei uro for at globalisering og teknologiutvikling skal opne for ein meir hegemonisk posisjon for dei mest kommersialiserte kulturuttrykka.

Grunnlova § 108 pålegg staten å leggje til rette for at samane kan bevare og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet sitt. Sametinget har hovudansvar for utviklinga av samisk språk, kunst og kultur og fordeler budsjettmidlar til desse føremåla innanfor den statlege rammeløyvinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I 2020 er denne løyvinga på om lag 520 mill. kroner. Sametinget prioriterer språk- og kulturføremål høgt i eige budsjett. Sametinget arbeider med språkforvaltning og språkpolitikk, terminologi, stadnamn og språkrøkt, og i Sametingets budsjett for 2020 er det sett av 110 mill. kroner til verkemiddel på språkområdet. Midlane blir fordelte mellom anna til drift av samiske språksenter, språkprosjekt og tilskot til bruk og utvikling av samisk i kommunar og fylkeskommunar. I Sametingets budsjett til kulturføremål er det sett av om lag 134 mill. kroner i 2020. Sametingets kulturpolitikk skal leggje til rette for samisk kunst- og kulturaktivitet og utviklinga av denne aktiviteten.

Det er eit mål at dei nasjonale minoritetane skal delta aktivt i arbeidet med å verne og utvikle språka og kulturane sine. Over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett blir det løyvd drifts- og prosjektmidlar til føremåla. På vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet forvaltar Kulturrådet drifts- og prosjektmidlar som nasjonale minoritetar kan bruke til språk, kultur og eigenorganisering. I 2019 var språk ein av dimensjonane Kulturrådet la vekt på i vurderinga av søknader, og det vart mellom anna løyvd midlar til dokumentasjon og formidling av romani, til utgjeving av kvensk litteratur og til kvensk teater. For 2020 har Kulturdepartementet styrkt tilskotsordninga med 0,5 mill. kroner for å skape rom for fleire litteraturprosjekt innanfor ordninga. Kulturdepartementet løyver driftstilskot til Kainun institutti / Kvensk institutt og avisa Ruijan Kaiku. Over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett blir det òg løyvd drifts- og tilskotsmidlar til vern og utvikling av kvensk språk og kultur. Frå 2020 blir ordninga forvalta av Troms og Finnmark fylkeskommune.

Å verne og fremje den nordiske språkforståinga er ei av dei fremste prioriteringane for Noreg i det nordiske samarbeidet. Den nordiske språkforståinga er ein av dei viktigaste konkurransefordelane og eit avgjerande element for å nå dei nordiske statsministrane sin visjon om at Norden skal vere verdas mest integrerte region. Når vi satsar på den nordiske språkforståinga, blir den nordiske kulturfellesskapen styrkt, og vi fremjar kontakt og mobilitet på tvers av grensene.

Kunst, kultur og medium bidreg sterkt til at innbyggjarane blir eksponerte for dei skandinaviske språka, og den gjensidige forståinga blir bygd. I Granavollerklæringa varslar regjeringa at ho vil sikre fellesnordisk språkforståing ved å arbeide for at film og fjernsyn blir sendt i teksta versjon, ikkje dubba, når programma er statleg finansierte eller støtta.

Noreg deltek aktivt i det kulturpolitiske samarbeidet i Nordisk ministerråd, som forvaltar nordiske støtteordningar som Nordisk kultur- og kunstprogram, Nordisk kulturfond og Nordisk film- og tv-fond. Norske kunst- og kulturaktørar deltek aktivt og får god utteljing i desse ordningane.

Etter eit norsk initiativ vart Nordisk ministerråds nye tilskotsordning Volt – kultur- og språkprogrammet lansert i 2017, under Noregs formannskap. Programmet støttar kultur- og språkprosjekt av og med barn og unge i heile Norden og har som særskilt mål å fremje den nordiske språkforståinga i denne gruppa. I 2019 vedtok dei nordiske kulturministrane å forlengje støtteprogrammet. I 2019 støtta Volt-programmet mellom anna Norske kveners forbunds prosjekt Kolme med 70 000 euro. Prosjektet er eit kulturutvekslingsprogram som omfattar Noreg, Sverige og Finland. Målet er å styrkje kvensk, meänkieli og karelsk språk, kultur og identitet blant minoritetsungdom i nord.

Noreg har også teke initiativ til eit tettare nordisk samarbeid om forvaltninga av minoritetsspråk. Det er eit potensial for å sjå forvaltninga av samiske språk og minoritetsspråk i tettare samanheng med forvaltninga av desse språka i Finland og Sverige. Eit eige seminar om temaet vart arrangert i Stockholm hausten 2018, og arbeidet blir følgt opp vidare i dei nordiske språkråda.

5.2 Den språkpolitiske dimensjonen i mediepolitikken

5.2.1 Innleiing

Så godt som alle nordmenn konsumerer medieinnhald kvar einaste dag. Bruken av tradisjonelle medium (papiravis, lineær radio og tv) går ned, medan bruken av nettbaserte medium er på veg opp. Yngre aldersgrupper brukar digitale medium meir enn eldre gjer, og nordmenn er blant dei fremste i verda når det gjeld digital bruk. Dette inneber samstundes at norske medieverksemder, som tidlegare i høg grad konkurrerte om merksemda til publikum med andre norskspråklege medium, no konkurrerer på ein global marknad med medieinnhald på andre språk, primært engelsk. Samiskspråklege medieverksemder opplever på same måte konkurranse frå både norskspråklege og engelskspråklege medieverksemder.

Grunnlova § 100 sjette ledd pålegg staten eit ansvar for å fremje eit ope og opplyst offentleg ordskifte. I førearbeid og målformuleringar om offentlege verkemiddel på medieområdet står språklege omsyn sentralt. Å vurdere omsynet til språk og kultur var ein del av mandatet til Mediemangfaldsutvalet, eit offentleg utval som skulle vurdere dei mediepolitiske verkemidla staten rår over. I NOU 2017: 7 Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne understreka utvalet:

«Særlig er det grunn til å fremheve hvor stor betydning mediebruken av nynorsk og samisk har for denne målformen og dette språket.»

Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand. Mediepolitikk for ei ny tid slår fast at nyhendemedia har ein samfunnsverdi utover den kommersielle verdien. Samfunnsverdien er knytt til demokratisk meiningsdanning, kontroll av maktutøving og betydning for språk, kultur og identitet. Meldinga understrekar at marknaden ikkje aleine produserer det mediemangfaldet og den journalistikken som er ønskjeleg for samfunnet. Derfor er offentleg støtte eit nødvendig supplement for å bevare eit mangfald av medium og journalistisk produksjon over heile landet.

Bruken av medium er i endring. Audiovisuelt innhald blir i aukande grad strøymt. Til forskjell frå marknaden for lineært fjernsyn har globale aktørar erobra ein monnaleg del av marknaden for strøymetenester. Både YouTube og Netflix har høgare tal for dagleg bruk enn NRK, som er den næraste norske konkurrenten i marknaden for strøyming av audiovisuelt innhald. Dei internasjonale aktørane har eit endå sterkare grep på dei yngre, og nesten dobbelt så mange unge brukar Netflix og tre gonger så mange brukar YouTube dagleg jamført med NRK. Utviklinga syner kor viktig det er for norsk mediespråk at NRK har breitt gjennomslag i folket, og særleg blant barn og unge. Det er i barne- og ungdomsåra grunnlaget blir lagt for språkutviklinga, og trygge språklege føredøme i media er viktige for å skape trygge språkbrukarar.

Boks 5.1 Opplæring i nynorsk mediespråk

NRK Nynorsk mediesenter vart opna i Førde i 2004. Senteret driv kursverksemd i nynorsk og mediekunnskap, mellom anna gjennom ei praktikantordning der 8–10 studentar kvart år går på halvårlege kurs. I 2013 vart Nynorsk avissenter skipa etter same modell. Nynorsk avissenter er eit opplærings- og kompetansesenter for aviser som brukar nynorsk. Dei to sentera tek mål av seg til å vere kraftsenter for meir og betre nynorsk i media. NRK Nynorsk mediesenter er finansiert gjennom NRK og har lært opp om lag 150 nynorskpraktikantar sidan oppstarten. Nynorsk avissenter får i 2020 eit tilskot frå Kulturdepartementet på 3 mill. kroner. I tillegg kjem finansiering frå Firda Media AS og refusjon frå praksisaviser.

5.2.2 NRK

Det totale tilbodet frå NRK når ein stor del av befolkninga, med ei dagleg dekning på 87 prosent i 2018. NRK er samstundes den mediekanalen som har høgast tillit både i befolkninga generelt og blant brukarane av NRK. 69 prosent av innvandrarane i Noreg nyttar tilbodet til NRK dagleg.

Språkpolitiske målsetjingar står sentralt i offentlege dokument som omtalar grunngjevinga for og betydninga av NRK som allmennkringkastar. I Meld. St. 38 (2014–2015) Open og opplyst. Allmennkringkasting og mediemangfald (kringkastingsmeldinga) heiter det til dømes:

«Globaliseringa av mediemarknaden inneber at norsk innhald er utsett for langt større konkurranse enn tidlegare. Allmennkringkastinga blir difor viktigare for å fremje norsk innhald, kultur og språk.»

Stortinget fastset det overordna samfunnsoppdraget til NRK i NRK-plakaten, som uavkorta er teken inn i vedtektene til verksemda. I tillegg kan generalforsamlinga fastsetje utfyllande føresegner til oppdraget. Gjeldande NRK-plakat vart fastsett i 2019 etter Stortingets behandling av Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand. Mediepolitikk for ei ny tid (mediestøttemelidinga).

I kringkastingsmeldinga i kapittelet om NRKs innhaldsforpliktingar skriv departementet:

«NRK er ein viktig kulturinstitusjon og eitt av statens viktigaste verkemiddel for å nå språk- og kulturpolitiske mål. Departementet meiner at innhaldsforpliktingane, slik dei er utforma i dag, i stor grad fungerer som ein garanti for at viktige demokratiske og kulturpolitiske mål blir varetekne. Høyringa av NRK-plakaten viser at mange instansar er opptekne av at NRKs allmennkringkastingsoppdrag på ein klar og transparent måte reflekterer institusjonens samfunnsmessige rolle og tyding.»

Departementet konkluderer i hovudsak med å føreslå ei vidareføring av innhaldsforpliktingane til NRK, men drøftar i meldinga mellom anna krava knytte til nynorsk, samisk, nasjonale minoritetar og norskspråkleg musikk, som fleire hadde vore opptekne av i høyringa av NRK-plakaten.

Etter vedtektene skal tilbodet til NRK i hovudsak ha norskspråkleg innhald, og minst 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk.

Medietilsynet skal etter kringkastingslova § 2-13 kvart år utarbeide ein rapport om korleis NRK oppfyller allmennkringkastingsforpliktingane sine. I allmennkringkastingsrapporten for 2018 vurderer Medietilsynet det slik at NRK oppfyller det overordna kravet om å styrkje norsk språk, identitet og kultur. Medietilsynet viser til at NRK har ein omfattande eigenproduksjon på radio, tv, nett og mobil med stor variasjon av tema og sjangrar. Vurderinga av korleis NRK oppfyller kravet om å styrkje norsk språk, identitet og kultur, byggjer såleis på ei samla vurdering av korleis NRK oppfyller fleire av dei spesifikke krava til innhaldstilbodet.

Sidan 1970 har styresmaktene stilt krav om at 25 prosent av innhaldet i NRK skal vere på nynorsk. I 2015 klara NRK det på radio og tv, men 2019 var det første året NRK nådde målet samla for alle plattformer. I tidlegare år har det vore stor variasjon mellom dei ulike plattformene og kanalane. I 2019 var 25,2 prosent av det totale innhaldet på nynorsk. Kanalen NRK P1 hadde mest nynorsk med 30,5 prosent, men somme plattformer nådde ikkje opp til kravet. Til dømes var prosentdelen for nynorsk innhald på nrk.no 18.

Noreg er forplikta mellom anna av FN-erklæringa om rettane til urfolk, artikkel 16 punkt 1, til å leggje til rette for informasjons- og ytringsfridom for urfolk. Etter § 16 i vedtektene skal NRK «styrke det norske og de samiske språkene, og styrke norsk og samisk identitet og kultur. […] NRK skal ha daglige sendinger for den samiske befolkning.»

NRK Sápmi er organisert som ein eigen divisjon i NRK og har om lag 90 medarbeidarar fordelte på hovudkontoret i Karasjok og lokalkontora i Tana, Kautokeino, Kåfjord, Tromsø, Harstad, Snåsa, Tysfjord og Oslo. NRK Sápmi produserer innhald for radio, tv og nett. NRK Sápmi samarbeider dessutan tett med allmennkringkastarar i Finland og Sverige om programtilbodet. I 2018 sende NRK Sápmi 280 tv-timar og 8 805 timar radio. Programtilbodet er i hovudsak på nordsamisk, men NRK Sápmi har òg tilbod på lule- og sørsamisk og på norsk.

NRK skriv i årsrapporten for 2018 at medievanane til det samiske publikummet, til liks med resten av befolkninga, er i endring. Publikum vel oftare innhald som er digitalt, og det inneber at jamvel det samiske innhaldet konkurrerer med den globale marknaden. Endringane gjer at ein ikkje lenger kan måle suksess i volum, verken i kor mange minutt som er sende på radio og tv, eller på volumet av digitalt innhald. I staden må NRK Sápmi bli målt på i kva grad publikum vel å gjere bruk av innhaldet. NRK Sápmi har derfor dreidd merksemda mot digitalt innhald og utvikling av valbart innhald innanfor alle sjangrar.

Medietilsynets vurdering i allmennkringkastingsrapporten for 2018 er at NRK gjennom tilbodet på radio, tv, nett og mobil oppfyller krava til å styrkje dei samiske språka og til å styrkje samisk identitet og kultur. Medietilsynet fann likevel at NRK ikkje sende tilstrekkeleg med eigne program for unge på dei samiske språka gjennom heile året.

NRK skal etter vedtektene ha program for nasjonale og språklege minoritetar, og dei skal formidle innhald frå Norden og bidra til kunnskap om nordiske samfunnstilhøve, kultur og språk. Vidare skal NRK formidle kunnskap om ulike minoritetsgrupper og om mangfaldet i det norske samfunnet.

NRK viser til at dei synleggjer det fleirkulturelle mangfaldet som ein naturleg del av innhaldet dei publiserer, og gjennom val av mellom anna tematikk og musikk, kjeldebruk, bruk av målgrupper og rekruttering av programleiarar.

Medietilsynet vurderer at NRK i 2018 oppfyller kravet om å ha program for nasjonale og språklege minoritetar. Medietilsynet gjer i allmennkringkastingsrapporten detaljert greie for på kva måtar NRK tilbyr innhald til dei nasjonale minoritetane i Noreg.

Kringkastingslova vart endra med verknad frå 1. juli 2019, slik at ho ikkje lenger berre set krav til kringkastarar om teksting av fjernsynsprogram for høyrselshemma, men også om å gjere fjernsynsprogram tilgjengelege for personar med ulike funksjonsnedsetjingar gjennom teiknspråktolking, synstolking og lydtekst. I ny § 2-19 i lova er det sett overordna krav, medan dei konkrete krava skal fastsetjast i forskrift. Slike reglar vart fastsette i forskrift om kringkasting og audiovisuelle bestillingstjenester med verknad frå 1. januar 2020. For NRK inneber forskriftsendringa nye, konkrete og kvantitative krav om teiknspråktolking, lydtekst og synstolking, i tillegg til meir omfattande krav om teksting. I tillegg krev NRK-vedtektene at allmennkringkastingstilbodet skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga, og at NRK skal ta omsyn til personar med funksjonsnedsetjingar ved utforminga av tilbodet. At personar med ulike funksjonsnedsetjingar enkelt kan følgje med på det same som andre, har mykje å seie for inkludering og deltaking i fellesskapen.

Medietilsynet viser i allmennkringkastingsrapporten for 2018 at NRK over fleire år har lagt innhaldet sitt til rette for personar med funksjonsnedsetjingar i høgare grad enn det som følgjer av dei spesifikke krava i kringkastingslova. Når det gjeld teiknspråktolking, viser Medietilsynet til at NRK teiknspråktolkar sendingar på tv-kanalen NRK Tegnspråk kvar dag. I 2018 har NRK dessutan sendt eigne program på NRK Tegnspråk som ikkje blir sende parallelt på andre kanalar, og innkjøpte teiknspråkprogram. I tillegg har NRK i 2018 teiknspråktolka og teksta store augeblinkar frå arkivet til NRK og publisert dei på nrk.no. Tilsynet viser vidare til at NRK i 2018 lanserte ein «tilgjengelegheitsknapp» i NRK TV på nett for å innfri ønsket til brukarane om å kunne finne teiknspråk- og synstolking av innhaldet ved den ordinære søkinga etter program. Det inneber at brukarane ikkje lenger treng å finne innhald via eigne kategoriar for universell utforming. NRK Super TV har eigne knappar der ein kan velje teiknspråktolka eller synstolka innhald. Knappane er utforma slik at det er enkelt for synshemma og høyrselshemma barn å finne fram til innhald som er synstolka og teiknspråktolka. Medietilsynet vurderer i allmennkringkastingsrapporten at NRK i 2018 oppfyller kravet om å ta omsyn til funksjonshemma ved utforminga av tilbodet sitt.

NRK-vedtektene set kvantitative krav om bruk av norsk musikk i NRK og krev at NRK skal bidra til å fremje nye talent og lokale artistar, og at minst 40 prosent av musikken som blir spela på NRK P1, P2 og P3, skal vere norsk, med vekt på norskspråkleg eller norskkomponert musikk. Krava kom inn i dei utfyllande vedtektsføresegnene til NRK-plakaten frå 2018, då kravet om prosentdelen norsk musikk auka frå 35 til 40. Kravet om at den norske musikken som blir spela, skal ha vekt på norskspråkleg og/eller norskkomponert musikk, er også nytt.

Medietilsynet konkluderer i allmennkringkastingsrapporten for 2018 med at NRK oppfyller kravet om at minst 40 prosent av musikken i NRK P1, NRK P2 og NRK P3 skal vere norsk med vekt på norskspråkleg og/eller norskkomponert musikk.

5.2.3 Andre kringkastarar

Kringkastingslova og kringkastingsforskrifta er endra slik at riksdekkjande kommersielle kringkastarar med meir enn fem prosent av dei samla sjåartala for fjernsyn er pålagde å tekste alle ferdigproduserte fjernsynsprogram mellom klokka 18.00 og klokka 23.00. Dei skal tekste direktesende fjernsynsprogram i same tidsrom dersom det er teknisk og praktisk mogleg.

Desse riksdekkjande kommersielle kringkastarane skal også sende fjernsynsprogram med teiknspråktolking kvar veke, og fjernsynsprogram med synstolking, dersom det er teknisk og praktisk mogleg.

Den tidlegare avtalen til TV 2 om kommersiell allmennkringkasting på tv gjekk ut i 2017. Staten og TV 2 inngjekk i 2018 ein ny avtale, som gjeld frå 1. januar 2019 til utgangen av 2023. I avtalen forpliktar TV 2 seg til at norskspråklege program skal utgjere minst 50 prosent av sendetida på hovudkanalen til TV 2. Begge dei norske skriftspråka skal nyttast. TV 2 har ei rekkje nyhendeanker og programleiarar med eit talespråk som ligg tett opp til nynorsk. Språkpolitikken i kanalen, som oppmuntrar til dialektbruk, skal førast vidare i avtaleperioden.

TV 2 har forplikta seg til å tilby minst 72 timar norskspråkleg barne-tv per år, fordelt på sendingar på laurdag og søndag kvar veke og i høgtider. For unge i alderen 13 til 19 år vil TV 2 levere minst 20 timar norskspråklege program kvart år. Avtalen forpliktar vidare TV 2 til å investere minst 250 mill. kroner gjennom avtaleperioden i produksjon av norsk film og tv-drama for førstegongsvising på TV 2.

Den første vurderinga av korleis TV 2 oppfyller krava, kjem i 2020.

Med unntak av TV 2 er det ingen kommersielle kringkastarar eller audiovisuelle medietenester som har allmennkringkastingsforpliktingar.

5.2.4 Film og dataspel

Film og dataspel er blant dei mest populære og mest bruka kulturuttrykka. Statlege tilskot til film og dataspel blir regulerte i forskrift om tilskudd til produksjon og formidling av audiovisuelle verk. Forskrifta er fastsett av Kulturdepartementet med heimel i Stortingets budsjettvedtak og har ein føremålsparagraf som mellom anna omhandlar språkpolitiske føremål:

«Tilskudd som er hjemlet i denne forskriften skal bidra til å styrke norsk og samisk språk, identitet og kultur, og oppfylle gjeldende mål på det audiovisuelle området.»

Med heimel i denne forskrifta har Norsk filminstitutt (NFI) fastsett to forskrifter som regulerer tilskotsforvaltninga på området. Språkdimensjonen i tilskotsordningane går òg fram av Kulturdepartementets budsjettproposisjon Prop. 1 S (2019–2020):

«For å styrke norsk språk, identitet og kultur er det […] et mål å legge til rette for at det produseres og formidles audiovisuelt innhold på norsk og samisk språk av høy kvalitet, og at dette er tilgjengelig for et bredt publikum. Bevilgningene skal videre stimulere til et tilbud av audiovisuelt innhold som styrker befolkningens grunnlag for dannelse og kritisk refleksjon, gjennom å vekke engasjement og tilrettelegge for meningsbryting og et mangfold av ytringer.»

NFI fordelte om lag 650 mill. kroner til filmrelaterte tiltak i 2018. Utan desse midlane ville brorparten av filmane ikkje vorte realiserte, og publikum ville hatt eit langt svakare tilbod av norskspråkleg kvalitetsfilm.

Nesten 2,1 millionar såg norsk film på kino i 2019. Det er ein marknadsdel for norsk film på 18,4 prosent. Det er ein tilbakegang på 32 prosent frå 2018, men 2018 var til gjengjeld året med den høgaste marknadsdelen nokon gong (25,1 prosent). Utviklinga i marknadsdelen på strømmetenester for film og seriar (VOD-tenester) har jamt over vore positiv for norske seriar dei siste tre åra (12,5 prosent i 2018).

NFI krev teksting av alle audiovisuelle verk som får produksjons-, lanserings- og/eller etterhandstilskot. Dersom verket skal distribuerast på kino i Noreg, krev NFI at verket blir distribuert med teksting og synstolking. NFI gjev dessutan tilskot til versjonering av barnefilmar til norsk og samisk.

Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) gjev tilskot til samiske audiovisuelle produksjonar. Slik bidreg dei til å formidle samiske forteljingar og kulturuttrykk i ei samisk språkdrakt, både til eit samisk og eit ikkje-samisk publikum i inn- og utland. Kulturdepartementet løyver 8,4 mill. kroner til ISFI i 2020, ein auke på 2,7 mill. kroner frå året før. I tillegg får ISFI tilskot frå Sametinget.

Hausten 2019 la Kulturdepartementet fram Spillerom. Dataspillstrategi 2020–2022. Strategien viser til at dataspelfeltet er eit område der norsk språk er spesielt utfordra, og at internasjonale spel dominerer den norske marknaden. Tilskot til utvikling av dataspel frå NFI skal bidra til at barn og unge får tilgang til spel på norsk. Dette er i tråd med hovudmålet for språkpolitikken i Noreg – å sikre bruken av eit velfungerande norsk språk på alle samfunnsområde. Spel som mottek tilskot til lansering i Noreg, må ha norsk tekst. Det viser seg i praksis at spela som er tilgjengelege på norsk, er tilgjengelege på bokmål. Det finst svært få dataspel der nynorsk er bruka.

Å sikre norskspråkleg audiovisuelt innhald vil vere med på styrkje norsk kultur og språk og gje oppdrag til og inntekter for kunstnarar i Noreg. På same måte vil audiovisuell utvikling på samiskspråkleg grunn bidra til å styrkje samisk kultur som sjølvstendig kulturuttrykk i ein global tidsalder.

5.2.5 Pressa

I føremålsparagrafen til forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier heiter det at produksjonstilskotet skal stimulere til eit mangfald av nyhende- og aktualitetsmedium med høg kvalitet og uavhengig journalistikk, inkludert medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og alternativ til dei leiande media i større marknader. Sjølv om føremålsparagrafen ikkje inneheld direkte referansar til språklege omsyn, er det ikkje tvil om at tilskotet har vore med på å halde oppe ei mangfaldig presse på mange utgjevarstader og på den måten gjeve eit viktig bidrag til språkutviklinga i Noreg. Ikkje minst har tilskotet vore med på å halde mange nynorske lokalaviser i drift, særleg på Vestlandet. I 2018 var produksjonstilskotet på 318 mill. kroner, og det kom ut 214 aviser i Noreg. Av desse avisene fekk 149 produksjonstilskot. I 2020 auka regjeringa produksjonstilskotet til nyhende- og aktualitetsmedium med 40 mill. kroner, slik at den direkte mediestøtta utgjer 358 mill. kroner.

Ordninga med tilskot til samiske aviser er regulert gjennom forskrift om tilskudd til samiske aviser. Føremålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet. I 2019 var løyvinga til samiske aviser på 34,6 mill. kroner. I forskrifta er samisk avis definert som ei avis som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe. Tilskotet blir fordelt slik at avisene som oppfyller vilkåra, deler på 82,5 prosent av totalsummen, medan dei resterande 17,5 prosentane blir fordelte på grunnlag av utgåver multiplisert med sider med samisk tekst. I tillegg får aviser med innstikk på lulesamisk og sørsamisk inntil fire prosent av tilskotet. I dag gjeld dette to aviser.

Ruijan Kaiku er ei avis som har kvener/norskfinnar og finlendarar i Noreg som målgruppe, og som kjem ut kvar femte veke. Avisa er trespråkleg og publiserer etter det dei sjølve opplyser, i gjennomsnitt 50 prosent på norsk, 25 prosent på kvensk og 25 prosent på finsk. Ruijan Kaiku får i 2020 1,3 mill. kroner i tilskot frå Kulturdepartementet. Avisa har også motteke drifts- og prosjektmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets tilskotsordning til kvensk språk og kultur.

I Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand. Mediepolitikk for ei ny tid varsla regjeringa at ho vil sende på høyring eit forslag om å gjere tilskotsordninga for samiske aviser plattformnøytral, på same måte som produksjonstilskotet. Dette tyder at tilskotet til samiske aviser og samiskspråklege avissider vil vere basert på utgjevingar både digitalt og på papir. Ei slik endring vil kunne bidra til at media satsar meir digitalt og får fleire abonnentar over på digitale plattformer. I tillegg vil terskelen for å publisere på samisk eller med den samiske befolkninga som primærmålgruppe kunne bli lågare, og det vil kunne resultere i meir mangfald ved at nye publikasjonar kjem inn i ordninga.

Boks 5.2 «Nynorskroboten»

Digitalisering og automatisering i mediebransjen legg til rette for større og raskare produksjon av nyhendestoff. Nyhende går også fortare «ut på dato». Utviklinga har bidrege til å auke mengda bokmålsstoff, medan nynorsk nyhendestoff har tapt terreng. For å sikre nynorsk språk som mediespråk har Nynorsk pressekontor (NPK) teke initiativ til å utvikle ein «nynorskrobot», som er ei løysing for automatisk omsetjing av nyhende frå bokmål til nynorsk. Løysinga bidreg til at byråstoff kan sendast ut til redaksjonane raskare enn tidlegare. Ho frigjer i tillegg ressursar slik at NPK kan arbeide med eigne saker på nynorsk, ikkje berre omsetjing av anna byråstoff. Det overordna målet er å skape eit mest mogleg likeverdig nyhendetilbod på nynorsk og bokmål. Kulturdepartementet har støtta innovasjonsarbeidet gjennom ein auke i statstilskotet i 2019 og 2020 med høvesvis 0,8 mill. kroner og 1 mill. kroner. Nasjonalbiblioteket bidreg også med midlar og arbeidsressursar til prosjektet. Erfaringane frå NPK er så langt svært positive. Talet på omsette NTB-nyhende til nynorsk steig frå om lag 16 000 saker i 2018 til om lag 25 000 saker i 2019. Talet på eigenproduserte saker auka med om lag 1 300. «Roboten» gjer ein stadig betre språkleg omsetjingsjobb.

5.3 Den språkpolitiske dimensjonen på kunst- og kulturfeltet

5.3.1 Innleiing

Så godt som all kunst- og kulturpolitikk er tufta på språk, og løyvingane til kulturføremål på statsbudsjettet har ein vesentleg språkpolitisk dimensjon. Over Kulturdepartementets budsjett blir det dessutan løyvd midlar til tiltak som har eit meir eksplisitt språkpolitisk føremål. Løyvinga til Språkrådet, statens forvaltningsorgan i språkspørsmål, står i ei særstilling. Språkrådet si hovudoppgåve er å arbeide med å sikre norsk som samfunnsberande språk i Noreg. Arbeidet rettar seg både mot det offentlege og til innbyggjarane elles.

På språkfeltet er det fleire frivillige organisasjonar som arbeider for å organisere språkbrukarane, skape interesse og engasjement for språk og fremje interessene til ulike språkbrukargrupper nedanfrå. Noregs Mållag, Riksmålsforbundet, Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og Norges Døveforbund mottek tilskot til det språkpolitiske arbeidet sitt over Kulturdepartementets budsjett. Det gjer også Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), som er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som arbeider med å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. Tilskotet legg òg til rette for drift av LNKs kultursatsingar på nett for barn og unge.

I 2020 blir det gjeve nær 12 mill. kroner til ordbokarbeid over Kulturdepartementets budsjett. Tilskot til språkleg dokumentasjon og ordbøker blir nærare omtala i punkt 9. Språkrådet forvaltar ei tilskotsordning for dokumentasjon og innsamling av stadnamn.

Nynorsk kultursentrum skil seg ut ved å vere både språk- og museumsinstitusjon. Måla til Nynorsk kultursentrum er å arbeide for nynorsk skriftkultur og å drive språklege og litterære dokumentasjonssenter, festivalar og digitale tenester som kan styrkje bruken av nynorsk språk. Nynorsk kultursentrum dokumenterer og forskar på nynorsk språk og litteratur. Nynorsk kultursentrum driv oppslagsverket Allkunne.no.

Kainun institutti / Kvensk institutt vart stifta i 2005 og er eit nasjonalt senter for kvensk språk og kultur. Instituttets hovudoppgåver er å drifte Kvensk språkråd og å drive opplysningsarbeid om språk og kultur. Kvensk institutt får driftstilskot over Kulturdepartementets budsjett.

Det føregår elles samarbeid mellom institusjonar som arbeider med språk, også på tvers av kultursektoren, opplæringssektoren og sektoren for forsking og høgare utdanning. Slikt samarbeid gjeld til dømes dokumentasjon og forsking på språk og formidling i skular og i kulturinstitusjonar. Departementet ser positivt på slikt samarbeid.

5.3.2 Scenekunst

Scenekunsten er ein viktig del av infrastrukturen for ytringsfridom og dannar ei ramme for fellesskap og frie ytringar i samfunnet. For teateret er språket både eit mål i seg sjølv og ein reiskap for mykje av det kunstnarlege arbeidet. Heilt tilbake til 1800-talet har teatera vore ein arena der den norske språkutviklinga har kome til uttrykk og utspela seg. Men debatten om språkutviklinga har også dreidd seg om teateret, til dømes i kampen om norsk eller dansk scenespråk på 1800-talet og med nynorsken og auka bruk av dialektar på 1900-talet.

Nationaltheatret i Oslo, Den Nationale Scene i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo er dei største scenene for teater i Noreg og får tilskot som nasjonale institusjonar. Tretten institusjonar over heile landet får tilskot som regional-/landsdelsteater. Etableringa av desse regionteatera frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør frå 1950-talet og fram til i dag har medverka til at lokalt og regionalt talemål har fått større prestisje. I dag er det brei aksept for bruk av dialektar i teatera, som grunnlag for kunstnarlege behov og val, men òg for at teateret i større grad skal etablere lokal tilhøyrsel.

Etableringa av Det Norske Teatret i 1912 understreka den sentrale rolla ein teaterinstitusjon har i språkpolitikken. I dag er Det Norske Teatret den største nynorskinstitusjonen i Noreg. Det Norske Teatret spelar ei vesentleg rolle for å fremje nynorsk og gje språket ein sentral posisjon i samfunnet. Teateret gjer nynorsk tilgjengeleg for et breitt publikum gjennom eit mangslunge teaterrepertoar, irekna eit populærkulturelt tilbod av musikalar omsette til nynorsk. Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland har til liks med Det norske Teatret som mål å verne og fremje nynorsk i samfunnet.

Beaivváš Sámi Našunálateáhter (Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš) i Kautokeino har samisk som utøvar- og scenespråk. Åarjelhsaemien Teatere (Sydsamisk teater) i Mo i Rana blandar sørsamisk og norsk som scenespråk. Begge dei samiske teatera er turneteater, og dei arbeider for å betre posisjonen for samisk i Noreg og bidreg til eit samisk språkmiljø i samiske busetjingsområde. Teatera nyttar samisk som scenespråk og simultantekstar framsyningane. Dermed blir dei samiske språka tilgjengelege også for dei som ikkje har samisk som daglegspråk, anten det er samar eller ikkje-samar. Teatera er også pådrivarar for utvikling av samisk dramatikk og språkutvikling.

Teater Manu er det einaste profesjonelle teateret i Noreg som har teiknspråk som scenespråk. Teateret vart etablert i 2001 og er ein svært viktig arena for utvikling og formidling av norsk teiknspråk. Teateret turnerer i Noreg og internasjonalt. Målet er å bli det beste teateret i verda med utspring i kulturen og miljøet til døve. Som del av satsinga på språk vart tilskotet til Teater Manu auka med 1 mill. kroner i 2020.

Dei mange historiske spela, mellom dei friluftsspela, som blir sette opp kvart år, engasjerer mange frivillige og er viktige for kulturlivet lokalt og regionalt. Gjennom å formidle felles historie og forteljingar på det lokale målet er spela med på å skape samhald, identitet og forankring.

Teater på dei mindre bruka språka har eksplisitte språkpolitiske føremål. Til no har det ikkje vore behov for eksplisitt å sikre bokmål som teaterspråk. Dermed har ikkje støtte til til dømes Den Nationale Scene og Nationaltheatret ei uttrykt språkpolitisk grunngjeving. I praksis er det likevel slik at dei teatera som ikkje har eit uttrykt språkpolitisk føremål, òg held norsk som scenespråk i hevd.

5.3.3 Litteratur og bibliotek

Hovudmåla for litteraturpolitikken er kvalitet, breidde og tilgang. For at litteraturen skal vere berekraftig, krevst det eit breitt og mangfaldig boktilbod. Det er eit kulturpolitisk mål at det ikkje berre blir utgjeve potensielle bestseljarar, men at lesarane skal kunne velje blant eit mangfald av sjangrar og titlar frå eit mangfald av forfattarstemmer. Fagspråket er ein særleg viktig føresetnad for at norsk held fram med å utvikle seg som eit samfunnsberande og fullverdig språk.

Ein mangfaldig og fri litteratur er essensiell for kultur, kunnskap, språk, ytringsfridom og demokrati i ein nasjon. Produksjon, utgjeving og formidling av norsk litteratur er avgjerande for å oppretthalde og utvikle eit fullverdig norsk språk og ein fullverdig norsk skriftkultur. Litteraturpolitiske verkemiddel for å sikre tilgang til norskspråkleg studielitteratur er viktige i ein sårbar marknad.

Noreg er eit relativt lite språkområde, og omsynet til språkpolitikken veg tungt i litteratur- og bibliotekpolitikken. I Noreg har ansvarsdelinga mellom det offentlege og det private næringslivet i det litterære systemet vore ein suksess. Her har staten vore ein aktiv pådrivar for å skape sikringsnett og rette opp marknadssvikt i bokmarknaden.

Dei statlege verkemidla omfattar mellom anna forfattarstipend og innkjøpsordningar for litteratur under Norsk kulturfond. I tillegg kjem indirekte og overordna verkemiddel som unntak frå konkurranselovgjevinga og momsfritak. Slik er det lagt til rette for at private aktørar kan drive forlagsverksemd og på den måten bidra til å nå dei litteraturpolitiske måla. Forfattarar, forlag, bokhandlarar og andre bransjeaktørar er viktige for breidde og kvalitet i produksjonen og distribusjonen av norsk litteratur. Til å vere ein relativt liten språkmarknad blir det skrive og utgjeve eit stort tal bøker i Noreg.

For å nå dei litteraturpolitiske måla må verkemidla på området gje gode rammevilkår for heile den litterære verdikjeda, frå forfattar via forlag, bokhandel og bibliotek til lesar. Det er viktig at eit breitt utval av litteraturen skal vere tilgjengeleg for folk der dei bur, og at prisane skal vere like både i sentrale og mindre sentrale strok. Nettbokhandelen bidreg monnaleg til å gjere litteratur meir tilgjengeleg, men bokhandlarar på gateplan og i handelshus vil framleis vere viktige for å formidle eit mangfaldig litteraturtilbod aktivt.

Folkebiblioteka og skulebiblioteka er særs viktige for å formidle og spreie norsk litteratur og å bidra til leselyst og lesekompetanse. I Nasjonal bibliotekstrategi 2015–2018. Statens oppgaver og ansvar for utvikling av folkebibliotekene vart det satsa storstilt på folkebiblioteka som møtestader, kultur- og kunnskapsarenaer i lokalmiljøa. Dette har så langt ført til rekordhøge tal på arrangement og besøkstal i norske bibliotek. Prosentdelen som seier at dei har besøkt eit folkebibliotek siste år, auka frå 40 i 2015 til 54 i 2018. Det er det høgaste talet som er målt nokon gong. Veksten blir knytt til arbeidet med å utvikle biblioteka som møteplassar og arenaer for samtale, debatt og kulturformidling. Med Rom for demokrati og dannelse. Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023 legg regjeringa til rette for å utvikle biblioteka vidare som relevante og viktige institusjonar for folkeopplysning og danning. Strategien definerer statens ansvar for og oppgåver med utvikling av ein framtidsretta biblioteksektor, der folkebibliotek, skulebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek blir sette i samanheng. Bibliotektenestene skal nå nye brukarar, og det er eit mål å skape nye lesarar. Vidare er det eit mål å gjere kunnskapskjelder og forsking tilgjengelege for folk flest.

Staten skal leggje til rette for godt samarbeid i eit nasjonalt biblioteksystem, gode rammevilkår og rom for prøving av nye tenester og modellar for drift. Det er Nasjonalbiblioteket som har ansvaret for den litterære kulturarven og er sentralt utviklingsorgan for folkebiblioteka og universitets- og høgskulebiblioteka. Nasjonalbiblioteket leverer fellestenester og infrastruktur til ein samla biblioteksektor og deler ut prosjekt- og utviklingsmidlar for å setje kraft bak dei bibliotekpolitiske måla.

Sametingets bibliotek er ein viktig ressurs og ein viktig reiskap for å ta vare på og å formidle samisk kulturhistorie og litteratur. Sametingets bibliotek har det overordna ansvaret for å styrkje og utvikle bibliotektilbodet til det samiske folket. Samtidig er det viktig å presisere at kommunane sjølve har ansvar for gje eit bibliotektilbod til alle, også samiske brukarar. Sametingets bibliotek skal bistå biblioteka slik at dei har ei god og oppdatert samling av samisk materiale tilgjengeleg.

Med statsbudsjettet for 2019 vart det etablert ei ny ordning under Norsk kulturfond for å omsetje samisk litteratur til norsk og for å auke formidlinga av samisk litteratur. Samisk litteratur som er omsett til norsk, kan òg bli vurdert for Kulturrådet sine innkjøpsordningar og dra nytte av stønadsordningane til NORLA, senter for norsk litteratur i utlandet, på like fot med den norskspråklege litteraturen. Ordninga gjev forfattarar som skriv på samisk, eit høve til å uttrykkje seg på førstespråket/morsmålet sitt og samstundes nå ut til eit større publikum. Det fremjar kunstnarskapen, og det bidreg til utvikling og anerkjenning av språket.

Kvenske organisasjonar har etterspurt meir litteratur på kvensk. Norsk kulturfond forvaltar tilskotsordninga for språket og kulturen til nasjonale minoritetar. I statsbudsjettet for 2020 har Kulturdepartementet styrkt ordninga med 0,5 mill. kroner. Det vil leggje til rette for fleire språk- og litteraturprosjekt under ordninga.

Norsk barnebokinstitutt fører årleg statistikk over utgjeving av bøker for barn og unge. Berre fem prosent av barnebøkene som vart gjevne ut i 2017, var på nynorsk. I 2017 vart det gjeve ut 19 bøker til saman på nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.

Barn som har samisk eller nynorsk som hovudmål, har med andre ord svært lite tilbod om nye utgjevingar på eige skriftspråk. Likeins har bokmålsbrukarar liten tilgang til litteratur for å trene på sidemålet sitt. Breiddekultur på nynorsk bidreg til å byggje ned språklege barrierar og å vise språkleg mangfald.

Kulturdepartementet har dei siste åra auka tilskota til Det Norske Samlaget for å støtte satsinga forlaget gjer på nynorsk litteratur for barn og unge. I statsbudsjetta for 2019 og 2020 er det også lagt til rette for stabil drift av framtida.no og framtidajunior.no, nettsider med nyhende- og aktualitetsstoff for barn og unge.

Litteratur er det viktigaste grunnlaget for språk- og kunnskapsutvikling og lese- og skrivekunne. Samstundes er det ei storarta kunstform og ei levande næring, både nasjonalt og globalt. Litteraturfeltet er i endring. Digital teknologi påverkar til dømes organiseringa, forretningsmodellane og konkurransesituasjonen i marknaden. Det er fleire typar forfattarar og forlag enn tidlegare. Norsk, spesielt norsk fagspråk, er under press frå engelsk. Befolkninga les mindre. Frå fleire hald er det reist spørsmål om dei etablerte verkemidla og mekanismane i feltet er tilpassa vår tid. Departementet ser derfor behov for å setje i gang eit arbeid som skal sjå på korleis dei kulturpolitiske, kunnskapspolitiske og næringspolitiske måla kan oppfyllast endå betre i framtida. Eit slikt arbeid må vere tufta på utgreiingar og innspel frå ulike aktørar og interessentar og må utformast i samarbeid mellom dei involverte departementa.

5.3.4 Kulturarv

Arkiv, bibliotek og museum er institusjonar som samlar inn, tek vare på, gjer tilgjengeleg og formidlar kulturarv, som skriftlege kjelder, foto, film, lydopptak, gjenstandar og bygningar. Samlingane har mykje å seie for forsking og kunnskapsutvikling og for korleis vi forstår kultur, språk, historie og identitet nasjonalt og lokalt.

Arkivverket og Nasjonalbiblioteket er dei største institusjonane for bevaring og formidling av norsk og samisk skriftkultur. Hovudoppdraget til Arkivverket er mellom anna å ta vare på og gjere tilgjengeleg eit breitt og allsidig utval av dei arkiva som finst i samfunnet. Arkivverket har ansvar for statlege arkiv og prioriterte private arkiv. Samlingane er autentiske uttrykk for språk og språkbruk i Noreg frå dei første dokumenta som er bevarte frå mellomalderen, og fram til i dag.

Dokumenta i arkiva blir til som følgje av aktivitetane til ei verksemd, ein organisasjon eller ein person. Arkiva er derfor viktige språklege kjelder om desse. Arkivverket og andre arkivinstitusjonar gjer arkivmaterialet tilgjengeleg på lesesalar og i digitalarkivet, som er nettbasert publisering av digitale arkiv. Arkivverket har digitalisert delar av dei mest bruka arkiva, slik at desse er tilgjengelege heile døgnet i digitalarkivet. Den største utfordringa på arkivområdet er handtering av digitalt skapa dokument. For å sikre at skriftlege spor etter dagens språkbrukarar kan brukast som kunnskapskjelder i framtida, skal Arkivverket utvikle nye nasjonale fellesløysingar for langtidsbevaring av digitale arkiv. Arkivverket skal òg utvikle digitalarkivet som publiseringsløysing for alle arkivtypar.

Samisk arkiv i Kautokeino er ein del av Arkivverket. Samisk arkiv har depotansvar for offentlege arkiv av interesse for samisk samfunn, historie og kultur, mellom anna arkiv frå reindriftsadministrasjonen og Sametinget. Samisk arkiv har òg ansvar for samiske privatarkiv. I tillegg kan Samisk arkiv drive innsamling av munnleg materiale, noko som ikkje er vanleg i andre arkivinstitusjonar. Tilgang til samisk arkivmateriale vil auke kunnskapen om samisk språk.

Den mest grunnleggjande oppgåva til Nasjonalbiblioteket er å sikre avlevering, bevaring og formidling av dokument frå alle publiseringsplattformer. Samlinga er ei sentral kjelde til forsking, læring og oppleving med utgangspunkt i den norske dokumentarven. Det er Noregs største samling av både skriftleg og munnleg språk, frå dei eldste bevarte mellomaldermanuskripta til gårsdagens nyhende i radio, fjernsyn og på internett. Samlinga dokumenterer utviklinga av både norsk, samiske språk og andre nasjonale minoritetsspråk. Som eit resultat av ein langsiktig og målretta digitaliseringsinnsats er størsteparten av samlinga i dag digitalt tilgjengeleg. I takt med veksten i den digitale samlinga har Nasjonalbiblioteket utvikla ein nasjonal forskingsinfrastruktur som gjer det mogleg å analysere store mengder data. Nasjonalbiblioteket leiar eigne prosjekt og samarbeider med andre forskingsmiljø og forskingsinstitusjonar. Språkbruk og språkutvikling er ein viktig dimensjon ved dette. Forskingsinfrastrukturen kan analysere både samtidig variasjon og historiske endringar i språk.

Nasjonalbiblioteket gjev også ut viktige dokument frå si eiga samling, særleg transkripsjonar av privatarkiv, men også andre typar dokument. Nasjonalbiblioteket samarbeider blant anna med Bokselskap.no om vitskaplege utgjevingar av norske litterære klassikarar som har falle i det fri, og som ikkje er tilgjengelege i kommersielle utgåver. Alle desse utgjevingane er viktige kjelder til utvikling av norsk språk og skriftkultur.

«Bokhylla-avtalen» mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor inneber at alle bøker og eit utval tidsskrift som vart utgjevne i Noreg til og med år 2000, er ope tilgjengeleg via Nasjonalbibliotekets nettsider. Nasjonalbiblioteket organiserer føredrag og konferansar om språkbruk og språkhistorie. Nasjonalbibliotekets arbeid med ein språkbank som dannar grunnlag for utvikling av språkteknologi på norsk, blir omtala i punkt 6.4.2.

Musea i Noreg forvaltar og formidlar kjelder til historia i landet, og er såleis del av samfunnet sitt institusjonaliserte, kollektive minne. Dei bidreg til dagens samfunnsdebatt, men skapar også forteljingar for framtida, både i eit lokalt og eit nasjonalt perspektiv. Ved å dokumentere, formidle, forske og publisere er musea viktige forvaltarar av språka våre, både skriftleg og munnleg.

Mange museum legg vekt på stadbundne ord og omgrep i formidlinga av kulturarven i sine regionar. I ulike dialektar har til dømes reiskapar ulike namn. Bygningsteknikkar har også ulike namn rundt om i landet. Å forvalte samlingar ved musea handlar derfor også om å forvalte tilhøyrande omgrep og namn.

Ei rekkje museum har ei spesiell rolle i forvaltninga og formidlinga av kulturarven og språket til dei nasjonale minoritetane, mellom andre Anno museum (romanifolket/taterane), Varanger museum (kvenene), Norsk skogfinsk museum, dei jødiske musea i Oslo og Trondheim og Nord-Troms museum (kvener, men også samar og nordmenn). Fleire andre museum har i seinare tid hatt temporære utstillingar om nasjonale minoritetar.

Norsk Døvemuseum i Trondheim, ei avdeling av Museene i Sør-Trøndelag, tek vare på og formidlar kulturen, språket og historia til høyrselshemma frå heile Noreg. Teiknspråk og kommunikasjon står sentralt i verksemda til museet.

Ei rekkje museum forvaltar arven etter norske forfattarar. På denne måten kastar musea lys over den viktige rolla mange forfattarar har hatt i nasjonsbygging og identitetsskaping gjennom historia. Fleire av arenaene til musea er knytte til konkrete forfattarar og blir i dag nytta som formidlingsstader for litteratur. Eitt av dei 20 faglege nettverka i museumsnettverket er eit litterært nettverk. Nettverket består mellom andre av Grimstad bys museer (avdeling i Aust-Agder museum og arkiv), Ivar Aasen-tunet (avdeling av Nynorsk kultursentrum), Labråten (avdeling av MiA – Museene i Akershus), Petter Dass-museet (avdeling av Helgeland museum), Aulestad og Bjerkebæk (avdelingar av Lillehammer museum), Hamsunsenteret (avdeling av Nordlandsmuseet) og Ibsen-museet (avdeling av Norsk folkemuseum).

Enkelte nye museumsinstitusjonar som har vorte etablerte i nyare tid, har som mål å synleggjere og fremje nynorsk språk og kultur, til dømes Garborg-senteret, som er ein del av Jærmuseet, Olav H. Hauge-senteret og Vinje-senteret, som begge er ein del av Nynorsk kultursentrum.

Dei seks konsoliderte musea under Sametingets forvaltning ligg spreidde frå sørsamiske område i sør til Varanger i nord. Den lokale forankringa er dermed solid, men avstandane mellom musea er store. Derfor er det interessant å utvikle samarbeid mellom musea gjennom digitale plattformer. Dei seks musea arbeider med samiske språk gjennom samlingsforvaltning, formidling og forsking.

Dei samiske musea nyttar samlingsforvaltningssystemet Primus. Det har nyleg vorte mogleg å nytte dette verktøyet på nordsamisk, men det står enno att utviklingsarbeid før verktøyet kan nyttast for sørsamisk og lulesamisk. Når digitale verktøy som Primus kan nyttast på samiske språk, betyr det at det igjen blir mogleg å nytte dei riktige samiske namna på dei samiske gjenstandane. Det vil kunne bidra til at gjenstandane blir innlemma i sine opphavlege språk- og kulturmiljø. Dei vil vere kunnskapsbasar både for dei som arbeider i musea, og for dei som besøkjer dei ulike digitale plattformene. Slik bruk vil kunne bidra til å vitalisere samiske språk og samisk kultur.

Frivillige lag og organisasjonar gjer ein viktig jobb med å ta vare på gamle ord og uttrykk i lokale dialektar. Historielag og andre frivillige står til dømes bak innsamling, publisering og formidling av kunnskap om dialektar over heile landet. Med slik innsats er dei frivillige med på å halde verdifull kunnskap om lokale dialektar i hevd. Dei skapar også engasjement for og stoltheit over lokal kultur, tradisjon og identitet.

Digital teknologi inneber auka moglegheiter for å utvikle, bruke og fremje norsk og dei andre språka staten Noreg har ansvar for å ta vare på. Digitale løysingar for å gjere språkleg kjeldemateriale, rettskriving m.m. tilgjengeleg er eitt døme. Etter kvart som digitaliseringa av kulturarvmateriale held fram, vil det vere interessant å kople digitale språksamlingar med andre kulturhistoriske samlingar. Dette vil gjere digitalisering og digital formidling av kulturarven rikare. Den språklege sida ved den materielle kulturarven er viktig.

5.4 Utfordringar og strategiar

Kulturdepartementet vil føre ein aktiv kulturpolitikk som samtidig vernar og fremjar norsk, samiske språk, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka. Det inneber å styrkje norsk i ein språkleg kvardag som er meir og meir dominert av engelsk. Det inneber vidare å sikre dei mindre bruka språka som Noreg har ansvar for, slik at kulturstøtteordningar ikkje automatisk endar med å støtte det mest bruka språket. Endeleg inneber det å identifisere og vurdere tiltak for å fjerne eventuelle utilsikta hinder for bruk av norsk som finst i kultursektoren.

Gjennomgangen har vist at språkpolitiske omsyn har lege til grunn for oppretting av fleire kulturpolitiske ordningar, som innkjøpsordningar for litteratur, momsfritak for media og litteratur- og pressestøtteordning. Så godt som alle løyvingane på kulturbudsjettet har eit språkpolitisk føremål – heilt eller delvis, meir eller mindre eksplisitt. I dei tilfella der institusjonar eller tiltak har ei særskild oppgåve i å fremje eit mindretalsspråk, er språkdimensjonen gjerne klart uttrykt. Statlege tilskot til slike tiltak skal bidra til å utjamne dei marknads- og konkurransevilkåra som er ulike for bokmål og nynorsk, og for norsk og samisk. Tiltaka skal bidra til å rette opp dei skeive makttilhøva mellom fleirtalsspråk og mindretalsspråk som kjem av at vilkåra for å bruke eit mindretalsspråk er annleis enn vilkåra for å bruke eit fleirtalsspråk. Kulturdepartementet ser derfor stadig behov for særskilde tiltak for å fremje mindre bruka språk. Dette er politikk som det er lang tradisjon for, og som Stortinget seinast slutta seg til ved behandlinga av Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga), der fleirtalet i komiteen etterlyste tiltak som betrar situasjonen for nynorsk og nynorskbrukarane, jf. Innst. 258 S (2018–2019).

Det er få tiltak på kulturbudsjettet med eksplisitt oppdrag om å fremje fleirtalsspråket bokmål. I kraft av å vere det mest bruka skriftspråket i landet blir dette språket bruka mest også i kultursektoren og mediesektoren, og institusjonar og tiltak i desse sektorane er dermed med på å halde i hevd bokmål.

På grunn av globaliseringa og den internasjonale konkurransesituasjonen i kultur- og mediemarknaden vil også bokmålet i aukande grad oppleve eit ytre press på språket, slik til dømes nynorsk opplever det. Den posisjonen bokmålet har som dominerande språk i det offentlege rommet, blir dermed mindre sjølvsagd. Derfor er det behov for å stadfeste statusen til bokmålet, og det trengst ein medviten kultur- og språkpolitikk for å verne, fremje og utvikle denne delen av norsk som fellesspråk i Noreg.

Departementet meiner det er viktig å sjå på ordningar og tiltak utan eit eksplisitt språkleg føremål for å finne ut om dei har utilsikta språklege verknader. Når ein språkpolitisk dimensjon blir tilført kulturpolitikken meir eksplisitt, er det for å sikre at ordningane bidreg til å jamne ut konkurransetilhøva mellom engelsk og norsk på alle plattformer, og at tiltaka i tillegg verkar utjamnande for tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, og mellom norsk og samisk.

Kulturdepartementet ventar at kultursektoren og mediesektoren bidreg til å formidle kultur- og språkuttrykk som spring ut av mangfaldet vi har i Noreg, inkludert norsk teiknspråk. Det har ein stor verdi at teiknspråkbrukarar får uttrykkje seg på sitt eige språk og oppleve kultur på teiknspråk. Kulturinstitusjonar bør sjå det som si oppgåve å leggje til rette for den teiknspråklege minoriteten ved å nytte teiknspråk til dømes på nettsider og i formidlinga. Den klaraste forventninga ligg til dei største institusjonane.

Kunst-, kultur- og medieaktørane i Noreg konkurrerer i stadig større grad på ein global marknad, der internasjonale aktørar og engelskspråklege tilbod dominerer. På den globale strøymemarknaden er det vanskeleg å slå gjennom for norske kulturuttrykk og norskspråkleg innhald. Dette får òg konsekvensar for kunstnarar og aktørar i kulturlivet. Norsk innhald blir ikkje favorisert av strøymeaktørane, og det er stadig mindre norsk innhald på dei plattformene nordmenn nyttar til å lese, lytte, spele og sjå. Samtidig brukar vi meir tid på desse plattformene. Dette skapar ekstra utfordringar for norsk språk, særleg fordi det er dei unge som i størst grad er på dei plattformene som har det dårlegaste norsktilbodet.

I ei tid med raske og omfattande endringar i konkurransen på mediemarknaden og i publikums medievanar er det viktig å syte for at befolkninga møter norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk når dei brukar media.

Det betyr at omsynet til språk må vurderast særskilt i arbeidet med tiltak og ordningar på feltet.

5.5 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Når Kulturdepartementet går gjennom lovgjeving, støtteordningar og andre verkemiddel, skal ein samtidig sjå om det finst hinder for bruk, utvikling og produksjon av kulturuttrykk på norsk – både bokmål og nynorsk – og på samiske språk.

  • Kulturpolitikken skal bidra til å verne og fremje dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk.

  • Regjeringa vil sikre at verkemiddelapparatet bidreg til utvikling og produksjon av norsk- og samiskspråkleg innhald på dei kunstarenaene som er utfordra av ein global marknad.

  • Kulturdepartementet vil i dei samanhengane der det er naturleg, vere tydelege på det språkpolitiske ansvaret sektoren har.

  • Kulturdepartementet vil ha fokus på kva kulturpolitikken har å seie for den språklege utviklinga.

  • Kulturdepartementet vil kome tilbake til aktuelle språkspørsmål som gjeld musea i den varsla stortingsmeldinga om museumspolitikk.

  • Kulturdepartementet vil setje i gang eit arbeid som skal sjå på korleis dei kulturpolitiske, kunnskapspolitiske og næringspolitiske måla på litteraturfeltet kan oppfyllast endå betre i framtida. Arbeidet skal utformast i samarbeid med involverte departement.

  • Regjeringa har varsla at ho vil kome med eit høyringsforslag om at norske og utanlandske tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester (strøymetenester) skal forplikte seg til å investere ein viss del av omsetninga si i norskspråklege audiovisuelle produksjonar. Tiltaket vil kunne føre til at fleire kjelder bidreg til finansieringa av norskspråklege filmar og seriar.

  • Kulturdepartementet vil fortsette å støtte opp om det viktige arbeidet som organisasjonar og institusjonar på språkfeltet gjer for å skape positivt engasjement for språk.

Til forsida