Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

17 Iverksetjing, overgangsreglar, endringar i andre lover

17.1 Iverksetjing og oppheving av mållova

Departementet gjer framlegg om at språklova skal ta til å gjelde frå den tida Kongen fastset. Frå same tid vil lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste bli oppheva.

17.2 Overgangsreglar

Departementet gjer framlegg om at forskrifter og andre føresegner som er gjevne i medhald av mållova, skal gjelde vidare i den utstrekning innhaldet i dei er i samsvar med språklova.

Departementet tek sikte på å setje i gang arbeid med å revidere forskriftene eller fastsetje nye forskrifter i medhald av språklova når språklova er vedteken.

Når den nye språklova tek til å gjelde, blir det nødvendig å gjere mindre endringar i andre lover som i dag har tilvisingar til mållova.

Til forsida av dokumentet