Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

16 Språkrådet

16.1 Lovfesting av Språkrådet som tilsyns- og rettleiingsorgan

16.1.1 Gjeldande rett

Verksemda i Språkrådet er i dag forankra i vedtekter fastsette av Kulturdepartementet 6. april 2017.

Vedtektene slår fast at Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål, administrativt underlagt Kulturdepartementet. Språkrådet er knytt til staten som eit ordinært forvaltningsorgan. Departementet har instruksjonsrett over Språkrådet. Kulturministeren står konstitusjonelt og parlamentarisk ansvarleg for verksemda.

Den øvste leiinga av Språkrådet er eit styre oppnemnt av departementet. Språkrådet har dermed ei eintydig forvaltningsmessig forankring.

Språkrådet har i dag lovpålagde oppgåver etter mållova og etter stadnamnlova. Det følgjer av forskrift om målbruk i offentleg teneste § 1 at tilsynsansvaret for gjennomføring av reglane om målbruk i offentleg teneste ligg hos departementet. I brev av 20. desember 1993 vart dette ansvaret delegert til Norsk språkråd for statsorgan under departementsnivå, saman med rettleiings- og informasjonsoppgåver. I brev av 19. desember 2014 vart tilsynsoppgåvene utvida til også å omfatte departementa. Desse oppgåvene må ikkje forvekslast med klagebehandling, jf. punkt 15.7.4.

I Prop. 65 L (2018–2019) Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.) får Språkrådet eit utvida samfunnsoppdrag, heimla i stadnamnlova. I proposisjonen føreslår departementet at Språkrådet skal bli det rådgjevingsapparatet som i stadnamnlova er omtala som «stadnamntenesta». Stadnamntenesta har som hovudfunksjon at ho skal gje kommunane og staten råd om skrivemåten av eit stadnamn før kommunen og staten tek det i bruk på dei namneobjekta dei rår over.

Språkrådet, slik det er organisert i dag som eit ordinært forvaltningsorgan, vart etablert 1. januar 2005, då det gamle Norsk språkråd vart avvikla og det nye Språkrådet oppretta. Verksemda i Norsk språkråd var forankra i lov. Lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd inneheldt formuleringar i § 1 som i dag er overførte til vedtektene, til dømes:

«Norsk språkråd skal verne om den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer, […] fremme tiltak som kan øke kunnskapen om norsk språk […] gi myndighetene råd i språkspørsmål […] gi råd og rettledning til allmenheten […], fremme og delta i nordisk samarbeid osv.»

Då Språkrådet vart etablert i 2005, var ikkje departementet budd på å ta stilling til ny lovfesting av Språkrådet og korleis lova eventuelt burde innrettast som eiga lov eller som del av anna lovgjeving.

Språkrådet har i dag dei arbeidsfelta som er omtala over. Nokre av arbeidsfelta er lovfesta, andre kjem som konkrete oppdrag, andre går fram av vedtektene til Språkrådet.

16.1.2 Framlegget i høyringsutkastet

Departementet føreslo i høyringsnotatet å lovfeste oppgåvene til Språkrådet.

Vedtektene som i dag gjeld, ligg fast. Framlegget var avgrensa til å lovfeste dei funksjonane Språkrådet vil ha for oppfølging av konkrete paragrafar i lovframlegget. Sjølve organiseringa av verksemda med styre, fagråd, direktør osb. vart ikkje føreslått lovfesta.

Høyringsnotatet inneheldt ikkje framlegg om å innføre sanksjonar for brot på språklova.

16.1.3 Høyringa

Framlegget om å lovfeste mandatet og funksjonane til Språkrådet får brei støtte i høyringa.

41 høyringsinstansar er eksplisitt for lovfesting av Språkrådet. To instansar er imot (Bokmålsforbundet og Bokmålsforbundet Sunnmøre).

Det Norske Akademi for Språk og Litteratur uttalar:

«Ikke minst av historiske grunner er det i Norge naturlig at staten gjennom Stortinget, Kulturdepartementet og Språkrådet forvalter de offisielle skriftnormalene for bokmål og nynorsk, slik det er formulert i § 18 i forslaget til språklov.»

Riksmålsforbundet støttar lovfestinga av normeringsarbeidet til Språkrådet, men peikar på at ein del av ansvaret for rettskrivinga i bokmål og nynorsk er uklart formulert:

«Riksmålsforbundet ser positivt på lovfestingen av Språkrådets sentrale rolle. På et viktig punkt mener vi imidlertid at formuleringen i loven er uklar når det står at Språkrådet ‘forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk.’ Det går ikke tydelig nok frem hvor stor og selvstendig myndighet som ligger i ordet ‘forvaltar’ når det gjelder normering av rettskrivningen. I Språkrådets vedtekter står det følgende om normeringen: ‘Vedtak om gjennomgripande endringar eller systemendringar skal leggjast fram for departementet til godkjenning.’ En slik presisering bør også komme med i den aktuelle paragrafen for å sikre at de folkevalgte får siste ord i større rettskrivningsvedtak.»

Språkrådets arbeid med forvaltning av bokmål og nynorsk er òg avhengig av eit vitskapleg miljø for leksikalsk forsking. Universitetet i Bergen uttalar i samband med dette:

«Sidan normeringsfullmaktene etter §18 vil liggje hos Språkrådet, er det Språkrådet som skal ha ansvar for at innhaldet i dei to standardordbøkene (NOB og BOB) er i samsvar med offisiell normering. Derimot skal ikkje Språkrådet ha ansvar for produksjon og formidling av ordbøkene. Universitetet i Bergen har delt eigedomsrett til desse ordbøkene og har derfor teke på seg forskingsbaserte forvaltingsoppgåver i tilknyting til ordbøkene, slik som det pågåande revisjonsarbeidet. Universitetet i Bergen har stilt seg positivt til å konsolidere og vidareføre dette arbeidet.»

Sametinget støttar lovfesting av Språkrådet slik:

«Sametinget er også tilfredse med lovteksten i kapittel 2.23 som omhandler Språkrådet. Det slås fast at Språkrådet skal ha en veiledningsplikt overfor det offentlige når det gjelder samiske språk. Formålet med å stadfeste Språkrådets veiledningsplikt er å tydeliggjøre at Språkrådet som statens forvaltningsorgan i språkspørsmål, også har ansvar for å fremme samiske språk som en del av den helhetlige språkpolitikken.»

Tendensen er at høyringsinstansane etterlyser meir kraft til Språkrådet, til dømes at dei får sanksjonsmiddel, og ein tydeleg ombodsfunksjon.

Norsk Målungdom uttalar:

«Det må vere Språkrådet som har ansvar for å sanksjonere mot lovbrot. Vi viser til likestillings- og diskrimineringslova § 36, der det er Direktoratet for forvalting og IKT (Difi), som har ansvar for å føre tilsyn med om krava til universell utforming av IKT blir følgde. Dei har i tillegg høve til å gi pålegg om retting og kan treffe vedtak om tvangsmulkt. Språkrådet har ein tilsvarande tilsynsfunksjon i språklova, og Norsk Målungdom meiner at dei også må ha tilsvarande rett til å sanksjonere.»

Statped uttalar:

«Det kan stilles spørsmål ved om det er tilstrekkelig at de offentlige organene selv skal sikre at de etterlever loven, uten at det fremmes forslag til mulige sanksjoner ved lovbrudd. Statped ser likevel at forslaget om å lovfeste Språkrådet som språkpolitisk virkemiddel og deres tilsyns- og veiledningsansvar er et viktig bidrag til å styrke arbeidet for god språkføring og etterlevelse av loven.»

Ålesund kommune skriv:

«Kommunen er glad for at språklova seier at Språkrådet er forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk. Ei slik lovfesting gjer det enklare å handheve krav til statsinstitusjonar.»

Litteraturselskapet Det Norske Samlaget uttalar:

«Litteraturselskapet stør ei lovfesting av mandatet til Språkrådet. Me meiner dessutan at det ansvaret Språkrådet allereie i dag har for fagspråk og terminologi, bør lovfestast. At Språkrådet blir lovfesta som forvaltningsorgan, må ikkje gi ei mindre fri stilling enn det organet har i dag som fagorgan. Departementet bør vurdera om Språkrådet bør få ei lovfesta fagleg uavhengig stilling. Som eit minimum må dette omtalast i proposisjonen.»

16.1.4 Departementets vurdering

Departementet står ved framlegget om å lovfeste oppgåvene til Språkrådet i ny lov.

Det offentlege har sjølv ansvar for å etterleve reglar i dei ulike lovene som regulerer verksemda. Generelt er det slik at statlege tilsyn og rettleiingsstyresmakter skal sikre at offentlege verksemder når nasjonale mål, sikre dei rettane som innbyggjarane har, og bidra til langsiktig læring. For at statlege tilsyn skal fungere etter føremålet, må rolla som tilsynet har, vere avklart og enkel å kommunisere. Departementet meiner at lovfesting av tilsynet med lova, og at dette er lagt til Språkrådet, gjer at det offentlege klart oppfattar at Språkrådet ikkje er ein av fleire sivile aktørar i det språkpolitiske arbeidet, men eit forvaltningsorgan med oppgåve å sikre at språklova blir etterlevd.

Høyringsnotatet inneheld ikkje framlegg til sanksjonar. Slike sanksjonar finst heller ikkje i gjeldande rett. I høyringa er det ei rekkje instansar som etterlyser sanksjonar. Departementet er klar over at det med ei ny lov er forventningar om betre etterleving av språkpolitikken.

Departementet held fast ved framlegget i høyringsnotatet og føreslår ikkje sanksjonar ved brot på språklova. Lova inneheld likevel reglar som skal bidra til å sikre etterleving. Språkrådet skal føre tilsyn med korleis statsorgan praktiserer og etterlever lova. Språkrådet skal òg gje god rettleiing til offentlege organ om korleis lova skal praktiserast. Framlegget til § 20 skal dessutan oppfattast som ei kontrollføresegn.

Ei god praktisering og etterleving av lova vil derfor vere avhengig av om offentlege organ har kunnskap om lova. Departementet legg til grunn at tilsyn med lova og god rettleiing vil bidra til at språklova blir etterlevd på ein god måte. Departementet vil derfor lage ein rettleiar for språkleg sektoransvar. Føremålet er å bidra til heilskapleg implementering av språkpolitikken.

På grunnlag av rettleiaren skal departementa og relevante statlege verksemder utarbeide språkplanar og -rutinar som sikrar at språklova blir etterlevd. I planane skal dei overordna prinsippa konkretiserast i sektorpolitikken.

Kulturdepartementet vil med jamne mellomrom og på høveleg måte rapportere til Stortinget på sentrale indikatorar som viser status for språksituasjonen i Noreg og resultata av den sektorovergripande språkpolitikken. Eit slikt rapporteringssystem vil verke disiplinerande for korleis organa etterlever reglane i språklova. Mange av tilsynsoppgåvene og rettleiingsfunksjonane som no blir føreslått lovfesta, har Språkrådet allereie i dag. Departementet meiner det er viktig for den gjensidige forståinga av roller og kompetanse mellom Språkrådet og andre delar av forvaltninga at oppgåvene står samla i ny språklov. Ei lovfesting synleggjer arbeidsfelta til Språkrådet utvitydig og sikrar legitimitet. Det er viktig for ein god dialog med samfunnet. Lovfesting er òg eit instrument for å styre verksemda i Språkrådet. Departementet opplever det som uheldig at berre flikar av verksemda i Språkrådet i dag er lovfesta, medan andre delar av verksemda går ut frå noko mindre stabile strukturar.

Departementet føreslår på denne bakgrunnen ei føresegn i § 19 Språkrådet som presenterer Språkrådet og slår fast at det er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. Språkrådet har ein overordna støttefunksjon i forvaltninga, forvaltar skriftnormalane for bokmål og nynorsk og er eit organ som skal sikre at staten følgjer den språkpolitikken som til kvar tid gjeld for staten, fastsett av Stortinget.

Departementet viser til at Språkrådet forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk, og at Språkrådet skal bidra til at autoritative rettskrivingsordbøker er tilgjengelege i papirbasert og elektronisk form.

I å «forvalte» dei offisielle skriftnormalane ligg det også eit ansvar for å sikre implementering av rettskrivinga. Dette inneber at Språkrådet skal gjere skriftnormalane i nynorsk og bokmål kjende i befolkninga, t.d. i skriveopplæringa. Det følgjer av opplæringslova § 9-4 fjerde ledd at ordlister og ordbøker til skulebruk skal godkjennast av Språkrådet. Ordbøker tyder her elektroniske oppslagsverk og oppslagsverk på papir som inneheld opplysningar om skrivemåte, bøying og ordklasse. Slike skuleordlister og -ordbøker kan vere i bruk i alle fag, til dømes på eksamen. Også i digitale læringsressursar kan det inngå ordlister. At ei ordliste eller ei ordbok til skulebruk er godkjend, tyder at Språkrådet går god for at oppslaga inneheld opplysningar om skrivemåte, bøying og ordklasse som følgjer offisiell rettskriving. Det følgjer av dette at ordbøker til skulebruk skal vise fram skriftnormalane i si fulle breidde, med alle valfrie former. Godkjenningsordninga for ordlister skal praktiserast slik at ho gjeld norskspråklege ordlister og ordbøker (ikkje til dømes tospråklege ordlister frå engelsk til norsk).

I framlegg til § 19 andre ledd føreslår departementet å lovfeste tilrådingsfunksjonen Språkrådet i dag har som følgje av at Språkrådet forvaltar offisiell rettskriving.

Framlegget vil gjere rundskriv V-9B/2016 Språkfaglige konsultasjonsrutiner for navnelaging i staten utdatert. Formuleringa i framlegget til føresegn i § 19 andre ledd inneber at statsorgan i rimeleg tid bør be Språkrådet om råd om skrivemåte før dei i samråd med overordna departement vedtek namn på statsorganet.

Tilrådinga frå Språkrådet etter framlegget til § 19 andre ledd skal sikre at statsorganet vedtek eit namn som er i samsvar med føresegna som regulerer namn på statsorgan. Det vil seie at namnet følgjer offisiell rettskriving, og at namnet på statsorganet er norsk. Språkrådet skal òg gje råd om namneskikk, altså om sjølve namnelaginga sikrar norsk språk på ein god måte, og vurdere om det er i tråd med klarspråksideala.

Departementet føreslår å vidareføre tilsynsansvaret med gjeldande mållovsreglar, men ikkje slik at tilsynet omfattar fylkeskommunar. Det kan gjerast ved at tilsynsansvaret Språkrådet vil få for reglar om bruk av bokmål og nynorsk, blir avgrensa til § 10 andre ledd og §§ 12 til 18. Etter framlegg til § 10 andre ledd skal namnet på statsorganet finnast på norsk, både nynorsk og bokmål, og følgje offisiell rettskriving. At namn på statsorgan skal finnast på nynorsk og bokmål, er ei vidareføring av innhaldet i gjeldande forskrift til mållova § 4. Departementet føreslår derfor at tilsynet som Språkrådet skal ha etter språklova, også gjeld tilsyn med forslag til § 10 andre ledd.

Når departementet gjer framlegg om å lovfeste Språkrådets rolle som tilsynsorgan i saker som gjeld bruk av bokmål og nynorsk etter språklova, legg ein samstundes til grunn at statsorgan har ei plikt til å rapportere til Språkrådet, både i samband med periodisk tilsyn og i enkeltsaker som Språkrådet følgjer opp på adhocbasis. Det heng altså nær saman med framlegget om ei opplysingsplikt.

Tilsynsansvaret kan innebere at Språkrådet uttalar seg i enkeltsaker som gjeld påståtte brot på språklova, og at Språkrådet kan be statsorgan gjere nærare greie for praksisen sin. Det vil vere nærliggjande at Språkrådet rettleiar private i korleis dei skal gå fram når dei vil levere klage etter språklova. Dersom private tek kontakt med Språkrådet om at statsorgan bryt reglane, og om bruk av bokmål og nynorsk i saker som ikkje vedkjem privatpersonen sjølv, kan Språkrådet uttale seg om saka og leggje førespurnaden til grunn i tilsynsarbeidet. Klagesaksbehandling i eigentleg forstand vil det i slike tilfelle ikkje vere tale om.

Kven som helst står fritt til å gjere dei organa som fell inn under reglane i språklova om bruk av bokmål og nynorsk, merksame på det dersom ein meiner at dei bryt reglane. Statsorgan og fylkeskommunar kan ikkje avvise dei som tek kontakt i slikt ærend, med at det ikkje er tale om ein «klage» i formell forstand.

I saker der nokon har meldt frå til eit statsorgan om brot på reglane om bruk av bokmål og nynorsk, står Språkrådet fritt til å velje om det vil prioritere å følgje opp saka eller ikkje, eventuelt korleis ein vil gjere det. I saker der nokon melder frå direkte til Språkrådet om det dei meiner er brot på dei same reglane, står Språkrådet òg fritt til å følgje opp saka som det meiner høver best, eller til å nedprioritere saka.

Departementet føreslår at Språkrådet får rettleiingsansvar overfor offentlege organ om alle reglane i språklova. I dette inngår det også at Språkrådet kan rettleie fylkeskommunane særskilt om reglane i §§ 13, 15 og 16. Språkrådet kan på eige initiativ eller etter førespurnad gje råd om korleis regelverket er å forstå.

I høyringa går til dømes Døvekyrkja inn for at Språkrådets arbeid for norsk teiknspråk må gå tydelegare fram av paragrafen.

«Paragrafen nevner bare Språkrådets ansvar for bokmål og nynorsk. Vi mener at Språkrådet bør få ombudsfunksjon for norsk tegnspråk.»

Departementet vil understreke at det tilsynsansvaret som Språkrådet skal ha, gjeld § 10 andre ledd og §§ 11 til 17. Dei nemnde paragrafane omfattar berre bokmål og nynorsk. Derimot gjeld framlegg til § 19 fjerde ledd at Språkrådet har rettleiingsansvar for §§ 1 til 11, der tilhøve som gjeld teiknspråk, er regulerte. Språkrådet vil etter dette til dømes rettleie det offentlege i kva beste praksis er for å fremje og verne norsk teiknspråk. Språkrådet vil kunne uttale seg rettleiande om praksis som strir mot § 1 andre ledd bokstav c, som skal sikre at offentlege organ tek ansvar for å fremje og verne norsk teiknspråk. Tilhøve som gjeld teiknspråk – og for den del alle språka som lova omfattar – vil vere ein del av det sektorovergripande ansvaret staten har i språkpolitiske spørsmål, jf. § 1.

Departementet viser til at framlegget om å lovfeste rettleiingsansvaret i praksis ikkje vil utvide arbeidsoppgåvene til Språkrådet, men gjere det tydeleg for omverda at Språkrådet har dette mandatet. Det vil i sin tur skape ei grenseflate mellom arbeidsoppgåvene til Språkrådet og det overordna ansvaret som kvart offentlege organ har for dei ulike språka i Noreg. Innhaldet i forslaget til §§ 1 til 11 er ikkje ei detaljregulering av offentleg ansvar for språk. Innhaldet i ansvaret og korleis dette ansvaret kan variere innanfor det offentlege, er nærare drøfta i punkt 12.1. Lovfesting av rettleiingsansvaret til Språkrådet vil vere med på å utvikle god regelverkspraksis. Til dømes vil Språkrådet i dialog med offentlege organ kunne utvikle gode modellar for korleis det offentlege kan fremje norsk teiknspråk, jf. framlegg til § 7.

Etter samelova er det Sametinget som skal arbeide for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg. Det ligg til den samiske sjølvråderetten at Sametinget har fått dette ansvaret. Etterlevinga av samelova er dessutan eit ansvar som ligg på det enkelte organet. Rettleiingsplikta Språkrådet vil ha overfor det offentlege når det gjeld samiske spørsmål, jf. §§ 1 til 11, må karakteriserast som eit overordna nasjonalt ansvar for å påverke det offentlege til å leggje tilhøva til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv, jf. Grunnlova § 108. Slikt ansvar for å hevde samiske språkbrukarinteresser har Språkrådet også i dag, på den måten at det til dømes leverer høyringssvar til saker som gjeld samiske språk. Framlegget til rettleiingsansvar etter språklova vil ikkje vere ei utviding av arbeidsfeltet til Språkrådet, men gjere det tydeleg for aktuelle aktørar at Språkrådet som statens forvaltningsorgan i språkspørsmål òg har ansvar for å fremje samiske språk som del av den heilskaplege språkpolitikken. Når det gjeld framlegg til klarspråksføresegn, vil Språkrådet ikkje kunne gå inn i konkret tekstarbeid på samiske språk. Framlegget til føresegn inneber heller ikkje at Språkrådet i framtida må rekruttere medarbeidarar med kompetanse i samiske språk.

Departementet legg til grunn at normeringskompetansen til Språkrådet i framtida skal vere om lag som i dag. Departementet vil likevel understreke at Språkrådet framover bør sende forslaga til rettskrivingsendringar på allmenn høyring, i tråd med prinsippa i utgreiingsinstruksen punkt 3-3.

16.2 Opplysningsplikt

16.2.1 Gjeldande rett

Språkrådet har i dag tilsyn med at statsorgana følgjer reglane i mållova. Dette ansvaret ligg etter målbruksforskrifta § 1 til departementet, men er delegert til Språkrådet.

I dag har ikkje statsorgana noka eksplisitt plikt til å rapportere til Språkrådet om bruken av bokmål og nynorsk. Dei aller fleste statsorgana som blir bedne om å rapportere til Språkrådet, gjer det (2017: 121 av 147; 2016: 132 av 157; 2015: 127 av 175). Erfaringa er at alle departementa rapporterer fast.

Som del av det periodiske tilsynet fører Språkrådet statistikk over korleis statsorgana etterlever regelverket. Statistikken er publisert på nettsidene til Språkrådet og kvantifiserer arbeidet med jamstilling av bokmål og nynorsk i staten.1 Til dømes seier rapporten om målbruk for 2017 dette:

«Departementa rapporterte om berre 4 % nynorsk i sosiale medium i 2015. På bakgrunn av tala frå 2017 ser vi at bruken av nynorsk i denne kategorien no har stige til 14,4 %. Språkrådet meiner framgangen kan kome av betre informasjon om lovkrava blant dei tilsette i departementa. Dei aller fleste departementa nyttar både Facebook og Twitter. Bokmål er framleis dominerande, og mange nyttar dessutan heller engelsk enn nynorsk, men vi håpar den positive utviklinga vi ser no, held fram i åra som kjem.»

16.2.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det føreslått ein paragraf om at statsorgan og fylkeskommunar skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynsarbeidet sitt.

Eitt alternativ som vart høyrt, var at fylkeskommunane ikkje skulle vere omfatta av opplysningsplikta, berre statsorgan.

16.2.3 Høyringa

Få høyringsinstansar kommenterer dette framlegget i høyringa. Dei som uttalar seg, er i hovudsak positive.

Universitetet i Stavanger uttala følgjande:

«UiS sluttar seg òg til framlegget om at statsorgan no eksplisitt vil bli plikta til å gi opplysningar til Språkrådet i tilsynsarbeidet, fordi dette vonleg vil føre til at fleire institusjonar i universitets- og høgskulesektoren rapporterer om målbruk og at det dermed vil gi betre samanlikningsgrunnlag.»

Høgskulen på Vestlandet uttala seg slik:

«Vi ser det som særs viktig at Språkrådet kan be statsorgan og fylkeskommunar om rapportar og opplysningar som eit ledd i deira tilsynsarbeid. Det kan bidra til å styrke Språkrådets rolle i og moglegheit for oppfølging av dei teiknspråklege arenaene som fylkeskommunane i dag har ansvar for.»

Kommunesektorens organisasjon (KS) uttala følgjande:

«KS mener primært at fylkeskommuner ikke skal omfattes av de samme bestemmelsene som gjelder for statsorgan. Hva gjelder rapporteringsplikt for fylkeskommunene, dersom forslaget likevel får gjennomslag, mener KS at fylkeskommunene skal bidra til at tilsynsorganer får utført sitt arbeid. Nye rapporteringsplikter vil nødvendigvis kreve tid og ressurser og fylkeskommunene må kompenseres for dette.»

16.2.4 Departementets vurdering

Departementet legg stor vekt på at det tilsynet Språkrådet har med språklova, skal vere effektivt. Statistikken er eit viktig middel til å sjå effekten av arbeidet med språkpolitikken.

Eit grunnlag for at Språkrådet skal kunne utføre reelt rettleiings-, tilsyns- og rådgjevingsarbeid, er at det kan innhente nødvendige opplysningar frå dei aktørane som har plikter etter lova. Ei eksplisitt plikt for statsorgan til å gje opplysningar til Språkrådet i tilsynsarbeidet kan både gje betre kjennskap til stoda og føre til at endå fleire statsorgan arbeider seriøst og målretta med å følgje reglane om bruk av bokmål og nynorsk i statsorgan.

Den teknologiske utviklinga sidan mållova vart førebudd, har ført til ei omfattande differensiering av dokumentformer og kommunikasjons- og publiseringsmåtar, og det gjer det i dag mindre opplagt enn før korleis ein mest føremålstenleg og effektivt skal registrere og måle den samla kvantitative fordelinga mellom bokmål og nynorsk i alt det dokumenttilfanget som kjem inn under vekslingskravet i lova.

Nærare spesifikasjonar av dette er det lite tenleg å fastsetje i lov, men Språkrådet har i oppdrag frå departementet å innrette tilsynet slik at det blir mest mogleg basert på automatisk innhenting av tilgjengeleg informasjon. Elles vil det vere opp til Språkrådet å vurdere kva det til kvar tid meiner er tenlege dokumentkategoriar å operere med i det periodiske tilsynet.

Departementet vidarefører framlegget om å leggje opplysningsplikt på dei organa som Språkrådet har tilsyn med. Regelen om opplysningsplikt blir vidareført slik at han ikkje omfattar fylkeskommunane.

Fotnotar

1.

Språkrådet. (2018). Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017.

Til forsida av dokumentet