Prop. 108 L (2019–2020)

Lov om språk (språklova)

Til innhaldsliste

18 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget til språklov er utforma slik at det ikkje skal påføre det offentlege eller andre samfunnsaktørar nemnande økonomiske og administrative byrder utover det som følgjer av gjeldande rett, medrekna folkerettslege plikter.

Føresegnene i §§ 1 til 11 inneber at det blir lovfesta ei generell plikt for det offentlege til å ta ulike språkpolitiske omsyn med i vurderinga i den ordinære verksemda. I stor grad vil føresegnene derfor vere oppfylte ved at det offentlege lèt vere å handle på ein måte som har språkpolitisk negative konsekvensar. Departementet legg til grunn at reglane i §§ 1 til 11 ikkje stiller krav som påfører det offentlege auka utgifter eller nemnande administrative byrder.

Føresegna i framlegget til § 9 om klart språk i det offentlege kan ha ein innsparande effekt. Ein «klarspråksparagraf» som krev forståelege tekstar frå det offentlege, kan aleine føre til spara kostnader og tidsbruk både for innbyggjarar og offentlege organ. Dei nye reglane vil ikkje påleggje organet plikt til å delta i prosjekt eller aktivitetar.

Føresegna i § 14 om at statsorgan skal gjere skjema og sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig, er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande mållov § 8 fjerde ledd om at «skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer».

Når språklova tek til å gjelde, er det ikkje meint at statsorgan skal påførast store kostnader som direkte følgje av lovvedtaket. Regelen i språklova om å gjere sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk er eit bidrag til at lovverket blir digitaliseringsvenleg. Regjeringa legg med dette til rette for bruk av digital kommunikasjon mellom det offentlege og borgarane. Digitaliseringa av det offentlege skal i seg sjølv gje betre tenester, meir effektiv ressursbruk og leggje til rette for produktivitetsauke i samfunnet. Denne utviklinga krev uansett ein språkleg infrastruktur på norsk for å fungere effektivt i det norske samfunnet.

Gjennomføring av språklova vil ikkje krevje nye investeringar i språkteknologi for statsorgan og fylkeskommunar. I den grad svar til enkeltpersonar frå offentlege organ blir genererte elektronisk etter § 15, til dømes ved bruk av skriftlege samtalerobotar, vil denne språkbrukssituasjonen på sikt kunne bli omfatta av regelen om svar til enkeltadressatar. Slike språkteknologisk utvikla robotar er i mindre grad operative på nynorsk i dag, men vi viser til det arbeidet som blir gjort med å leggje til rette for ein digital infrastruktur for bokmål og nynorsk i punkt 6. Målet må vere på sikt å kunne tilby slik kundebehandling på begge dei norske skriftspråka.

Regelen i § 16 første ledd om at statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her, vil ikkje gjere det nødvendig å tilsetje spesialkompetanse. Gjennomført grunnskule med undervisning i begge skriftspråk oppfyller kravet til skrivekompetanse i lova. Framlegget medfører ingen andre meirkostnader enn dei som kjem av å tilby tilsette tilleggsopplæring i bokmål og nynorsk dersom statsorgan og fylkeskommunen vurderer at det er nødvendig. Språkrådet held slike kurs kostnadsfritt for kursdeltakarane. Planmessig mengdetrening for dei tilsette i å bruke begge skriftspråk kan vurderast og vil vere tilstrekkeleg for å oppfylle reglane.

Departementet legg til grunn at tydeleggjeringa av klagereglane på feil som statsorgan har gjort, gjer at det kan kome noko fleire klagar med ny språklov enn det i dag gjer med mållova.

At arbeidsoppgåvene til Språkrådet blir lovfesta, inneber inga utviding av arbeidsoppgåvene Språkrådet har i dag. Lovframlegget får dermed berre den administrative konsekvensen at oppdraget til Språkrådet blir klargjort.

Språkrådet har allereie i dag i oppdrag å effektivisere tilsynet sitt med den gjeldande mållova ved å basere seg mest mogleg på automatisk innhenting av språkdata. Nasjonalbiblioteket utviklar på oppdrag frå Kulturdepartementet eit innhaustingsprogram for slik innsamling av data i samband med tilsynet i Språkrådet. Dette skjer i samarbeid med Språkrådet. Det medfører ingen kostnader for det offentlege at Språkrådet får tilsynet og rettleiingsansvaret sitt lovfesta, ettersom dette allereie er del av arbeidsoppgåvene til Språkrådet.

Tiltak, strategiar og prioriteringar som blir omtala, vil kunne bli gjennomførte innanfor dei gjeldande ressursrammene til dei departementa det gjeld.

Om økonomiske og administrative kostnader av utvida ansvar for fylkeskommunen

Når fylkeskommunar får plikter etter språklova, vil det medføre enkelte initialkostnader, dvs. kostnader i tidleg fase når reglane skal implementerast. Dette vil kunne gjelde i samband med opplæringstiltak, utvikling av malar på nynorsk og omsetjing av standardbrev til nynorsk, men som det går fram nedanfor, kan ikkje departementet sjå at desse utgiftene vil vere vesentlege. Eventuelle budsjettmessige konsekvensar vil elles på vanleg måte bli vurderte i dei årlege budsjettframlegga.

I den grad fylkeskommunen publiserer noko som skal gjevast ut på papir, kjem det ingen meirkostnader med å bruke to skriftspråk etter vekslingsregelen i § 13. Regelen inneber ikkje at eit dokument skal gjevast ut i to versjonar. Tvert imot skal regelen forståast slik at publisering av dokument i to versjonar ikkje er tilrådd. Som nemnt ovanfor trengst det ikkje spesialkompetanse for å skrive begge skriftspråk. Ettersom ein publikasjon ikkje må finnast i to versjonar, er det ingen meirkostnad med å publisere på nynorsk i staden for bokmål, ettersom talet på dokument ikkje aukar som konsekvens av tospråklegheita. Fylkeskommunen er ikkje omfatta av reglane i § 14 og må derfor ikkje ha sjølvbeteningstenester på begge skriftspråk, og det vil òg redusere dei økonomiske og administrative konsekvensane.

Når det gjeld regelen i § 15 første ledd, som seier at fylkeskommunen skal bruke nynorsk og bokmål i brev til enkeltadressatar og enkeltkommunar, krev dette mellom anna at fylkeskommunen har brevmalar på to skriftspråk. Ut frå høyringssvaret frå KS til forslaget om språklov, er det grunn til å tru at fylkeskommunar som har nynorskkommunar i tenestekrinsen, til dels allereie har brevmalar og standardformuleringar på nynorsk. KS skriv i høyringa at:

«Bokmåls-fylkeskommunene kommuniserer i praksis ofte på nynorsk med nynorskommuner og med private/firma som henvender seg på nynorsk. En del av fylkeskommunene har nynorsk som sin språkform, og praktiserer tilsvarende på bokmål».

Å opprette nye malar i eit saksbehandlingssystem vil ikkje føre med seg nemnande investeringskostnader. Når det gjeld omsetjing av eit standardbrev frå eitt skriftspråk til eit anna, kan Språkrådet yte hjelp gratis, og slikt arbeid med nye malar vil inngå i det oppdraget Språkrådet skal få av departementet.

Fylkeskommunane vil få nødvendig med tid til å førebu seg før lova trer i kraft.

Om hjelp frå Språkrådet

Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag å utarbeide eit eige og kostnadsfritt kursopplegg for dei fylkeskommunane som ber om det.

Offentlege verksemder som etter lova har plikt til å bruke begge dei to norske skriftspråka, må syte for å byggje opp naudsynt skrivekompetanse. Med den obligatoriske opplæringa i både bokmål og nynorsk i den norske skulen kan det leggjast til grunn at mange medarbeidarar i verksemdene alt i utgangspunktet har ei grunnleggjande god meistring av begge skriftspråka. Ein type administrativ kostnad kan kome med at tilsette ikkje meistrar nynorsk og bokmål like godt sjølv om dei har hatt sidemålsopplæring i grunnopplæringa. Det inneber at skrivinga kan ta noko lengre tid og at det krevst større ressursar til retting og kontroll.

Staten har gjennom Språkrådet bygd opp ei lang rekkje gode og gratis tilgjengelege tenester og kunnskapsressursar særleg innretta mot tilsette i offentleg sektor. For opplæring i nynorsk omfattar dette e-læringskurset «Oi, på nynorsk?» (fritt tilgjengeleg på statens felles læringsplattform), ei lang rekkje relevante grammatikk- og rettskrivingsressursar og anna språkrettleiing på www.sprakradet.no, og dessutan ordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka (som er gratis tilgjengelege som nettressursar og som nedlastbar app, og som gjer detaljert greie for korrekte rettskrivingsformer i norsk).

Språkrådet har i tillegg ei rådgjevingsteneste som svarar på språkspørsmål og eit tilbod om nynorskkurs til offentlege verksemder. Språkrådets nynorskkurs baserer seg på arbeid med innsende tekstar frå kursdeltakarane og går over to separate kursdagar (med tekstarbeid frå deltakarane før kurset og mellom dei to dagane). Til saman vil kursopplegget då vere stipulert til tre dagsverk for kvar kursdeltakar. For verksemdene vil det vere naturleg å la kurs i nynorsk inngå i organisasjonens ordinære kompetanseutviklingsarbeid. Erfaringa er at nynorskkursa ikkje berre gjev verksemdene spesifikk kompetanse i dette eine skriftspråket, men at kursa bidreg til å styrkje den generelle skrivekompetansen i organisasjonen. Dette gjev også gevinstar for klarspråksarbeidet i organisasjonen, som bidreg til god tenesteyting og forvaltning. Dei er såleis ei svært god investering for alle verksemder som nyttar tilbodet. I tillegg til kursopplegga vil verksemdene bli oppmoda til å lage rutinar for koordinering av språkarbeidet og til å utarbeide relevante brevmalar på begge skriftspråka. Språkrådet vil kunne hjelpe fylkeskommunane med omsetjing av relevante brevmalar. Desse tiltaka vil gjere sakshandsaminga meir effektiv og i tillegg gje ei god kvalitetssikring av kommunikasjonen med borgarane.

Til forsida