Prop. 75 L (2016–2017)

Endringar i pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova m.m. (styrking av rettsstillinga til barn ved yting av helse- og omsorgstenester m.m.)

Til innhaldsliste

3 Barn sin rett til medverknad og medråderett etter pasient- og brukarrettslova

3.1 Innleiing

Utviklinga dei seinare åra, både samfunnsmessig og rettsleg, tilseier slik departementet ser det, eit behov for å gjennomgå føresegnene i pasient- og brukarrettslova om barn og unge sin rett til medverknad og medråderett. På bakgrunn av denne gjennomgangen fremmer departementet dei forslaga til endringar i pasient- og brukarrettslova som går fram under kapittel 3.

Pasient- og brukarrettslova har føresegner om barn og unge sin rett til medverknad og medråderett ved yting av helsehjelp. Føresegnene som blei innførte med pasientrettslova frå 1999, no pasient- og brukarrettslova, var hovudsakleg vidareføringar av gjeldande rett. I etterkant har nokre av føresegnene blitt justerte.

Når det gjeld barn og unge sin rett til medverknad og medråderett, har vi hatt ei samfunnsutvikling der barn i større grad blir rekna som sjølvstendige individ og i aukande grad får rett til medverknad og medråderett i saker som gjeld dei. Samtidig har vi òg hatt ei rettsleg utvikling på dette området. Her nemner vi spesielt FN sin barnekonvensjon artikkel 12, Grunnlova § 104 og lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (heretter barnelova) § 31.

FN sin barnekonvensjon blei inkorporert i norsk rett gjennom menneskerettslova i 2003. FN sin barnekomité har identifisert fire hovudprinsipp i konvensjonen. Barn sin rett til medverknad og til å uttale seg, jf. barnekonvensjonen artikkel 12, er eitt av dei. Dei andre prinsippa er barnet sin rett til ikkje-diskriminering, jf. artikkel 2, barnets beste som eit grunnleggande omsyn i alle avgjersler som gjeld barn, jf. artikkel 3, og retten barnet har til liv og utvikling, jf. artikkel 6. Barnekonvensjonen artikkel 12 har dette innhaldet:

  • «1. Partene skal garantere et barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter, retten til fritt å gi uttrykk for disse synspunkter i alle forhold som vedrører barnet, og tillegge barnets synspunkter behørig vekt i samsvar med dets alder og modenhet.

  • 2. For dette formål skal barnet særlig gis anledning til å bli hørt i enhver rettslig og administrativ saksbehandling som angår barnet, enten direkte eller gjennom en representant eller et egnet organ, på en måte som er i samsvar med saksbehandlingsreglene i nasjonal rett.»

Artikkel 12 nr. 1 stiller opp ei generell forplikting for medlemsstatane til å involvere barn i avgjersleprosessar som «vedrører» barnet. Forpliktinga er todelt. For det første skal barnet bli gitt sjansen til å uttrykke synet sitt, noko som òg inkluderer retten til å la vere å uttale seg. For det andre skal det leggast «behørig» vekt på barnet sitt syn i samsvar med alderen og modenskapen til barnet. Artikkel 12 nr. 2 er retta spesielt mot rettslege og forvaltningsmessige prosessar som gjeld barnet, og pålegg medlemsstatane å la barnet få sjansen til å uttrykke synet sitt i slike saker.

Samtidig som barnekonvensjonen artikkel 12 blei inkorporert i norsk rett blei den øvre grensa for retten barn skal ha til å uttale seg, senka frå 12 til 7 år både i barnelova § 31 om rett for barnet til å vere med på avgjerd og barnevernlova § 6-3 om barn sine rettar under sakshandsaminga. Bakgrunnen for endringane var barnekonvensjonen artikkel 12. Formålet var å synleggjere føresegna i norsk lovgiving og sikre respekten for barn sine synspunkt.

I 2014 blei barn sin rett til å bli høyrde og få lagt vekt på synspunkta sine i saker om dei sjølve, nedfelt i Grunnlova § 104. Menneskerettsutvalet som fremde forslaget, skreiv blant anna dette i «Rapport fra Menneskerettighetsutvalget om menneskerettigheter i Grunnloven, Dokument 16 (2011–2012)» punkt 32.5.1 innledningsvis:

«Selv om de generelle menneskerettighetsbestemmelsene også gjelder for barn, er det på det rene at disse ikke fullt ut ivaretar barns særlige behov for beskyttelse, deres behov for gode utviklingsmuligheter og deres medbestemmelse over eget liv. Barns sårbarhet og avhengighet av voksne gjør at de har et annet utgangspunkt enn det som er typisk for de personer som vernes av de generelle menneskerettighetene. En egen bestemmelse om barns rettigheter i Grunnloven vil kunne være et viktig tilskudd og supplement til de øvrige rettighetsbestemmelsene.»

Grunnlova § 104 lyder:

«Born har krav på respekt for menneskeverdet sitt. Dei har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei sjølve, og det skal leggjast vekt på meininga deira i samsvar med alderen og utviklingssteget.

Ved handlingar og i avgjerder som vedkjem born, skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn.

Born har rett til vern om den personlege integriteten sin. Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for utviklinga til barnet og mellom anna sjå til at det får den økonomiske, sosiale og helsemessige tryggleiken som det treng, helst i sin eigen familie.»

I 2014 blei også barnelova § 31 om retten barnet har til å vere med på avgjerd, på ny endra for å styrke barneperspektivet i foreldretvistar. Barnelova § 31 (Rett for barnet til å vere med på avgjerd) har no denne ordlyden:

«Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt på det saka dreiar seg om, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege forhold for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.

Eit barn som er fylt sju år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd om personlege forhold for barnet, mellom anna om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samvær. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Når barnet er fylt 12 år, skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.»

Det har frå fleire hald blitt peikt på at ein bør vurdere forholdet mellom barn sine rettar etter barnelova og føresegnene om barn og unge sin rett til medverknad og medråderett i pasient- og brukarrettslova. I tillegg viser departementet til at Barneomudet overfor departementet har stilt spørsmål ved kvifor det er forskjell på helselovgivinga og barnelova når det gjeld aldersgrenser for når barn skal høyrast.

3.1.1 Generelt om foreldreansvaret

Foreldreansvar er den retten og plikta foreldre har til å bestemme for barnet i personlege forhold. Foreldra skal utøve foreldreansvaret ut frå behova og interessene til barnet. Dersom foreldra har felles foreldreansvar, må begge vere einige i viktige avgjersler om barnet.

Hovudregelen er at det er foreldra som har foreldreansvaret for eit barn. Pasient- og brukarrettslova har teke utgangspunkt i dette og knyter derfor ofte ansvar når det gjeld barn, opp mot «foreldrene eller andre med foreldreansvaret».

Gifte foreldre har felles foreldreansvar for barna dei har saman. Frå 1. januar 2006 har sambuande foreldre automatisk felles foreldreansvar for barn fødde etter denne datoen.

Dersom foreldra ikkje er gifte eller bur saman, har mor foreldreansvaret åleine. Foreldra kan avtale at dei skal ha felles foreldreansvar, eller at far skal ha foreldreansvaret åleine. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregistermyndigheita, er ikkje gyldig. I Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap) er det foreslått at utgangspunktet skal vere felles foreldreansvar for alle, også for foreldre som ikkje bur saman når barnet blir født. Dersom foreldra ikkje bur saman og mora ønskjer foreldreansvaret åleine, skal ho kunne gi melding til folkeregistermyndigheita innan eitt år frå den datoen farskapen blei fastsett. Tilsvarande gjeld der faren ikkje ønskjer felles foreldreansvar. Når ein av foreldra har gitt slik melding, får mora foreldreansvaret åleine. Stortinget har i mars 2017 vedteke dette forslaget, jf. Innst 195 L (2016–2017). Det er ikkje fastsett dato for iverksetting av lovendringane.

Dersom foreldre som har felles foreldreansvar, flyttar frå kvarandre, vil dei fortsette å ha felles foreldreansvar med mindre dei avtaler noko anna. Ein forelder kan ha samværsrett utan å ha foreldreansvar, og ein forelder kan ha foreldreansvar utan å ha samværsrett.

Dersom fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har gjort vedtak om omsorgsovertaking for eit barn, går omsorga for barnet over på barnevernstenesta. Etter omsorgsovertakinga vil foreldra ha avgrensa innverknad på korleis den daglege omsorga for barnet skal utøvast. Foreldra vil likevel framleis ha eit restansvar for barnet dersom dei ikkje er fråtekne foreldreansvaret. I tilfelle der foreldra blir fråtekne foreldreansvaret, slik at barnet blir utan verje, skal fylkesnemnda snarast «ta skritt til å få oppnevnt ny verge for barnet», jf. barnevernlova § 4-20 første ledd.

Dersom det blir gitt samtykke til adopsjon av eit barn, går foreldreansvaret over på den som adopterer barnet.

Dei nærmare reglane om foreldreansvaret følger særleg av barnelova kapittel 5.

3.1.2 Generelle merknader frå høyringsinstansane til forslaga til endringar i pasient- og brukarrettslova

Mange av høyringsinstansane gir generelt uttrykk for å vere svært positive til departementet sin gjennomgang og forslaga som følgjer av den.

Helsedirektoratet uttaler seg slik:

«Vi vil generelt bemerke at det er positivt at det fremmes forslag om lovendringer når det gjelder barns rett til medvirkning og medbestemmelse mv., da dagens regulering på dette området er både uoversiktlig og ikke i samsvar med Barnekonvensjonen art. 12 og Grunnloven § 104. Lovendringer på dette området anses derfor også helt nødvendig. I likhet med departementet mener direktoratet at de senere års utvikling, både samfunnsmessig og rettslig, tilsier en gjennomgang av pasient- og brukerrettighetslovens bestemmelser om barn og unges medvirknings- og medbestemmelsesrett ved ytelse av helse- og omsorgstjenester. Det er derfor positivt at departementet foreslår en rekke endringer i pasient- og brukerrettighetsloven som omhandler dette. Forhåpentligvis vil forslagene bidra til at barnet og barneperspektivet enda mer enn i dag kommer i sentrum når barn mottar helse- og omsorgstjenester.»

Statens helsetilsyn seier at tilsynet ser positivt på at det er gjort eit stort arbeid for å klargjere og harmonisere regelverket som omhandlar barn sin medverknad og uttalerett. Etter endringane er regelverket meir i tråd med Grunnlova § 104 samt barnekonvensjonen artikkel 12.

Den norske tannlegeforeningen uttaler seg slik:

«NTF ser positivt på at reglene i pasient- og brukerrettighetsloven vedrørende barn og unges rett til medvirkning og medbestemmelse presiseres og endres i tråd med samfunnsmessig og rettslig utvikling de siste årene. Det er viktig at barn blir hørt i saker som angår dem og at de skal føle trygghet i samtale med voksne om vanskelige ting. Det er videre viktig at aldersgrensene for når barn skal høres settes likt med det øvrige regelverket. Tannhelsetjenesten er en av de få helsetjenestene som jevnlig møter barn alene i ung alder. Tannhelsetjenesten er vant til å høre på barn og ta hensyn til deres innspill og ønsker, og har god kompetanse på å balansere mellom barns rettigheter og foreldres rettigheter. På mange måter arbeider tannhelsetjenesten allerede i dag i tråd med de endringene som er foreslått og vi imøteser derfor en presisering av regelverket.»

Den norske legeforeningen meiner at endringane vil gi viktig rettstryggleik og tryggleik for barn. Forslaga vil slik legeforeningen vurderer det, òg kunne bidra til at regelverket er meir i samsvar med praksis, i tillegg til at det blir enklare å ta i bruk.

Avslutningsvis viser vi til Kreftforeningen, som uttaler seg slik:

«Barn er i stadig større grad blitt regnet som selvstendige individer og får i økende grad medvirkning og medbestemmelse i saker som angår dem. Rettsutviklingen tilsier også at bestemmelsene i pasient- og brukerrettighetsloven om barn og unge sin rett til medvirkning og medbestemmelse nå må endres. Forslaget følger dermed også opp FNs barnekonvensjon og Grunnlovens §104 om barns rett til å bli hørt. Videre er det bra at det foreslås å harmonere aldersgrensene i barneloven og pasient- og brukerrettighetsloven når barn skal høres. En slik samstemthet i lovverket vil medvirke til at barn lettere kan bli bevisst sine rettigheter. Kreftforeningen mener at når barns rett til medvirkning og medbestemmelse går direkte frem av pasient- og brukerrettighetsloven er det en styrke.»

3.2 Barn sin rett til medverknad

3.2.1 Innleiing

Retten til medverknad er ein grunnleggande pasient- og brukarrett som er nedfelt i den gjeldande hovudføresegna om medverknad i pasient- og brukarrettslova § 3-1 første ledd. Føresegna er generell og regulerer ikkje særskilt barn sin medverknadsrett. Det er naturleg å utleie av første ledd at når pasienten eller brukaren er eit barn, skal forma på medverknaden tilpassast alderen og utviklinga til det enkelte barnet. Spørsmålet er om dette bør regulerast særskilt i § 3-1 første ledd.

3.2.2 Gjeldande rett

Pasient- og brukarrettslova § 3-1 første ledd lyder slik:

«Pasient og bruker har rett til å medvirke ved gjennomføring av helse- og omsorgstjenester. Pasienten har herunder rett til å medvirke ved valg mellom tilgjengelige og forsvarlige undersøkelses- og behandlingsmetoder. Medvirkningens form skal tilpasses den enkeltes evne til å gi og motta informasjon.»

For at retten til medverknad skal bli reell, er det viktig at han tek utgangspunkt i dei individuelle føresetnadene og behova kvar enkelt pasient eller brukar har. Det er derfor understreka i første ledd siste setning at det skal takast utgangspunkt i den enkelte si evne til å gi og ta imot informasjon.

Sjølv om pasient- og brukarrettslova § 3-1 første ledd ikkje særskilt regulerer barn sin medverknadsrett, er det ikkje tvil om at også barn er omfatta. Forarbeida til pasient- og brukarrettslova, Ot.prp. nr. 12 (1998–99) Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetslova) punkt 5.1.6, omtaler tilpassinga til den enkelte sine individuelle føresetnader slik:

«Graden av medvirkning vil endres etter hva som er praktisk mulig, f.eks. ved bevisstløshet eller nedsatt funksjonsevne, og etter hvor komplisert helsehjelp som ytes. Desto større faglig kompetanse som kreves, desto mindre vil pasientens reelle medvirkningsmuligheter være. Retten til å medvirke må derfor tilpasses den enkelte pasients individuelle forutsetninger, noe som presiseres i lovteksten, se § 3-1 første ledd siste punktum. Er pasienten mindreårig, psykisk utviklingshemmet, senil dement eller har psykiske forstyrrelser vil pårørende tre inn i pasientens rett til å medvirke i samme utstrekning som om pasienten hadde full evne til å medvirke. Pasienten skal allikevel medvirke så langt dette er mulig. Dette prinsippet kommer bl.a. til uttrykk i § 4-4, som omhandler samtykke på vegne av barn, hvor det uttrykkelig slås fast at det skal legges økende vekt på hva barnet mener ut fra alder og modenhet.»

Av Helsedirektoratet sitt rundskriv IS-8/2015 «Pasient- og brukerrettighetsloven med kommentarer» følger det av omtalen av § 3-1 første ledd at også barn er omfatta, og at føresegna må tolkast i lys av barnelova § 31.

§ 3-1 andre ledd siste setning regulerer likevel særskilt plikta til å ta med barn på råd. Dette følger av pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd:

«Tjenestetilbudet skal så langt som mulig utformes i samarbeid med pasient og bruker. Det skal legges stor vekt på hva pasienten og brukeren mener ved utforming av tjenestetilbud etter helse- og omsorgstjenesteloven §§ 3-2 første ledd nr. 6, 3-6 og 3-8. Barn under 18 år skal tas med på råd når barnets utvikling og modning og sakens art tilsier det.»

Tenestetilbudet det blir vist til, er blant anna helsetenester i heimen, personleg assistanse og organisering av brukarstyrt personleg assistanse etter helse- og omsorgstenestelova. Rådføringsplikta knytt til barn under 18 år i siste setning, er ifølge forarbeida ei konkret rådføringsplikt som berre skal gjelde ved tenester som tidlegare var omfatta av sosialtenestelova.

3.2.3 Forslag i høyringsnotatet

Departementet foreslo i høyringsnotatet at barn sin rett til å få informasjon og å bli høyrde skal gå fram direkte av lova, ved å føye til dette i den gjeldande hovudføresegna om medverknad i pasient- og brukarrettslova § 3-1 første ledd.

Departementet viste til at det følger av § 3-1 første ledd siste punktum at forma på medverknaden skal tilpassast evna den enkelte har til å gi og ta imot informasjon. Når pasienten eller brukaren er barn, tilseier det at medverknaden skal tilpassast alderen og utviklinga til det enkelte barnet. Departementet peikte på at dette i dag blir utleidd av § 3-1 i lys av andre føresegner om barn i pasient- og brukarrettslova samt i særleg grad barnelova § 31, Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 12.

Departementet foreslo vidare å fjerne dagens særregulering av rådføringsplikta knytt til barn under 18 år etter pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd siste setning.

3.2.4 Høyringsinstansane sitt syn

Høyringsinstansane som har uttalt seg særskilt om dette forslaget, har støtta det.

Statens helsetilsyn ser svært positivt på tilføyinga i lova om at barn skal bli gitt informasjon og bli høyrde. Tilsynet meiner at det er viktig å gi det som ei føresegn om rettar, noko som òg er i tråd med endringane i barnelova § 31 og med prinsippa i Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen. Tilsynet føyer til at barn sin rett til å få informasjon og til å bli høyrde gjeld uavhengig av om barnet blir vurdert som «samtykkekompetent», jf. pasient- og brukarrettslova § 4-3. Det må heilt klart vere ein lågare terskel for å gi og ta imot informasjon enn for å samtykke til helsehjelp. Barnet sin medverknadsrett blir òg avgrensa av kva som blir rekna som fagleg forsvarleg.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus meiner at dei foreslåtte endringane vil innebere ei god presisering.

Forskergruppe for barnerett ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø meiner at forslaga til endring i § 3-1 vil betre barn si rettslege stilling. Ved å flytte barn sin rett til medverknad frå andre til første ledd blir retten tydelegare, slik forskargruppa ser det. Forskargruppa meiner òg at det er ein fordel at lovteksten ikkje inneheld nokon referanse til barnet sin alder, men derimot viser til at dette er ein rett som barnet har frå det er i stand til å danne seg eigne synspunkt, det vil seie frå svært tidlege barneår. Forskargruppa meiner vidare at det er ei betring at medverknadsretten blir sett i direkte samband med retten til å få informasjon.

Også Redd Barna er svært positive til at barn sin rett til å få informasjon og å bli høyrde blir synleggjort gjennom ei tilføying. Redd Barna er einig med departementet i at det vil vere både klargjerande og bevisstgjerande, og er òg einig i at særreguleringa av rådføringsplikta knytt til barn etter pasient- og brukarrettslova § 3-1 andre ledd kan fjernast. Slik Redd Barna ser det, vil barnet sin rett til medverknad og til å bli høyrt stå langt sterkare gjennom den foreslåtte tilføyinga i § 3-1 første ledd.

PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken meiner det er veldig viktig å lovfeste barn sin rett til å få informasjon og rett til å bli høyrde. PsykiskhelseProffene uttaler likevel vidare:

«Vi er mennesker som må ha en viktig stemme i vårt eget liv. Derfor mener vi det bør komme enda tydeligere frem at barnet skal være en viktig samarbeidspartner for helsetjenesten, om beslutninger som gjelder vårt liv. For at hjelpen helsevesenet gir skal bli riktig og nyttig må helsevesenet samarbeide med oss. Vi foreslår at loven skal si: «Barn skal gis informasjon og ha rett til medvirkning. Det skal legges vekt på hva barnet mener ut fra alder og modenhet.»»

Også Norges Farmaceutiske Forening meiner at lova bør ha den ordlyden PsykiskhelseProffene foreslår.

3.2.5 Departementet sine vurderingar og forslag

I lys av utsegnene frå høyringsinstansane opprettheld departementet forslaget frå høyringsnotatet.

Departementet viser til at barn utgjer ei særskild gruppe pasientar og brukarar som dei seinare åra både faktisk og rettsleg har fått større rett til medverknad og medråderett i saker som gjeld dei. Dette er følgt opp rettsleg med justeringar i fleire lovføresegner, og seinast ved at ein innførte Grunnlova § 104 og justerte ordlyden i barnelova § 31 (som beskrive nærmare under punkt 3.1). Etter departementet si vurdering vil det samsvare godt med både utviklinga i samfunnet og rettsutviklinga å sørge for at barn sin rett til å få informasjon og å bli høyrt går fram direkte av lova, ved å føye til dette i den gjeldande hovudføresegna om medverknad i pasient- og brukarrettslova § 3-1 første ledd. Departementet meiner at ei slik tilføying vil klargjere retten og rolla barnet har generelt i tilknyting til helse- og omsorgstenester. Sjølv om dette allereie er underforstått ut frå gjeldande § 3-1 første ledd, vil ei direkte regulering kunne ha både ein klargjerande og bevisstgjerande funksjon.

PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken foreslår at den første nye setninga skal lyde slik: «Barn skal gis informasjon og ha rett til medvirkning» i staden for slik: «Barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter, skal gis informasjon og høres». Med departementet sitt forslag til tilføyingar til § 3-1 første ledd vil barn sin rett til medverknad følge allereie av § 3-1 første ledd første setning. Det er derfor etter departementet si vurdering verken nødvendig eller ønskeleg å gjenta dette i fjerde setning. Departementet meiner vidare at det blir gitt viktig informasjon og rettleiing til dei som skal sørge for barn sin medverknad, i departementet sitt forslag om at «Barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter, skal gis informasjon og høres.»

Dersom retten barn har til å medverke, både som pasientar og brukarar, blir regulert særskilt i § 3-1 første ledd, vil det ikkje lenger vere behov for å særregulere rådføringsplikta knytt til barn i § 3-1 andre ledd. Rådføringsplikta etter andre ledd, som er ei konkret rådføringsplikt som berre gjeld ved tenester som tidlegare var omfatta av sosialtenestelova, vil då vere omfatta av første ledd. Departementet meiner derfor at dagens § 3-1 andre ledd siste setning bør fjernast.

3.3 Foreldre sin rett til å få informasjon når pasienten eller brukaren er under 18 år

3.3.1 Innleiing

Dei gjeldande føresegnene om informasjon i pasient- og brukarrettslova § 3-4 regulerer særskilt spørsmålet om informasjon når pasienten er mindreårig. Når pasienten er under 16 år, skal i hovudregelen både pasienten og foreldra eller andre som har foreldreansvaret informerast. I spesielle tilfelle opnar lova for at ein kan la vere å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret når pasienten er mellom 12 og 16 år og av grunnar som bør respekterast, ikkje ønskjer at dei skal informerast. Når pasienten er under 12 år, opnar lova derimot ikkje for at ein kan unnlate å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, sjølv ikkje når tungtvegande omsyn skulle tilseie det.

Spørsmålet er om det bør innførast ein snever tilgang til ikkje å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, også når pasienten eller brukaren er under 12 år.

3.3.2 Gjeldande rett

Hovudføresegnene om retten pasienten og brukaren har til å få informasjon følger av pasient- og brukarrettslova § 3-2 om retten pasienten og brukaren har til informasjon og § 3-5 om forma på informasjonen. Hovudregelen etter pasient- og brukarrettslova § 3-2 første ledd er at pasienten skal ha den informasjonen som er nødvendig for å få innsikt i sin eigen helsetilstand og innhaldet i helsehjelpa, og at pasienten også skal informerast om moglege risikoar og biverknader. Hovudregelen etter § 3-2 siste ledd er at brukarar skal ha den informasjonen som er nødvendig for å få tilstrekkeleg innsikt i tenestetilbodet og for å kunne sikre rettane sine.

Pasient- og brukarrettslova § 3-3 regulerer informasjon til pasienten sine nærmaste pårørande.

Pasient- og brukarrettslova § 3-4 regulerer særskilt spørsmålet om informasjon når pasienten er mindreårig. Det følger av § 3-4 første ledd at når ein pasient er under 16 år, skal både pasienten og foreldra eller andre som har foreldreansvaret informerast, sjå punkt 3.1.1. Føresegna inneber at når pasienten er over 16 år, skal i hovudregelen ikkje foreldra eller andre som har foreldreansvaret informerast med mindre pasienten samtykker til at opplysningane blir gidde.

Når pasienten er over 16 år, har personellet såleis i hovudregelen teieplikt overfor foreldre eller andre som har foreldreansvar. Unntak frå denne hovudregelen følger av § 3-4 tredje ledd: «Informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret, skal likevel gis foreldre eller andre med foreldreansvaret når pasienten er under 18 år.» Forhold som kan bli omfatta av dette, er for eksempel opplysningar om sjølvmordsfare, kvar pasienten oppheld seg, og innlegging på sjukehus på grunn av livstruande tilstandar. Det må vurderast konkret kva informasjon som i så fall skal givast. Men informasjonsplikta vil normalt ikkje omfatte ei fullstendig utgreiing av den generelle helsetilstanden.

Når ein pasient er under 16 år, er det på den andre sida i hovudregelen plikt til å informere både pasienten og foreldra eller andre som har foreldreansvaret. Unntak frå denne hovudregelen følger av pasient- og brukarrettslova § 3-4 andre ledd: «Er pasienten mellom 12 og 16 år, skal opplysninger ikke gis til foreldrene eller andre med foreldreansvaret når pasienten av grunner som bør respekteres, ikke ønsker dette.»

I kommentarane til pasient- og brukarrettslova § 3-4 andre ledd, i Helsedirektoratet sitt rundskriv IS-8/2015 «Pasient- og brukerrettighetsloven med kommentarer», går dette fram om unntaket:

«Det kan være flere årsaker til at foreldrene ikke bør informeres om barnets kontakt med helsetjenesten, både rent personlige (for eksempel mishandlingssaker) og ulike overbevisningsgrunner (…) Eksempler på grunner som bør respekteres kan være prevensjonsveiledning, råd om svangerskapsavbrudd eller lettere psykiske problemer på grunn av mobbing. Dette er et unntak fra hovedregelen om at foreldrene har full samtykkekompetanse på vegne av barn under 16 år. (…)»
(…)
«Mer alvorlige psykiske lidelser kan ikke helsepersonell unnlate å informere foreldrene eller andre med foreldreansvaret om. Dette gjelder særlig ved fare for selvskading eller redusert utvikling, omgang med ulovlige rusmidler eller større fysiske skader på grunn av kriminelle handlinger. Det kan være grunn til å journalføre at slik informasjon er gitt.»

Både andre og tredje ledd i pasient- og brukarrettslova § 3-4 har som mål å avvege omsynet til unge pasientar sin sjølvråderett og omsynet til foreldra eller andre sitt omsorgs- og foreldreansvar. Det er viktig å sikre at foreldra eller andre som har foreldreansvaret får den nødvendige informasjonen, slik at dei blir i stand til å oppfylle foreldreansvaret.

Reglane om rett til informasjon i pasient- og brukarrettslova § 3-4 gjeld tilsvarande for innsyn i journal, jf. fjerde ledd i pasient- og brukarrettslova § 5-1 om rett til innsyn i journal.

Sjølv om pasient- og brukarrettslova § 3-4 ikkje opnar for å unnlate å informere foreldre når pasienten er under 12 år, har spørsmålet komme opp i tilknyting til retten foreldre har til å få innsyn i journalen etter pasient- og brukarrettslova § 5-1. Spørsmålet om tilgang til å nekte foreldre innsyn i opplysningar i barnet sin journal blei reist av Statens helsetilsyn for tilfelle der det er mistanke om at foreldre har misbrukt barn seksuelt. I brev av 19. oktober 2001 la det dåverande Sosial- og helsedepartementet til grunn at også i dei tilfella der barn er under 12 år, kan det vere gode grunnar til at foreldre ikkje bør få innsyn i barnet sin journal. Departementet kom fram til at sjølv om barn under 12 år ikkje er uttrykkeleg omtalt i pasient- og brukarrettslova, finst det omsyn bak føresegna om rett til innsyn og informasjon som taler for at det bør leggast vekt på barnet sine interesser når ein vurderer om det bør givast innsyn. Departementet viste til at det følger av pasient- og brukarrettslova § 5-1, jf. § 3-4, at foreldra vil ha rett til innsyn i same grad som barnet. I og med at pasienten etter § 5-1 andre ledd kan nektast innsyn i opplysningar i journalen dersom det er «påtrengende nødvendig for å hindre fare for liv eller alvorlig helseskade for pasienten selv», kom departementet fram til at prinsippet som gjeld for denne vurderinga, òg må bli aktuelt i tilfelle der det er foreldre som har fått rett til innsyn i pasienten sin stad. Etter gjeldande § 5-1 kan også brukaren bli nekta innsyn i opplysningar i journalen dersom det er påtrengande nødvendig for å hindre fare for liv eller alvorleg helseskade for brukaren.

Departementet gav i brevet, under punkt 2.2, enkelte føringar for tilgangen til å unnlate opplysningar frå innsyn:

«For det første må det foreligge fare for liv eller alvorlig helseskade for pasienten dersom foreldrene får kjennskap til de aktuelle opplysningene i journalen. Dette må vurderes konkret i hvert enkelt tilfelle. Helsetilsynet uttaler i sitt brev følgende: «(…) det må i alle fall kreves at barnet får helseskader av en viss kvalifisert art og at den skaden kan føres tilbake til at foreldrene fikk kjennskap til opplysninger i journalen». Departementet vil presisere at det er tilstrekkelig at det foreligger fare for alvorlig helseskade, jf. Ot.prp. nr. 12 (1998-99) side 93 og 136.
Departementet finner det vanskelig å komme med noen generelle synspunkter på hva som ligger i begrepet «alvorlig helseskade», utover at det må bero på et konkret medisinsk skjønn. Departementet vil imidlertid anta at mishandling av barn og spesielt seksuelt misbruk, i de fleste tilfeller vil medføre fare for alvorlig helseskade i og med de psykiske følgeskader som også kan inntre.
Det må i tillegg ansees som påtrengende nødvendig å forhindre faren for alvorlig helseskade. Ut fra nødrettsbetraktninger må det være en akutt, overhengende fare for at foreldrenes innsyn i journalen kan medføre alvorlig helseskade for barnet. At man ikke kan utelukke en mulig skaderisiko, anses ikke tilstrekkelig for å nekte innsyn.»

3.3.3 Forslag i høyringsnotatet

Sjølv om gjeldande pasient- og brukarrettslov § 3-4 ikkje opnar for å unnlate å informere foreldre når pasienten er under 12 år, kan ein ikkje sjå bort frå at også når pasienten er under 12 år, kan det unntaksvis komme fram informasjon som ikkje bør vidareformidlast til foreldra eller andre som har foreldreansvaret.

Departementet foreslo derfor å innføre eit nytt, snevert unntak frå plikta til å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, som òg skal gjelde når ein pasient eller brukar er under 12 år. Departementet foreslo å avgrense unntaket til at informasjon ikkje skal givast til foreldra eller andre som har foreldreansvaret «dersom tungtvegande omsyn til pasienten eller brukaren taler mot det». Kriteriet «tungtveiende hensyn til pasienten eller brukeren» tilseier at det må finnast spesielt viktige grunnar til å beskytte eller ta vare på pasienten eller brukaren, for at informasjonen som elles skal givast til foreldra, likevel ikkje blir gitt.

Departementet foreslo at dette snevre unntaket skal gjelde for alle mindreårige, uavhengig av alder og uavhengig av om informasjonen i utgangspunktet skulle ha vore gitt til foreldra eller andre som har foreldreansvaret.

Departementet foreslo vidare å innføre eit krav i lova om at i tilfelle der det kan bli aktuelt å halde unna informasjon frå foreldre eller andre som har foreldreansvar, skal pasienten eller brukaren så tidleg som mogleg orienterast om retten foreldra eller andre som har foreldreansvar har til å få informasjon, og unntak frå dette.

Departementet foreslo òg å innføre eit krav i lova om at pasientar og brukarar over 16 år skal orienterast i tilfelle der foreldre eller andre som har foreldreansvar skal givast informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret.

Departementet foreslo i tillegg å endre den gjeldande formuleringa «under 16 år» i pasient- og brukarrettslova § 3-4 fjerde ledd til «under 18 år». Med ei slik endring vil føresegna om at foreldre eller andre som har foreldreansvaret skal få informasjon som er nødvendig for at dei skal vere i stand til å oppfylle foreldreansvaret, også gjelde tilsvarende for barnevernstenesta når barnevernstenesta har teke over omsorga for ungdom mellom 16 og 18 år.

Til slutt foreslo departementet å gjere ei teknisk endring i § 3-4 og 3-5, som gjekk ut på at ordet «opplysninger» skulle erstattast med «informasjon» i § 3-4 andre ledd og i § 3-5 andre ledd. Pasient- og brukarrettslova §§ 3-3, 3-4 og 3-5 bruker gjennomgåande ordet «informasjon», og departementet meinte at det ikkje finst gode grunnar til at føresegnene i tillegg skal bruke ordet «opplysninger».

3.3.4 Høyringsinstansane sitt syn

Helsedirektoratet støttar forslaget og meiner at det kan bidra til at barn som er i ein situasjon med alvorleg omsorgssvikt, torer å formidle opplysningar om dette til for eksempel helsesøster for å få hjelp. Direktoratet støttar òg at det må finnast tungtvegande omsyn for at det skal kunne unnlatast å gi informasjon når barnet er under 12 år, og meiner at det er viktig å peike på at ein slik situasjon kan tilseie at helsepersonell som sit med slik informasjon, ikkje kan la vere å gjere noko i saka.

Også Statens helsetilsyn ser positivt på forslaget som gir høve til å halde informasjon unna foreldra, uavhengig av alder. Dette vil slik helsetilsynet ser det, verne barn som står i fare for å bli mishandla, eller som lid nød ved at informasjon går til foreldra. Helsetilsynet presiserer at det er viktig at dette er ein snever unntaksregel, og at det blir presisert nærmare i lovkommentarane kva tilfelle dette kan omfatte.

Politidirektoratet er einig med departementet i at det i spesielle tilfelle kan vere behov for at informasjon om barn under 12 år ikkje blir vidareformidla til foreldra eller andre som har foreldreansvaret.

Forskergruppe for barnerett ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø støttar forslaget og meiner at det er ein styrke at forslaget gjeld alle barn, uavhengig av alder. På denne måten blir barn i større grad sikra mot at foreldra utnytter maktstillinga si overfor barnet. Dersom barn ikkje føler seg trygge på at opplysningar som foreldra kan oppleve som vanskeleg å handtere, blir verande mellom barnet og helsepersonellet, kan det forhindre at barnet gir nødvendig informasjon til helsetenesta. Ein konsekvens kan i så fall vere at barnet ikkje får den helsehjelpa barnet har behov for. Forskargruppa meiner at det òg er ein fordel at unntaket frå plikta til å informere foreldra til barnet ikkje er avhengig av at barnet har bede om det. Følgeleg har helsepersonellet ei sjølvstendig plikt til å ta stilling til om det av omsyn til barnet er nødvendig å halde opplysningane unna foreldra. Vidare meiner forskargruppa at rettane til barnet blir styrkte ved at barnet blir orientert dersom det er aktuelt å vidareformidle informasjon til foreldra.

Både Oslo kommune og Bergen kommune uttaler seg om og støttar forslaget. Bergen kommune uttaler seg slik:

«De endringsforslagene som omhandler barns rett til medvirkning og medråderett er godt utredet. Her argumenteres det som viktig å se barnet – også yngre barn – som selvstendige individ, der den rådende ambisjonen skal være å involvere barnet og gi dem medbestemmelse, i samsvar med alder og modenhet. Samtidig argumenteres det for viktigheten av å forstå barn og unge sin familiekontekst i all oppfølging og hjelp.
Slik sett er de konkrete forslagene til endringer også i tråd med faglig utvikling og rådende syn på barn og ungdom og deres helse og utvikling i et familieperspektiv. Endringsforslagene tar også høyde for at det i helt spesielle tilfeller (tungtveiende hensyn) også kan være svært gode grunner til at foreldre eller andre med foreldreansvar ikke skal gis informasjon, selv om barna er under 12 år. I slike tilfelles skal barnet likevel følges opp på forsvarlig måte og vurdering av behov for kontakt til barnevern og/eller politi må være gjort. Høringsnotatet gir eksempler på de spesielle tilfeller tungtveiende hensyn foreligger.»

Den Norske Advokatforeningen uttaler seg slik:

«Advokatforeningen støtter forslaget om å innføre en unntaksadgang for å unnlate å informere foreldre, også når barnet er under 12 år. Vi erfarer at særlig innen barne- og ungdomspsykiatrien er det ikke sjelden et stort behov for å kunne trygge et barn på at informasjonen som barnet gir til helsepersonell ikke gis videre til én eller begge foreldre. Når helsepersonell ikke kan bekrefte dette, er det stor risiko for at man ikke kommer til med relevant helsehjelp og at svært utsatte og sårbare barn ikke får hjelp.»

Den norske legeforeningen meiner at høvet til ikkje å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret også når barnet er under 12 år, er ei viktig endring som vil kunne ha mykje å seie for barna det gjeld. Norsk Sykepleierforbund meiner at endringa bidreg til tydeleggjering, samkøyring og harmonisering med andre lovverk om barn sine rettar. Norsk psykologforening meiner at regelverket omkring informasjon, medverknad og samtykke for barn har vore komplisert og ikkje har følgt heilt med i utviklinga av barn sine rettar og det grunnleggande prinsippet om kva som er best for barnet. Psykologforeningen meiner derfor at det er positivt med forslag til endringar.

Lovisenberg Diakonale Sykehus meiner at det unntaksvis vil vere nødvendig å unngå å informere foreldra eller eventuelt andre som har foreldreansvar, også når pasienten er under 12 år gammal. Sjukehuset presiserer at dette skal og må vere eit snevert høve, men at ei formalisering av dette gjennom lov vil underlette arbeidet i enkeltsaker, for eksempel ved mistanke om overgrep mot barn.

I likskap med Statens helsetilsyn seier både Helsedirektoratet, Politidirektoratet, Vestre Viken HF, UNIO, Norsk psykologforening og Norsk Sykepleierforbund at det trengst nærmare føringar for / god rettleiing om korleis unntaka frå hovudreglane skal praktiserast. Helsedirektoratet, Politidirektoratet og Norsk psykologforening gir vidare uttrykk for at regelverket er komplisert, og at ein derfor bør vurdere om det kan forenklast.

Vestre Viken HF uttaler seg slik om dette:

«På den ene siden finner man i spesialisthelsetjenesten mange sammenhenger der det er nødvendig å fravike foreldres/foresattes rett til informasjon. På den annen side er det viktig at det i det videre arbeid konkretiseres hvilke sammenhenger det er grunner som bør respekteres for ikke å informere foreldre. Blant annet beskrives eksempler som bør respekteres som prevensjonsveiledning, råd om svangerskapsavbrudd eller lettere psykiske problemer på grunn av mobbing som et betimelig unntak fra hovedregelen om at foreldrene har full samtykkekompetanse på vegne av barn under 16 år. Det understreker at helsepersonell i mange situasjoner kan finne det utfordrende å tolke bestemmelse etter hensikten uten en god veileder til slike bestemmelser.»

Norsk psykologforening uttaler seg slik:

«Det er viktig at regelverket utformes slik at det lar seg anvende i praksis og kan være til støtte i hverdagen. I og med at man må henvise fra bestemmelse til bestemmelse for å få oversikt over sammenhengene i reglene er det veldig viktig at dette støttes opp med veiledningsmateriell.
Det er et fokus på forebyggende helsevern og gode tilgjengelige tilbud i kommunene og det er grunn til å håpe og tro at dette vil bidra til å øke antall barn og unge som får hjelp. Barn som henvender seg til denne type tilbud vil ofte kunne ha legitime grunner for å ønske at foreldre ikke skal få vite om at de henvender seg, selv om det ikke er snakk om overgrep eller vold. Her er det mange vanskelige grenseoppganger og retningslinjer for utøvelse av skjønn vil være et viktig bidrag for å sikre at man holder seg innenfor lovens grenser og handler i tråd formålet med bestemmelsen.»

Politidirektoratet uttaler seg slik:

«Med unntakene i henholdsvis annet og nytt fjerde ledd, samt begrensningen i tredje ledd, kan rekkevidden av plikten til å informere og plikten til ikke å informere foreldre eller andre med foreldreansvar totalt sett fremstå noe komplisert og vanskelig tilgjengelig. Særlig oppfatter vi at rekkevidden av pliktene for pasienter mellom 12 og 16 år kan være vanskelig å få tak på. Slik vi forstår det, vil både annet, tredje og nytt fjerde ledd gjelde for denne aldersgruppen.»
(…)
«Det er viktig at regler om plikt til å utlevere opplysninger om barn og plikt til å tilbakeholde disse fra foreldrene, er klare. Dette kan bidra til forutsigbarhet for dem som berøres av reglene, og bedre etterlevelse av regelverket. Politidirektoratet ber på denne bakgrunn om at departementet vurderer om det kan være hensiktsmessig å klargjøre sammenhengen mellom annet, tredje og nytt fjerde ledd i § 3-4. (…)»

Bergen kommune og Norsk psykologforening er opptekne av å framheve foreldreansvaret og kor viktig det er.

Bergen kommune uttaler seg slik:

«Hele samfunnet hviler tungt på prinsippet om at det er foreldrene som har ansvaret for sine barn. Bergen kommune heller til at informasjon som er nødvendig for å ivareta foreldreansvaret bare skal kunne unnlates der det er grunn til å tro at foreldrene vil gjøre mer skade enn gavn. I saker der foreldrene etter de konkrete omstendigheter har en reell mulighet til å utøve foreldreansvar til barnets beste er dette et grunnleggende gode for barnet som man skal være varsom med å avskjære. Bergen kommune etterlyser at det fremholdes som en sentral avveiing om når foreldrenes mulighet til å ivareta foreldreansvaret må ofres for hensynene som tilsier at foreldrene ikke får informasjon.»

Norsk psykologforening uttaler seg slik:

«Det er videre grunn til å understreke foreldreansvaret og innholdet i det. Foreldrene skal fremdeles ha den informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret, også når barnet er mellom 16 og 18 år. Hvilke opplysninger som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret vil være avhengig av barnets alder og modenhet. Jo yngre barnet er jo flere opplysninger vil være nødvendig at foreldre får for å oppfylle foreldreansvaret.»

Den norske legeforeningen uttaler seg slik:

«Det er positivt at det tydeliggjøres at helsepersonellet plikter å orientere pasienten så tidlig som mulig om foreldrenes rett til informasjon og unntak fra dette, samt at barnet informeres om informasjon som blir gitt. Dialog, informasjon og åpenhet kan være avgjørende for tilliten mellom pasient og helsepersonell i disse situasjonene.»

Høgskolen i Bergen, master i barnesykepleie, er den einaste instansen som seier at den ikkje støttar eit høve til også å unnlate å informere foreldre eller andre som har foreldreansvar når barnet er under 12 år. Det blir argumentert for at aldersgrensa på 12 år bør haldast ved lag fordi foreldredeltakinga og høvet til å utøve foreldreskap elles vil by på utfordringar, og fordi det er vanskeleg å vere utanfor saker som gjeld helsa til barn.

PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken og Redd Barna oppfattar det begge slik at forslaget i høyringsnotatet ikkje går langt nok og dermed ikkje er tilstrekkeleg med tanke på å sikre det beste for barnet og barnet sine eigne interesser.

PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken seier dette:

«Det er veldig viktig å endre reglene som gjelder foreldres rett til informasjon og innsyn i journal, og vi setter stor pris på at regjeringen tar opp dette og vil gjøre forandringer. I dag har foreldre rett på å få vite alt barn under 12 år forteller helsetjenestene, det meste barn mellom 12 og 16 år forteller og noe barn mellom 16 og 18 år forteller. Sånn lovene er nå er det ikke trygt for alle barn. Veldig mange unge forteller at de allerede som små mista tillit til de som skulle hjelpe, fordi voksne snakka med foreldre uten å ha avtalt det med barnet. De forteller også at når denne tilliten er brutt, er den vanskelig å bygge opp igjen. Derfor må informasjonen barn – også små barn – deler med systemet, beskyttes og ikkje formidles videre uten at dette er avtalt med barnet.
Departementet har foreslått en forandring som gjør at informasjon ikke skal gis til foreldrene eller andre med foreldreansvaret «dersom tungtveiende hensyn til pasienten eller brukeren taler mot det» (§ 3-4). (…) PsykiskhelseProffene ber om at hele logikken om foreldres rett til informasjon og innsyn snus.
At foreldre kan få vite alt barnet forteller helsepersonell fører til alvorlige og farlige situasjoner for en del barn i Norge i dag. For mange av oss har det gjort at vi har sluttet å fortelle om det som er vondt. Vi har kanskje fortalt en liten ting til voksne, som de ikke tenker er farlig. Så har vi sett at andre voksne får vite det vi har sagt, og da har vi lukket oss. At vi ikke vet hvor det vi forteller voksne blir fortalt videre og at informasjonen går til foreldrene våre er et av hovedsvarene fra proffene på hvorfor vi ikke har fortalt om vonde ting som ligger helt inni hjertet. Det har blant annet gjort at mange av oss ikke har fortalt om vold og/eller overgrep til hjelpesystemene.»
(…)
«PsykiskhelseProffene foreslår at loven sier at uavhengig av barnets alder skal informasjon barnet har gitt til helsepersonell kun gis videre til foreldrene eller andre med foreldreansvaret etter avtale med barnet.
Det skal avtales hva som skal sies videre av hvem og på hvilken måte. Barn har rett il å snakke med helsepersonellet alene om informasjon til foreldre.»

Redd Barna seier dette:

«Redd Barna støtter videre departementets intensjon om å begrense foreldres rett til informasjon for å beskytte barnet i enkelte tilfeller. Vi deler imidlertid PsykiskHelseProffene sitt ønske om at vekten må flyttes ytterligere fra ivaretakelse av foreldres rett til informasjon, til barnets rett til beskyttelse og vern om sitt privatliv. Etter vår mening vil ikke den foreslåtte bestemmelsen med formuleringen «dersom tungtveiende hensyn tilsier det», virke tilstrekkelig i forhold til å ivareta barnets beste og barnets egne interesser. Vi anbefaler i stedet departementet å ta inn en bestemmelse om at foreldre eller andre med foreldreansvaret kun skal informeres når det er begrunnet i barnets beste, og at barnets meninger skal tillegges stor vekt i denne vurderingen. Redd Barna vil minne om at det ikke bare er i saker som gjelder mistanke om vold, overgrep og alvorlig omsorgssvikt dette kan bli aktuelt. Det kan også gjelde i saker hvor et barn eksempelvis ønsker hjelp i spørsmål om kjønn og seksualitet, og ikke ønsker at foreldre automatisk skal informeres om dette.
Redd Barna foreslår derfor følgende formulering i en ny § 3-4:
«Når barnet er under 16 år, skal foreldre og andre med foreldreansvaret informeres kun når det er til det beste for barnet. og i vurderingen av barnets beste skal barnets egne meninger tillegges stor vekt.»
Redd Barna mener at denne bestemmelsen skal gjelde for alle under 16 år uavhengig av alder, og at den skal gjelde uavhengig av om informasjon anses nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret. I enkelte tilfeller vil en vurdering av barnets beste, inkludert vektlegging av barnets egne meninger, tilsi at foreldre informeres for å kunne ivareta sitt foreldreansvar. I andre tilfeller vil en vurdering av hva som er best for barnet, inkludert barnets egne meninger, tilsi at foreldre ikke informeres selv om denne informasjonen anses nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret.»

3.3.5 Departementet sine vurderingar og forslag

3.3.5.1 Unntak frå plikta til å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret også når ein pasient eller brukar er under 12 år

Hovudregelen etter dagens føresegner i pasient- og brukarrettslova er at både barn og unge sjølve og foreldra eller andre som har foreldreansvaret skal informerast når det blir ytt helse- og omsorgstenester til barn og unge under 16 år.

Sjølv om det er gode grunnar til denne hovudregelen kan det i særlege tilfelle vere behov for å gjere unntak frå han. Lova opnar for at ein kan la vere å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret når pasienten er mellom 12 og 16 år og av grunnar som bør respekterast, ikkje ønskjer at dei skal informerast. Sjå punkt 3.3.2.

PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken er ei gruppe barn og unge som har sett søkelyset på behovet for unntak frå hovudregelen og på situasjonen når barn er under 12 år. PsykiskhelseProffene er barn og unge som er tilknytte stiftinga Forandringsfabrikken, som innanfor hovudområdet psykisk helse arbeider for å få fram råd og erfaringar for å betre psykisk helsevern. PsykiskhelseProffene har erfaring med psykisk helsevern, og ut frå dette har dei viktig kunnskap om korleis det psykiske helsevernet fungerer for barn og unge. Fleire av proffane har delt opplevingar der foreldre automatisk har fått innsyn i kontakten mellom den unge og psykisk helseverntenesta. Dei seier sjølve at dette har gjort at dei har mista tillit til dei som skal hjelpe, og slutta å vere ærlege. Proffane understrekar at barn må føle seg trygge på å fortelje om det som gjer livet vanskeleg, og at det gjeld for barn og unge i alle aldrar, også barn under 12 år.

I likskap med PsykiskhelseProffene og høyringsinstansane som har uttalt seg om dette, meiner departementet framleis at det i særlege tilfelle kan vere behov for å gjere unntak frå hovudregelen også for barn under 12 år.

Det kan vere eit klart behov for dette dersom det ved yting av helse- og omsorgstenester til barnet kjem fram informasjon som kan peike i retning av at foreldra eller andre som har foreldreansvaret utset barnet for fysisk eller psykisk mishandling, seksuelle overgrep eller andre former for alvorleg omsorgssvikt. Dersom informasjonen i desse tilfella må vidareformidlast til foreldra eller andre som har foreldreansvaret, kan det føre til ein svært vanskeleg og i nokre tilfelle farleg situasjon for barnet. Samtidig vil den potensielle mishandlaren eller overgriparen få sjansen til å påverke situasjonen til sin fordel.

Men det kan òg vere behov for dette for at barn som er i ein alvorleg situasjon med omsorgssvikt, skal tore å komme fram med informasjon for å kunne få hjelp. Eit eksempel kan være når ein 10-åring kjem til helsesøster og det oppstår mistanke om at barnet ikkje har det bra heime. Dersom helsesøster kan gjere 10-åringen trygg på at det ho eller han seier, ikkje automatisk blir vidareformidla til foreldra, kan det gjere at barnet lettare torer å opne seg. Det vil igjen kunne føre til at mistanken om omsorgssvikt blir avkrefta eller forsterka.

Departementet vil i denne samanhengen vise til høyringsfråsegna frå Politidirektoratet:

«Som følge av forslaget vil helsepersonell få tid til å rådføre seg med barnevern eller politiet uten foreldrenes kunnskap. Slik Sør-Øst politidistrikt påpeker vil en da kunne hindre at foreldre eller andre påvirker barnet eller utsetter barnet for represalier. Sør-Øst politidistrikt viser også til en sak der en gutt som var til behandling hos Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUPA) ikke fortalte om vold fra far av frykt for at foreldrene fikk kunnskap om dette. Det foreslåtte unntaket i § 3-4 fjerde ledd kan bidra til at slike tilfeller unngås.»

Departementet er vidare einig med Norsk psykologforening i at det kan vere behov for eit slikt unntak også i andre situasjonar enn situasjonar med mogleg alvorleg omsorgssvikt. Dette kan vere situasjonar der barn lever med anna alvorleg uro eller belastning, men der dei ikkje torer å komme fram med informasjon om dette dersom det ikkje er mogleg å la vere å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret. Alvorleg uro eller belastning kan for eksempel vere knytte til kjønnsidentitet, seksualitet eller psykososiale forhold. Årsakene til at barn ikkje vil trekke inn foreldra eller andre som har foreldreansvar vil variere, men kan for eksempel skuldast trus- og livssynet til foreldra eller ein spesielt belasta livssituasjon for foreldra som gjer at barnet ikkje vil belaste dei ytterlegare.

Dersom det i lova blir innført eit unntak frå plikta til å vidareformidle informasjon i slike alvorlege situasjonar, vil det kunne bidra til å hjelpe utsette barn som kjem i slike situasjonar. I tillegg kan det òg ha den viktige effekten at barn som kjem i slike situasjonar, torer å seie frå om dette for å få hjelp.

Departementet er likevel òg einig med Folkehelseinstituttet, som viser til at det i seg sjølv kan oppstå vanskelege situasjonar for barnet når det gjeld foreldra, dersom foreldra i samband med at det blir ytt helsehjelp til barnet, ikkje får innsyn i informasjon av omsyn til barnet. Dette er ei utfordring som personell må vere klar over og prøve å handtere på best mogleg måte ut frå omsynet til kva som er det beste for barnet.

Departementet er på den andre sida ikkje einig med PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken og Redd Barna, som meiner at vekta må flyttast ytterlegare frå ivaretaking av foreldra sin rett til å få informasjon til barnet sin rett til generelt vern og vern om privatlivet. PsykiskhelseProffene og Redd Barna meiner at ein må snu på utgangspunktet for formidling av informasjon til foreldra. Dei meiner at uavhengig av kor gammal barnet er, skal utgangspunktet vere at informasjon barnet har gitt til helsepersonell, berre skal givast vidare til foreldra eller andre som har foreldreansvaret etter avtale med barnet eller når det er grunn til det ut frå kva som er best for barnet.

Det er slik departementet vurderer det, gode grunnar til at hovudregelen framleis bør vere at både barn og unge sjølve og foreldra eller andre som har foreldreansvaret skal informerast når det blir ytt helse- og omsorgstenester til barn og unge under 16 år. I likskap med Bergen kommune og Norsk psykologforening vil departementet framheve foreldreansvaret, og kor viktig det er. Det å ha foreldreansvar for barn og ungdom inneber å ha ansvar for å gi dei omsorg og omtanke. Dei som har foreldreansvar, har både rett og plikt til å ta avgjersler på vegner av barn og unge når det gjeld personlege forhold, men dei må trekke inn barn og unge sjølve etter kvart som dei utviklar seg. Departementet vil understreke at det i dei aller fleste tilfella er foreldra eller andre som har foreldreansvaret som er barn og unge sine nærmaste. Der er foreldra som i dei aller fleste tilfella, i gradvis aukande samarbeid med barn og unge sjølve, har dei beste føresetnadene til å ta vare på dei ut i frå kva som er til deira eiga beste. For barn og unge vil det vanlegvis vere heilt naturleg og ønskeleg at foreldra blir informerte. Dess yngre barna er, dess viktigare er det at omsorgspersonane får grundig og god informasjon om den hjelpa som blir gitt til barna, for å kunne bidra til å ta vare på og følge dei opp på best mogleg måte.

Departementet held derfor fast ved dagens hovudregel og opprettheld forslaget om å innføre eit nytt, snevert unntak frå plikta til å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, som òg skal gjelde når ein pasient eller brukar er under 12 år. Departementet foreslår å avgrense unntaket til at informasjon ikkje skal givast til foreldra eller andre som har foreldreansvaret «dersom tungtveiende hensyn til pasienten eller brukaren taler mot det», jf. forslag til nytt tredje ledd i pasient- og brukarrettslova § 3-4.

For at det skal finnast «tungtveiende hensyn til pasienten eller brukeren», må pasienten eller brukaren vere i eller mistenkast å vere i ein situasjon som er alvorleg, eller som blir oppfatta som alvorleg av pasienten eller brukaren. Enten ein situasjon med alvorleg omsorgssvikt eller ein annan situasjon som beskrive over, med alvorleg uro eller belastning. Situasjonen må i tillegg vere av ein slik karakter at det etter personellet si vurdering blir sett på som å vere det beste for pasienten eller brukaren at informasjon ikkje blir vidareformidla til foreldra eller andre som har foreldreansvaret. Departementet understrekar at det er vurderinga av kva som vil vere det beste for barnet, som skal vere avgjerande. Det å ikkje vidareformidle informasjon kan vere det beste for barnet dersom vidareformidling vil kunne sette barnet i ein endå vanskelegare eller farleg situasjon, eller dersom vidareformidlinga vil kunne forhindre at barnet kjem fram med informasjon som kan føre til at barnet får hjelp. Vurderinga av om det vil vere best for barnet å ikkje vidareformidle informasjon, vil i enkelte tilfelle vere mindre krevjande, for eksempel i tilfelle der det kjem fram informasjon om alvorleg omsorgssvikt frå foreldra si side. I andre tilfelle kan det vere meir krevjande å avgjere om det å unnlate å informere foreldra eller andre som har foreldreansvar faktisk vil vere det beste for barnet. Viktige omsyn vil kunne trekke i kvar si retning, og ein blir nøydd til å gjere ei avveging for å fastslå kva omsyn som skal givast avgjerande vekt for å sikre barnet sitt behov på best mogleg måte.

Omsynet til å få barnet til å opne seg og fortelje om alvorleg uro eller belastning vil måtte vegast mot omsynet til å trekke inn foreldra for at dei skal kunne hjelpe barnet. Departementet reknar med at i tilfelle der foreldre i utgangspunktet ikkje blir trekte inn, og barn opnar seg, vil kjennskapen personellet har til barnet si uro eller belastning føre til at barnet kan få hjelp til å forstå og handtere situasjonen sin. Nokre gonger vil personellet kunne hjelpe barnet med å avdramatisere situasjonen og dermed fjerne uroa eller belastninga. Andre gonger vil personellet kunne hjelpe ved å lytte, oppklare og gi barnet råd. I tilfelle der personell får kjennskap til ei uro eller belastning eit barn har, og ut frå situasjonen meiner at det vil vere best for barnet å trekke inn foreldra, må personellet prøve å forklare barnet at det beste vil vere å trekke inn foreldra, slik at dei kan bidra til å hjelpe og støtte barnet.

Departementet vil likevel understreke at den som sit på informasjon om ein alvorleg situasjon for eit barn, ikkje kan la vere å gjere noko meir i saka. Dersom det ligg føre opplysningsplikt til barnevernet, skal opplysningane vidareformidlast, slik at barnevernet kan undersøke saka og sørge for at barnet sine interesser blir sikra, jf. helsepersonellova § 33. Etter § 33 skal helsepersonell i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta si side. Når det er grunn til å tru at barn blir mishandla i heimen, at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller at eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar over tid, skal helsepersonell på eige initiativ gi opplysningar til barnevernstenesta. Det følgjer av barnevernlova § 6-4 andre ledd at dette også gjeld når det er grunn til å tru at det er fare for utnytting av eit barn til menneskehandel. Slike opplysningar skal helsepersonell òg gi etter pålegg frå barnevernstenesta. Dersom vilkåra er oppfylte, oppstår plikta til å vidareformidle opplysningar til barnevernstenesta uavhengig av om pasienten eller brukaren samtykker eller ikkje.

Vidare kan det ligge føre plikt til å varsle politiet for å avverje skaden dersom opplysningane tilseier at barnet står i fare for alvorleg skade, jf. helsepersonellova § 31. Etter § 31 skal helsepersonell «varsle politi og brannvesen dersom dette er nødvendig for å avverge alvorlig skade på person eller eiendom.» Helsepersonell vil etter denne føresegna kunne ha ei plikt til å vidareformidle opplysningane, uavhengig av om pasienten eller brukaren samtykker eller ikkje. Det vil i hovudsaka vere nødretts- og nødverjevurderingar som ligg til grunn for vurderinga av om opplysningar skal vidareformidlast eller ikkje.

I likskap med departementet understrekar Politidirektoratet i høyringsfråsegna si kor viktig det er å vidareformidle opplysningar som ein tek imot. Politidirektoratet seier vidare dette:

«Varsling av politi eller barnevern er viktig, ikke minst i situasjoner hvor foreldre ikke informeres og/eller informasjonen gjelder mindre barn under 12 år. Opplysningspliktene etter henholdsvis helsepersonelloven §§ 31 og 33 bør være godt kjente og tydelige for helsepersonell, og det er viktig at helsepersonell får informasjon om disse. Politidirektoratet forutsetter også at forarbeidene tydelig omtaler opplysningspliktene i forbindelse med reglene om informasjon for mindreårige.»

Dersom informasjonen meir vagt har ført til at det oppstår ein mistanke om at barnet kan vere i ein slik situasjon som nemnt over, bør den som sit på informasjonen, så langt det er mogleg sørge for at barnet blir følgt opp vidare, slik at mistanken anten kan styrkast eller avkreftast. Òg i tilfelle der barnet ikkje er i ein mogleg situasjon med alvorleg omsorgssvikt, men i ein annan situasjon som blir oppfatta som alvorleg for barnet, bør den som sit på informasjonen, så langt det er mogleg sørge for at barnet blir følgt opp vidare. Den vidare oppfølginga kan bidra til at mistanken enten blir styrkt eller avkrefta, og til at barnet får den hjelpa det eventuelt har behov for.

Eit forhold som Stine Sofies Stiftelse og PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken tek opp i samband med forslaget frå departementet, er at det også fysisk må leggast til rette for at barn skal få uttale seg. Stine Sofie Stiftelsen viser til at barn under 12 år ofte får lite tid åleine med terapeuten/behandlaren, ettersom ein av foreldra ofte er til stades. Stine Sofie Stiftelsen peiker på at det kan forhindre barnet i å snakke «fritt», spesielt dersom det er snakk om vald eller overgrep i nær relasjon. Departementet meiner at dette er eit forhold det er viktig for personell å vere merksame på når dei yter helsehjelp til barn og unge. Dersom personell meiner at det oppstår ein situasjon der barnet kan ha behov for å snakke med helsepersonellet åleine, må det leggast til rette for at dette kan skje.

3.3.5.2 Formidling av informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret

Departementet foreslo i høyringsnotatet at når vilkåra er oppfylt etter det nye unntaket frå plikta til å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, skulle heller ikkje informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret givast til foreldra eller andre som har foreldreansvaret, for at dei skulle kunne oppfylle foreldreansvaret. Etter ei ny vurdering har departementet komme fram til at informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret, likevel skal givast til foreldra eller andre som har foreldreansvaret også når dette nye unntaket blir aktuelt, jf. forslaget til nytt § 3-4 fjerde ledd. Fjerde ledd skal etter dette gjelde uansett for alle pasientar og brukarar under 18 år.

Departementet har komme fram til at det ikkje er ønskeleg at denne informasjonen ikkje skal givast til foreldre eller andre som har foreldreansvar når det nye unntaket blir aktuelt. Informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret, er avgrensa til informasjon som er nødvendig for at foreldra eller andre som har foreldreansvaret skal kunne sikre foreldreomsorga. Dette omfattar, som beskrive under punkt 3.3.2, blant anna informasjon om sjølvmordsfare, kvar pasienten oppheld seg, og innlegging på sjukehus på grunn av livstruande tilstandar. Dersom helsepersonell i ein situasjon som er omfatta av nytt tredje ledd, vurderer at situasjonen er slik at heller ikkje denne avgrensa informasjonen kan givast til foreldra eller andre som har foreldreansvaret, må helsepersonellet vurdere om det ligg føre opplysningsplikt til barneverntjenesta slik at barneverntjenesta får anledning til å vurdere omsorgssituasjonen til barnet og behovet for å sette i verk tiltak etter barnevernlova.

3.3.5.3 Reguleringa av hovudregelen og unntaka i pasient- og brukarrettslova § 3-4

Det nye unntaket frå plikta til å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, som òg skal gjelde når ein pasient eller brukar er under 12 år, kjem i tillegg til dei unntaka som allereie i dag følger av § 3-4. I høyringsforslaget blei det nye unntaket lagt til som eit nytt fjerde ledd. Departementet er einig med høyringsinstansane som meiner at forslaget til ny § 3-4 i høyringsnotatet er komplisert.

Forslaget til ny § 3-4 som departementet no fremmer, har følgande justerte struktur når det gjeld første til fjerde ledd. I første ledd står hovudregelen om at både pasienten eller brukaren under 16 år og foreldra eller andre som har foreldreansvaret skal informerast. I andre ledd står unntaket som gjeld for pasientar og brukarar mellom 12 og 16 år, mens i tredje ledd står det nye unntaket som skal gjelde pasientar og brukarar under 16 år uavhengig av alder. I fjerde ledd står deretter regelen om at informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret, likevel skal givast til foreldra eller andre som har foreldreansvaret når pasienten eller brukaren er under 18 år.

For pasientar og brukarar mellom 16 og 18 år følger det slik sett av første og fjerde ledd at foreldra eller andre som har foreldreansvaret berre skal givast informasjon om det som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret. For pasientar og brukarar mellom 16 og 18 år vil det nye unntaket dermed ikkje innebere noka endring.

For pasientar og brukarar mellom 12 og 16 år følger det av andre ledd at informasjon ikkje skal givast til foreldre eller andre som har foreldreansvar når pasienten av grunnar som bør respekterast, ikkje ønsker dette. Unntaket etter andre ledd skal blant anna sikre at unge i denne aldersgruppa kan oppsøke helse- og omsorgstenesta med personlege helseproblem utan å vere redde for at foreldra, som med tanke på dei aktuelle helseproblema kan stå i eit motsetnadsforhold til den unge, automatisk blir trekte inn. Eksempel på dette kan være prevensjonsrettleiing, råd om svangerskapsavbrot, lettare psykiske problem på grunn av mobbing eller saker om mishandling, jf. punkt 3.3.2. For pasientar og brukarar i denne aldersgruppa vil det nye unntaket etter tredje ledd dermed bli aktuelt i alvorlege situasjonar som er omfatta av tredje ledd, der unntaket etter andre ledd ikkje blir aktuelt fordi den unge ikkje sjølv oppgjer grunnar som bør respekterast til at informasjonen ikkje skal givast.

3.3.5.4 Orientering om vidareformidling av informasjon til foreldra eller andre som har foreldreansvaret

For at barn skal fortelje om forhold, kan det vere ein føresetnad at dei får vite at det dei fortel, ikkje automatisk blir vidareformidla til foreldra eller andre som har foreldreansvaret. Det kan dessutan vere viktig at dei får vite dette så tidleg som mogleg, slik at dei kan få opparbeidd seg den tilliten og tryggleiken som kan gjere at dei våger å opne seg og fortelje om forholdet. I lys av utsegnene frå høyringsinstansane opprettheld departementet forslaget om å innføre eit krav i lova om at i tilfelle der det kan bli aktuelt å halde unna informasjon frå foreldra eller andre som har foreldreansvaret, skal pasienten eller brukaren så tidleg som mogleg orienterast om retten foreldra eller andre som har foreldreansvar har til å få informasjon, og unntaka frå dette, jf. forslag til nytt femte ledd i § 3-4.

I lys av forslaget til nytt femte ledd opprettheld departementet også forslaget om at det òg bør gå fram av lova at pasientar og brukarar skal orienterast i tilfelle der foreldra eller andre som har foreldreansvaret skal givast informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret etter forslaget til fjerde ledd, jf. forslag til nytt andre punktum i § 3-4 fjerde ledd.

3.3.5.5 Vidareformidling av informasjon til barnevernstenesta og endring av omgrep

Departementet foreslår vidare å endre gjeldande fjerde ledd, som blir nytt sjette ledd i § 3-4. Det følger av gjeldande § 3-4 fjerde ledd at dersom barnevernstenesta har teke over omsorga for barn under 16 år, gjeld dei andre ledda i føresegna tilsvarande for barnevernstenesta. Slik den gjeldande føresegna lyder, gjeld ikkje § 3-4 første, andre og tredje ledd for barn mellom 16 og 18 år når barnevernstenesta har teke over omsorga. Gjeldande § 3-4 tredje ledd omhandlar tilgangen foreldre eller andre som har foreldreansvar har til informasjon som er nødvendig for å oppfylle foreldreansvaret. Departementet vurderer det slik at det er viktig å sikre at foreldre eller andre som har foreldreansvaret får informasjon som er nødvendig for at dei skal vere i stand til å oppfylle foreldreansvaret. Dette gjeld også barnevernstenesta når barnevernstenesta har teke over omsorga for barn over 16 år. Barnevernstenesta skal også for barn over 16 år opptre i foreldra sin stad og har då behov for å få den same informasjonen.

Helsedirektoratet støttar departementet sitt forslag og meiner at det bør gå direkte fram av lovteksten at barnevernstenesta òg skal få nødvendig informasjon når dei har overtatt omsorga for barn over 16 år.

På bakgrunn av dette opprettheld departementet forslaget om å endre formuleringa «under 16 år» i den gjeldande § 3-4 fjerde ledd til «under 18 år» i nytt sjette ledd.

Departementet foreslår i tillegg at nytt sjette ledd også skal omfatte tilfelle der det er fatta mellombelse vedtak om å plassere eit barn utanfor heimen etter barnevernlova § 4-6 andre ledd. Barnevernlova § 4-6 andre ledd er omfatta av gjeldande pasient- og brukarrettslova § 4-4 fjerde ledd, som regulerer når barnevernstenesta har rett til å samtykke til helsehjelp på vegner av barn. Barnevernlova § 4-6 andre ledd blei føydd til den dågjeldande lova om pasientrettar § 4-4 andre ledd ved lov av 30. juni 2006. Det følger av Ot.prp. nr. 65 (2005–2006) Om lov om endringer i psykisk helsevernloven og pasientrettighetsloven m.v. punkt 6.3.2.4, at omsynet til barnet sitt behov for helsehjelp, og dermed det som er best for barnet, blei vurdert som avgjerande for å utvide dågjeldande § 4-4 andre ledd til å omfatte mellombelse vedtak etter barnevernlova § 4-6 andre ledd. Etter departementet sitt syn tilseier dei same omsyna, samt samanhengen mellom pasient- og brukarrettslova §§ 3-4 og 4-4, at også § 3-4 nytt sjette ledd skal omfatte barnevernlova § 4-6 andre ledd.

Til slutt opprettheld departementet forslaget om å gjere ei teknisk endring i § 3-4 og 3-5, som går ut på å erstatte ordet «opplysninger» med «informasjon» i § 3-4 andre ledd og i § 3-5 andre ledd. Pasient- og brukarrettslova §§ 3-3, 3-4 og 3-5 bruker gjennomgåande ordet «informasjon», og departementet meiner at det ikkje finst gode grunnar til at føresegnene òg skal bruke ordet «opplysninger».

3.3.5.6 Elektroniske tenester for innsyn i pasientjournal

PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken tar i høyringsfråsegna si opp utfordringar knytte til elektroniske tenester for innsyn i pasientjournalar og at det kan føre til at foreldre raskt kan få innsyn i kva ungdom har sagt til helsepersonell. PsykiskhelseProffene seier at det kan skje når barn ikkje eingong veit at det dei har sagt til helsepersonell er skrive ned, eller at det er noko som heiter journal. PsykiskhelseProffene vurderer ikkje dette som trygt.

Til dette vil departementet bemerke at pasientar i aukande grad blir tilbydde elektroniske tenester for innsyn i pasientjournal. Slike tenester er berre eit supplement til, og erstattar ikkje, retten til innsyn i pasientjournal på andre måtar. Elektroniske tenester for innsyn i pasientjournal er eit gode for pasientar. Samtidig er det viktige omsyn som må sikrast, og viktige vurderingar som må ligge til grunn for slike innsynstenester, medrekna vurderingar av forsvarlegheit, kva som er best for barnet og lovbestemde avgrensingar i innsynsretten for pasientar og representantane deira.

Utgangspunktet er at elektroniske tenester for innsyn må tilbydast med dei same avgrensingane som gjeld for retten til innsyn i journal etter pasient- og brukarrettslova § 5-1. Etter denne føresegna gjeld reglane om rett til informasjon når pasienten er mindreårig etter pasient- og brukarrettslova § 3-4, tilsvarande for retten til innsyn i journal.

Det er nokre særlege omsyn som gjer seg gjeldande når det blir opna for elektroniske innsynstenester for foreldre. Helsepersonell må forsikre seg om at helseopplysningane som blir gjort tilgjengelege i den elektroniske tenesta for innsyn, ikkje er av ein slik karakter at helsepersonellet gir foreldre eller andre som har foreldreansvaret innsyn i informasjon som det etter pasient- og brukarrettslova § 3-4 ikkje skal givast tilgang til.

Departementet ønsker vidare å understreke kor viktig det er at helse- og omsorgstenestene sikrar barnet sine interesser og har kva som er best for barnet i tanke når dei vurderer kva journalnotat som skal gjerast tilgjengeleg for foreldre i ei elektronisk teneste for innsyn.

Departementet viser òg til at Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse har sendt brev til dei regionale helseføretaka i landet om juridiske vurderingstema knytte til elektroniske tenester for innsyn i pasientjournal. I brevet av 15. september 2016 gjorde direktorata nærmare greie for dei omsyna og vurderingane som må ligge til grunn når slike innsynstenester blir innførte.

3.4 Avgrensa samtykkekompetanse for barn under 16 år

3.4.1 Innleiing

Pasient- og brukarrettslova § 4-3 har blitt tolka slik at barn under 16 år i spesielle avgrensa tilfelle har sjølvstendig samtykkekompetanse. Men dette følger ikkje direkte som ei naturleg forståing av lovteksten. Særleg ikkje dersom denne blir lesen saman med pasient- og brukarrettslova § 4-4 om samtykke på vegner av barn, som i første ledd regulerer at foreldra eller andre som har foreldreansvaret har rett til å samtykke til helsehjelp for pasientar under 16 år.

Spesielt i tilfelle der opplysningar frå pasientar mellom 12 og 16 år ikkje skal givast til foreldre eller andre som har foreldreansvaret av grunnar som bør respekterast, kan ein naturleg konsekvens vere at kompetansen til å samtykke til helsehjelpa må ligge hos barnet sjølv. Når foreldra eller andre med samtykkekompetanse ikkje får informasjon, kan dei heller ikkje samtykke. Spørsmålet er om det bør gå fram direkte av lova at pasientar mellom 12 og 16 år i desse tilfella har sjølvstendig samtykkekompetanse. Spørsmålet er òg kva som skal gjelde når foreldra eller andre som har foreldreansvaret ikkje skal informerast, etter forslaget til ny § 3-4 tredje ledd, jf. punkt 3.3.5.1.

Det som blir vurdert her, er eit særleg spørsmål som gjeld samtykkekompetanse når barn er under 16 år. Departementet viser elles til at regjeringa i juni 2016 nemnde opp Tvangslovutvalget, som skal foreslå ei modernisering av tvangsregelverket. Utvalet skal blant anna vurdere reglar om samtykke-/avgjerslekompetanse.

3.4.2 Gjeldande rett

Pasient- og brukarrettslova § 4-3 regulerer generelt kven som har samtykkekompetanse, mens pasient- og brukarrettslova § 4-4 regulerer kven som har rett til å samtykke på vegner av barn under 16 år.

Det følger av § 4-4 første ledd at foreldra eller andre som har foreldreansvaret har rett til å samtykke til helsehjelp for pasientar under 16 år. Samtidig følger det av § 4-3 at personar mellom 16 og 18 år i hovudregelen har sjølvstendig samtykkekompetanse.

Etter § 4-3 første ledd bokstav b har personar mellom 16 og 18 år rett til å samtykke til helsehjelp «med mindre annet følger av særlig lovbestemmelse eller av tiltakets art». Det følger av forarbeida til lova at «tiltakets art» både kan føre til at retten inntreff etter fylte 16 år og før fylte 16 år, jf. Ot.prp. nr. 12 (1998–99) Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetsloven) punkt 6.7.2.1 avslutningsvis:

«16-årsgrensen kan suspenderes i visse tilfeller. For det første etter «tiltakets art». Det kan tenkes personlige helseanliggender som bør ligge under en normalt utviklet ungdoms rådighetssfære også før fylte 16 år. Det kan også tenkes eksempler på avgjørelser som ikke bør kunne tas før myndighetsalder er oppnådd, f.eks. deltakelse i forskningsprosjekter eller eksperimentell behandling, smertefull eller risikofylt behandling og behandling som er irreversibel, bl.a. plastisk kirurgi.
16-årsgrensen kan også suspenderes dersom det finnes særskilt lovgivning slik som f.eks. steriliseringsloven og transplantasjonsloven. Etter departementets vurdering bør disse særlige aldersgrensene opprettholdes.»

Helsedirektoratet har omtalt dette i kommentarane til pasient- og brukarrettslova § 3-4 andre ledd i rundskriv IS-8/2015 «Pasient- og brukerrettighetsloven med kommentarer»:

«Bestemmelsen må ses i sammenheng med § 4-3 første ledd bokstav b som åpner for at 16-års grensen om rett til å samtykke til helsehjelp kan suspenderes dersom «tiltakets art» tilsier det. Det uttales i lovens forarbeider at «det kan tenkes personlige helseanliggender som bør ligge under en normalt utviklet ungdoms rådighetssfære også før fylte 16 år». Dette innebærer at barnets selvbestemmelsesrett i visse tilfeller vil kunne gå foran foreldrenes rett til å samtykke på barnets vegne før fylte 16 år. Det kan også påpekes at begrunnelsen for foreldrenes bestemmelsesrett og informasjonsrett er å ivareta barnets interesser når barnet ikke selv er i stand til det. I den utstrekning barnet selv er i stand til å ivareta sine egne interesser på en fornuftig måte, og det kan stilles spørsmål ved om foreldrene opptrer til barnets beste, faller begrunnelsen for foreldrenes rettigheter bort.»

Eit eksempel på ein situasjon der det kan vere aktuelt med sjølvstendig samtykkekompetanse før eit barn fyller 16 år, er når ei jente oppsøker helsetenesta og ønsker å bli undersøkt og behandla som følge av kjønnslemlesting. I den felles rettleiaren til Barne- og likestillingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, Veileder om regelverk, roller og ansvar knyttet til kjønnslemlestelse (Q-1145 B) er dette omtalt slik under punkt 3.1.2:

«Det er ingen formell aldersgrense for å oppsøke helsetjenesten eller helsepersonell for å få veiledning, råd og informasjon. Helsehjelp kan som hovedregel bare gis med pasientens samtykke. Når barnet er under 16 år er det normalt foreldrene eller andre med foreldreansvaret som samtykker på vegne av barnet. I visse tilfeller kan imidlertid også barn under 16 år samtykke til helsehjelp, når «tiltakets art» tilsier det. Dette innebærer at jenter under 16 år som oppsøker helsetjenesten med ønske om undersøkelse og behandling som følge av kjønnslemlestelse, etter en konkret vurdering selv vil kunne samtykke til helsehjelpen.
Den som har det faglige ansvaret for helsehjelpen må i denne sammenheng foreta en helhetsvurdering hvor det bl.a. legges vekt på jentas alder, modenhet, omfanget av behandlingen, forhold i familien og hva som anses å være det beste for jenta. Dersom jenta etter en helhetsvurdering ikke anses å ha samtykkekompetanse og foreldrene ikke ivaretar hennes behov for medisinsk hjelp, må helsepersonellet vurdere om barneverntjenesten skal kontaktes.
Når pasienten er under 16 år er hovedregelen at både pasienten og foreldrene eller andre med foreldreansvaret skal informeres om helsetilstand og den helsehjelpen som gis. Det kan imidlertid være tilfeller hvor foreldrene ikke bør informeres om barnets kontakt med helsetjenesten. Opplysninger skal derfor ikke gis foreldrene eller andre med foreldreansvaret når pasienten av grunner som bør respekteres, ikke ønsker dette, og pasienten er mellom 12 og 16 år. Dette vil være aktuelt i tilfeller hvor jenter med behov for helsehjelp som følge av kjønnslemlestelse oppsøker helsetjenesten.»

3.4.3 Forslag i høyringsnotatet

I tilfelle der opplysningar frå pasientar eller brukarar mellom 12 og 16 år ikkje skal givast til foreldre eller andre som har foreldreansvaret av grunnar som bør respekterast, kan foreldra eller andre som har foreldreansvaret heller ikkje samtykke til helsehjelpa. Departementet meinte at ein naturleg konsekvens av dette er at kompetansen til å samtykke til helsehjelpa må ligge hos barnet sjølv. Når foreldra eller andre med samtykkekompetanse ikkje får informasjon, kan dei heller ikkje samtykke.

Slik departementet ser det, ville det vere ein fordel om denne avgrensa samtykkekompetansen for pasientar eller brukarar mellom 12 og 16 år gjekk klart fram av lova. Departementet foreslo derfor å innføre ein ny bokstav c som regulerer dette i pasient- og brukarrettslova § 4-3 første ledd.

Departementet viste så til forslaget om å innføre eit snevert unntak frå plikta til å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret i pasient- og brukarrettslova § 3-4, som òg skal gjelde for pasientar og brukarar under 12 år. Departementet stilte deretter spørsmålet om pasientar og brukarar under 12 år burde få sjølvstendig samtykkekompetanse i desse spesielle tilfella. Etter ei heilskapleg vurdering valde departementet å ikkje foreslå dette. Departementet ønskte ikkje å senke aldersgrensa for sjølvstendig samtykkekompetanse til barn under 12 år. Departementet rekna dessutan med at dersom personell får informasjon frå pasientar og brukarar under 12 år, som på grunn av tungtvegande omsyn til pasienten eller brukaren ikkje skal vidareformidlast til foreldra, så vil det dreie seg om alvorleg informasjon. I dei tilfella der informasjonen er av ein karakter som gjer at det ligg føre opplysningsplikt overfor barnevernet, kan barnevernet komme inn og sikre barnet sine interesser. Departementet var likevel i tvil om kva som vil vere den beste løysinga her, og bad derfor spesielt om å få høyringsinstansane sitt syn på dette.

I tillegg til forslaget om ein ny bokstav c i pasient- og brukarrettslova § 4-3 første ledd foreslo departementet å føye til ein referanse til § 4-3 første ledd bokstav c i pasient- og brukarrettslova § 4-4 første ledd. Departementet foreslo at det skal gå fram av første ledd at hovudregelen om at foreldre eller andre som har foreldreansvaret har rett til å samtykke til helsehjelp for pasientar under 16 år, ikkje gjeld for pasientar mellom 12 og 16 år når dei har sjølvstendig samtykkekompetanse etter § 4-3 første ledd bokstav c.

3.4.4 Høyringsinstansane sitt syn

Høyringsinstansane som uttaler seg om forslaget om at den avgrensa samtykkekompetansen for pasientar eller brukarar mellom 12 og 16 år skal gå klart fram av lova, støttar forslaget.

Både Den norske Advokatforeningen og Den norske legeforeningen støtter forslaget. Den norske legeforeningen uttaler seg slik:

«Det er også en viktig presisering at barn mellom 12 og 16 år får rett til å samtykke på egne vegne når informasjon ikke skal gis foreldre eller andre med foreldreansvaret, som naturlig konsekvens og tydeliggjøring av sammenhengen mellom retten til informasjon og samtykkekompetanse.»

Helsedirektoratet meiner òg at det er positivt å presisere i forslag til ny § 4-3 første ledd bokstav c i pasient- og brukarrettslova at barn mellom 12 og 16 år kan ha sjølvstendig samtykkerett. Men Helsedirektoratet seier deretter dette:

«Det er imidlertid et spørsmål om samtykkeretten har blitt for snever sett i forhold til gjeldende rett, ved at den kun gjelder i de situasjoner foreldre eller andre med foreldreansvar ikke er informert etter pasient- og brukerrettighetsloven § 3-4 andre ledd og forslag til nytt fjerde ledd. Det kan være situasjoner der barn under 16 ønsker helsehjelp som foreldrene ikke samtykker til og hvor barnets selvstendige samtykkerett kan utledes av § 4-3 første ledd bokstav b jf. «tiltakets art». Det følger av forarbeidene til loven at «tiltakets art» både kan føre til at retten inntrer etter fylte 16 år og før fylte 16 år, noe som også er omtalt i høringsnotatet (…). Av pedagogiske hensyn bør dette rettsgrunnlaget etter vår mening heller inngå i forslaget til ny § 4-3 første ledd bokstav c (samtykkerett mellom 12 og 16 år).»

Ei rekke høyringsinstansar uttaler seg om departementet sin konklusjon om ikkje også å innføre i lova avgrensa samtykkekompetanse for pasientar og brukarar under 12 år, samtidig som det blir foreslått å innføre eit snevert unntak frå plikta til å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret også for pasientar og brukarar under 12 år. Desse fire høyringsinstansane støttar departementet sin konklusjon: Statens helsetilsyn, Den norske legeforeningen, Norsk Sykepleierforbund og Unio.

Statens helsetilsyn seier dette:

«Statens helsetilsyn er enig i at samtykkekompetansen ikke bør senkes til å gjelde barn under tolv år. Utgangspunktet for samtykkekompetansen bør være barnets alder og modenhet, i tillegg til karakteren av helsehjelpen som gis. Medvirkning på barnevernsområdet i forhold til ulike tiltak, er noe annet enn samtykke til helsehjelp. Det kan være komplisert å få den fulle innsikt i hvordan man skal avveie de ulike hensyn når det gjelder alvorlige og risikofylte inngrep. I bunnen vil det også her måtte ligge en begrensning ut fra hva som anses som faglig forsvarlig. Vi mener det er fornuftig med grensene som er satt, og at hovedregelen er at foreldrene gis rett til å samtykke på barnets vegne når de er under 16 år. Unntakene for gruppen fra 12 til 16 år er da fanget opp i bokstav c, og samsvarer greit med endringene i § 3-4.»

13 høyringsinstansar er ueinige i eller usikre på departementet sin konklusjon om ikkje også å innføre i lova avgrensa samtykkekompetanse for pasientar og brukarar under 12 år. Barneombudet klarer ikkje å ta stilling til spørsmålet fordi dei meiner det ikkje er godt nok greia ut.

Fleire høyringsinstansar tar i likskap med Forskergruppe for barnerett ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø til orde for at det ikkje skal settast noka nedre aldersgrense for samtykkekompetansen. Forskergruppen uttaler seg slik:

«Forskergruppen mener at det ikke bør settes en nedre aldersgrense på 12 år. Hvorvidt barn skal ha en begrenset samtykkekompetanse, må avgjøres på bakgrunn av barnets alder og modenhet samt hva saken gjelder. Dessuten vil en bestemmelse uten henvisning til aldersgrense i større grad harmonere med ny ordlyd i §§ 3­1 og 3-4.»

Helse Stavanger HF uttaler seg slik:

«Vi er usikre på også den helhetlige vurderingen av departementet om at en ikke utvider den selvstendige samtykkekompetansen til behandling ved snevre unntakstilfeller for barn under 12 år. PsykiskHelseProffene forteller oss at de trenger tid og trygghet for å kunne fortelle om situasjoner knyttet til overgrep og omsorgssvikt, og vi tror at spesialisthelsetjenesten trenger så fleksible rammer som mulig i forhold til å gi rom for at en slik trygghet kan oppstå. Samtidig vil opplysningsplikten alltid gjelde. Dilemmaet er at behandlere i spesialisthelsetjenesten fort kan unnlate å følge opp sin opplysningsplikt hvis de er i en terapeutisk relasjon til et barn som på sikt kan bidra til å avdekke overgrep og omsorgssvikt, fordi å melde sin bekymring skaper utrygghet hos barnet.
Vi ber departementet vurdere hvorvidt en kan innføre og gi et tidsavgrenset samtykkemandat på for eksempel 3 måneder fra første kontakt i snevre unntakstilfeller for barn under 12 år som kan brukes til å styrke og svekke mistanke.»

PsykiskhelseProffene ved Forandringsfabrikken uttaler seg slik:

«Regjeringen vil ta med i loven at barn 12–16 år skal ha «selvstendig samtykkerett» i noen saker, og det støtter vi. Departementet spør om dette også burde gjelde barn yngre enn 12 år, og det burde det. Vi kan ikke være avhengige av å vente på barnevernet hvis vi har fortalt noe alvorlig som foreldrene våre ikke skal vite, og trenger hjelp. Vi foreslår at barn under 12 år også får «selvstendig samtykkerett» i saker som dette.»

Den Norske Advokatforeningen støttar forslaget om å klargjere i lova at høvet til å unnlate å informere foreldre korresponderer med ein sjølvstendig samtykkekompetanse for ungdom mellom 12 og 16 år. Men etter Advokatforeningen si oppfatning må tilsvarande òg gjelde for barn under 12 år. Advokatforeningen seier vidare:

«Hvis man først har konkludert at man kan unnlate å informere foreldrene, men så ikke kan gi helsehjelpen fordi barnet ikke kan samtykke (og ingen kan samtykke på barnets vegne), så er man like langt. Hovedformålet med disse endringene må være å komme til med helsehjelp til barn som trenger det, og det oppnår man ikke gjennom dette forslaget.
Departementets praktiske innfallsvinkel om at barnevernet regelmessig vil komme på banen i disse sakene, anser vi som klart utilfredsstillende. Vi utelukker ikke at den informasjon som gjør at man velger å unnlate å informere foreldrene kan være av en slik karakter at barnevernet skal informeres. Men å gjøre barnevernets inngripen til en de facto forutsetning for å kunne gi barnet helsehjelp, kan ikke være hensiktsmessig. Når først foreldrene er satt ut av spill med tanke på informasjon (og dermed samtykke), er det ingen som er nærmere enn det aktuelle helsepersonellet til å avgjøre om helsehjelpen skal gis, dersom barnet selv ønsker hjelpen.»

Regionsenter for barn og unges psykiske helse, Helseregion Sør og Øst meiner at dette er ei vanskeleg problemstilling og uttaler seg slik:

«Har man først åpnet opp for at informasjon i visse tilfeller ikke skal videreformidles til foreldre i situasjoner der barnet er under 12 år, kan heller ikke foreldre i disse tilfeller samtykke til helsehjelp for barna.
Samtykkekompetansen hviler dermed på barna, også de under 12 år, men at for eksempel en 6-åring selv skal kunne samtykke til behandling eller hjelp han eller hun skal motta vurderes som feil. For det første kan man ikke forvente at barn i så ung alder alltid forstår eller kan vurdere konsekvensene av den ene eller andre behandlingen (eller ingen behandling). For det andre kan man ikke legge ansvaret for behørig behandling på skuldrene til så unge barn. Videre står det i høringen at hvis det foreligger informasjon fra barnet av slik art at foreldre ikke skal informeres om denne, så er det sannsynlig at situasjonen for barnet er så alvorlig at barnevernet er inne i saken og at barnevernet dermed kan sikre barnets interesser. Det er en realistisk antagelse, men det bør da foreligge klare retningslinjer for slike tilfeller og de bør beskrives eksplisitt. Videre bør alle ledd i en slik vurdering og hvilken kunnskap vurderingene hviler på komme klart frem. Det blir for vagt å kun tilføye at i de tilfeller der barnet er under 12 år, så har barnevernet og barnet ansvar for barnets interesser når det gjelder helsehjelp.»

Politidirektoratet er einig med departementet i at barn under 12 år i utgangspunktet ikkje bør ha sjølvstendig samtykkekompetanse. Under alle omstende er det likevel avgjerande å falle ned på ei løysing som sikrar barnet nødvendig helsehjelp:

«Vi stiller spørsmål ved om tilfeller der informasjon ikke gis til foreldre etter pasient- og brukerrettighetsloven § 3-4 nytt fjerde ledd samtidig alltid vil utløse en opplysningsplikt etter helsepersonelloven § 33. Etter § 33 skal helsepersonell gi opplysninger til barnevernet «når det er grunn til å tro at et barn blir mishandlet i hjemmet eller det foreligger andre former for alvorlig omsorgssvikt».»

Helsedirektoratet uttaler seg slik:

«Når det gjelder spørsmålet om barn under 12 år også skal gis rett til å samtykke i tilfeller som omfattes av § 3-4 fjerde ledd, har Helsedirektoratet forståelse for departementets standpunkt. I slike tilfeller er det naturlig å vurdere hvilken annen instans som bør bringes inn, herunder vurdere opplysningsplikt til barneverntjenesten. Samtidig anses det viktig at barn under 12 år gis den nødvendige helsehjelpen frem til situasjonen er nærmere avklart, for eksempel i form av samtaler med helsesøster, i forlengelsen av den situasjonen som er beskrevet i høringsnotatet på side 18. Det må forutsettes at dette vil være helsehjelp av begrenset omfang og intensitet, og et slikt samtykke kun er gyldig inntil annet rettsgrunnlag for eventuell videre nødvendig helsehjelp blir etablert. Vi har vektlagt at det i slike tilfeller forutsettes at foreldreansvaret ikke kan ivareta barnets behov for helsehjelp ved å gi samtykke etter § 4-4 og det heller ikke – i en periode – vil finnes annet rettsgrunnlag enn fra barnet selv. Etter Helsedirektoratets vurdering bør det vurderes om det skal innføres en samtykkerett for barnet i slike tilfeller, men tydeliggjøres i en eventuell bestemmelse at det kun omhandler helsehjelp av begrenset omfang og intensitet og i en mellomperiode inntil et annet rettsgrunnlag har kommet på plass. Å samtykke til helsehjelp av mer omfattende karakter og i en lengre periode vil være å legge et for stort ansvar på barn under 12 år.»

Barneombudet seier på si side blant anna dette:

«Etter ei heilskapleg vurdering har departementet valt å ikkje foreslå at og barn under 12 år skal få sjølvstendig samtykkekompetanse i spesielle tilfelle etter § 3-4 fjerde ledd i pasient- og brukarrettslova. Høyringsnotatet ber om å få høyringsinstansane sitt syn på dette.
Barneombodet synes det er vanskelig å ta stilling til dette da vi vet for lite om kva som talar for og kva som talar imot. I forslag til ny lov om barnevern foreslår utvalet at barn skal ha partsrett frå 12 år. No er denne grensa 15 år. Det er viktig at det er ei harmonisering mellom dei ulike lovverka for barn. Viss barn under 12 år, i visse tilfelle, får sjølvstendig samtykkekompetanse til helsehjelp kan dette forsterke ei ubalanse mellom de ulike lovverka for barn.
Det er og viktig å hugse at med ein rett kjem og eit ansvar, eit ansvar som Barneombodet er uvisse på om barn under 12 år skal ha.
Barneombodet meiner spørsmålet om barn under 12 år skal ha sjølvstendig samtykkekompetanse, er svært komplekst. På noverande tidspunkt går det ikkje an å svare et eintydig ja eller nei på dette. Det krevjast ein større utgreiing frå departementet si side kor fordelane og ulempene blir veia mot kvarandre. I den samanheng må departementet foreta ein barnets beste vurdering ut frå kva FNs barnekomité seier om at barnets beste er eit tredelt konsept: Det er ei sjølvstendig rettigheit, eit grunnleggjande, fortolkande juridisk prinsipp og ein prosedyreregel, sjå Generell kommentar nr.14 (2013).»

3.4.5 Departementet sine vurderingar og forslag

3.4.5.1 Avgrensa samtykkekompetanse for barn mellom 12 og 16 år

Det forholdet at pasient- og brukarrettslova § 4-3 første ledd bokstav b også i spesielle tilfelle heimlar sjølvstendig samtykkekompetanse til barn under 16 år, følger som tidlegare nemnt ikkje direkte som ei naturleg forståing av lovteksten. Særleg ikkje dersom denne blir lesen saman med pasient- og brukarrettslova § 4-4 første ledd, som regulerer det forholdet at foreldra eller andre som har foreldreansvaret har rett til å samtykke til helsehjelp for pasientar under 16 år. Som beskrive under punkt 3.4.2, følger dette av ei tolking av formuleringa «tiltakets art» i pasient- og brukarrettslova § 4-3 første ledd bokstav b.

Spesielt i tilfelle som fell inn under gjeldande pasient- og brukarrettslova § 3-4 andre ledd, når opplysningar frå pasientar mellom 12 og 16 år ikkje skal givast til foreldre eller andre som har foreldreansvaret av grunnar som bør respekterast, kan ein naturleg konsekvens vere at kompetansen til å samtykke til helsehjelpa må ligge hos barnet sjølv. Når foreldra eller andre som har foreldreansvaret ikkje får informasjon, kan dei heller ikkje samtykke. Departementet viser i denne samanhengen til særmerknaden til § 3-4 i Ot.prp. nr. 12 (1998–99) Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetsloven):

«I annet ledd er det oppstilt et unntak fra hovedregelen om at foreldre eller andre med foreldreansvaret skal ha informasjon. Dette gjelder når pasienten er mellom 12 og 16 år og av grunner som bør respekteres ikke ønsker dette (taushetsplikt for helsepersonell). Det kan være flere årsaker til at foreldrene ikke bør informeres om barnets kontakt med helsetjenesten, både rent personlige (f.eks. mishandlingssaker) og ulike overbevisningsgrunner. Eksempel på grunn som bør respekteres kan være råd om lettere psykiske problemer pga. mobbing. Dette er et unntak fra hovedregelen om at foreldrene har full samtykkekompetanse på vegne av barn under 16 år.»

Vi viser òg til helsepersonellova § 22 andre ledd. Det følger av hovudregelen etter § 22 første ledd første punktum at teieplikta ikkje er til hinder for at opplysningar blir gjort kjende for den som opplysningane direkte gjeld, eller for andre i den grad den som har krav på teiing, samtykker. Det følger vidare av andre ledd at for personar under 16 år gjeld reglane i pasient- og brukarrettslova § 4-4 og 3-4 andre ledd tilsvarande for samtykke etter første ledd. § 22 andre ledd opnar såleis for at pasientar sjølve kan samtykke i den grad dette følger av dei nemnde føresegnene i pasient- og brukarrettslova.

Departementet meiner framleis at det vil vere ein fordel om denne avgrensa samtykkekompetansen går klart fram av lova. Departementet opprettheld derfor forslaget om å innføre ein ny bokstav c som regulerer dette i pasient- og brukarrettslova § 4-3 første ledd. Departementet viser vidare til at departementet i punkt 3.3.5.1, foreslår å innføre eit nytt snevert unntak frå plikta til å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret i pasient- og brukarrettslova § 3-4 tredje ledd. Også i tilfelle som fell inn under dette unntaket, bør pasienten eller brukaren sjølv kunne ha samtykkekompetanse når pasienten er mellom 12 og 16 år. Departementet opprettheld derfor også forslaget om at dette blir innført i ny bokstav c i pasient- og brukarrettslova § 4-3 første ledd.

Departementet er vidare einig med Helsedirektoratet i at alternativet «tiltakets art» bør gå fram av ny bokstav c, slik at det ikkje skal oppstå tvil om at pasientar mellom 12 og 16 år framleis, og i tråd med gjeldande rett, også kan oppnå samtykkekompetanse i andre tilfelle enn det som er omfatta av forslaget til pasient- og brukarrettslova § 3-4 andre og tredje ledd. Det kan vere situasjonar der barn under 16 år ønsker helsehjelp som foreldre ikkje samtykker til og der den sjølvstendige samtykkeretten til barnet hittil har blitt utleida av «tiltakets art» etter gjeldande § 4-3 første ledd bokstav b. Sjå omtale av dette under punkt 3.4.2. Men sidan alternativet «tiltakets art» etter gjeldande § 4-3 første ledd bokstav b òg kan føre til at retten oppstår etter fylte 16 år, må alternativet «tiltakets art» òg framleis gå fram av § 4-3 første ledd bokstav b.

I tillegg til forslaget om ein ny bokstav c i § 4-3 første ledd, foreslår departementet å oppretthalde forslaget om å føye til ein referanse til § 4-3 første ledd bokstav c i pasient- og brukarrettslova § 4-4 første ledd. Departementet foreslår at det skal gå fram av første ledd at hovudregelen om at foreldre eller andre som har foreldreansvaret har rett til å samtykke til helsehjelp for pasientar under 16 år, ikkje gjeld for pasientar mellom 12 og 16 år når dei har sjølvstendig samtykkekompetanse etter § 4-3 første ledd bokstav c.

Forslaga til endringar i pasient- og brukarrettslova §§ 4-3 første ledd, 4-4 første ledd og 3-4 fører til at det òg blir foreslått ei endring i helsepersonellova § 22 andre ledd. I lys av forslaga til endringar i pasient- og brukarrettslova foreslår departementet å fjerne dagens referanse til pasient- og brukarrettslova § 3-4 andre ledd i helsepersonellova § 22 andre ledd. § 22 vil då berre vise til pasient- og brukarrettslova § 4-4. Pasient- og brukarrettslova § 4-4 vil likevel vise vidare til § 4-3 ny bokstav c, som regulerer den avgrensa samtykkekompetansen for barn mellom 12 og 16 år.

3.4.5.2 Høve til å ta avgrensa avgjersler om helsehjelp for barn under 12 år

Når det gjeld spørsmålet om avgrensa samtykkekompetanse for pasientar og brukarar under 12 år, har departementet gjort ei ny vurdering i lys av høyringsfråsegnene. Departementet meiner framleis at det er hensiktsmessig og ønskeleg å vidareføre dagens system med at barn sin avgrensa samtykkekompetanse tar utgangspunkt i alder.

I situasjonar der foreldra eller andre som har foreldreansvaret ikkje skal informerast etter forslaget til pasient og brukarrettslova § 3-4 nytt tredje ledd, og der pasienten eller brukaren er under 12 år, kan det dreie seg om alvorleg informasjon av ein karakter som gjer at det ligg føre opplysningsplikt overfor barnevernet. I desse tilfella vil barnevernet kunne komme inn og vurdere behovet for å sikre barnet sine interesser. Departementet er likevel einig med høyringsinstansane i at det vil kunne oppstå situasjonar der det ikkje er aktuelt å involvere barnevernet, men der det er behov for framleis å kunne samtale med og yte hjelp til barnet for å avklare situasjonen eller hjelpe barnet med å handtere situasjonen. Ei helsesøster kan for eksempel ha behov for å kunne halde fram med å samtale med barnet i ein periode for å få stadfesta eller avkrefta ein mistanke. Alternativt kan vidare samtalar avhjelpe problemet eller bidra til at barnet blir trygg på at problemet kan og bør takast opp med foreldra.

Dersom det ikkje blir ytt helsehjelp, blir ikkje spørsmålet om samtykke aktuelt. Men helsehjelp er definert breitt. Det følger av helsepersonellova § 3 tredje ledd kva som er meint med helsehjelp: «enhver handling som har forebyggende, diagnostisk, behandlende, helsebevarende, rehabiliterende eller pleie- og omsorgsformål og som utføres av helsepersonell». Det kan derfor ikkje utelukkast at det kan oppstå situasjonar der det vil vere behov for å yte hjelp som etter definisjonen vil vere helsehjelp.

Departementet meiner likevel framleis at det ikkje er ønskeleg å opne opp for sjølvstendig samtykkekompetanse for barn under 12 år. Departementet ønskjer å styrke barnet sin rett til å medverke når det blir ytt helsehjelp, og til å bli høyrt før det blir samtykka til helsehjelp på vegner av barnet. Her skal evna til å danne seg eigne synspunkt samt alder og modenskap vere utgangspunktet for vektlegginga av barnet sitt eige syn. Det å gi barn sjølvstendig rett til å samtykke til helsehjelp er noko anna enn å medverke. Det kan vere komplisert å få full innsikt i korleis ein skal vege dei ulike omsyna opp mot kvarandre, og sjå konsekvensane av samtykket fullt ut. Med ein rett til å samtykke kjem òg eit ansvar. Ut frå omsynet til kva som er best for barnet, bør dette ansvaret slik departementet ser det, ikkje leggast over på barn under 12 år.

Departementet har komme fram til at det i staden bør fremmast eit forslag om at den som yter helsehjelp til barnet, i desse særlege tilfella der det ikkje kan innhentast samtykke frå andre, kan ta avgjersler om helsehjelp. Dette bør avgrensast til helsehjelp som ut frå situasjonen er strengt nødvendig, og som ikkje er av inngripande karakter med omsyn til omfang og varigheit, i ein avgrensa periode fram til det er mogleg å innhente samtykke.

Vi viser i denne samanhengen til det høvet personell som yter helsehjelp i dag har overfor pasientar over 18 år som ikkje har samtykkekompetanse. Høvet følger av pasient- og brukarrettslova § 4-6 første ledd, som lyder slik:

«Dersom en pasient over 18 år ikke har samtykkekompetanse etter § 4-3 annet ledd, kan den som yter helsehjelp, ta avgjørelser om helsehjelp som er av lite inngripende karakter med hensyn til omfang og varighet.»

Departementet foreslår at høvet personell skal få til å ta avgjersler om helsehjelp overfor barn under 12 år, skal vere meir avgrensa enn høvet til å ta avgjersler om helsehjelp for pasientar over 18 år etter § 4-6 første ledd. For barn under 12 år blir det i tillegg foreslått som vilkår at helsehjelpa må vere strengt nødvendig ut frå situasjonen. Høvet til å ta avgjersler skal vidare berre gjelde for ein avgrensa periode fram til det kan innhentast samtykke frå foreldre eller andre som har foreldreansvaret.

Når det gjeld barn under 12 år, meiner departementet at det er viktig å sikre at situasjonen så snart som mogleg blir endra, slik at dei som har omsorga for barnet, kan samtykke til helsehjelpa barnet treng. Når barn er så unge, vil det å vere involvert i og ta ansvar for helsa til barnet vere ein viktig del av omsorgsfunksjonen.

Bak avgjersla om ikkje å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret skal det ligge ei vurdering av kva som er det beste for barnet, jf. punkt 3.3.5.1. Denne vurderinga må òg leggast til grunn for vurderinga av om denne strengt nødvendige og avgrensa helsehjelpa skal ytast.

Departementet legg elles til grunn at dette høvet når det gjeld barn under 12 år ikkje opnar verken for å kunne gjere operative inngrep eller medisinering. Det vil først og fremst opne for at personell kan halde fram med å samtale med barnet for å prøve og avklare situasjonen nærmare, få stadfesta eller avkrefta ein mistanke eller hjelpe barnet med å handtere situasjonen. Det å hjelpe barnet med å handtere situasjonen vil kunne omfatte det å bidra til at barnet blir trygg på at problemet kan og bør takast opp med foreldra, jf. punkt 3.3.5.1.

Departementet foreslår at dette høvet til å ta avgjersle om helsehjelp skal gå fram av nytt sjette ledd i pasient- og brukarrettslova § 4-3.

3.5 Barn sin rett til å bli høyrde ved samtykke på vegner av barn

3.5.1 Innleiing

Det har frå fleire hald blitt teke til orde for å vurdere den gjeldande 12-årsgrensa i pasient- og brukarrettslova § 4-4 fjerde ledd, om retten barn har til å bli høyrde i helsespørsmål. Spørsmålet er blant anna om aldersgrensa bør endrast frå 12 til 7 år eller fjernast.

På oppdrag for Barne- og likestillingsdepartementet skreiv professor dr. juris Karl Harald Søvig ved Universitetet i Bergen i 2009 utgreiinga «Barnets rettigheter på barnets premisser – utfordringer i møtet mellom FNs barnekonvensjon og norsk rett.»

I utgreiinga drøftar Søvig retten barn har til å uttale seg samt ulike aldersgrenser. Søvig meinte at den dåverande pasientrettslova § 4-4 tredje ledd (som svare til gjeldande pasient- og brukarrettslov § 4-4 fjerde ledd) må tolkast i lys av endringane i barnelova § 31, der det no heiter at barn normalt skal høyrast frå 7-årsalderen. Han var likevel uroa for at reglane i pasientrettslova blei praktisert i samsvar med ordlyden, og trekte som eksempel fram rundskrivet frå Sosial- og helsedirektoratet som då gjaldt, og som viste til 12 år «som den skjellsettende aldersgrensen», jf. punkt 4.2.3 i utgreiinga, 3. avsnitt avslutningsvis.

I den supplerande rapporten frå Barneombudet til FN sin komité for barns rettar frå 2009 tok Barneombudet opp spørsmålet om retten barnet har til å bli høyrt i helsespørsmål. Dette går fram av rapporten under kapittel 1:

«Det fremgår av pasientrettighetsloven at alle barn skal få informasjon om egen helse parallelt med sine foreldre. Det er foreldre som i utgangspunktet skal samtykke til helsehjelp for barn som er under 16 år, men barnet skal høres før samtykke gis etter hvert som barnet blir eldre. Det er imidlertid først når barnet blir 12 år at loven er tydelig på at barnet skal få si sin mening i alle spørsmål som angår helse. Barneombudet stiller seg undrende til at kravet til når barnet må høres i helsespørsmål er satt til 12 år, når det i annen lovgivning angis en grense på 7 år.»

Av avsluttande merknader 29. januar 2010, frå FN sin komité for barn sine rettar under FN sin konvensjon om barn sine rettar, står dette under punkt 9:

«Komiteen anbefaler at partene fortsetter arbeidet med å tilpasse norsk lov til konvensjonen, herunder gjennom lovendringer eller nye lover når det gjelder barns rett til å bli hørt i helsespørsmål, vern om barnets rett til privatliv og regelverk for utnevning av verger for barn som er skilt fra sine foreldre.»

I brev til Helse- og omsorgsdepartementet 13. februar 2012 tok Barneombudet spørsmålet opp på nytt. Barneombudet stilte konkret spørsmål ved kvifor det er forskjell på helselovgivinga og barnelova når det gjeld aldersgrenser for når barn skal høyrast, og spurte vidare om korleis departementet ville følge opp retten yngre barn har til å bli høyrde i helsespørsmål.

3.5.2 Gjeldande rett

Pasient- og brukarrettslova § 4-4 reguler i ei eiga føresegn samtykke til helsehjelp på vegner av barn. Ifølge første ledd er hovudregelen at foreldra eller andre som har foreldreansvaret har rett til å samtykke til helsehjelp for pasientar under 16 år. Det følger vidare av fjerde ledd at etter kvart som barnet utviklar seg og blir meir modent, skal foreldra til barnet, andre som har foreldreansvaret eller barnevernstenesta høyre kva barnet har å seie, før dei gir samtykke. Når barnet har fylt 12 år, skal det få seie si meining i alle spørsmål som gjeld eigen helse, og det skal leggast aukande vekt på kva barnet meiner, i samsvar med alder og modenskap.

§ 4-4 fjerde ledd kom inn i pasient- og brukarrettslova då ho blei vedteken i 1999. Føresegna er ei vidareføring av det som tidlegare følgde av legelova § 32 andre ledd, som hadde denne ordlyden:

«Er vedkommende under 16 år, skal samtykke gis av foreldre eller foresatte. Er vedkommende mellom 12 og 16 år, skal hans mening høres.»

I tillegg er føresegna i § 4-4 fjerde ledd òg utforma relativt parallelt med ordlyden i barnelova slik ho lydde i 1999, særleg § 31 om barnet sin rett til å vere med på avgjersler og § 33 om barnet sin sjølvråderett. Men etter dette har barnelova § 31 blitt endra to gonger. Sjå omtalen av dette under punkt 3.1.

Etter gjeldande § 4-4 fjerde ledd første punktum skal foreldra til barnet, andre som har foreldreansvaret eller barnevernet høyre kva barnet har å seie før dei gir samtykke, etter kvart som barnet utviklar seg og blir meir modent. Det er ikkje stilt opp noka 12-årsgrense for dette. Samtidig har § 4-4 fjerde ledd andre punktum denne ordlyden: «Når barnet er fylt 12 år, skal det få si sin mening i alle spørsmål som angår egen helse.»

Helsedirektoratet sitt rundskriv IS-8/2015 «Pasient- og brukerrettighetsloven med kommentarer» omtaler pasient- og brukarrettslova § 4-4 fjerde ledd. Her blir det gjort greie for korleis føresegna skal forståast og praktiserast i lys av andre sentrale føresegner. Av omtalen går blant anna dette fram:

«Det fremgår av bestemmelsen at når barnet er 12 år skal barnet få si sin mening i alle spørsmål som angår egen helse. Selv om det ikke er særlig krav om at barn under 12 år høres må det likevel legges til grunn at også yngre barn skal høres, jf. første setning i fjerde ledd i bestemmelsen. Det er i samsvar med barnekonvensjonen artikkel 12 (1), som slår fast at barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter har rett til fritt å gi uttrykk for disse i alle forhold som vedrører barnet, og at barnets syn skal tillegges «behørig vekt i samsvar med dets alder og modenhet». Det er også i tråd med barneloven §§ 31 og 33 om barns rett til å bli hørt og delta i avgjørelser om personlige forhold for barnet.
Barns rett til å bli hørt er også tatt inn i den nye grunnlovsbestemmelsen om barns rettigheter i § 104 hvor det fremgår at «Barn har krav på respekt for sitt menneskeverd. De har rett til å bli hørt i spørsmål som gjelder dem selv, og deres mening skal tillegges vekt i overensstemmelse med deres alder og utvikling.»
Barnets rett til å bli hørt er nært knyttet til retten til medbestemmelse, som innebærer at barnets syn på saken gradvis skal ha større betydning etter hvert som barnet utvikles og modnes. Lovens ordlyd er at det skal legges økende vekt på hva barnet mener ut fra alder og modenhet. Høring av barn er en forutsetning for at barnet gis reell innflytelse.»

3.5.3 Forslag i høyringsnotatet

Departementet vurderte spørsmålet om endring i pasient- og brukarrettslova § 4-4 fjerde ledd blant anna i lys av barnekonvensjonen artikkel 12, Grunnlova § 104 og barnelova § 31.

Departementet foreslo eit nytt § 4-4 femte ledd om at barnet skal få informasjon og bli høyrt frå det er i stand til å danne seg eigne synspunkt på det samtykket dreier seg om, og få sjansen til å seie si meining før spørsmålet om samtykke blir avgjort. Det blei foreslått at dette skal gjelde seinast frå barnet fyller 7 år. Vidare blei det foreslått at det skal leggast vekt på kva barnet meiner, i samsvar med alder og modenskap, og at det frå fylte 12 år skal leggast stor vekt på kva barnet meiner.

3.5.4 Høyringsinstansane sitt syn

Departementet sitt forslag har fått støtte frå dei fleste av dei som har uttalt seg om det.

Helsedirektoratet støttar forslaget og peiker på at det no blir heilt tydeleg at også barn under 12 år skal høyrast før det blir gitt samtykke til helsehjelp, og alltid frå dei har fylt 7 år.

Statens helsetilsyn seier dette:

«§ 4-4 regulerer rett til å samtykke på vegne av barn. Departementet gir også her en adgang til å gi barn under sju år adgang til å si sin mening til foreldre/andre med foreldreansvar/ barneverntjenesten, før spørsmål om å samtykke til helsehjelp avgjøres. Dette harmonerer etter vår vurdering med de øvrige bestemmelsene, også innen barnevern (jf. ny bestemmelse om barnets rett til medvirkning).»

Barneombudet viser til at ombodet fleire gonger har bede departementet om å vurdere aldersgrensa for barn sin rett til å bli høyrde i helsespørsmål, og at FN sin barnekomité gav ein avsluttande merknad om dette i 2010. Barneombudet uttaler vidare dette:

«Barneombodet er derfor glade for at departementet nå ynskjer å endre på denne aldersgrensa.
Barneombodet støtter forslaget om eit nytt § 4-4 femte ledd i pasient- og brukarrettslova om at barnet skal få informasjon og bli høyrd frå det er i stand til å danne seg eigne synspunkt på det samtykket dreier seg om, og få sjansen til å seie sin meining før spørsmålet om samtykke blir avgjort. Vi støtter forslaget om at dette gjeld seinast frå barnet er 7 år. Vi støtter og at det går fram av lova at det skal legge vekt på kva barnet meiner etter kor gammalt og modent barnet er, og at det skal leggast stor vekt på kva barnet meiner frå det er 12 år.»

Kreftforeningen støttar òg at barn skal ha rett til å uttale seg seinast frå sjuårsalderen i tråd med barnelova, og seier dette:

«Vi synes det er viktig at barn skal bli hørt fra de er i stand til å danne seg egne synspunkter. Kreftforeningen synes det er bra at det settes en spesifikk aldersgrense fordi erfaring tilsier at ved å overlate til voksne å vurdere når barn kan få medbestemmelse ofte fører til at voksne vurderer en mye høyere alder enn 7 år. Dette vil derfor sikre barnet mulighet for informasjon og medbestemmelse allerede i ung alder.»

Forskergruppe for barnerett ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø meiner at gjeldande § 4-4 i pasient- og brukarrettslova, der det er vist til ei 12-årsgrense, etter ordlyden er i strid med Grunnlova § 104 første ledd andre punktum og barnekonvensjonen artikkel 12 nr. 1. Forskargruppa meiner derfor at det er nødvendig å endre ordlyden. Men forskargruppa uttaler vidare:

«Imidlertid er vi skeptiske til at det i utkastet til ny bestemmelse blir vist til henholdsvis en sju- og en 12 årsgrense. Ved at det vises til aldersgrenser kan disse bli oppfattet å være retningsgivende i større grad enn hva som er lovgivers intensjon. Dermed er det fare for at henvisningene til aldersgrensene påvirker barns rettigheter. Vi viser her til departementets egen formulering i høringsutkastet side 8: «Samtidig som barnekonvensjonen artikkel 12 blei inkorporert i norsk rett, blei aldersgrensa for retten barn skal ha til å uttale seg, seinka frå 12 til sju år …» (Vår understreking.)
Verken Grunnloven § 104 første ledd andre punktum eller Barnekonvensjonen artikkel 12 angir en nedre aldersgrense for barnets rett til å bli hørt. Det avgjørende er en konkret vurdering av barnets alder og modenhet. Ved å innta henvisninger til barnets alder kan det bidra til at barnet må «bevise» sin modenhet for å få ta del i denne grunnleggende menneskerettigheten. Selv om det ikke er lovgivers intensjon, mener vi at lovgiver må være oppmerksom på at de som skal anvende loven kan oppfatte ordlyden slik. At barneloven § 31 er utformet på tilsvarende vis som den foreslåtte nye § 4-4 femte ledd, er etter forskergruppens syn ikke et tungtveiende argument. Departementet har flere steder i høringsutkastet vist til samfunnsutviklingen med et endret syn på barn som selvstendige individ, noe de åpenbart er, og den rettslige utviklingen som har funnet sted. Etter vår oppfatning har departementet tatt hensyn til dette ved utformingen av ordlyden i ny § 3-1 første ledd og § 3-4, men altså ikke ved § 4-4 femte ledd. Vi viser også til NOU 2016: 16 «Ny barnevernslov» der barnevernsutvalget har foreslått å ta bort henvisninger til aldersgrenser når det gjelder barnets rett til å bli hørt.»

Redd Barna uttaler at dei er svært positive til at departementet vil endre § 4-4, slik at denne samsvarer betre med barnekonvensjonen artikkel 12 og Grunnlova § 104. Redd Barna uttaler likevel vidare:

«Redd Barna vil vise til at FNs barnekomitée fraråder innføring av aldersgrenser, da disse kan virke som hinder mot at yngre barn blir hørt. Vi viser også til punkt 6.2.4.1 i Prop. 85 L (2012–2013) Endringer i barnelova (barneperspektivet i foreldretvister) kapittel 6, som ble utarbeidet i forbindelse med de siste endringene i barneloven § 31, hvor det er referert til forskning som viser at de yngste barna ikke i tilstrekkelig grad blir hørt i saker etter barneloven, til tross for forutsetningen i barneloven om at barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter, skal høres. På bakgrunn av dette er Redd Barna kritiske til at det også i ny § 4-4 femte ledd om barnets rett til informasjon og bli hørt, innføres tilsvarende aldersgrense på senest fra barnet fyller 7 år, for å uttrykke meningene sine, og 12 år, for når det skal legges stor vekt på hva barnet mener. Redd Barna anbefaler departementet å avstå fra slike aldersgrenser, men heller henvise til en konkret vurdering av barnets alder og modenhet, når barnets synspunkter skal vektlegges. Dette vil i større grad styrke retten til å bli hørt for alle barn i spørsmål som i aller høyeste grad angår dem selv, egen helse.»

3.5.5 Departementet sine vurderingar og forslag

Utviklinga har dei seinare åra gått i retning av at barn i større grad blir rekna som sjølvstendige individ og i aukande grad får rett til medverknad og medråderett i saker som gjeld dei. Departementet har ingen grunn til å tru at denne utviklinga ikkje òg har innverka på i kva grad barn i dag blir høyrde i spørsmål som gjeld deira eiga helse. Departementet ser likevel at det er ein fare for at formuleringa i pasient- og brukarrettslova § 4-4 fjerde ledd andre punktum kan bli lest isolert og ikkje sett inn i ein større samanheng. Dette kan føre til at barn i enkelte tilfelle ikkje blir trekte inn før dei fyller 12 år.

I lys av dette, og med utgangspunkt i barnekonvensjonen artikkel 12, Grunnlova § 104 og barnelova §§ 31 og 33, meiner departementet at ordlyden i § 4-4 fjerde ledd bør endrast slik at han samsvarer betre med desse rettslege grunnlaga. Det er så langt departementet kan sjå ingen av høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet som ikkje støttar dette.

Når det gjeld spørsmålet om vi bør regulere barn generelt eller sette 7 år som retningsgivande alder, i tråd med barnelova § 31 andre ledd, har departementet sett på synspunkta til høyringsinstansane og gjort ei ny vurdering der dei motstridande omsyna er vegne mot kvarandre.

I samband med den siste endringa av barnelova § 31 drøfta det dåverande Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet spørsmålet om 7-årsgrensa burde fjernast, jf. Prop. 85 L (2012–2013) Endringer i barnelova (barneperspektivet i foreldretvisten) kapittel 6. Det blei under punkt 6.2.4.1 referert til forsking som viser at dei yngste barna ikkje i tilstrekkeleg grad blir høyrde i saker etter barnelova, til tross for føresetnaden i barnelova om at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal høyrast, jf. § 31 andre ledd, jf. første ledd. Det blei vidare vist til at spørsmålet om barn si deltaking er spesielt knytt opp mot barnekonvensjonen artikkel 12. Det blei så sitert frå dei generelle kommentarane frå FN sin barnekomité til artikkel 12, der komiteen blant anna uttalte dette om aldersgrenser:

«Partene skal garantere ethvert barn som er «i stand til å danne seg egne synspunkter», retten til å bli hørt. Denne formuleringen skal ikke ses på som en begrensning, men heller som en forpliktelse for partene til å vurdere barnets evne til å danne seg en selvstendig oppfatning, i den grad det er mulig. Dette betyr at partene ikke bare kan anta at et barn ikke er i stand til å gi uttrykk for egne oppfatninger. Tvert imot skal partene gå ut fra at barnet har evne til å danne seg egne synspunkter, og erkjenne at hun eller han har rett til å gi uttrykk for disse synspunktene. Det skal ikke være opp til barnet å først bevise at det har denne evnen.»

Dette går fram til slutt av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet si drøfting:

«I de generelle merknadene fra FNs barnekomité til artikkel 12 fraråder komiteen å innføre aldersgrenser som kan begrense barnets rett til å bli hørt. Etter departementets syn sikrer den foreslåtte tilføyelsen i bestemmelsen at barns uttalerett er i overensstemmelse med barnekonvensjonen. Departementet ønsker imidlertid ikke å fjerne syvårsgrensen, da denne har vist seg å være effektiv for å styrke barns rett til å bli hørt fra syvårsalder.»

Departementet har etter ei ny vurdering ikkje endra syn på dette spørsmålet. Departementet vurderer det slik at det er omsyn som taler både for og mot å innføre ei retningsgivande 7-årsgrense. På den eine sida kan ei retningsgivande 7-årsgrense verke som eit hinder for at yngre barn blir høyrde. På den andre sida bidreg ho til å sikre at barn i alle fall blir høyrde frå og med denne alderen. Departementet ser det slik at den gjeldande § 31 i barnelova andre ledd prøver å sikre det sistnemnde og samtidig motverke det førstnemnde ved å knyte 7-årsgrensa direkte opp mot det forholdet at det same òg gjeld yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt.

Departementet har komme fram til at det er hensiktsmessig å knyte ny ordlyd i § 4-4 fjerde ledd nærmast mogleg opp mot den gjeldande § 31 i barnelova. I tråd med konklusjonen i Prop. 85 L (2012–2013) Endringer i barnelova (barneperspektivet i foreldretvisten) foreslår departementet derfor tilsvarande 7-årsgrense i ny § 4-4 femte ledd i pasient- og brukarrettslova. I tillegg foreslår departementet òg ei tilsvarande 12-årsgrense som den i barnelova § 31 andre ledd for når det skal leggast stor vekt på kva barnet meiner.

Departementet foreslår ut frå dette å oppretthalde forslaget om nytt § 4-4 femte ledd i pasient- og brukarrettslova. Foreldra, andre som har foreldreansvaret eller barnevernstenesta skal gje barnet informasjon og høve til å seie si meining før spørsmålet om samtykke blir avgjort, frå barnet er i stand til å danne seg eigne synspunkt på det samtykket dreier seg om. Dette skal gjelde seinast frå barnet fyller 7 år. Det skal vidare leggast vekt på kva barnet meiner, i samsvar med alder og modenskap, og frå fylte 12 år skal det leggast stor vekt på kva barnet meiner. Etter departementet sitt syn inneber dette forslaget ei god tilpassing til barnekonvensjonen artikkel 12, samtidig som det er knytt opp mot Grunnlova § 104 og stemmer godt overeins med barnelova § 31.

Departementet vil vidare gjere merksam på at departementet også foreslår ei reint språkleg endring i pasient- og brukarretsslova §§ 1-3 bokstav b, 3-4 og 4-4, ved at «foreldrene eller andre med foreldreansvaret» blir endra til «foreldre eller andre som har foreldreansvaret».

3.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovforslaga under kapittel 3 omfattar dette:

  • Retten barn har til å få informasjon og bli høyrde skal gå direkte fram av pasient- og brukarrettslova.

  • Det skal innførast ein snever tilgang i pasient- og brukarrettslova til ikkje å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, også når pasienten eller brukaren er under 12 år.

  • Det skal gå fram av pasient- og brukarrettslova at barn under 16 år i spesielle avgrensa tilfelle har sjølvstendig samtykkekompetanse.

  • Det skal innførast ein snever tilgang i pasient- og brukarrettslova til at den som yter helsehjelp, i eit særleg tilfelle kan ta avgjersle om strengt nødvendig og avgrensa helsehjelp for barn under 12 år.

  • Det skal gå fram av pasient- og brukarrettslova at foreldra, andre som har foreldreansvaret eller barnevernstenesta skal gje barnet informasjon og høve til å seie si meining før spørsmålet om samtykke blir avgjort, frå barnet er i stand til å danne seg eigne synspunkt på det samtykket dreier seg om. Dette skal gjelde seinast frå barnet fyller 7 år. Det skal vidare leggast vekt på kva barnet meiner, i samsvar med alder og modenskap, og frå fylte 12 år skal det leggast stor vekt på kva barnet meiner.

Med unntak av forslaget om å innføre ein snever tilgang i pasient- og brukarrettslova til ikkje å informere foreldra eller andre som har foreldreansvaret, også når pasienten eller brukaren er under 12 år, og forslaget om å innføre ein snever tilgang i pasient- og brukarrettslova til at den som yter helsehjelp, i særlege tilfelle kan ta avgjersle om strengt nødvendig og avgrensa helsehjelp for barn under 12 år, er forslaga først og fremst ei klargjering av kva som gjeld for barn sin rett til medverknad og medråderett når dei tek imot helse- og omsorgstenester. Forslaga kan bidra til at barnet og barneperspektivet blir betre teke vare på når barn tek imot helse- og omsorgstenester.

Det er fleire høyringsinstansar som gir uttrykk for at forslaga under kapittel 3 bør følgast opp med informasjons- og rettleiingsmateriell for å sikre god praktisering. Dersom lovendringane blir vedtekne, vil Helsedirektoratet oppdatere rundskriva sine til pasient- og brukarrettslova og helsepersonellova og legge ut informasjon på nettsidene sine.

Departementet legg til grunn at forslaga ikkje vil få økonomiske eller administrative konsekvensar i særleg grad.

Til forsida