Prop. 75 L (2016–2017)

Endringar i pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova m.m. (styrking av rettsstillinga til barn ved yting av helse- og omsorgstenester m.m.)

Til innhaldsliste

4 Regulering av rettane til både «pasient» og «brukar» i enkelte føresegner i pasient- og brukarrettslova

4.1 Innleiing og gjeldande rett

Før helse- og omsorgstenestelova blei vedteken, regulerte kommunehelsetenestelova, pasientrettslova og sosialtenestelova retten den enkelte pasienten eller brukaren hadde til nærmare definerte tenester eller ytingar frå helse- og sosialtenesta i kommunen.

Då helse- og omsorgstenestelova blei vedteken, blei reguleringa av rettar samla i det som då blei heitande pasient- og brukarrettslova. Kva materielle og prosessuelle rettar den enkelte vil ha til konkrete helse- og omsorgstenester, avheng etter dette av om vedkomande er å rekne som høvesvis «pasient» eller «bruker», jf. pasient- og brukarrettslova § 1-3 høvesvis bokstav a og bokstav f.

Fleire av føresegnene i pasient- og brukarrettslova blei endra då lova blei vedteken, slik at rettar som tidlegare berre gjaldt for pasientar, òg skulle gjelde for brukarar som tek imot kommunale helse- og omsorgstenester. Lovteknisk bestod endringane i at omgrepet «bruker» i fleire føresegner blei lagt til i tillegg til omgrepet «pasient». Departementet viste likevel til at fleire av føresegnene i lova var konkret innretta mot og grunngidde ut frå særlege omsyn som gjorde seg gjeldande ved yting av helsehjelp. Det blei derfor konkludert med at fleire føresegner ikkje direkte kunne overførast til situasjonar der brukarar tek imot tenester som tidlegare var omfatta av sosialtenestelova, altså tenester som no er omfatta av helse- og omsorgstenestelova, men som ikkje blir rekna som «helsehjelp», jf. pasient- og brukarrettslova § 1-3 bokstav c.

I tråd med dette blei omgrepet «bruker» blant anna ikkje innført i pasient- og brukarrettslova § 3-1 første ledd andre punktum og tredje ledd, § 3-3 første og andre ledd og § 3-4.

Departementet har komme fram til at det er behov for å vurdere om «bruker» bør innførast i fleire føresegner i pasient- og brukarrettslova.

4.2 Forslag i høyringsnotatet

Departementet foreslo å endre pasient- og brukarrettslova § 3-1 (Pasientens og brukerens rett til medvirkning) første ledd, § 3-3 (Informasjon til pasientens nærmeste pårørende) første og andre ledd og § 3-4 (Informasjon når pasienten er mindreårig), slik at desse blir utvida til også å gjelde overfor personar som blir rekna for «bruker» etter lova.

Slik departementet såg det, vil forslaget ikkje gi behov for nemneverdige endringar i forhold til gjeldande praksis. Departementet la til grunn at helse- og omsorgstenesta allereie i dag langt på veg sørger for at også brukarar får rett til medverknad og får informasjon ved yting av helse- og omsorgstenester.

Forslaget til endring i § 3-3 første og andre ledd førte til at departementet også foreslo endring i § 1-3 (Definisjoner) bokstav b. Bokstav b definerer i dag pasienten sin pårørande. Departementet foreslo endringar som gjer at bokstav b vil definere både pasienten og brukaren sin pårørande.

4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Helsedirektoratet har uttalt seg særskilt om forslaget, og seier dette:

«Enkelte bestemmelser i pasient- og brukerrettighetsloven gjelder bare for pasienter. Helsedirektoratet støtter forslaget som innebærer at flere bestemmelser også skal gjelde for brukere. Det er positivt at regelverket blir harmonisert slik at pasienter og brukere får de samme rettigheter.
Helsedirektoratet støtter også forslag til endringer i pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 bokstav b som innebærer at også brukerens nærmeste pårørende blir definert.»

4.4 Departementet sine vurderingar og forslag

Departementet legg til grunn at helse- og omsorgstenesta allereie i dag langt på veg sørgjer for at også brukarar får rett til medverknad og får informasjon ved yting av helse- og omsorgstenester. I samband med dette viser departementet blant anna til at det følger av helse- og omsorgstenestelova § 2-1 at helsepersonellova skal gjelde for alt personell som yt tenester som er omfatta av helse- og omsorgstenestelova. Det er teke inn fleire føresegner i helsepersonellova som indirekte eller direkte kjem til å innebere at både pasientar og brukarar må få rett til å medverke og få informasjon ved yting av helse- og omsorgstenester. Departementet viser her blant anna til kravet om forsvarlegheit etter helsepersonellova § 4. I mange tilfelle vil det vere nødvendig med tilstrekkeleg medverknad og informasjon for å kunne yte forsvarlege tenester. Departementet viser òg til helsepersonelllova § 10, § 10 a og § 41, som alle har rett til medverknad og informasjon som ein føresetnad eller eit grunnlag. Departementet viser vidare til at lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (heretter forvaltningslova) for ein stor del vil gjelde når ein skal tildele helse- og omsorgstenester som ikkje blir rekna som «helsehjelp», jf. pasient- og brukarrettslova § 2-7 og helse- og omsorgstenestelova § 2-2. Forvaltningslova si regulering av plikta til rettleiing i § 11, førehandsvarsling i § 16 og utgreiing og informasjon i § 17, samt retten parten har til å få innsyn i dokument i § 18 med fleire, vil langt på veg sikre dei same omsyna som føresegnene i pasient- og brukarrettslova om medverknad og informasjon.

Når det gjeld pasient- og brukarrettslova § 3-2 om retten pasienten og brukaren har til informasjon, blei det i samband med helse- og omsorgstenestelova teke inn ei generell regulering av rettane brukaren har, i form av eit nytt sjuande ledd, samtidig som omgrepet «bruker» blei teke inn i fjerde og femte ledd av føresegna. Omgrepet «bruker» blei derimot ikkje teke inn i første, andre, tredje og sjette ledd av føresegna, og desse delane av føresegna gjeld dermed berre for «pasient».

I likskap med dei vurderingane som blei gjort i samband med helse- og omsorgstenestelova, meiner departementet at pasient- og brukarrettslova § 3-2 første, andre, tredje og sjette ledd framleis berre bør gjelde for «pasient». Desse føresegnene er konkret retta inn mot og grunngidde ut frå særlege omsyn som gjer seg gjeldande når helse- og omsorgstenesta yt helsehjelp til pasientar, og kan ikkje direkte overførast til situasjonar der brukarar tek imot tenester som ikkje blir rekna som helsehjelp. Som nemnt er det derimot teke inn ei generell regulering av retten brukaren har til å få informasjon i pasient- og brukarrettslova § 3-2 sjuande ledd. Departementet reknar med at denne føresegna på ein god nok måte vil sikre retten brukarane har til å få informasjon. Departementet viser òg til det som er uttalt over om medverknad og informasjon etter helsepersonellova og forvaltningslova.

Departementet opprettheld på bakgrunn av dette forslaget om å endre pasient- og brukarrettslova § 3-1 første ledd, § 3-3 første og andre ledd og § 3-4, slik at desse blir utvida til også å gjelde for personar som blir rekna som «brukar» etter lova.

Forslaget til endring i § 3-3 første og andre ledd (som etter ei endring vil gjelde informasjon til pasienten eller brukaren sin nærmaste pårørande) fører til at departementet også foreslår endring i § 1-3 (Definisjoner) bokstav b. Bokstav b definerer i dag pasienten sin pårørande. Departementet foreslår endringar som gjer at bokstav b vil definere både pasienten og brukaren sin pårørande.

I samband med endringane som er nemnde ovanfor foreslår departementet også ei reint språkleg endring i fleire av føresegnene, ved at «pasient og bruker» blir endra til «pasient eller bruker».

4.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringane kjem slik departementet ser det, ikkje til å gi behov for nemneverdige endringar i forhold til gjeldande praksis og vil ikkje få økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida