Prop. 75 L (2016–2017)

Endringar i pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova m.m. (styrking av rettsstillinga til barn ved yting av helse- og omsorgstenester m.m.)

Til innhaldsliste

11 Enkelte tekniske endringar i helsepersonellova

11.1 Innleiing og forslag i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet fleire tekniske endringar i helsepersonellova, som har til hensikt å tydeleggjere eller presisere dei gjeldande føresegnene. I tillegg blei det foreslått å oppheve helsepersonellova § 38, som ikkje har tredd i kraft.

11.2 Høyringsinstansane sitt syn

Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget om tekniske endringar i helsepersonellova, støttar forslaga. Helsedirektoratet uttaler seg slik:

«Departementet foreslår en rekke tekniske endringer i helsepersonelloven (§§ 6, 11, 62 og 74) som skal bidra til å tydeliggjøre innholdet i dagens bestemmelser. I tillegg foreslås det å oppheve helsepersonelloven § 38 som ikke har trådt i kraft. Helsedirektoratet har ingen merknader ut over at vi støtter alle endringsforslag som bidrar til å gjøre lovgivningen enklere å forstå for de som skal anvende regelverket.»

Forslaget om å oppheve helsepersonellova § 38, som ikkje har tredd i kraft, blir òg støtta, med unntak av Tromsø kommune, som seier dette:

«Tromsø kommune kommenterer likevel at det å anta at virksomheten alene skal være ansvarlig for å melde om forholdene, tar ansvaret bort fra det enkelte helsepersonell. Dersom plikten ikke skulle ivaretas, vil det stille enkelt helsepersonell i en uheldig skvis dersom det ikke er hjemmel i lov om at det enkelte helsepersonell har en plikt til å melde i henhold til § 38 i Helsepersonelloven. Kommuneoverlegen mener derfor at § 38 burde stå slik den står, og at den kommunale virksomheten i tillegg omfattes av plikten på lik linje med spesialisthelsetjenesten.»

11.3 Departementet sine vurderingar og forslag

11.3.1 Helsepersonellova § 6

Departementet opprettheld forslaget om å endre helsepersonellova § 6 ved å erstatte ordet «pasienter» med «pasient», slik at det går klart fram av føresegna at plikta i tillegg omfattar ressursbruk ved helsehjelp til den enkelte pasienten. Forslaget har fått god støtte hos høyringsinstansane.

Det følger av helsepersonellova § 6 at helsepersonell skal sørge for at helsehjelpa ikkje påfører pasientar, helseinstitusjon, trygda eller andre unødvendig tidstap. Det går fram av forarbeida til føresegna at plikta i tillegg omfattar ressursbruk ved utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av den enkelte pasienten.

11.3.2 Helsepersonellova § 11

Departementet opprettheld forslaget om å endre helsepersonellova § 11 slik at det går uttrykkeleg fram at føresegna gir heimel for å gjere unntak for kategoriar av legemiddel i forskrifter. Forslaget har fått god støtte hos høyringsinstansane.

Etter helsepersonellova § 11 andre ledd kan departementet i forskrift gi nærmare føresegner om rekvirering av legemiddel, og også om utforming og utfylling av resept og rekvisisjonsblankett. Det kan òg avgjerast at det kan givast unntak for bestemte legemiddel heilt eller delvis når det gjeld denne retten. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt og hensiktsmessig å gjere unntak for kategoriar av legemiddel i staden for å ramse opp kvart enkelt legemiddel innan ein kategori. Ein slik teknikk vil òg bidra til at nye legemiddel i same kategori blir omfatta av unntak utan at forskrifta må endrast. Departementet har tolka den gjeldande føresegna slik at ho òg gir tilgang til å gjere unntak for kategoriar av legemiddel, og endrar derfor føresegna slik at dette uttrykkeleg går fram.

11.3.3 Helsepersonellova § 38

Departementet opprettheld forslaget om å oppheve helsepersonellova § 38. Forslaget har fått god støtte hos høyringsinstansane.

Etter helsepersonellova § 38 har helsepersonell meldeplikt til Fylkesmannen dersom ein pasient blir valda stor personskade som følge av yting av helsehjelp, eller dersom ein pasient eller brukar skadar ein annan. Denne føresegna har ikkje tredd i kraft. Føresegna er først og fremst aktuell for helsepersonell som arbeider i kommunane, ettersom desse ikkje er omfatta av meldeplikta etter spesialisthelsetenestelova § 3-3. Det blei foreslått å oppheve føresegna i Prop. 91 L (2010–2011) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesten), men forslaget blei ikkje følgt opp i lovvedtaket, truleg ved ein feil. I NOU 2015: 11 «Med åpne kort» foreslår utvalet å oppheve den nemnde føresegna.

Fleirtalet i utvalet foreslår å innføre meldeplikt for alle tenesteytarar i spesialisthelsetenesta og i den kommunale helse- og omsorgstenesta, også tenesteytarar utanfor institusjon. Det blir som følge av dette foreslått å utvide spesialisthelsetenestelova § 3-3, noko som inneber at meldeplikta i tillegg vil gjelde for verksemd utanfor helseinstitusjonar. Dette vil òg omfatte private tenesteytarar utan avtale med helseføretak eller regionalt helseføretak. I tillegg blir det foreslått ei ny føresegn i helse- og omsorgstenestelova, som skal utformast på same måte som spesialisthelsetenestelova § 3-3 med dei endringane utvalet foreslår. Utvalet meiner meldeplikta bør ligge hos verksemda, ikkje hos det enkelte helsepersonellet.

NOU 2015: 11 «Med åpne kort» er no til vurdering i departementet etter å ha vore på høyring. I høyringa av utgreiinga er det ikkje komme innspel som tilseier at helsepersonellova § 38 ikkje bør opphevast. Dersom det blir aktuelt å utvide meldeordninga til å omfatte kommunale helse- og omsorgstenester, må det fremmast forslag for Stortinget om lovendringa. Departementet har vurdert det slik at det derfor kan verke uryddig å la § 38 bli ståande i helsepersonellova, ettersom denne ikkje har tredd i kraft.

11.3.4 Helsepersonellova § 62

Departementet opprettheld forslaget om å presisere i helsepersonellova § 62 at avslag på ein søknad om spesialistgodkjenning òg er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Forslaget har fått god støtte hos høyringsinstansane.

Statens helsetilsyn kan gi ny autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning til helsepersonell som har mista autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning ved tilbakekall eller frivillig tilbakekall, dersom vedkommande godtgjer at han/ho er skikka, jf. helsepersonellova § 62 første ledd. Det går fram av helsepersonellova § 62 andre ledd at avslag på søknad om ny autorisasjon eller lisens er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Eit avslag på ein søknad om spesialistgodkjenning er òg eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Dette er ikkje presisert i helsepersonellova § 62 andre ledd. Departementet presiserer derfor dette i føresegna.

11.3.5 Helsepersonellova § 74

Departementet opprettheld forslaget om å presisere i helsepersonellova § 74 første ledd at det berre er dei som har norsk autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning, som etter hovudregelen har rett til å bruke dei yrkesnemningane som kjenneteiknar vedkommande gruppe helsepersonell. Forslaget har fått god støtte hos høyringsinstansane.

Det følger av helsepersonellova § 74 første ledd første punktum at berre den som har autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning, har rett til å bruke slik yrkesnemning som kjenneteiknar vedkommande gruppe helsepersonell. Dette er hovudregelen, og det er gjort enkelte unntak i andre og tredje ledd av føresegna.

Det går ikkje fram av første ledd at det berre er norsk autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning som gir rett til å bruke yrkestittelen, men dette går fram av forarbeida til føresegna. I andre og tredje ledd av føresegna blir derimot norsk autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning brukt. Med norsk autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning meiner vi autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning gitt etter kap. 9 i helsepersonellova.

11.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei tekniske endringane nemnde over gjer innhaldet i føresegna tydelegare og vil slik departementet ser det ikkje få økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida av dokumentet