Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

6 Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Tilskudd til Svalbard kirke

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskudd til Svalbard kirke

2 8001

5 650

5 750

Sum kap. 0001

2 800

5 650

5 750

1 På grunn av manglande krav om utbetaling vart berre halvparten av den salderte løyvinga for 2021 utbetalt og nytta i 2021.

Post 70 Tilskudd til Svalbard kirke

Løyvinga på posten skal bl.a. dekke husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, utgifter til varer og til tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter og leige av helikopter.

Kyrkja på Svalbard står i ei særstilling, ikkje minst på grunn av den rolla ho speler i den offentlege beredskapen. Den norske kyrkja er eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som blir overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.

Statsbygg har forvaltningsansvaret for kyrkjebygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Sjå elles dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2022–2023) frå Barne- og familiedepartementet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 5,8 mill. kroner.

Kap. 0003 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

196 110

160 290

165 180

Sum kap. 0003

196 110

160 290

165 180

Post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

Løyvinga på posten skal nyttast til tilskot til drift av Longyearbyen lokalstyre gjennom ei rammeløyving. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for forvaltninga av nærmare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. Svalbardlova § 33 og forskrift til svalbardmiljølova. På fleire felt er oppgåvene til Longyearbyen lokalstyre dei same som dei ein kommune på fastlandet har. Longyearbyen lokalstyre har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje er lagt til staten eller andre. Dette gjeld bl.a. energiforsyning. Longyearbyen er ikkje eit livsløpssamfunn, og lokalstyret har ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester. Longyearbyen lokalstyre er planstyresmakt i Longyearbyen arealplanområde. Den noverande arealplanen vart vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskuddsutdeling fra Nordpolet AS skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikke frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fekk i 2021 overført 5,4 mill. kroner frå Nordpolet AS basert på overskotet frå 2020. Overskotet for 2021 var på 6,7 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmeisteren om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.

Longyearbyen lokalstyre har hatt utgifter til handteringa av virusutbrotet og smitteverntiltaka og samstundes ein reduksjon i inntektene av same grunn. Longyearbyen lokalstyre har bl.a. forvalta fleire mellombelse økonomiske ordningar for å avhjelpe situasjonen. Økonomien til lokalstyret har òg vore styrkt. Nærmare omtale av korleis dei økonomiske konsekvensane av virusutbrotet for Longyearbyen lokalstyre har vore handterte, finst under punkt 2.2.3.1 og i Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet og Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet.

Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for energiforsyning i Longyearbyen og eig kolkraftverket og infrastruktur som er knytt til kraftverket. I løpet av 2022 skal Longyearbyen lokalstyre utarbeide ein konkret energiplan for Longyearbyen og levere han til Olje- og energidepartementet. Sjå punkt 2.2.2.3 for nærmare omtale av ei ny energiløysing for Longyearbyen.

Det er foreslått ei løyving på posten på 165,2 mill. kroner.

Kap. 0004 Tilskudd til Svalbard Museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskudd til Svalbard Museum

13 700

14 000

14 420

Sum kap. 0004

13 700

14 000

14 420

Post 70 Tilskudd til Svalbard Museum

Løyvinga skal gå til å dekke husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard Museum i Svalbard forskingspark. Løyvinga skal vidare dekke drift av dei kulturhistoriske magasina og lønn og bustadutgifter for stillinga som konservator og samlingsforvaltar.

I tillegg til denne løyvinga blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Det er foreslått ei løyving på posten på 14,4 mill. kroner.

Kap. 0005 Sysselmesteren (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

81 447

75 616

86 195

Sum kap. 0005

81 447

75 616

86 195

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på kap. 0005 Sysselmesteren skal dekke utgifter til lønn og drift av sysselmeisterkontoret. Det siste omfattar husleige og utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Sysselmeisteren på Svalbard hadde 46 årsverk i åremålsstillingar ved utgangen av 2021. Den ordinære åremålsperioden for stillingar hos Sysselmeisteren er tre år, med høve til å søke om ei forlenging på tre år. Åremålsperioden kan ikkje overstige seks år.

Sysselmeisteren utførte 686 politioppdrag i 2021, ein auke frå 621 politioppdrag i 2020, men færre enn før virusutbrotet. I 2019 var det til samanlikning 758 loggførte politioppdrag. Nedgangen frå åra før virusutbrotet har bl.a. samanheng med redusert turisttilstrøyming. I 2021 vart det registrert 128 meldingar til politiet, ein auke på om lag 45 pst. frå 2020. Endringane var størst i kategoriane «vinning» og «andre forhold», som bl.a. omfattar brot på besøksforbod, brot på narkotikaføresegner og brot på våpenlovgivinga. Dei fleste straffesakene i 2021 er genererte av fastbuande.

Oppklaringsprosenten for 2021 er på 78,9 pst. Talet på straffesaker på Svalbard har halde seg stabilt over fleire år, med ein viss nedgang dei tre siste åra. I 2021 vart det skrive ut 42 førelegg, og 16 saker vart sende til domstolsbehandling. To av førelegga vart gitt på grunnlag av covid-19-forskrifta.

Etterforsking av miljøkriminalitet er eit prioritert område for Sysselmeisteren. I juni 2021 vart det gjennomført eit samarbeidsmøte mellom Økokrim, Troms og Finnmark statsadvokatembete og Sysselmeisteren. Temaet for møtet var deling av erfaringar og kunnskap, gjennomgang av ny rettspraksis på området og vidareutvikling av samhandling mellom etatane. Troms og Finnmark statsadvokatembete gjennomførte tilsyn med Sysselmeisteren i november 2021.

Talet på søknader til Sysselmeisteren om lån og erverv av våpen har auka, bl.a. som følgje av at det vart innført ny våpenlov og -forskrift 1. juli 2021. Det går fram av forskrifta at Sysselmeisteren kan gi nærmare retningslinjer om utlån mv. av skytevåpen til vern mot isbjørnangrep.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 (Prop. 115 S (2021–2022), jf. Innst. 450 S (2021–2022)) vart løyvinga redusert med 75 000 kroner som følgje av gevinstuttaket etter endra jobbvaner etter virusutbrotet.

Regjeringa foreslo i Prop. 78 S (2021–2022) å auke løyvinga på kap. 480 Svalbardbudsjettet, Sysselmesteren, post 50 Tilskudd med 8,0 mill. kroner for å innføre kontroll på Svalbard av reisande til og frå øygruppa. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 270 S (2021–2022). Midlane vart plasserte på kap. 0005 Sysselmesteren, post 01 Driftsutgifter på svalbardbudsjettet. Løyvinga skal gå til innkjøp av utstyr og datasystem og til stillingar hos Sysselmeisteren. Sysselmeisteren sendte belastningsfullmakt til Politidirektoratet på inntil 4,0 mill. kroner til politiet sitt arbeid med å støtte Sysselmeisteren i å setje i verk personkontroll på Svalbard. Sjå punkt 2.2.3.1 for nærmare omtale.

Posten er foreslått auka med 9,1 mill. kroner i 2023 samanlikna med saldert budsjett for 2022. 5 mill. kroner av forslaget til auka løyving kjem av ei vidareføring av driftskostnader etter innføring av kontroll på Svalbard av reisande til og frå øygruppa. 4,1 mill. kroner av forslaget til auka løyving kjem av auka husleigekostnader for Sysselmeisteren. Dei auka husleigekostnadane kjem bl.a. av dei nye bustadene i Gruvedalen, som erstattar bustader tekne av skred.

Det er foreslått ei løyving på posten på 86,2 mill. kroner. Sjå elles utfyllande informasjon om Sysselmeisteren i punkt 1.4.1.

Kap. 3005 Sysselmesteren (jf. kap. 0005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Diverse inntekter

886

300

300

02

Refusjoner m.m.

4 270

3 000

3 000

Sum kap. 3005

5 156

3 300

3 300

Kapittelet samsvarer med kap. 0005 Sysselmesteren.

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på post 01 omfattar bl.a. bøter, gebyr og inndragingar. Bøter blir kravde inn av Skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmeisteren. Sysselmeisteren tek imot diverse refusjonar. Vidare omfattar posten inntekter som Sysselmeisteren har frå våpengebyr og gebyr for utferding av pass.

Posten kan òg nyttast til andre tilfeldige inntekter på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 300 000 kroner.

Post 02 Refusjoner m.m.

Inntektsframlegget på post 02 omfattar refusjonar frå offentlege verksemder. Dette gjeld hovudsakleg refusjon av lønn og andre kostnader ved Svalbards miljøvernfond.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 3,0 mill. kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3005, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

218 508

287 536

245 160

Sum kap. 0006

218 508

287 536

245 160

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekker stasjonering, leige, drift og forvaltning av to tenestehelikopter og tenestefartøy. Vidare dekker posten kjøp, drift og forvaltning av køyretøy (beltevogn, bilar, snøskuterar m.m.) til gjennomføring av Sysselmeisteren sitt oppdrag, bl.a. vakt, beredskap, redning og nærvær. Dei samla transportmidla til Sysselmeisteren er nødvendige for å kunne drive oppsyn, utøve mynde og for ei effektiv politi- og redningsteneste og for ambulanse- og sjuketransport, òg utanfor Svalbard sitt territorialfarvatn. Transportmidla blir vidare nytta til naturoppsyn og arbeid for å førebyggje miljøkriminalitet. Transportmidla utgjer saman med Kystvakta den statlege beredskapen på Svalbard.

Sysselmeisteren disponerer det innleigde tenestefartøyet «MS Polarsyssel». Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng bl.a. ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp og personskadar. I tillegg blir fartøyet nytta i dei årlege inspeksjonane av Svalbard. «Polarsyssel» har helikopterdekk som er tilpassa helikopteret til Sysselmeisteren. «Polarsyssel» segla 204 døgn i 2021, samanlikna med 190 døgn i 2020. I 2021 vart det gjennomført fleire turistinspeksjonstokt med «Polarsyssel», etter opphald i 2020.

Sysselmeisteren har kontraktoppfølging av avtalen om leige av «Polarsyssel». Avtaleperioden er 2014–2024, med moglegheit til å utløyse ein opsjon ut 2025. Den årlege kostnaden for fartøyet er 64 mill. kroner, inkludert kostnader for mannskap, eksl. drivstoff. Justis- og beredskapsdepartementet fekk tidleg i 2022 ei konseptvalutgreiing om ei framtidig løysing for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy på Svalbard. Regjeringa vil vidareføre ei løysing tilnærma dagens nivå, med heilårs drift og framleis leige i marknaden, i tråd med tilrådinga i utgreiinga. Departementet har på bakgrunn av dette gitt Sysselmeisteren i oppdrag å gjennomføre ein anskaffingsprosess, slik at den framtidige løysinga er på plass når dagens avtale går ut.

Sysselmeisteren disponerer to innleigde AWSAR Super Puma redningshelikopter. Helikoptera blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i nød innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar.

Utgiftene til helikopter var for 2021 på 147 mill. kroner, samanlikna med 144 mill. kroner i 2020. I 2021 inngjekk Justis- og beredskapsdepartementet kontrakt med CHC Helikopter Service AS om drifta av ein ny sivil redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren. Ansvaret for drifta av Svalbard-basen vart overteke av CHC Helikopter Service AS 1. april 2022. Sysselmeisteren har kontraktoppfølging av avtalen. Avtalen varer i seks år med opsjonar for forlenging på inntil fire år, til saman ti år. Som følgje av bytet vart løyvinga på posten i 2021 auka med 59,0 mill. kroner, bl.a. med 54,5 mill. kroner til eingongsutgifter ved byte av leverandør. Sjå elles kap. 454, post 01 og post 45 i Prop. 1 S (2022–2023) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Oljeprisen har stige kraftig siste året. Dette har medført at drivstoff for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy og Sysselmeisteren sine helikopter har blitt tilsvarande dyrare. Sysselmeisteren har mått avpasse drifta innanfor gjeldande budsjett når det gjeld bruk av desse transportressursane. Sysselmeisteren vil i 2023 prioritere bruk av helikopter og tenestefartøyet til beredskap, søk og redning.

Auken i turismen, fiskeria og generelt i aktiviteten i farvatna rundt Svalbard inneber at risikoen for ulukker og andre hendingar aukar. Ein må forvente at talet på redningsaksjonar kan stige. I 2021 var det ein klar auke i talet på seglingar i farvatna ved Svalbard, og særleg i farvatna nord for 79° nord. Ein observerte samstundes ein auke i talet på redningsoppdrag. Den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard koordinerte 32 redningsoppdrag i 2021, mot 24 i 2020. Sjå elles punkt 2.2.2.1 og Prop. 1 S (2022–2023) for Justis- og beredskapsdepartementet for nærmare omtale av NOU 2022: 1 Cruisetrafikk i norske farvann og tilgrensende havområder.

Figur 6.1 Passasjerfartøy – seglingar nord for den 79. breiddegraden

Figur 6.1 Passasjerfartøy – seglingar nord for den 79. breiddegraden

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

Sysselmeisteren nyttar MS «Polarsyssel» og redningshelikoptera i øvingar med Kystvakta. Øvingane gir meir effektiv samhandling under reelle oppdrag. Sysselmeisteren var til stades i felt med «Polarsyssel», eigne patruljar med småbåt og snøskuter og fire feltlag med personell med politifagleg og naturfagleg bakgrunn i 2021.

Det er foreslått ei løyving på posten på 245,2 mill. kroner.

Kap. 3006 Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 0006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Leieinntekter fra private

0

0

0

02

Refusjoner fra det offentlige

506

500

500

Sum kap. 3006

506

500

500

Kapittelet samsvarer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmeisteren disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester skal Sysselmeisteren ha inntektene og refusjonane dersom desse transportmidla blir nytta av andre.

Post 01 Leieinntekter fra private

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til private.

Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.

Post 02 Refusjoner fra det offentlige

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til offentlege aktørar.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 500 000 kroner.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0006, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3006, post 02, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

30

Skred- og boligtiltak, kan overføres

67 840

66 100

36 100

70

Diverse tilskudd

1 000

1 100

0

Sum kap. 0007

68 840

67 200

36 100

Post 30 Skred- og boligtiltak

Løyvinga på posten skal nyttast til skredsikringstiltak i Longyearbyen. Sjå punkt 2.2.2.2 for nærmare omtale av skred og flaum og sikringstiltak i på Svalbard.

Skredsikring i Lia under fjellet Sukkertoppen

Sikringstiltaka under Sukkertoppen består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellet. Arbeidet har vore forseinka. Arbeidet starta opp i 2019 og er venta avslutta i 2023. Løyvinga nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt. NVE har tidlegare rekna den samla kostnaden for skredsikring av området under fjellet Sukkertoppen til 165 mill. kroner. Stortinget har til saman løyvd midlar som svarer til den då utrekna samla kostnaden. Den samla kostnaden har auka til 170 mill. kroner. Auken kjem i hovudsak av høgare materialkostnader som følgje av utviklinga i internasjonale marknader.

Sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen

Regjeringa foreslo i samband med Prop. 1 S Tillegg 1 (Endring av Prop. 1 S (2021–2022) Statsbudsjettet 2022) å auke løyvinga på kap. 0007 Tilfeldige utgifter post 30 Skred- og boligtiltak med 40 mill. kroner utover forslaget i Gul bok 2022. Løyvinga skal nyttast til å gjennomføre sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen. Sikringstiltaka består av skrednett og erosjonssikra leievoll ved elva. Sikringstiltaka mot sørpeskred frå Vannledningsdalen utgjer det avsluttande leddet i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen.

Som følgje av behov for å inngå kontraktar i 2022 med utbetaling i 2023 for anleggsarbeid som skal utførast i 2023, foreslo regjeringa samstundes ei bestillingsfullmakt på 35 mill. kroner. Den samla kostnaden for sikringstiltaka mot sørpeskred frå Vannledningsdalen var estimert til 75 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. St. 7 S (2021–2022).

Høgare material- og drivstoffkostnader fører til at dei utrekna kostnadene for tiltaket har auka med 15 mill. kroner.

Lokal snøskredvarsling

Det er lokal snøskredvarsling (skredbanevarsling) i Longyearbyen. NVE og Longyearbyen lokalstyre har saman ansvaret for den lokale skredbanevarslinga. Lokal skredbanevurdering av utsette område er eit viktig risikoreduserande tiltak fram til dei mest skredutsette områda er sikra med permanente tiltak.

Oppsummering

Det er foreslått ei løyving på posten på 36,1 mill. kroner med stikkordet «kan overførast». Løyvinga vil kunne nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt.

Post 70 Diverse tilskudd

Løyvinga på post 70 har tidlegare blitt nytta til bl.a. å kjøpe tenester frå Telenor for å sikre telekomtenester på Svalbard.

Løyvinga er foreslått redusert med 1,0 mill. kroner. Bakgrunnen er at kontrakten mellom Justis- og beredskapsdepartementet og Telenor om kjøp av teletenester på Svalbard er sagt opp med verknad frå 1. januar 2023.

Regjeringa foreslo i Prop. 78 S (2021–2022) å løyve 5,0 mill. kroner til teletenester på Svalbard på kap. 543 Nasjonal kommunikasjonsmyndighet Post 70 Telesikkerhet og -beredskap. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 270 S (2021–2022).

Den eksisterande reserveløysinga er oppgradert til 4G-dekning i Longyearbyen for alle dei tre norske mobiloperatørane. Løysinga er i utgangspunktet etablert for tre år, før situasjonen må vurderast på nytt. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) frå Kommunal- og distriktsdepartementet for nærmare omtale av tiltaket.

Det er ikkje foreslått løyving på posten i 2023.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

2 096

2 220

2 260

Sum kap. 0009

2 096

2 220

2 260

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke utgiftene Sysselmeisteren har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til arbeidet som er omtalt i kulturminneplanen for Svalbard 2013–2023, bl.a. arkeologiske registreringar og undersøkingar i felt, vedlikehald av bygg, avdekking av nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald og haldningsskapande informasjonsarbeid i form av ein serie med informasjonshefte m.m.

Lønn til tilsette hos Sysselmeisteren på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,3 mill. kroner.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Diverse inntekter

0

0

0

Sum kap. 3009

0

0

0

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten dekker inntekter frå refusjonar av kostnader ved registrering av kulturminne.

Kapittelet samsvarer med kap. 0009. Det har ikkje vore inntekt på posten i 2021.

Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009, post 01 tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3009, post 01, jf. forslaget til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

2 246

2 200

2 240

Sum kap. 0011

2 246

2 200

2 240

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal finansiere drift av eit eige kontor for Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Longyearbyen.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor, ei bergmeisterstilling og ei stilling knytt til Svalbard. Direktoratet vil prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at òg ressurs- og miljøaspekt blir tekne omsyn til.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,2 mill. kroner.

Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Refusjon

3 811

3 800

3 900

Sum kap. 0017

3 811

3 800

3 900

Post 50 Refusjon

Løyvinga på posten skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmeisteren og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt er omtalt på kap. 1471 i Prop. 1 S (2022–2023) for Klima- og miljødepartementet.

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statlege institusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i arktiske strøk. Norsk Polarinstitutt er den faglege rådgivaren for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmeisteren i polarspørsmål og har permanent nærvær i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Det er foreslått ei løyving på posten på 3,9 mill. kroner.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretninger

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Drift og vedlikehold

3 662

5 000

3 940

30

Nyanlegg og større vedlikehold, aerolykter og maritime fyr

0

400

400

Sum kap. 0018

3 662

5 400

4 340

Fagansvaret for arbeidet med kystforvaltninga vart 1. januar 2022 overført frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Post 01 Drift og vedlikehold

Løyvinga på posten skal bl.a. dekke utgifter til lønn, maskiner og helikopter i samband med vedlikehald og utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk. Løyvinga hadde ei monnaleg mindreutgift i 2021, i hovudsak som følgje av at dårlege vêrforhold hindra planlagd helikoptertransport.

Det er foreslått ei løyving på posten på 3,9 mill. kroner.

Post 30 Nyanlegg og større vedlikehold, aerolykter og maritime fyr

Løyvinga på posten skal gå til større vedlikehald og etablering av nye merke.

Det har vore planlagt å etablere ei ny sektorlykt i nordre del av Sørgattet, og dette arbeidet og anna fornying held fram i 2022.

Sjølv om innretningane på Svalbard er fornya dei siste åra, kan det framover vere behov for å setje lys på enkelte merke som i dag er utan lys.

Det er foreslått ei løyving på posten på 400 000 kroner.

Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

7 143

7 644

7 782

Sum kap. 0019

7 143

7 644

7 782

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke Meteorologisk institutt sine utgifter til husleige for bygningane på Bjørnøya og Hopen.

Driftskostnadene utanom husleige for dei meteorologiske stasjonane er finansierte på budsjettet til Klima- og miljødepartementet, kap. 1412, post 50.

Det er foreslått ei løyving på posten på 7,8 mill. kroner.

Kap. 0020 Statsbygg Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

2 207

2 300

2 340

Sum kap. 0020

2 207

2 300

2 340

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke lønns- og driftsmidlar for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen1.

Statsbygg er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet. Statsbygg Svalbard har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard. Statsbygg Svalbard har vidare ansvaret for forvaltninga av ein bustadpool i Longyearbyen som leiger ut bustader til offentleg tilsette.

Vedlegg 1 og 2 gir ei oversikt over utgifter og inntekter som gjeld bygg og bustader på Svalbard. Forvaltninga av statleg eigde bustader i Longyearbyen er omtalt under punkt 2.2.3.4.

Det er foreslått ei løyving på posten på 2,3 mill. kroner.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

5 839

6 100

6 210

Sum kap. 0022

5 839

6 100

6 210

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal nyttast til å drive Svalbard skattekontor i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal òg dekke utgifter til Skatteklagenemnda for Svalbard og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatteetaten.

Skatteetaten og -kontoret er underlagde Finansdepartementet. Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innanfor det som til kvar tid er fastsett for skattestyresmaktene.

Svalbard skattekontor har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, føre kontroll med personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder, administrere register over befolkninga på Svalbard, refundere innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande og rekne ut kolavgift.

Dei særskilde skattereglane for Svalbard er heimla i svalbardskattelova. Dei årlege skattesatsane er heimla i Forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2023, romartal II.

Det er foreslått ei løyving på posten på 6,2 mill. kroner.

Det er foreslått at Finansdepartementet kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3022, post 01. Sjå omtale på kap. 3030.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Diverse inntekter

0

270

270

Sum kap. 3022

0

270

270

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsframlegget på posten omfattar avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet.

Skattekontoret på Svalbard har ein avtale med Sysselmeisteren på Svalbard om å administrere refusjonar av miljøavgift på flybillettar frå Svalbards miljøvernfond. Avtalen varer ut 2023.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 270 000 kroner.

Det er foreslått at Finansdepartementet kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Skatter m.m.

191 055

185 000

200 000

71

Utførselsavgift

0

350

500

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 067

1 000

900

Sum kap. 3030

192 122

186 350

201 400

Post 70 Skatter m.m.

Inntektsframlegget på posten omfattar venta skatteinntekter frå Svalbard for 2023.

Anslaget er basert på innbetalte skattar i skatterekneskapen for 2021 og venta fastsetjing for inntektsåret 2022. Prognosen for 2022 er på om lag same nivå som i 2021, så langt det ikkje skjer vesentlege endringar ved større enkelthendingar.

Skatteinngangen på Svalbard for 2023 er usikker. Dei siste åra har det vist seg at endringar hos enkeltskattytarar og -verksemder kan føre til vesentlege endringar i skatteinntektene.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 200,0 mill. kroner.

Post 71 Utførselsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå utførselsavgift som er kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av kor mykje kol som blir skipa ut, og av kolprisen på verdsmarknaden. Det har vore store endringar i produksjonsvolumet på Svalbard dei seinare åra. I åra etter 2017 har produksjonen vore fallande. Kolprisen kan samstundes endre seg fort og har til dels hatt store endringar gjennom 2022. Anslaga er derfor usikre.

To aktørar betaler utførselsavgift, og produksjonen er redusert dei seinare åra. Overslaget for utførselsavgifta er uvisst på grunn av uvisse kolprisar, uvisse marknader og raske og kraftige endringar i valutakursar. Ut frå dette legg ein til grunn det same inntektsnivået for utførselsavgift som i 2022.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 500 000 kroner.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i bergverksordninga.

Utmål er eit avgrensa område der innehavaren av utmålet for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Bergverksordninga, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925, heimlar avgift ved krav om og vidareføring av utmål. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året per utmål.

I 2021 vart det ikkje tildelt nye utmål. Ved inngangen til 2022 var det 367 gyldige utmål på Svalbard. Som følgje av ei utviding av Van Mijenfjorden nasjonalpark i 2021, som omfattar om lag 35 av SNSK sine utmål, blir utmålsavgifta redusert frå 6 000 kroner til 1 500 kroner per år frå og med 2022. Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 900 000 kroner.

Kap. 3035 Tilskudd fra statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Tilskudd

403 862

449 536

376 407

Sum kap. 3035

403 862

449 536

376 407

Post 50 Tilskudd

Posten er tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, Prop. 1 S (2022–2023), kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskudd. Løyvinga skal svare til, og dermed dekke, underskotet på svalbardbudsjettet.

Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 376,4 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Husleige for Statsbygg tilsette på Svalbard utgjer omlag 1 460 000 kroner. Desse kostnadene inngår ikkje i budsjettet på kap. 0020.

Til forsida