Forsida

Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer ca. 16 pst. av det totale landarealet i Kongeriket Noreg. Spitsbergen er den største øya i Noreg. Rundt 60 pst. av Svalbard er dekt av isbrear. Under 10 pst. av Svalbard har vegetasjon.

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Frå same dag vart Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eiga lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og varetek dei statlege interessene der.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet. Utanom Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at folkemengda på Svalbard auka med 27 personar i 2021, dvs. 1 pst. Til samanlikning var auken i 2020 på 1,3 pst.

Tabell 1.1 Befolkningstal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2022

2 100

2 185

2 152

2 145

2 214

2 258

2 428

2 459

2 486

Kjelde: SSB «Befolkningen på Svalbard» https://www.ssb.no/befolkning/folketall/statistikk/befolkningen-pa-svalbard, publisert 23. august 2022.

Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. Det var registrert til saman 391 fastbuande i Barentsburg og Pyramiden per 1. januar 2022. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund var det registrert ti busette på same tidspunkt.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett synleggjer inntekter og utgifter på øygruppa.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2022–2023) for Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480, post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet. Dette er bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Prop. 1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet gir vidare ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2023 er omtalte nærmare under punkt 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

1.3 Prioriteringar i 2023

Regjeringa har som mål, jf. Hurdalsplattforma, å vidareutvikle svalbardpolitikken og sikre norske interesser og norsk busetjing på Svalbard. Dei overordna måla for svalbardpolitikken (nærmare omtalt i kapittel 2.1), har lege fast gjennom lang tid og fordrar at forvaltninga av Svalbard blir sett i samanheng med måla og tilpassast etter samfunnsutviklinga. Eit av hovudmåla er å halde vedlike norske samfunn på øygruppa. For å kunne nå dette målet er det ein føresetnad at befolkninga har ein stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar.

Longyearbyen lokalstyre skal utarbeide ein konkret energiplan for Longyearbyen i løpet av 2022. Når lokalstyret har overlevert energiplanen til Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, vil departementa og lokalstyret saman vurdere den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing.

Regjeringa innførte både personkontroll og kontroll med vareførselen til og frå øygruppa i mai 2022, bl.a. for å gi norske styresmakter betre moglegheit og evne til å føre kontroll på Svalbard. Regjeringa vil i 2023 prioritere å følgje opp dei nye kontrollordningane.

Klimaendringar og auka menneskeleg aktivitet gir miljøutfordringar i Arktis. Oppvarminga av Arktis skjer meir enn dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Klimaendringar har allereie merkbare konsekvensar for økosystema, som blir meir sårbare for lokal verksemd, for kulturmiljøa, og for befolkninga på Svalbard. For å ivareta miljømåla for Svalbard, vil regjeringa sjå til at ferdsel og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Bl.a. vil ei vidare utvikling av miljøregelverket vere ei viktig oppgåve. Auken i aktivitet utfordrar óg beredskapen på Svalbard, og regjeringa vil óg arbeide vidare med reglar om tryggleik i felt.

1.4 Om offentlege styresmakter på Svalbard

1.4.1 Sysselmeisteren

Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og er både politimeister og statsforvaltar. Kjerneoppgåvene til Sysselmeisteren er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalemakt og miljøforvaltning. Sysselmeisteren er dermed leiar både av påtalemakta i politiet og for verksemda elles i politiet. Sysselmeisteren har i kraft av rolla som politimeister same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmeisteren har ei sentral rolle i å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sjå punkt 2.2.2 om beredskap på Svalbard for nærmare omtale av Sysselmeisteren si rolle i det arbeidet.

Sysselmeisteren er som statsforvaltar òg regional statleg miljøvernstyresmakt på Svalbard og har ansvaret for å handheve miljøregelverket og for oppsynet med at regelverket blir følgt. Miljøvernoppgåvene til Sysselmeisteren spenner over eit breitt spekter av oppgåver innanfor områdevern, artsforvaltning, kulturminne, naturinngrep og forureining. I samanheng med dette utfører Sysselmeisteren arbeid med arealplanar der planansvaret ikkje er delegert til Longyearbyen lokalstyre. Saksførebuing og søknadsbehandling, regelverksarbeid og utarbeiding av forvaltningsplanar er òg viktige oppgåver for Sysselmeisteren på miljøvernsida. Sysselmeisteren som statsforvaltar utfører ei rekkje sivile oppgåver som er delegerte frå ulike departement. Dei samla oppgåvene til Sysselmeisteren gjer det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet.

Frå 1. juli 2021 vart tittelen Sysselmann endra til det kjønnsnøytrale Sysselmeister. Namneendringa gjaldt både stillings- og verksemdsnamnet. Sjå budsjettkapitla 0005 og 0006 for omtale av aktiviteten til Sysselmeisteren i 2021.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre skal sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk, med sikte på ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to gonger i året. Dialogen departementet har med Longyearbyen lokalstyre er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29, som gjeld på Svalbard, jf. forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar, og Longyearbyen lokalstyre, skal sjå heile arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Forskrifta pålegg Longyearbyen lokalstyre sjølv å ta ansvar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og vurdere om det trengst særskilde førebuingar. Sysselmeisteren på Svalbard fører tilsyn med korleis Longyearbyen lokalstyre følgjer opp pliktene i forskrifta.

1.4.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar. Aktørane er fagleg styrte av dei respektive fagdepartementa:

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF)

  • Kystverket

  • Statsbygg Svalbard

  • Skattekontoret på Svalbard

  • Norsk Polarinstitutt

  • Meteorologisk institutt

Vidare får Svalbard Museum og Svalbard kyrkje løyvingar over svalbardbudsjettet.

I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet, bl.a.:

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

  • Miljødirektoratet

  • Riksantikvaren

  • Nav

  • Avinor

  • Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS)

  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus

  • Statens kartverk

  • Svalbard globale frøkvelv

  • Norsk helsenett SF

  • Forbrukartilsynet

  • Tolletaten

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Stortinget si behandling av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jf. Innst. 88 S (2016–2017), reflekterte at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Langsiktig forvaltning av Svalbard i tråd med dei stortingsforankra måla, medverkar til tryggleik for folk i Longyearbyen og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen. Regjeringa legg vekt på å vidareføre dei lange linjene i forvaltninga av øygruppa. Regjeringa vil innanfor dei stortingsforankra måla vidareutvikle svalbardpolitikken på ein måte som sikrar norske interesser og norsk busetjing, og som varetek ei berekraftig utvikling i Arktis.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål for polarpolitikken: godt forvalta polarområde

Polarområda er viktige politisk, noko som gjer det nødvendig å sjå verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk. Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å oppretthalde eksisterande norske samfunn i desse områda.

2.2.1 Koordinering av norsk polarpolitikk

2.2.1.1 Det interdepartementale polarutvalet

Alle departementa har ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken, og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. òg omtalen under punkt 4. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltninga. Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit viktig verkemiddel. Polarutvalet er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen), fastsett ved kgl.res. 18. oktober 2002. Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmynda til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statsråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året. Sysselmeisteren møter fast.

2.2.1.2 Lovgiving

Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard, utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard. Longyearbyen har vakse fram til 2021, som følgje av auke og meir variasjon i aktivitet. Auka aktivitet på Svalbard gjer at stadig fleire lover gjeld for øygruppa.

Stortinget har slutta seg til at det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt fastlandet, jf. Innst. 88 S (2016–2017). Ny lovgiving for fastlandet skal som hovudregel takast i bruk for Svalbard, med mindre særlege forhold taler imot dette eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde og bli handheva likt for heile øygruppa, med mindre det er behov for overgangsordningar eller andre former for innfasing. På nokre område er det òg gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Døme på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. I særskilde tilfelle vil det kunne vurderast unntaksheimlar for visse typar aktivitet. Administrative forhold kan gjere det nødvendig med tilpassingar, t.d. fordi det ikkje finst motsvarande lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard til dei på fastlandet. I tillegg kan det vere formålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

2.2.1.3 Endringar i regelverk

Kunnskapsdepartementet fastsette nye forskrifter med reglar for barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen 17. juni 2022, som tok til å gjelde 1. august 2022. Sjå punkt 4.8.1 for nærmare omtale.

Arbeids- og sosialdepartementet hadde vinteren 2020/2021 på høyring eit forslag om å gjere allmenngjeringslova og ferielova gjeldande på Svalbard. Departementet fastsette den 26. november 2021 forskrift som gjorde ferielova gjeldande på Svalbard frå og med 1. januar 2022. Arbeidet med å følgje opp forslag om å gjere allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard er utsett til 2023. Sjå omtale i pkt. 4.1.1.

Eit forslag til ny forskrift om tryggleik i felt på Svalbard har vore på høyring frå 31. august 2021 til 1. mai 2022. Høyringa omfatta òg eit forslag til ei eiga forskrift som gjer pakkereiselova gjeldande på Svalbard. Justis- og beredskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Barne- og familiedepartementet gjennomgår no innspela. Det er særleg forslaget om ei sertifiseringsordning for guidar høyringsinstansane har kommentert på. Forslaget til ny forskrift legg opp til at det blir arbeidd vidare med utforminga av ei sertifiseringsordning. Sysselmeisteren har starta arbeidet med å utvikle forslag til kurs- og kompetansekrav m.m. i samarbeid med nærings- og bransjeorganisasjonar og relevante fagmiljø. Det vidare arbeidet med eit revidert regelverk knytt til tryggleik i felt held fram i 2023. Barne- og familiedepartementet arbeider vidare med ei forskrift som gjer pakkereiselova gjeldande på Svalbard med sikte på vedtaking i løpet av 2023

Miljødirektoratet sende forslag til endringar i svalbardmiljølova og forskrifter til lova på høyring 3. september 2021, med høyringsfrist 3. februar 2022. Fristen vart seinare forlengd til 1. mai 2022. Forslaga inneber nye reglar om ferdsel i naturen og for sjøbasert turisme. Formålet med endringane er å redusere den samla belastninga på miljøet i ei tid der klimaendringar, ferdsel og andre påverknadsfaktorar samla aukar presset mot miljøet på Svalbard.

Sysselmeisteren har oppsummert høyringa av forskrifter i samband med endringar i miljøregelverket på Svalbard og oversende 1. september 2022 si tilråding til Miljødirektoratet. Klima- og miljødepartementet vil innan utgangen av året motta tilråding frå Miljødirektoratet til endringar i miljøregelverket og skal deretter ta stilling til tilrådinga.

Klima- og miljødepartementet la 26. mars 2021 fram Prop. 119 L (2020–2021) Endringar i svalbardmiljølova (tungoljeforbod m.m.). I proposisjonen foreslo ein tungoljeforbod i heile territorialfarvatnet på Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 421 L (2020–2021). Lova vart endeleg vedteken 28. mai 2021 og tok til å gjelde 1. januar 2022 med nokre overgangsordningar.

Justis- og beredskapsdepartementet sende 23. juni 2021 på høyring eit forslag til endring av forskrift om lokalstyrevalg i Longyearbyen § 2-1 andre ledd. Forslaget gjekk ut på at det for andre enn norske statsborgarar skal stillast krav om tre års butid i ein norsk kommune for å kunne ha stemmerett og vere valbar til Longyearbyen lokalstyre. Ved opprettinga av Longyearbyen lokalstyre i 2002 vart det uttalt at ordninga ville bli vurdert i lys av samfunnsutviklinga. Samansetninga av befolkninga i Longyearbyen har endra seg sidan 2002. Endringa i forskrifta vart foreslått for å halde oppe tilknytinga mellom fastlandet og Svalbard for medlemmer av lokalstyret og dei som stemmer ved valet til lokalstyret. Endringa vart fastsett ved kongeleg resolusjon 17. juni 2022 og tok til å gjelde 21. juli 2022.

Kommunal- og distriktsdepartementet sende 7. mai 2021 ordninga for eigedomsregistrering på Svalbard på alminneleg høyring. I høyringa vart det foreslått tilpassingsreglar for eigedomsregistrering på Svalbard, slik at matrikkellova kan ta til å gjelde for Svalbard som føresett. Endringa vart fastsett ved kongeleg resolusjon av 17. desember 2021, og eigedomsregistrering på Svalbard blir frå 1. januar 2022 regulert etter reglane i matrikkellova med nødvendige tilpassingar. Ordninga for eigedomsregistrering er med det blitt meir lik den på fastlandet. Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for eigedomsregistreringa i Longyearbyen, medan Sysselmeisteren har ansvaret for resten av Svalbard.

Sjå elles punkt 2.2.2.3 for omtale av innføring av høvesvis personkontroll og kontroll med vareførselen til og frå Svalbard.

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken krev at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga. Endringane i regelverk vil leggje til rette for at den langsiktige og føreseielege forvaltninga av Svalbard held fram.

2.2.2 Beredskap på Svalbard

2.2.2.1 Overordna om beredskapen på Svalbard

Dei naturgitte og geografiske føresetnadene til Svalbard gir særskilde utfordringar for samfunnstryggleik og beredskap. Beredskapen på Svalbard blir vurdert fortløpande, i lys av aktiviteten på øygruppa og endringar i risikobiletet. Det er ein god lokal beredskap, men han er ikkje dimensjonert for å handtere større hendingar eller hendingar som skjer samstundes over lang tid. I tilfelle større hendingar legg ein derfor til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet. Alle som ferdast på og rundt Svalbard, må vere godt øvde og førebudde på å handtere situasjonar som kan oppstå.

Sysselmeisteren skal vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, jf. instruks for statsforvalteren og Sysselmesteren på Svalbard sitt arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering (fastsett ved kgl.res. 19. juni 2015). Hendingane kan vere ikkje-planlagde hendingar som naturkatastrofar eller planlagde hendingar som kriminalitet og terrorisme. Sysselmeisteren som statsforvaltar leier beredskapsrådet for Svalbard. Rådet skal medverke til eit felles bilete av risiko og sårbarheit. Målet er ein samordna beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik. I beredskapsrådet deltek bl.a. Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen sjukehus, Kings Bay AS, Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Visit Svalbard. Sysselmeisteren har ansvaret for redningstenesta og er som politimeister leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard.

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Longyearbyen lokalstyre har ikkje eigen kommunelege eller eiga helseteneste. Overlegen ved Longyearbyen sjukehus er smittevernlege for Svalbard.

Øvingar er sentrale i arbeidet med å styrke samhandlinga i beredskap og krisehandtering. Samhandlinga i beredskap og krisehandtering hos Sysselmeisteren var i 2021 i stor grad prega av gjennomføringa av AMRO-prosjektet (Arctic Mass Rescue Operation). Målet med prosjektet har vore å utvikle relevante prosedyrar for ein masseredningsoperasjon i Arktis for alle aktørane på Svalbard som bidrar i redningstenesta. Prosjektet vart avslutta med fullskalaøvinga AMRO2021 i oktober 2021 og ei påfølgjande oljevernøving. Under øvinga deltok om lag 500 personar og meir enn 20 organisasjonar.

Hovudredningssentralen gjennomførte tilsyn med LRS Svalbard i samband med AMRO2021. Hovudredningssentralen har orientert Sysselmeisteren om at deira vurdering er at redningstenesta på Svalbard blir drifta godt, og at det er viktig å sikre overføring av nødvendig erfaring ved utskifting blant dei tilsette hos Sysselmeisteren.

Regjeringa foreslo i Prop. 78 S (2021–2022) å auke løyvinga på kap. 543 Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, post 70 Telesikkerhet og -beredskap med 5 mill. kroner for å forsterke reservesatellittsambandet mellom Svalbard og fastlandet. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 270 S (2021–2022). Den auka løyvinga innebar at ein har oppgradert den eksisterande reserveløysinga til 4G-dekning i Longyearbyen for alle dei tre norske mobiloperatørane. Reservesatellittsambandet vart operativt frå august 2022. Løysinga er i utgangspunktet etablert for tre år, før situasjonen må vurderast på nytt. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forvaltar midlane. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) frå Kommunal- og distriktsdepartementet for nærmare omtale av tiltaket.

Nye havområde har blitt tilgjengelege i stadig større delar av året som følgje av mindre sjøis. Det er venta at talet på redningsaksjonar vil kunne auke i takt med vekst i turisme og fiskeri og generelt meir aktivitet i farvatna rundt Svalbard, ein vekst som vil skape utfordringar både for rednings- og helseberedskap.

Fleire tilreisande turistar og større aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare ført til at det har blitt fleire redningsoppdrag. Det har vore ein auke i talet på seglingar i farvatna ved Svalbard i 2021 samanlikna med dei fleste åra før. Ein må vente at det kan bli fleire redningsaksjonar igjen i framtida.

Figur 2.1 Samla tal på fartøy med seglingar i farvatna ved Svalbard

Figur 2.1 Samla tal på fartøy med seglingar i farvatna ved Svalbard

Kjelde: Kystverket/Fiskeridirektoratet

Cruisetrafikken til Svalbard inneber videre at det til tider er langt fleire menneske på Svalbard og områda rundt enn det helseberedskapen, inkludert evakueringskapasiteten, er dimensjonert for. Det same gjeld store grupper som deltek i risikoutsette reiselivsopplevingar som større skuterturar og ekspedisjonar på store, opne hurtiggåande båtar. I høgsesongen skjer desse aktivitetane samstundes, noko som aukar risikoen for fleire ulukker på same tid. Justis- og beredskapsdepartementet fekk overlevert NOU 2022: 1 Cruisetrafikk i norske farvann og tilgrensende havområder: sjøsikkerhet, beredskap og redning – utfordringer og anbefalinger 23. februar 2022. Utvalet har vurdert utfordringar for beredskapen ved auka cruisetrafikk i norske farvatn, og Svalbard har fått ein brei omtale i rapporten. Sysselmeisteren på Svalbard har gitt innspel. Utredninga er sendt på høyring, med frist 15. september 2022. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) frå Justis- og beredskapsdepartementet for nærmare omtale.

Oljeprisen har stige kraftig siste året. Dette har medført at drivstoff for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy og Sysselmeisteren sine helikopter har blitt tilsvarande dyrare. Sysselmeisteren har mått avpasse drifta innanfor gjeldande budsjett når det gjeld bruk av desse transportressursane. Sysselmeisteren vil i 2023 prioritere bruk av helikoptera og tenestefartøyet til beredskap, søk og redning.

2.2.2.2 Skred og flaum

Norsk klimaservicesenter1 la i 2019 fram klimaprofil for Longyearbyen. I rapporten går det fram at auka nedbør som regn og auka snø- og bresmelting vil gi fleire og større flaumar, og at snøskred og sørpeskred vil skje oftare. Særleg utsett er eit område i sentrum under fjellet Sukkertoppen og langs området Vannledningsdalen. Longyearbyen har i nyare tid blitt ramma av to store snøskred to vintrar på rad, i desember 2015 og i februar 2017. Sikringsanlegget i Longyearelva vart oppgradert sommaren og hausten 2021 etter flaum i 2020.

Sysselmeisteren på Svalbard, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Longyearbyen lokalstyre samarbeider om korleis ein kan førebyggje flaum- og skredskadar på Svalbard, og innhentar ekstern skredfagleg ekspertise. I vintersesongen får Sysselmeisteren daglege vurderingar av lokal snøskredfare i Longyearbyen. NVE er ansvarleg for dei skredfaglege vurderingane i varslinga. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar, og Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for bestilling av observasjonane.

Sysselmeisteren, i rolla som politimeister, tek avgjerda om evakuering og forbod mot ferdsel ved snøskredfare, basert på skredfaglege råd. Vinteren 2021–2022 var det tidvis stor snøskredfare, både i terrenget på Svalbard og i område av Longyearbyen. Sysselmeisteren, i samråd med beredskapsrådet, måtte fleire gonger gi ordre om evakuering av området Nybyen.

Sikringstiltaka under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. NVE gjennomfører sikringstiltaka. Arbeidet starta opp i 2019 og er venta avslutta i 2023. Det er løyva til saman 165 mill. kroner til sikring under Sukkertoppen. Dei samla utgiftene til skredsikringstiltak under fjellet Sukkertoppen i Longyearbyen er rekna til 170 mill. kroner, ein auke på 5 mill. kroner frå førre estimat. Auken kjem i hovudsak av høgare materialkostnader som følgje av utviklinga i internasjonale marknader.

Regjeringa foreslo i samband med Prop. 1 S Tillegg 1 (Endring av Prop. 1 S (2021–2022) Statsbudsjettet 2022) å auke løyvinga på kap. 480 post 50 Svalbardbudsjettet med 40 mill. kroner. Midlane er plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0007 Tilfeldige utgifter, post 30 Skred- og bustadtiltak. Løyvinga skal brukast til å gjennomføre sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen. Tiltaket utgjer avsluttande ledd i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen, eit arbeid som vart sett i gang etter snøskredet i 2015. Olje- og energidepartementet nyttar midlane. Regjeringa foreslo samstundes ei bestillingsfullmakt på 35 mill. kroner som følgje av behov for å inngå kontraktar i 2022 med utbetaling i 2023 for anleggsarbeid som skal utførast i 2023. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. St. 7 S (2021–2022). Regjeringa foreslår å løyve midlane frå bestillingsfullmakta i 2023. Samla kostnad for sikringstiltaket mot sørpeskred frå Vannledningsdalen er rekna til 90 mill. kroner, ein auke på 15 mill. kroner frå førre estimat.

Sjå elles omtale av svalbardbudsjettet kap. 0007, post 30 for nærmare omtale av løyvingane til skredsikring.

2.2.2.3 Krigen i Ukraina og Prop. 78 S (2021–2022)

Regjeringa har avgjort å innstille samarbeidet Noreg har med russiske styresmakter inntil vidare som følgje av Russlands krig mot Ukraina. Dei samfunnskritiske delane av samarbeidet blir haldne oppe. Sysselmeisteren har frå før av jamleg kontakt med det russiske selskapet Trust Arktikugol og generalkonsulatet i Barentsburg gjennom faste kontaktmøte og kontordag i Barentsburg som eit tilbod til lokalbefolkninga. Tiltaket er vidareført.

Det er innført restriktive tiltak mot russiske personar og verksemder og for handel og interaksjonar med russiske motpartar. Ein utfyllande omtale av tiltaka finst i Prop. 1 S (2022–2023) for Utanriksdepartementet. Dei fleste tiltaka er òg gjorde gjeldande for Svalbard, med enkelte unntak. Unntaka har samanheng med dei folkerettslege pliktene til Noreg.

Regjeringa foreslo i Prop. 78 S (2021–2022) økonomiske tiltak som følgje av krigen i Ukraina på til saman 14,4 mrd. kroner. Det vart foreslått og vurdert som nødvendig å setje i verk tiltaka raskt, bl.a. for å styrke den sivile beredskapen. Regjeringa foreslo bl.a. å auke eksisterande løyvingar for å innføre personkontroll på Svalbard og kontroll med vareførselen til og frå Svalbard og for å styrke reservesatellittsambandet mellom Svalbard og fastlandet. Stortinget slutta seg til forslaga, jf. Innst. 270 S (2021–2022).

Innføring av kontroll med reisande til og frå Svalbard

Ny lov om grensetilsyn og grensekontroll av personer (grenseloven) vart vedteken av Stortinget 20. april 2018 og tok til å gjelde 1. mai 2022 saman med ny grenseforskrift. Grenselova har i § 25 nr. 1 heimel for Kongen til å gi reglar om bruk for Svalbard og til å fastsetje særlege reglar som dei stadlege forholda tilseier.

Gjennom forskrift om kontroll av reisende til og fra Svalbard, som tok til å gjelde 6. mai 2022, er relevante delar av grenselova gjorde gjeldande for Svalbard, med nødvendige tilpassingar og føresegner som er grunngitte i dei eigne kontrollbehova på øygruppa. Forskrifta er derfor òg heimla i Svalbardlova § 4. Sysselmeisteren på Svalbard skal kontrollere reisande for å handheve forskrift 3. februar 1995 nr. 96 om bortvisning og utvisning av personer fra Svalbard. Som ei oppfølging av dette vart det 29. april 2022 innført nye bortvisningsgrunnlag i den nemnde forskrifta. Forskrifta gir Sysselmeisteren moglegheit til å utføre ID-kontroll av personar som reiser til eller frå Svalbard med fly og båt. Formålet med kontrollen er å hindre grensekryssande kriminalitet og truslar mot folkehelsa, å vareta offentleg orden og andre nasjonale behov og å sikre at vi oppfyller dei internasjonale forpliktingane våre. Ein vurderte det som viktig å få på plass kontrollreglar for Svalbard raskt.

Forskrifta gir Sysselmeisteren mynde til å kontrollere reisande ved innkomst til og avgang frå Svalbard. Dei reisande må ved slik kontroll framvise gyldig legitimasjonsdokument. Kontrollen vil i startfasen vere sporadisk. Vidare er det reglar om førehandsmelding til Sysselmeisteren om reisande og mannskap som kjem til Svalbard med anten luft- eller sjøfartøy. Føresegnene i grenselova om behandling av opplysningar, overvakingsmetodar, teieplikt og straff er gjorde gjeldande for Svalbard. Personar som nektar å legitimere seg, som viser fram falske legitimasjonsdokument, eller som utgjer ein trussel mot offentleg orden eller folkehelsa, kan bli bortviste frå Svalbard.

Regjeringa foreslo i Prop. 78 S (2021–2022) å auke løyvinga på kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskudd med 8,0 mill. kroner for å innføre kontroll på Svalbard av reisande til og frå øygruppa. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 270 S (2021–2022). Midlane vart plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0005 Sysselmesteren, post 01 Driftsutgifter. Regjeringa forslår å løyve 5,0 mill. kroner til personkontroll på Svalbard i 2023 på svalbardbudsjettet kap. 0005, post 01.

Innføring av kontroll med vareførselen til og frå Svalbard

Det har fram til 2022 ikkje vore ført kontroll på Svalbard med varer som blir førte inn til og ut frå øygruppa. Svalbard er ikkje ein del av norsk tollområde, og tollova gjaldt tidlegare ikkje for vareførselen til og frå Svalbard. Tolletaten har derfor tidlegare ikkje ført kontroll på Svalbard med vareførselen til og frå øygruppa. Kontroll med vareførselen er viktig bl.a. for å hindre grensekryssande kriminalitet og å sikre at Noreg møter våre internasjonale pliktar, mellom anna hindre at Svalbard blir nytta til omgåing av sanksjons- og eksportkontrollregelverket.

Regjeringa foreslo i Prop. 70 L (2021–2022) ein heimel i tollova til å gi forskrift om at lova eller delar av lova skulle gjelde for Svalbard, og at Svalbard skulle vere eige tollområde. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 250 L (2021–2022). Forskrift om vareførselskontroll på Svalbard tok til å gjelde 6. mai 2022, same dag som forskrifta om kontroll av reisande til og frå Svalbard. Forskrifta har heimel i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tollova) § 1-3 fjerde ledd. Gjennom forskrifta vart Svalbard etablert som eige tollområde, og tollstyresmaktene fekk heimel til å føre kontroll med varer som blir førte inn til og ut frå Svalbard.

Tolletaten starta opp med kontroll med vareførselen på Svalbard i mai 2022. Dagens kontroll er basert på ei minimumsløysing utan mellom anna dei varslings-, melde- og opplysningsplikter som gjeld på fastlandet. Etter kvart er det nødvendig at tollmyndigheitene får etablert oversikt over aktørane som fører varer inn til og ut frå Svalbard, og får etablert ordningar som sikrar at Tolletaten får tilgang til desse opplysningane. Tolletaten vil i 2023 arbeide med å vidareutvikle kontrollen med vareførselen på Svalbard, av dette vurdere behov for regelverksutvikling. Det er lagt opp til at kontrollen med tida, med enkelte moglege tilpassingar til dei lokale forholda på Svalbard, i størst mogleg grad bør svare til kontrollen på fastlandet, med dei plikter det inneber for aktørane i vareførselen. Eventuelle forslag til endringar i regelverk vil verte sende på høyring.

Sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Finansdepartementet for nærmare omtale av ordninga.

Regjeringa foreslår å løyve 26,0 mill. kr på kap. 1610, post 01 til vareførselskontroll på Svalbard.

2.2.3 Longyearbyen – eit norsk lokalsamfunn

Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på Svalbard. Målet blir i hovudsak oppfylt gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen og til dels gjennom Ny-Ålesund. På denne måten skal Longyearbyen vere eit samfunn som medverkar til å oppfylle og støtte opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken.

2.2.3.1 Virusutbrot, smitteverntiltak og konsekvensane for Svalbard

Overordna om covid-19 og dei påfølgjande smitteverntiltaka og Svalbard

Covid-19 og smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for befolkninga og verksemdene på Svalbard i 2020, 2021 og inn i 2022. Fleire av smitteverntiltaka på fastlandet vart nytta på Svalbard. Det vart òg etablert rutinar for evakuering av smitta personar til fastlandet. I periodar har det vore innført krav om testing før avreise til Svalbard, og krav om test ved innkomst. Tiltaka vart innførte for å redusere sannsynet for eit virusutbrot på Svalbard så mykje som mogleg og for å verne om lokalbefolkninga og samfunnskritiske funksjonar sett i lys av den sårbare helseberedskapen. Dei særskilde smitteverntiltaka på Svalbard er no i all hovudsak oppheva.

Økonomiske konsekvensar og særskilde tilskotsordningar

Næringslivet på Svalbard, og særleg reiselivet, har vore hardt råka av konsekvensane av virusutbrotet. Ei rekke av dei nasjonale økonomiske tiltaka bidrog til å hjelpe situasjonen på Svalbard. Samstundes er forholda på Svalbard spesielle, og ikkje alle ordningar som gjeld for fastlandet, er aktuelle for næringslivet der. Dette er bakgrunnen for dei særskilde tiltakspakkene som blei vedtekne i 2020 og 2021, og var retta mot å leggje til rette for næringsliv og sysselsetjing. Etterkvart som situasjonen har betra seg har aktiviteten på Svalbard auka, og aktiviteten har auka vidare i 2022.

Den første tiltakspakka vart vedteken av Stortinget i oktober 2020 med ei løyving på 25,0 mill. kroner til ei mellombels tilskotsordning for gjenoppbygging, omstilling og utvikling av reiselivet på Svalbard, jf. Innst. 19 (2020–2021). Midlane vart sette av på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900, post 84, og forvalta av Longyearbyen lokalstyre etter forskrift av 9. desember 2020 nr. 2666. Nærings- og fiskeridepartementet var klageinstans for vedtak fatta av Longyearbyen lokalstyre.

Stortinget vedtok 23. februar 2021 å løyve 40,0 mill. kroner til Longyearbyen lokalstyre, jf. Innst. 233 S (2020–2021). Finanskomiteen skreiv i innstillinga:

Komiteen viser til at reiselivet på Svalbard gjennom pandemien har vært underlagt strenge restriksjoner i form av periodevis innreisekarantene, krav om redusert belegg på hoteller, stans i cruisetrafikk, krav om negativ covid-19-test samt en nasjonal føring om å unngå unødige reiser til Svalbard. Den reduserte helseberedskapen på Svalbard tilsier at det kan være behov for å opprettholde restriksjoner også fremover. Konsekvensen av dette er at reiselivet i Longyearbyen er hardt rammet, og Visit Svalbard viser til at et representativt utvalg av lokale bedrifter har hatt et gjennomsnittlig omsetningsfall på 65 pst. under pandemien. Komiteen mener det vil være behov for å bevilge ytterligere midler for å støtte opp om reiselivsbedrifter, og foreslår derfor å øke tilskudd med 40 mill. kroner til lokalstyret til dette formålet.

Midlane vart sette av på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet og forvalta av Longyearbyen lokalstyre. Lokalstyret nytta løyvinga til ei tilskotsordning for å «forbedre den likvide situasjonen for reiselivsbedriftene på Svalbard og sikre nødvendig påfyll av egenkapital i virksomhetene slik at sysselsettingen i næringen kan opprettholdes». Justis- og beredskapsdepartementet var klageinstans for vedtak fatta av Longyearbyen lokalstyre. Forskrift om kompensasjonsordning til reiselivsnæringen på Svalbard blei vedteke av Longyearbyen lokalstyre 4. mai 2021 og gjeld til 31. desember 2022.

Koronavaksinering på Svalbard

Gjennom rammetilskotet til kommunane har det vore gitt midlar til å dekke kostnader til koronavaksinering i kommunane. Ettersom Svalbard ikkje er ein kommune, har det vore nødvendig med særskilde løyvingar til Svalbard for å finansiere vaksinering. Stortinget vedtok å auke løyvinga på kap. 480, post 50 med 500 000 kroner i 2021, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 710, post 23 Vaksiner og vaksinasjon mot covid-19, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Løyvinga vart plassert på kap. 0005 Sysselmesteren, post 01 Driftsutgifter på svalbardbudsjettet.Longyearbyen sjukehus tilbydde i 2021 vaksinering av alle innbyggjarane over 18 år i Longyearbyen og av befolkninga i Barentsburg og Ny-Ålesund, Bjørnøya og Hopen. Regjeringa foreslo å auke løyvinga tilsvarande for 2022, mot same reduksjon på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 710, post 23 Vaksiner og vaksinasjon mot covid-19, jf. Prop. 51 S (2021–2022). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 119 S (2021–2022). Nærmare omtale av korleis virusutbrotet og smitteverntiltaka har påverka Svalbard, og nærmare omtale av tiltak og løyvingar vedtekne av Stortinget finst i Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet og Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet.

2.2.3.2 Reiseliv

Nokre av restriksjonane for innreise og reiselivsverksemd har vore strengare på Svalbard enn på fastlandet av omsyn til beredskap. Reiselivsnæringa, den største næringa på Svalbard, har hatt låg aktivitet i store delar av turistsesongane 2020 og 2021. Reiselivsnæringa er ein stor bestillar av varer og tenester frå dei andre næringane, og ringverknadene frå nedgangen i talet på turistar har vore store for heile økonomien på Svalbard.

Talet på gjestedøgn auka til og med 2019. I 2020 og 2021 var det ein monnaleg reduksjon i talet på gjestedøgn. Medan det i 2019 var registrert 163 000 overnattingsdøgn ved kommersielle overnattingsverksemder, var tilsvarande tal for 2020 og 2021 høvesvis 65 000 og 79 000 ifølgje tal frå SSB og Visit Svalbard.

Cruisesesongane 2020 og 2021 vart òg råka av same årsak. I 2019 vart det registrert om lag 23 000 ekspedisjonscruisepassasjerar til Longyearbyen. I 2020 og 2021 var det tilsvarande talet høvesvis 1423 og 587. Det har ikkje vore registrert passasjerar frå konvensjonelle cruiseskip i 2020 og 2021. Det vart opna for å gjennomføre kyst- og ekspedisjonscruise frå 20. juni 2021 på vilkår som følgde av covid-19-forskrifta.

Stortinget løyvde midlar til tilskotsordningar for å avhjelpe situasjonen i reiselivsnæringa på Svalbard i både 2020 og 2021. Sjå punkt 2.2.3.1 for nærmare omtale av ordningane.

Som tidlegare år har Sysselmeisteren i 2021 gjennomført fleire dialogmøte både med det organiserte reiselivet og med andre offentlege aktørar, til dels Longyearbyen lokalstyre og Skatteetaten, gjennom eit trepartssamarbeid der òg Visit Svalbard deltek.

2.2.3.3 Hamn

I Nasjonal transportplan 2022–2033(NTP) er det førebels teke høgd for 406,0 mill. kroner til prosjektet med å utbetre Longyearbyen hamn for å støtte opp om eksisterande næringsliv og framtidig utvikling i den første seksårsperioden av NTP 2022–2033. Føresetnadene har endra seg, og behova må vurderast på nytt.

2.2.3.4 Befolkning og bustad

Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS frå 2018 har medført ei stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har ikkje hatt særleg innverknad på talet på sysselsette eller innbyggjartalet i Longyearbyen. Samstundes er samansetninga av befolkninga i endring, med ein større del utlendingar enn tidlegare år. Longyearbyen er og skal vere eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og talet på utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Regjeringa følgjer derfor med på utviklinga i Longyearbyen.

Bustadpolitikken skal bidra til å halde oppe Longyearbyen som eit norsk lokalsamfunn gjennom ei heilskapleg og effektiv forvaltning som sikrar bustader til offentleg tilsette og statleg kontroll med bustadmassen. Statsbygg Svalbard har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard og for forvaltninga av ein bustadpool i Longyearbyen som leiger ut bustader til tilsette i offentleg verksemd som i størst mogleg grad skal få tilbod om bustad tilpassa sine behov. Offentleg eigde bustader kan elles leigast ut til private arbeidsgivarar som medverkar til at dei svalbardpolitiske måla blir nådde. Det er eit mål at det ikkje skal skje vekst i den samla bustadmassen i Longyearbyen, og eventuell utskifting av bustader bør løysast gjennom transformasjon og fortetting. Nye bustader bør ha ein kvalitet og ei samansetning som medverkar til at Longyearbyen er attraktiv for norske arbeidstakarar og familiar.

Statsbygg tok 1. juli 2021 over forvaltninga av UNIS-bustadene, som med det vart innlemma i staten si husleigeordning i Longyearbyen. Justis- og beredskapsdepartementet har innleidd dialog med Longyearbyen lokalstyre om statleg kjøp av bustadene til Longyearbyen lokalstyre. Det er lagt til grunn at Longyearbyen lokalstyre ikkje sel bustader til private aktørar.

2.2.4 Energiforsyning og annan infrastruktur

Longyearbyen lokalstyre er som eigar av Longyearbyen energiverk og infrastruktur knytt til kraftverket, ansvarleg for å levere varme og elektrisitet i Longyearbyen. Forsyningstryggleik for energi er grunnleggjande for alle samfunnsfunksjonar. Longyearbyen er ikkje knytt saman med eit større energisystem, og tilgang på energi er avgjerande for annan infrastruktur. Forsyningstryggleik for energi er derfor spesielt viktig i Longyearbyen.

2.2.4.1 Omstilling til eit sikkert og fornybart energisystem i Longyearbyen

Kolkraftverket som forsyner Longyearbyen med kraft og varme, og som vart sett i drift i 1983, ber preg av den høge alderen og må om ikkje lenge erstattast av ei ny energiløysing. Stortinget har slutta seg til dei overordna rammene for etablering og drift av ny energiløysing, jf. Innst. 117 S (2021–2022). Det vidare arbeidet med ny energiforsyning blir følgt opp av Longyearbyen lokalstyre, i dialog med Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.

Longyearbyen lokalstyre har signalisert at dei også i framtida ønskjer å ha ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. Dette legg grunnlaget for den vidare planlegginga. Longyearbyen lokalstyre vil framleis ha ansvaret for energiproduksjonen i Longyearbyen ved overgangen til ei ny energiløysing. Longyearbyen lokalstyre vil vidare vere ansvarleg for å få etablert eit nytt energiverk i Longyearbyen.

Longyearbyen lokalstyre skal utarbeide ein energiplan for Longyearbyen innan utgangen av 2022 og overlevere han til Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. I arbeidet med energiplanen skal dei sjå på korleis overgangen til ei mest mogleg fornybar energiforsyning kan gjennomførast på ein måte som er så sikker, skånsam og kostnadseffektiv som råd. I energiplanen skal dei bl.a. gjere greie for korleis etablering av eit nytt kraftvarmeverk blir sett i samanheng med mellom anna energieffektivisering, lokal produksjon av fornybar energi og utprøving av nye teknologiar som forsyner kraftverket med kol. Når lokalstyret har overlevert energiplanen til departementa, vil departementa og lokalstyret saman vurdere den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2023

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2023 er på 581,9 mill. kroner, samanlikna med 640,0 mill. kroner i det vedtekne budsjettet for 2022. Dette er ein reduksjon på 58,0 mill. kroner, dvs. ein nedgang på 9,1 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2023 er stipulert til 376,4 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 480, post 50 Tilskudd.

Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2022 var 449,5 mill. kroner. Regjeringa foreslo i samband med Prop. 51 S (2021–2022) å auke løyvinga med 500 000 kroner for å finansiere vaksinering. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 119 S (2021–2022). Regjeringa foreslo i samband med Prop. 78 S (2021–2022) å auke løyvinga med 8,0 mill. kroner for å innføre kontroll på Svalbard av reisande til og frå øygruppa. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 270 S (2021–2022). I samband med revidert nasjonalbudsjett 2022 (Prop. 115 S (2021–2022)), jf. Innstilling 450 S (2021–2022), vart løyvinga redusert med 75 000 kroner som følgje av gevinstuttaket etter endra jobbvaner etter virusutbrotet.

For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet har ein redusert løyvinga på kap. 480, post 50 med 73,1 mill. kroner i 2023 samanlikna med saldert budsjett for 2022. Storleiken på løyvinga har variert frå år til år og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov, t.d. ved skredet i 2017, i samband med virusutbrotet i 2020 og i 2021 og i samband med krigen i Ukraina i 2022. I 2022 vart løyvinga auka bl.a. som følgje av eingongsutgifter i samband med at staten har inngått kontrakt om ein ny sivil redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren.

Bortsett frå løyvinga på kap. 480, post 50 er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtalen på kap. 3030. Skatteinntektene for 2023 er budsjetterte til 200,0 mill. kroner. Anslaget for 2022 var på 186,4 mill. kroner. Det er framleis noko uvisse om dei økonomiske verknadene i Longyearbyen av virusutbrotet på noko lengre sikt. Sjå kap. 3030 for nærmare omtale av forventa skatteinntekter i 2023. Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 34,6 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er det ein nærmare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1 og 2)

For 2023 er det foreslått å løyve netto 1 098 mill. kroner på statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet på kap. 480 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2022 var 1 600 mill. kroner.

4.1 Arbeids- og inkluderingsdepartementet2

4.1.1 Helse, miljø og tryggleik

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet ansvaret for bl.a. forvaltninga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og tryggleiksforskrifter. Departementet har òg etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet skal arbeide for eit sikkert og seriøst arbeidsliv, bl.a. ved å følgje opp at verksemdene varetek arbeidsgivaransvaret sitt og arbeider systematisk for forsvarlege arbeidsmiljøforhold. Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund, der sysselsetjinga av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagd lover og forskrifter som gjeld på Svalbard. Gruvedrifta i Svea er lagd ned, men det er framleis byggje- og anleggsverksemd der som er underlagd bl.a. HMT-regelverket (Helse- miljø- og tryggleiregelverket).

Arbeidstilsynet utøver dei same oppgåvene på Svalbard som på fastlandet, men aktiviteten blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet har bl.a. retta aktiviteten sin mot gruvedrift / byggje- og anleggsverksemd, og dei har følgt opp offentlege verksemder og private vekstnæringar. Innsatsen er slik tilpassa næringsstrukturen på Svalbard. Reiselivet har vore ei veksande næring i endring, og kva for aktørar bransjen er sett saman av har òg endra seg. Arbeidstilsynet har planlagt å auke innsatsen på rettleiing og tilsyn dei to siste åra, og styrkte i 2021 bemanninga for dette formålet. Som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka har det ikkje vore mogleg å gjennomføre desse planane i 2021. Arbeidstilsynet har planlagt for ytterlegare auka aktivitet på Svalbard i perioden 2022–2023.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet fastsette den 26. november 2021 ei forskrift som gjorde ferielova gjeldande på Svalbard frå og med 1. januar 2022. Arbeidet med å følgje opp forslag om å gjere allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard er utsett til 2023.

4.2 Barne- og familiedepartementet

4.2.1 Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet har ei hospiteringsordning i Longyearbyen. Kontoret ligg under Forbrukartilsynet sitt kontor i Tromsø, og løyser oppgåver knytte til mekling i forbrukarklagar. Ein omtale av klagebehandlingstilbodet til Forbrukartilsynet finst i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. Det er for tida fire hospitantar som bidrar i den samla tenesteproduksjonen til Forbrukartilsynet. Kontoret fungerer òg som kontaktpunkt for det lokale næringslivet og gir rettleiing til forbrukarar som bur i Longyearbyen. Ordninga har vore i drift sidan august 2017.

4.2.2 Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Oppgåvene til barneverntenesta etter barnevernlova blir utførte av Sysselmeisteren, med mindre oppgåvene er delegerte til eit representativt folkevald organ, jf. § 3 i forskrifta. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova for Longyearbyen planområde blir utførte av Longyearbyen lokalstyre, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernsstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barnevernstiltak som blir sette i verk på fastlandet. Alle krav om refusjon skal setjast fram for Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Utgiftene til refusjon for barnevernsutgifter for Svalbard er i 2023 rekna til 2,5 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

4.2.3 Barnetrygd

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard, og som er medlem av folketrygda, jf. barnetrygdlova § 3 og folketrygdlova § 2-3. Ifølgje SSB budde det 474 barn på Svalbard per 1. januar 2022. I 2023 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 7,9 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskudd. Regjeringa foreslår å avvikle særfrådraget til einslege forsørgjarar og auke den utvida barnetrygda tilsvarande maksimal skatteverdi av eit frådrag, jf. Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet. Avviklinga av særfrådraget påverkar ikkje personar som er skattepliktig busette på Svalbard, då desse ikkje har rett til særfrådraget. Satsen for utvida barnetrygd er foreslått auka frå 1 054 kroner per månad til 2 016 kroner.

4.2.4 Kontantstøtte

Kontantstøttelova gjeld for personar som er busette på Svalbard, og som er medlem i folketrygda, jf. kontantstøttelova § 2 tredje ledd og folketrygdlova § 2-3. Det er i 2023 venta 600 000 kroner i utgifter til kontantstøtte for barn busette på Svalbard på kap. 844 Kontantstøtte,post 70 Tilskudd.

4.3 Finansdepartementet

4.3.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging: lønnstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønnstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto lønn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn lønn og pensjon blir skattlagd på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir lønn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12 G, og med 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt, som t.d. kapital- og næringsinntekt, blir som utgangspunkt skattlagd med 16 pst. Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Selskap med monnaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (22 pst.) for slike overskot. Formålet er bl.a. å hindre at nokon utnyttar det gunstige skattenivået på Svalbard for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

4.3.2 Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale i kap. 0022 Skattekontoret Svalbard. Svalbard skattekontor har bl.a. følgjande oppgåver:

  • å fastsetje skatt etter svalbardskattelova

  • å kontrollere personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder

  • å administrere registeret over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift av 4. februar 1994 nr. 111

  • å gi refusjon av innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande, sjå omtale i punkt 4.5.2

  • å rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard.

4.3.3 Statistisk sentralbyrå

God statistikk er viktig for at ein skal kunne ha tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga på Svalbard. Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for statistikk på Svalbard og har etablert tidsseriar som jamleg blir oppdaterte for befolknings- og næringsutvikling. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekker Svalbard, er samla under eit eige emne på ssb.no (https://www.ssb.no/svalbard). SSB leier statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for Svalbard-statistikk.

4.3.4 Vareførselskontroll

Regjeringa foreslo i Prop. 70 L (2021–2022) ein heimel i tollova til å gi forskrift om at lova eller delar av lova skulle gjelde for Svalbard, og at Svalbard skulle vere eige tollområde.

Regjeringa foreslår å løyve 26,0 mill. kr på kap. 1610, post 01 til vareførselskontroll på Svalbard. Sjå nærmare omtale i pkt. 2.2.2.3.

4.4 Helse- og omsorgsdepartementet

4.4.1 Sjukehus

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord RHF får løyving på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 732, post 75. Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus skal sørge for akuttmedisinsk beredskap og andre helsetenester på Svalbard i den grad dette er nødvendig og tilpassa dei lokale forholda. Dette gjeld likevel ikkje helsetenester som arbeidsgivaren pliktar å sørge for etter kgl.res. 7. august 1925 nr. 3767 om bergverksordninga for Spitsbergen (Svalbard). Det blir òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og i havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar, i samarbeid med Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre, jf. smittevernlova og folkehelselova. I Barentsburg er det ei eiga helseteneste i regi av det russiske gruveselskapet. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdommar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Innleggingar blir vanlegvis avgrensa frå nokre timar eller dagar til ei veke, slik at situasjonen blir avklart – anten for utskriving eller for at pasienten må overførast til sjukehus eller anna medisinsk tilbod på fastlandet.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk nødmeldeteneste, akutt hjelp, ambulanseteneste, bemanning med anestesilege på Sysselmeisteren sitt redningshelikopter frå Longyearbyen sjukehus, og flyambulanse til fastlandet ved behov. Sjukehuset har ein beredskapsplan for større hendingar. Dette gjeld utviding av eigen kapasitet, mottak av støtte frå UNN Tromsø og medisinsk evakuering av pasientar. Longyearbyen sjukehus er knytt til Sysselmeisterens nødkommunikasjonssystem, men ikkje til nødnettet på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus har eit samarbeid med UNN Tromsø om bl.a. videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE), som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand under vurdering og behandling av pasientar.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet ligg til primærhelsetenesta, bl.a. allmennlegeteneste, jordmor- og helsesjukepleiarteneste, fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset kan gjennom avtale med verksemder tilby bedriftshelseteneste. Longyearbyen sjukehus har ikkje pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester, skal kunne få desse i heimkommunen sin på fastlandet eller i heimlandet

Helse Nord RHF er representert i arbeidet i EPPR (emergency prevention preparedness and response), eit arktisk samarbeid for å skape større redundans på behandling i arktiske forhold på tvers av landa i staden for å evakuere pasientane til fastlandet.

4.4.2 Helseberedskap

Luftambulansetenesta sine ambulansefly dekker Svalbard. I samband med virusutbrotet og smitteverntiltaka vart det leigd inn ekstra ressursar. Luftambulansetenesta HF har lagra medisinsk-teknisk utstyr på Svalbard. Som ein del av den sivile beredskapen til EU, RescEU, er det etablert eit ambulansefly med fast base i Tromsø. Jetflyet vil, når det ikkje er på oppdrag i EU, bidra i beredskapen knytt til Svalbard. Ved større ulukker kan Helsedirektoratet sine avtalar om forsterkingsressursar frå Forsvaret, sivil luftfart og andre land, løysast ut med tanke på transport av medisinsk utstyr og personell frå fastlandet og evakuering av skadde pasientar frå Longyearbyen.

Forsyning av ei tilstrekkeleg mengd vaksinedosar til å vaksinere fastbuande på Svalbard ved eit større virusutbrot, er prioritert. Helse Nord RHF har i samarbeid med UNN etablert rutinar for vaksinasjon mot covid-19 ved Longyearbyen sjukehus. Det er òg etablert rutinar for evakuering av pasientar til fastlandet. Det blir lagt til grunn at det vil vere behov for vaksinasjon mot covid-19 også i 2023. Vaksinar og vaksinasjon mot covid-19 blir tilbodne utan eigendel, og staten vil dekke kostnader til vaksinasjon på Svalbard.

Sjå punkt 2.2.3.1 for nærmare omtale av vaksinasjon mot covid-19 på Svalbard.

4.4.3 Helsenettet

Norsk helsenett SF har ei eiga eining i Longyearbyen med fem medarbeidarar. I 2022 flytta Norsk helsenett SF inn i Statens hus i Longyearbyen. I samanheng med etableringa har Norsk helsenett SF i samarbeid med UNN og Helse Nord IKT knytt Longyearbyen sjukehus til stamnettet, noko som har styrkt kapasiteten, tryggleiken og beredskapen vesentleg.

4.5 Klima- og miljødepartementet

Eit av regjeringa sine overordna mål for svalbardpolitikken er å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Innst. 88 S (2016–2017), jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsmessige omsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser.

Klima- og miljødepartementet har i Prop. 1 S (2022–2023) desse måla for miljøpolitikken på Svalbard:

  • Omfanget av villmarksprega område skal haldast ved lag, og naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom ei føreseieleg og langsiktig forvaltning.

Svalbardmiljølova med forskrifter er det viktigaste verkemiddelet for å nå miljømåla på Svalbard. Miljøregelverket og miljømåla set rammer for all verksemd.

4.5.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard, med Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren som ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard som regionalt apparat. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område for Longyearbyen planområde.

Miljøvernarbeidet på Svalbard skal leggje vekt på å verne om villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er blitt meir sårbare for belastninga frå ferdsel og anna lokal verksemd. Reduksjon av påverknadsfaktorar som ferdsel, naturinngrep, forureining og hausting er den mest effektive, og ofte den einaste moglege formen for klimatilpassing når det gjeld å ta vare på biologisk mangfald og kulturmiljø på Svalbard.

Utfordringar

Målet om å halde omfanget av villmarksprega område på Svalbard ved lag, er følgt opp gjennom eit utstrakt vern av område, og strenge reglar når det gjeld nye naturinngrep som kan påverke villmarksprega område. Som ei følgje av denne politikken, har det ikkje vore vesentlege reduksjonar av villmarksprega område på Svalbard dei siste tiåra.

Gruva i Lunckefjell nord for Svea er tilbakeført til opphaveleg tilstand. I 2023 blir oppryddinga etter gruvedrifta i Svea avslutta.

Klimaendringane på Svalbard skjer raskt, og har allereie merkbare konsekvensar for naturen og kulturmiljøa på Svalbard. Desse konsekvensane vil bli større etter kvart som temperaturane held fram med å stige og sjøisen minkar endå meir. Spesielt utsett er artar som er avhengige av sjøis, slik som ringsel og isbjørn, og artar som er sterkt påverka av endringar i det marine miljøet slik som sjøfugl. Endringar i tilgang på føde som følgje av klimaendringar er alt i dag rekna som ein hovudårsak til nedgang i bestandane hos nokon av dei høgarktiske fugle- og dyreartane.

Ei sterk vekst i turisme og forsking på Svalbard over mange år har og ført til auka belastning på sårbare naturmiljø og kulturminne. Veksten i cruiseturisme med ilandstigning på populære stader som ofte er sårbare, er ei særleg utfordring, og kan føre med seg forstyrring av dyrelivet og skadar og slitasje på terreng og kulturminne. Det er dokumentert at forstyrring hos fleire artar kan føre til redusert bruk av viktige leveområde.

Fjordisen på vestkysten av Svalbard har minka særleg raskt dei siste åra. Fjordområde med brefrontar og stabil fjordis vinterstid er viktige leveområde for ringsel og isbjørn. Når isdekket minkar, blir dei fjordområda som fortsatt har sjøis, viktigare for dyrelivet. Samstundes er desse områda attraktive turmål, noko som kan føre til forstyrring av dyrelivet. Å avgrense forstyrring og påverknad frå lokal verksemd på sårbare artar er soleis ei hovudutfordring.

Dei fleste artane på Svalbard er freda, men det er opent for avgrensa jakt, fangst og fiske på artar som rein, rype, fjellrev og røye, og nokre artar av sel og sjøfugl. Klimaendringane endrar livsvilkåra for desse artane, noko som gjer det meir krevjande å sikre at dei blir forvalta på ein heilskapleg måte i samsvar med målet om at naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

Dei fleste vegetasjonstypane på Svalbard har dårleg slitestyrke og evne til gjenvekst. Klimaendringane fører med seg endringar i terrenget og vegetasjonen, og kan gjere terrenget og vegetasjonen meir sårbart for slitasje frå ferdsel.

Freda bygningar på Svalbard er i all hovudsak bygde på permafrost. Ein kan måle ei kontinuerleg auke av temperatur i dei øvre laga i bakken, og laget som tiner kvar sommar blir stadig djupare. Dette skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur, og forsterkar naturlege nedbrytingsprosessar. Klimaendringar fører òg til at flaum og skred vil kunne skje oftare, og påføre bygg og andre kulturminne skade.

Klimaendringar i form av høgare temperaturar og meir nedbør medverkar til auka kysterosjon. Dette utgjer ein aukande trussel mot kulturmiljø og kulturminne som ligg langs kysten. Som følgje av dette opplever forvaltninga ein auke i saker der kulturminne står i direkte fare for å bli øydelagde eller gå tapt. Særeigne forhold knytt til vêr, infrastruktur og geografi gjer det praktisk utfordrande og kostnadskrevjande å ta vare på kulturminne på Svalbard. For å gjere nødvendige prioriteringar i arbeidet med å sikre kulturminna, er det òg viktig å forbetre kunnskapsgrunnlaget på området.

Introduserte, framande artar kan lettare etablere seg når klimaet blir varmare. Dette utgjer ein aukande miljøtrussel i Arktis og på Svalbard.

Forsøpling, særleg plastavfall i havet og på land, er ein vesentleg trussel mot bl.a. dyreliv i nordområda, og kan auke med aukande skipstrafikk som følgje av klimaendringar. Mikroplastforureininga i Arktis er vesentleg, med særleg høge nivå i is. Fiskeutstyr, tau og hushaldingsavfall er blant dei viktigaste typane av marin forsøpling. Plastavfall og mikroplast blir også transportert til Arktis med havstraumar og vind.

Tiltak

Forvaltninga vil sjå til at ferdsel, hausting og anna verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor. Mellom anna vil ei vidare utvikling av miljøregelverket og utarbeiding av forvaltningsplanar vere viktige oppgåver.

Oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea blir avslutta i 2023, og er inne i siste fase. Miljøvernstyresmaktene vil følgje opp føresegner om opprydding i svalbardmiljølova og vilkår som er gitt for oppryddinga.

Det er ei prioritert oppgåve for miljøforvaltninga å redusere lokale kjelder til forureining og avfall på Svalbard. Sysselmeisteren vil rettleie og følgje opp krava i forskrift om forureining og avfall som trådde i kraft 1. januar 2020. Miljøforvaltninga jobbar med å auke kunnskapen om moglegheiter og utfordringar knytt til sirkulær økonomi på Svalbard, og vil halde fram med dette i 2023. Sysselmeisteren held fram arbeidet for å redusere marin forsøpling på Svalbard i tråd med strategien for å redusere marin forsøpling på Svalbard.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna er særleg viktige for reiselivet og lokalbefolkninga. For å bevare dei verdiane som skaper opplevingar, må dei vernast om. Nokre kulturminne er solide tekniske konstruksjonar etter gruveverksemd, medan andre er skjøre og lause gjenstandar og leivningar som er utsette for ulovleg tråkk og plukk. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i kulturminneplanen for Svalbard for 2013–2023. Miljøstyresmaktene arbeider med å revidere kulturminneplanen for Svalbard.

Å ferdigstille planen er ei høgt prioritert oppgåve i 2023. Planen skal mellom anna gje grunnlag for prioriteringar som er nødvendige for å nå målet om å sikre dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard.

Folk som bur på Svalbard blir óg ramma direkte av klimaendringane, som fører til auka fare for flaum og skred. Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga framover blir derfor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområda rundt lokalsamfunna.

4.5.2 Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond gir tilskot til tiltak som har til formål å beskytte miljøet på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond, vedtekta til fondet og det årlege tildelingsbrevet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisande til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir gjorde av eit styre som er oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Fondskapitalen og avkastninga blir som tilvist i svalbardmiljølova § 98 nytta til undersøking og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, årsaker til miljøpåverking og miljøverknader av verksemd, oppattretting av miljøtilstanden, tilskott til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Fondet skal ikkje brukast til å dekke forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift.

Inntektene til Fondet frå miljøavgifta gjekk ned under pandemien i 2020-2021 som følgje av redusert reiseaktivitet til Svalbard, men vil i 2022 og 2023 truleg auke tilbake til 2019-nivå eller meir.

Regjeringa foreslår for 2023 ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbards miljøvernfond på 13,0 mill. kroner, som er ein auke på 2,6 mill. kroner frå 2022.

Kap. 1472 post 50 skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond. Posten er auka med om lag 2,6 mill. kroner fordi talet på reisande til Svalbard er forventa å ta seg opp.

4.5.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Klima- og miljødepartementet. Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis. Instituttet er fagleg og strategisk rådgjevar for sentralforvaltninga og er fagleg rådgjevar for Miljødirektoratet og Sysselmeisteren på Svalbard. Norsk Polarinstitutt skal bidra til å fremme norske interesser på Svalbard, i Polhavet og dei nordlege havområda, og ivareta infrastruktur og strukturer for forskingssamarbeid i nord- og polarområda. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av infrastruktur for forskinga, oppdrag knytte til ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon.

Norsk Polarinstitutt tek vare på den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund, med fagleg tyngde og leiarskap på relevante område, Norsk Polarinstitutt har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund, og er kontaktpunkt i Ny-Ålesund for forskinga og aktivitet knytt til forskinga, jf. Overordna strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Klima- og miljødepartementet for ytterlegare informasjon om Norsk Polarinstitutt.

Norsk Polarinstitutt eig det isgåande forskingsfartøyet «F/F Kronprins Haakon». Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekke instituttet sitt behov for overvaking og datainnsamling i islagde og opne farvatn til alle årstider.

For 2023 er om lag 138 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt på Klima- og miljødepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

4.5.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund, og har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten. Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene for staten. Eigarskapen medverkar til å understøtte dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk og føringane for Ny-Ålesund jf. Innst. 88 S (2016–2017) og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. I meldinga går det fram at Ny-Ålesund skal vere ei plattform for internasjonalt naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse, der Noreg har ei tydeleg vertskapsrolle med fagleg tyngde og leiarskap på relevante område. Målet med den statlege eigarskapen i Kings Bay AS er å syte for mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av eigedommen, bygningsmassen og infrastrukturen, slik at Ny-Ålesund blir utnytta best mogleg i tråd med dette. Driftskonseptet til selskapet er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

Utvikling og forvaltning av bygningsmasse, infrastruktur og tenestetilbod i Ny-Ålesund skal byggje opp under føringane i Innst. 88 S (2016–2017), jf. Meld. St. 32 (2015–2016) og Noregs forskingsråds strategi for Ny-Ålesund forskingsstasjon frå mai 2019. Forskinga i Ny-Ålesund skal konsekvent utnytte det særeigne ved staden som eit reint, naturvitskapeleg laboratorium, og utvikling og forvaltning av bygningsmasse, infrastruktur og tenestetilbod skal byggje opp under prioriterte, heilskaplege satsingar.

I 2023 vil vedlikehald og reparasjonar av bygningsmassen og infrastrukturen i Ny-Ålesund vere ei viktig oppgåve for selskapet. Etter at store delar av selskapets inntekter fall bort i 2020 og 2021 på grunn av innreiserestriksjonane til Svalbard under pandemien, er talet på besøkande forskarar no iferd med å ta seg opp igjen. Den økonomiske situasjonen til selskapet er krevjande. Klimaendringar er ein sentral drivar for at infrastrukturen på Svalbard blir forringa. Forskningsbygga i Ny-Ålesund er hardt ramma av dette. Riksrevisjonen gjennomførte i 2021 ei undersøking av korleis svalbardselskapa handsama klimaendringane. Riksrevisjonen peiker på at nødvendig refundamentering av bygningar ofte blir sett i gang så seint at det allereie har oppstått følgjeskadar på bygningane, i nokre tilfelle uopprettelege skadar. Det å utsetje nødvendig vedlikehald og refundamentering kan difor auke kostnadene monnaleg. Det gjeld òg i høgaste grad i Ny-Ålesund, der Kings Bay ikkje har økonomi til å halde ved lag eit tilfredsstillande nivå på alle bygningar og annan viktig infrastruktur. For at selskapet skal kunne gjennomføre nødvendige investeringar og vedlikehald av bygningar og infrastruktur, slik at Ny-Ålesund kan driftast vidare som ein trygg og driftssikker norsk forskingsstasjon, foreslår regjeringa å auke tilskotet til selskapet varig med 20 mill. kroner innan 2024. For 2023 blir det foreslått ein auke på 10,0 mill. kroner.

Trepartssamarbeidet om flytransport mellom Lufttransport, Store Norske Spitsbergen Kulkompani (SNSK) og Kings Bay AS tok slutt 1. august 2022 på grunn av nedlegging av gruvedrifta i Svea. Kings Bay AS har inngått ein midlertidig transportavtale med Lufttransport som gjeld vidare fram til 31. juli 2024, og jobbar aktivt med å skaffe ein leverandør for ein ny langsiktig lufttransportavtale mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund frå 1. august 2024. Under trepartsavtalen som gjaldt fram til 1. august 2022, delte selskapet kostnadene med Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Ein ny avtale der Kings Bay AS må bere heile kostnaden sjølv, vil bli dyrare for selskapet. Utan ein ny avtale kan ikkje Ny-Ålesund drivast vidare. I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2022 vart tilskotet auka med 7 mill. kroner, for å dekkje dei auka utgiftene i 2022. Frå og med 2023 er heilårseffekten av den nye flytransportavtalen 17 mill. kroner, og ein foreslår å auke tilskotet tilsvarande.

Regjeringa foreslår ei løyving til Kings Bay AS på Klima- og miljødepartementets budsjett kap. 1473 post 70 på 65,0 mill. kroner for 2023. Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

4.5.5 Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). Regeringa foreslår ei løyving til formålet på 18,1 mill. kroner jf. Vedlegg 2. Utgifter til Meteorologisk institutt si del av husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen, blir finansiert på kap. 19 på svalbardbudsjettet. Det er foreslått ei løyving på svalbardbudsjettet kap. 19, post 01 på 7,8 mill. kroner.

4.6 Kommunal- og distriktsdepartementet3

4.6.1 Bygg og eigedommar

Dei fleste av dei statlege eigedommane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen, inngår i den statlege husleigeordninga over kap. 2445 Statsbygg. Desse eigedommane er sysselmeistergarden, Statens hus i Longyearbyen, nokre lagerbygg, bustader, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmeisterens administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og forskingsbygget til Norsk Polarinstitutt (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund, inngår òg i husleigeordninga. Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard er på svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har seks tilsette.

Refundamenteringa av Svalbard kyrkje vart avslutta i 2021. Statsbygg har i 2021 bygd om og modernisert kontorareal i Statens hus i Longyearbyen, og første leigetakar har flytta inn. Dei 53 bustadene til UNIS (Universitetssenteret på Svalbard) AS, vart innlemma i husleigeordninga 1. juli 2021.

4.6.2 Geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Statens kartverk driftar eit geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund. Målingane er ein del av eit globalt forskingssamarbeid. Observatoriet inneheld geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar og målingar mot kvasarar og måle endringar i lokalt tyngdefelt og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner. Observatoriet måler endringar på jorda frå verdsrommet og jordplateforskyvingar. Dette gir òg grunnlag for å overvake havis som smeltar, og endringar i havnivået. Eit nytt laserinstrument for måling mot satellittar er under utvikling i samarbeid med NASA, og første del av dette vart installert i april 2022. Når to år med parallelle målingar med gammalt og nytt anlegg er gjennomførte, skal det gamle anlegget ved flystripa rivast. Samla budsjettramme for investeringane er på 401,8 mill. kroner.

Midlar til det geodetiske observatoriet i Ny-Ålesund blir løyvde på kap. 595 Statens kartverk.

Regjeringa foreslår ei løyving på 9,6 mill. kroner på post 30 Geodesiobservatoriet, jf. vedlegg 1. Det er på post 01 Driftsutgifter foreslått 13,6 mill. kroner til det geodetiske observatoriet i Ny-Ålesund i 2023.

4.6.3 Sjømåling

Statens kartverk har ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. I 2021 har det vore utført sjømålingar med 70 måledøgn i området Storfjorden. Det same talet på måledøgn er planlagt for 2022 og 2023. Kartverket har i 2022 forbetra datagrunnlaget i enkelte område der det allereie er etablert ruter, t.d. Freemansundet, og kopla saman område der dei eksisterande karta har vore ufullstendige, bl.a. Hinlopenrenna.

Midlar til sjømåling blir løyvde på kap. 595 Statens kartverk. Det er sett av om lag 11,4 mill. kroner til sjømåling ved Svalbard i 2022. Midlane er ikkje øyremerkte Svalbard på posten. Regjeringa foreslår tilsvarande at om lag 11,8 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til tiltaket i 2023, jf. vedlegg 1.

4.6.4 Tilsyn med satellittjordstasjonar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) er ei utøvande tilsyns- og forvaltningsstyresmakt for tenester innanfor post og elektronisk kommunikasjon i Noreg. Nkom gir frekvensløyve for all bruk av radiofrekvensar og fører særleg tilsyn med satellittjordstasjonar på Svalbard. Nkom samarbeider med Sysselmeisteren på Svalbard.

Regjeringa foreslo i samband med Prop. 78 S (2021–2022) å auke løyvinga på kap. 543 Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, post 70 Telesikkerhet og -beredskap, kan overføres, med 5 mill. kroner for å forsterke reservesatellittsambandet mellom Svalbard og fastlandet. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 270 S (2021–2022).

4.7 Kultur- og likestillingsdepartementet4

4.7.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Museet er innlemma i det nasjonale museumsnettverket.

I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettet kap. 0004 Svalbard Museum, blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

I 2021 hadde Svalbard Museum om lag 14 400 besøkande, ein auke på vel 17 pst. frå 2020, men framleis under nivået frå åra før virusutbrotet.

For 2022 er det løyvd 2,0 mill. kroner i ordinært driftstilskot på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett til Svalbard Museum. I 2021 var den samla løyvinga til Svalbard Museum på kap. 328, post 70 monnaleg større, 3,5 mill. kroner, som følgje av løyvingar knytte til tiltak i samband med virusutbrotet og smitteverntiltaka. Regjeringa foreslår ei løyving på 2,1 mill. kroner til Svalbard Museum over Det nasjonale museumsnettverket, jf. vedlegg 1.

4.7.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum tok i bruk nye lokale i Longyearbyen i 2022. I 2021 har aktiviteten på Svalbard vore avgrensa til ei utstilling i folkebiblioteket i Longyearbyen og ein utandørs installasjon.

4.7.3 Stiftinga Artica Svalbard

Formålet med stiftinga er bl.a. å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet og å styrke den kulturelle og kreative næringa på Svalbard. Regjeringa foreslår ei løyving på 2,9 mill. kroner til Artica Svalbard på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområdene, jf. vedlegg 1.

4.7.4 Andre tilskot

Regjeringa foreslår ei løyving på 190 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområdene, jf. vedlegg 1. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335, post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene og blir fastsett i oktober det same året. Svalbardposten fekk 846 624 kroner i produksjonstilskot i 2021.

4.8 Kunnskapsdepartementet

4.8.1 Nye forskrifter om barnehageverksemd og grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen (forskrift 17. juni 2022 nr. 1219) og forskrift om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen (forskrift 17. juni 2022 nr. 1044) blei fastsette ved kongeleg resolusjon 17. juni 2022. Forskriftene tok til å gjelde 1. august 2022. Forskriftene er utarbeidde med utgangspunkt i norsk svalbardpolitikk. Regjeringa vil gjennom dei nye forskriftene avklare rettssituasjonen og oppdatere reguleringa slik at ho er i samsvar med rettsutviklinga og hovudlinjene i svalbardpolitikken. Det er viktig at barn og unge i Longyearbyen har eit barnehage- og skuletilbod av god kvalitet, og at tilbodet kan danne grunnlag for den vidare utdanninga og arbeidslivet deira. Samstundes krev svalbardpolitikken at tilbodet og rettane i Longyearbyen er avgrensa samanlikna med Fastlands-Noreg. Forskriftene uttrykker balanse mellom desse omsyna.

Forskrifta om barnehageverksemd i Longyearbyen regulerer bl.a. ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, ei plikt for Longyearbyen lokalstyre til å ha eit barnehagetilbod og i kva utstrekning barnehagelova med forskrifter gjeld for barnehagetilbodet i Longyearbyen. Det har ikkje tidlegare vore fastsett ei forskrift om barnehageverksemd på Svalbard. Forskrifta om grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen avløyste forskrift om grunnskoleopplæring og videregående opplæring på Svalbard (forskrift 18. januar 2007 nr. 76), og regulerer bl.a. ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, rett og plikt til grunnskuleopplæring og i kva utstrekning opplæringslova med forskrifter gjeld for opplæringstilbodet i Longyearbyen. Forskriftene gjeld for barnehage- og grunnopplæringsverksemd innanfor Longyearbyen arealplanområde.

4.8.2 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. Senteret er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar med familiar.

Målet med tilskotet over budsjettet til Kunnskapsdepartementet er høg kvalitet i utdanning og forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Tilbodet ved UNIS er på universitetsnivå og utgjer eit supplement til lærestadene på fastlandet. Studia ved UNIS har ein internasjonal profil, og studentmassen skal fordele seg om lag likt på norske og utanlandske studentar. Senteret speler òg ei sentral rolle i å vidareføre den norske polarforskingstradisjonen, i å utvikle Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

Restriksjonane som vart innført i 2020 var òg delvis gjeldande i 2021. I vårsemesteret 2021 vart dei aller fleste master- og ph.d.-emna avlyste og maksimaltalet på studentar måtte reduserast. Det vart utført 162 studentårverk i 2021.

UNIS har i 2020 og 2021 nytta det økonomiske handlingsrommet sitt til å investere for å kunne gi betre kvalitet på utdanning, forsking og administrative tenester i åra framover. Det gjer at UNIS står betre rusta til å handtere situasjonen etter virusutbrotet.

Regjeringa foreslår å løyve 158,3 mill. kroner til UNIS på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 274, post 70, jf. vedlegg 1.

Tabell 4.1 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Tildeling (mill. kroner)

112,2

117,9

125,4

124,4

128,9

138,3

136,2

142,5

40

Tilsette heiltid (i parentes: tilsette i mindre stillingsbrøkar)

99 (34)

106 (38)

110 (43)

113 (50)

106 (43)

90 (39)

91 (40)

94 (47)

105 (50)

Studentar (årsverk)

175

190

203

214

222,5

218

213

97

162

4.8.3 Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike fagdisiplinar. Om ein ser bort frå store nasjonale investeringar i t.d. forskingsfartøy og -stasjonar, blir om lag 25 pst. av norsk polarforsking (om lag 337,0 mill. kroner i 2021) finansiert gjennom Noregs forskingsråd. Av dette er i underkant av 30 pst. svalbardrelevant forsking. Polarforskingsprogrammet (POLARPROG) utgjer om lag 5 pst. av norsk polarforsking og får målretta midlar til polarforsking frå Kunnskapsdepartementet (67 mill. kroner i 2022, kap. 285, post 53) og Klima- og miljødepartementet (8,3 mill. kroner, kap. 1410, post 51). Med den nye porteføljestyringa i Forskingsrådet blir polarforskingsprogrammet sett i samanheng med andre relevante program, særskilt for klima/miljø og hav. Tildelte summar til polarforsing kan difor variere mellom år. Det gjeld òg forsking på og om Svalbard. Noregs forskingsråd har eit særskilt ansvar for å koordinere og informere om forskingsverksemda på øygruppa.Svalbard Science Forum (SSF) er eit verktøy for strategisk, fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard. SSF administrerer to støtteordningar som stimulerer til internasjonalt vitskapleg samarbeid på Svalbard og rekruttering av neste generasjon polarforskarar.

Nettportalen Research in Svalbard (RiS) inneheld ei oversikt over norsk og utanlandsk forskingsaktivitet på Svalbard og i havområda rundt. Portalen er den viktigaste kjelda til informasjon om forskingsaktivitet, og han gir oversikt over den forskingsaktiviteten som skjer i felt. Portalen vart totalt ombygd i 2021 og ein ny versjon (RiS 3.0) er no i drift.

Forsking og høgare utdanning har ei sentral rolle i norsk svalbardpolitikk, og denne rolla er styrkt i samband med utfasing av store delar av gruveverksemda. Forsking og høgare utdanning medverkar til å skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, og forsking er grunnlaget for all aktivitet i Ny-Ålesund.

Forskingsrådet la fram ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund i april 2019, i nært samarbeid med forskingsaktørane og samarbeidsorganet deira, NySMAC (Ny-Ålesund Science Managers Committee). Norsk Polarinstitutt har ansvar for å setje i verk strategien i Ny-Ålesund.

4.8.4 Folkehøgskule på Svalbard

Svalbard folkehøgskule hadde tredje driftsår skuleåret 2021–2022 og medverkar til ein auke i talet på fastbuande nordmenn på Svalbard. Hausten 2021 gjekk det 65 elevar ved skulen, ein auke på 13 elevar frå 2020. Skulen held til i mellombelse lokale på det noverande tidspunktet. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS skal byggje heilt nye undervisnings- og kontorlokale og kjøpe eksisterande studentbustader i Longyearbyen frå Noregs arktiske studentsamskipnad som folkehøgskulen skal leige.

Svalbard folkehøgskole får eit ekstratilskot fordi det er dyrare å drive folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet. I 2022 fekk skulen 10,9 mill. kroner i ekstratilskot. Regjeringa foreslår å auke ekstratilskotet til Svalbard folkehøgskole med 4 mill. kroner i 2023. Av dette er 1,8 mill. kroner ei reell styrking for å dekke ekstraordinære utgifter til skuledrift, medan 2,2 mill. kroner er ei vidareføring av midlane skulen tidlegare har fått gjennom husleigetilskotet. Det er lagt til grunn at ekstratilskotet, med den foreslåtte auken, reflekterer behovet til skulen også i åra framover. Det ordinære tilskotet til Svalbard folkehøgskole blir fastsett etter at denne proposisjonen er lagd fram. Det er foreslått å løyve midlane på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 253, post 70, jf. vedlegg 1.

4.8.5 Bygging av studentbustader

Studentbustadene i Nybyen i Longyearbyen ligg i eit område med skredfare. Dei nye studentbustadene på Elvesletta som erstattar bustadene i Nybyen, vart tekne i bruk i oktober 2021.

4.8.6 Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit norskinitiert internasjonalt samarbeid for å utnytte infrastrukturen for tverrfagleg forsking på jordsystemet på Svalbard, dvs. forsking på samanhengane mellom havstraumar, atmosfæriske og geologiske forhold og utbreiing av is, snø, planter og dyr. SIOS kunnskapssenter (SIOS KC) leverer bl.a. tenester for betre tilgang til infrastruktur og data, organiserer kampanjar for betre integrering og utnytting av observasjonssystemet og koordinerer den norske noden av SIOS (SIOS InfraNOR). Tildelinga frå Forskingsrådet til SIOS KC i 2022 var på 15,3 mill. kroner, medan bidraget til SIOS InfraNOR var på 15,8 mill. kroner for 2022.

4.8.7 EISCAT

EISCAT er ei internasjonal vitskapleg stifting som driv fire store radaranlegg der ein studerer vekselverknader mellom sola og jorda sin øvre atmosfære i dei nordlege delane av Fennoskandia. EISCAT er eigd av forskingsråd og institutt i medlemslanda Finland, Japan, Kina, Noreg, Storbritannia og Sverige. Stiftinga har kontor i Sverige (Kiruna). Radaranlegga ligg i Sverige, i Finland, i Fastlands-Noreg og på Svalbard. For tida blir det gjennomført ei oppgradering av EISCAT kalla EISCAT_3D. Denne omfattar nye radarstasjonar som skal auke forståinga av partikkelrørsler i tre dimensjonar i den øvre atmosfæren, bl.a. knytt til nordlys. Noregs forskingsråd dekker det norske bidraget til EISCAT_3D på til saman 288 mill. kroner fram til og med 2024. EISCAT har gitt UiT Noregs arktiske universitet i oppdrag å drive dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard, og den nye radarstasjonen som kjem i Skibotn.

4.9 Landbruks- og matdepartementet

4.9.1 Svalbard globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet har det øvste ansvaret for Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard, og eit kjøleanlegg sørger for at frøa blir lagra ved ideell temperatur på –18 °C. Frøkvelvet er verdas største tryggingslager for frø til mat og landbruksformål. Den store internasjonale merksemda frøkvelvet har fått, har medverka til å auke forståinga av kor viktig det er å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, og til å auke det internasjonale medvitet om Svalbard. Landbruks- og matdepartementet driftar frøkvelvet saman med partnarane Nordisk Genressurssenter (NordGen) og Global Crop Diversity Trust.

4.10 Nærings- og fiskeridepartementet

4.10.1 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 98,75 pst. av all grunn på Svalbard. Nærings- og fiskeridepartementet forvaltar all statleg eigd grunn på Svalbard direkte.

I samband med oppryddinga etter gruvedrifta i Svea og Lunckefjell skal alle bygningar i Svea fjernast, med nokre unntak. Bygga som ikkje skal fjernast, har heilt eller delvis status som freda og er eigde av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet. Nokre av bygningane kan stillast til disposisjon for Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) under føresetnad av at UNIS inngår ein langsiktig leigeavtale med Nærings- og fiskeridepartementet. For at UNIS skal kunne nytte bygga til forsking og undervisningsaktivitet, er det behov for å gjere enkelte tilpassingar. Utgiftene er rekna til 10 mill. kroner fordelte på 2021 og 2022. UNIS har forplikta seg til å dekke kostnadene til oppgradering i løpet av ti år, med faste årlege avdragsinnbetalingar som blir inntektsførte på kap. 3900, post 03. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2021 (Prop. 195 S (2020–2021), jf. Innst. 600 S (2020–2021)) vart det til saman løyvd 11,5 mill. kroner på kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 26 Forvaltning av grunneiendom på Svalbard, kan overføres.

4.10.2 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925. DMF forvaltar vidare utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutredninger og avgrensing av planområdene på Svalbard. I slike saker skal DMF, i samråd med Sysselmeisteren, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

DMF tildeler utmål og gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard. DMF skal bidra til auka verdiskaping ved å leggje til rette for ein langsiktig tilgang til ressursar basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og foredling av mineral i Noreg. Ut frå denne verksemdsideen er eit av hovudmåla at DMF skal sørge for at dei geologiske ressursane på Svalbard blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Dei andre hovudmåla er at DMF skal bruke verkemidla sine slik at forvaltninga av, utvinninga av og arbeidet med mineralressursar er langsiktig, forsvarleg og berekraftig, at verksemda til DMF skal gi god rettleiing til og kommunisere godt med brukarane innanfor verksemdsområdet til etaten, at verksemda til DMF skal sørge for at tidlegare mineralverksemd er forsvarleg sikra, og at det blir gjennomført tiltak for å redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineralverksemd på heimfalne gruveeigedommar som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Dei viktigaste oppgåvene til DMF er saksbehandling og tilsyn. DMF skal informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at ein òg tek omsyn til ressurs- og miljøaspekta. Sjå elles nærmare omtale under kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard og kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard i Nærings- og fiskeridepartementet sin Prop. 1 S (2022–2023).

4.10.3 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Gruve 7

Statens mål med eigarskapen i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) går fram av Innst. 225 S (2019–2020), jf. Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper – bærekraftig verdiskaping. Her står det bl.a. at målet er «gjennom drift av Gruve 7 å bidra til at kraftverket i Longyearbyen har tilgang på stabil kullforsyning». Det går òg fram at «Gruve 7 […] skal ha effektiv drift». Gruve 7 står for kolforsyninga til kraftverket som leverer elektrisk kraft og fjernvarme til Longyearbyen. Drifta av Gruve 7 har gått med underskot dei siste åra dels grunna lave kolprisar. For 2022 vart det løyvd 40,8 mill. kroner i tilskot for å dekke driftsunderskotet. Longyearbyen lokalstyre har fått i oppdrag å utarbeide ein ny energiplan for Longyearbyen og avgjorde hausten 2021 at dagens kolkraftverk skal stengast ned frå september 2023. Lokalstyret sa samtidig opp avtalen med SNSK om levering av kol.

Som følgje av dette, og den økonomiske situasjonen til Gruve 7, bestemte styret i SNSK at produksjonen i gruva skal avsluttast og oppryddinga av gruva starte så snart kolkraftverket i Longyearbyen er stengd ned.

Den endra situasjonen i verda har gjort tilgangen på kritiske råvarer usikker. Det gjeld også stålproduksjonen i Europa. Kolet frå Gruve 7 har høg kvalitet og er etterspurt i marknaden for produksjon av stål. Med bakgrunn i dette har styret i SNSK bestemt å forlenge drifta av Gruve 7 til sommaren 2025. Kolet i den forlenga perioden skal brukast til industriproduksjon. Avgjerda gjer at SNSK får tatt ut dei tilgjengelege kolreservane i Gruve 7 på forretningsmessig grunnlag. Noreg må ta sin del av ansvaret for sikker forsyning av råvarer. Staten som eigar motset seg difor ikkje ein forlenga drift til juli 2025 på bestemte vilkår. På denne bakgrunnen er det heller ikkje behov for løyvingar til drifta av Gruve 7 i 2023.

4.10.4 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

Regjeringa foreslo i samband med Stortinget si behandling av statsbudsjettet for 2018 at Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) si kolverksemd i Svea og Lunckefjell skulle avviklast, jf. Prop. 1 S (2017–2018). Stortinget slutta seg til vedtaket, jf. Innst. 8 S (2017–2018). Det vart samstundes bestemt å setje i gang opprydding i området. Oppryddingsarbeidet er delt opp i tre fasar (Lunckefjell fase 1, Svea fase 2A og Svea fase 2B). Oppryddinga i Lunckefjell (fase 1) er gjennomført. Oppryddinga i Svea fase 2A starta opp våren 2020 og blei ferdigstilt hausten 2021. Oppryddinga i Svea fase 2B starta opp våren 2021 og er venta ferdigstilt hausten 2023. I Prop. 195 S (2020–2021) vart det lagt fram ein revidert framdriftsplan som synte at det er mogleg å ferdigstille heile prosjektet hausten 2023, om lag eit år tidlegare enn venta. Nærings- og fiskeridepartementet foreslår ei løyving på 85 mill. kroner til SNSK for miljøtiltak i Svea for 2023 på kap. 900 post 31 Miljøtiltak i Svea og Lunckefjell. I tillegg er det fremma forslag om fullmakt til å forplikte staten for inntil 120 mill. kroner ut over budsjettåret for gjennomføring av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell. For ytterlegare omtale av miljøtiltak i Svea og Lunckefjell viser ein til Nærings- og fiskeridepartementet Prop. 1 S (2022–2023).

4.10.5 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ein medlemsbasert organisasjon for reiselivsnæringa på Svalbard og i Longyearbyen. Visit Svalbard hadde ved årsskiftet 2021–2022 79 verksemder som medlemmer, og medlemmene sysselsette i 2021 rundt 370 årsverk.

Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å støtte opp under arbeidet til selskapet og å byggje opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken. Tilskotet skal nyttast til å skaffe informasjon om reiselivsaktivitet i området og bidra til utvikling og implementering av nasjonal politikk, bl.a. eit berekraftig reiseliv. Tilskotet skal òg nyttast til fellesoppgåver som drift av heilårig turistinformasjon, kompetansebygging blant aktørane og opplæring av guidar og turleiarar. Sjå nærmare omtale av reiseliv under punkt 2.2.3.2.

Tilskotet til Visit Svalbard AS var i 2022 på 3,2 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 3,3 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900, post 74, jf. vedlegg 1.

4.10.6 Næringstiltak

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere attraktivt for seriøse verksemder å drive næringsutvikling på Svalbard på ein måte som underbygger måla i svalbardpolitikken. Regjeringa foreslår å løyve til saman 5,4 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard i 2023. Forslaget fordeler seg slik:

  • 1,3 mill. kroner på kap. 920 Norges forskningsråd, post 50 Tilskudd til næringsrettet forskning

  • 2,1 mill. kroner på kap. 2421 Innovasjon Norge, post 50 Tilskudd til etablerere og bedrifter, inkl. tapsavsetninger

  • 2,0 mill. kroner på kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet post 75 Tilskot til særskilte prosjekter, kan overførast.

4.10.7 Romverksemd

Svalbard har ei geografisk plassering som er gunstig både for å utforske atmosfæren og for å laste ned satellittdata. Plasseringa er grunnen til at EU har valt å leggje sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus til Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg har delteke i Galileo sidan 2009 og i Copernicus sidan 2011. For programperioden 2021–2027 har EU samla alle romprogramma sine i eitt program. Romprogrammet vart teke inn i EØS-avtalen hausten 2021. Norsk deltaking i EU sitt romprogram er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap og omsyn til klima og miljø. Space Norway AS har starta eit prosjekt som skal gi breibandkommunikasjon i heile Arktis via satellitt.

Regjeringa foreslår å løyve 572,0 mill. kroner til norsk deltaking i EU sitt romprogram i 2023 på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett.

4.10.8 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt opna i juni 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat lastar ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer òg desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan laste ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

4.10.9 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund vart oppretta i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Space AS, som igjen er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Gruppen (10 pst.). Formålet med SvalRak er å skyte opp forskingsrakettar. Plasseringa nær den magnetiske nordpolen gjer at målingane frå rakettane har stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar.

4.11 Olje- og energidepartementet

4.11.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Olje- og energidepartementet har det statlege forvaltningsansvaret for førebygging av flaum og skred. Noregs vassdrags- og energidirektorat kan gi fagleg og økonomisk støtte til kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og kva område som kan få støtte innanfor den gjeldande løyvinga. NVE sitt ansvarsområde på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred.

NVE har regional varslingsteneste for regionen Nordenskiöld Land. Det er òg etablert ei lokal varslingsteneste for Longyearbyen. Den lokale varslingstenesta vil bli vidareført vinteren 2022–2023.

Longyearbyen lokalstyre har, ifølgje forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre, eit ansvar for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når det blir varsla om fare for naturleg utløyste skred, blir lokalstyret kontakta for at dei skal vurdere oppfølgingstiltak, til dels auka overvaking eller evakuering. Sysselmeisteren hjelper lokalstyret med gjennomføringa av tiltaka når det trengst. Sysselmeisteren vedtek og set i verk ferdselsforbod dersom det er aktuelt.

Sjå elles omtale i punkt 2.2.2.2 og kap. 0007 Tilfeldige utgifter.

4.11.2 Ny energiløysing for Longyearbyen

Kolkraftverket som forsyner Longyearbyen med kraft og varme vart sett i drift i 1983, ber preg av den høge alderen og må om ikkje lenge erstattast av ei ny energiløysing. Stortinget har slutta seg til dei overordna rammene for etablering og drift av ny energiløysing, jf. Innst. 117 S (2021–2022). Longyearbyen lokalstyre utarbeidar ein energiplan for Longyearbyen som dei skal overlevere til Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet i 2022. Departementa og lokalstyret vil saman vurdere den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing.

4.12 Samferdselsdepartementet

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagde posttenester på Svalbard med same krav til levering som i resten av landet. Posten krev ikkje statleg kjøp i 2023 knytt til plikter på Svalbard.

Svalbard Lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS. Lufthamna hadde i 2021 eit underskot på 4,7 mill. kroner, samanlikna med eit underskot på 1,8 mill. kroner i 2020 og eit overskot på 13,3 mill. kroner i 2019. 2020 og 2021 har vore sterkt prega av virusutbrotet og smitteverntiltaka. Lufthamna opererer rutefly og ambulansefly mellom Fastlands-Noreg og øygruppa i tillegg til lokal flytrafikk mellom Longyearbyen og samfunna i Ny-Ålesund og Svea. I normalår er det i tillegg mange charterflyoperasjonar mellom Svalbard og stader i andre land. Svalbard lufthamn er i praksis det einaste moglege sambandet mellom øygruppa og Fastlands-Noreg og har derfor avgjerande betyding både lokalt og nasjonalt.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet 2023

Den følgjande oversikta viser rekneskapstal for 2021, vedteke budsjett for 2022 og forslag til løyving på svalbardbudsjettet for 2023. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet. Nærmare omtale av svalbardrekneskapen 2021 finst i Meld. St. 3 (2021–2022) Statsrekneskapen 2021.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Utgifter

608 409

570 158

581 877

Inntekter

197 784

192 180

205 470

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Pst. endr. 22/23

0001

Tilskudd til Svalbard kirke

2 800

5 650

5 750

1,8

0003

Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre

196 110

160 290

165 180

3,1

0004

Tilskudd til Svalbard Museum

13 700

14 000

14 420

3,0

0005

Sysselmesteren (jf. kap. 3005)

81 447

75 616

86 195

14,0

0006

Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 3006)

218 508

287 536

245 160

-14,7

0007

Tilfeldige utgifter

68 840

67 200

36 100

-46,3

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 096

2 220

2 260

1,8

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard

2 246

2 200

2 240

1,8

0017

Norsk Polarinstitutt – refusjon

3 811

3 800

3 900

2,6

0018

Navigasjonsinnretninger

3 662

5 400

4 340

-19,6

0019

Meteorologisk institutt – husleie Bjørnøya og Hopen

7 143

7 644

7 782

1,8

0020

Statsbygg, Svalbard

2 207

2 300

2 340

1,7

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

5 839

6 100

6 210

1,8

Sum kategori 06.80

608 409

639 956

581 877

-9,1

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Postgr.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Pst. endr. 22/23

01–23

Driftsutgifter

323 148

388 616

356 127

-8,4

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

67 840

66 500

36 500

-45,1

50–58

Overføringer til andre statsregnskaper

3 811

3 800

3 900

2,6

70–89

Overføringer til private

213 610

181 040

185 350

2,4

Sum under departementet

608 409

639 956

581 877

-9,1

Tabellen ovanfor syner postgruppe for 2021 på dei postane løyvinga er plassert på i 2023.

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Pst. endr. 22/23

3005

Sysselmesteren (jf. kap. 0005)

5 156

3 300

3 300

0

3006

Sysselmesterens transporttjeneste (jf. kap. 0006)

506

500

500

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

0

0

0

0

3022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

0

270

270

0

3030

Skatter og avgifter

192 122

186 350

201 400

8,1

3035

Tilskudd fra statsbudsjettet

403 862

449 536

376 407

-16.3

Sum kategori 06.80

601 646

639 956

581 877

-9,1

Fotnotar

1.

Eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, NVE, NORCE og Bjerknessenteret.

2.

Departementet skifta namn 1. januar 2022. Før dette var namnet Arbeids- og sosialdepartementet.

3.

Departementet skifta namn 1. januar 2022. Før dette var namnet Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

4.

Departementet skifta namn 1. januar 2022. Før dette var namnet Kulturdepartementet.

Til forsida av dokumentet