10 års forskingssamarbeid med Kina

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjennom ti år systematisk bygd opp nettverk i Kina med samarbeid med ei rekkje forskingsinstitusjonar. Det har ført til at NIBIO i dag er ein viktig samarbeidspartnar for kinesarane på matsikkerheit, miljøvenleg og berekraftig landbruk.

Etter seks år utan politisk kontakt har Noreg og Kina no inngått ein avtale om å etablere eit normalt politisk og diplomatisk samarbeid igjen. Normaliseringa av den norsk-kinesiske relasjonen er svært viktig for Noreg sine forskingsmiljø. Kina er ein avgjerande samarbeidspartner for å oppnå gode resultat på område som klimatiltak og matsikkerheit. 

Utfordringane knytt til miljø, klimaendringar og matsikkerheit er store og globale, og krev internasjonalt samarbeid. Kina er eit av seks land som blir omfatta av regjeringa sin Panorama-strategi for å etablere langsiktig høgare utdannings- og forskingssamarbeid. Forskarar ved NIBIO understrekar at det er viktig å vere ein medspelar i satsinga og utviklinga som skjer i kinesisk landbruksforsking og teknologisk innovasjon. 

I fjor inngjekk NIBIO eit nytt femårig forskingssamarbeid med Heilongjiang Academy of Agricultural Sciences (HAAS), som har ei framståande rolle for den nasjonale mattryggleiken i Kina. Saman skal dei to institutta forske på matproduksjon og matryggleik.