Historisk arkiv

150 nye fagskuleplassar til Sogn og Fjordane og Viken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Dei 150 fagskuleplassane har potensiale til å nå opptil 660 menneske. – Dette er ei fantastisk moglegheit for dei tilsette i industrien som eg håpar flest mogleg nyttar seg av, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Industrifagskulen er eit samarbeid mellom Norsk Industri, Fellesforbundet og Industri Energi der fagarbeidarar kan få gratis kompetansepåfyll. I tett samarbeid med fagskular skal det utviklast korte og fleksible utdanningstilbod som kan kombinerast med jobb og familieliv. Som eit resultat av lønnsoppgjeret med frontfaga i fjor haust, lova regjeringa middel til studieplassar til Industrifagskulen.

– Vi har eit stort behov for dyktige fagarbeidarar i åra framover. Dette er gode nyheiter for tilsette innan industri og bygg i desse regionane, som no kan kombinere både jobb og familieliv med å få kompetansepåfyll, seier Asheim.

Gjennom satsinga på Industrifagskulen får Fagskulen Sogn og Fjordane 4,55 millionar kroner til 16 ulike modular på mellom 5 og 15 studiepoeng. Dette svarar til 60 fulltids studieplassar som skal fordelast på inntil 480 studentar.

Fagskulen i Viken får 6,83 millionar kroner til kursmodular på 3x10 studiepoeng, som det skal bli gitt tilbod om på seks ulike stader i landet. Dette svarar til 90 fulltids studieplassar som skal fordelast på inntil 180 studentar.

Samarbeidet mellom arbeidslivspartane lokalt og fagskulane

Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som lyser ut og vurderer kven som skal få støtte, i samarbeid med partane i arbeidslivet.

– Det er utruleg spennande å sjå denne utviklinga av vidareutdanningstilbod i høgare yrkesfagleg utdanning. Samarbeidet mellom partane i arbeidslivet lokalt og fagskulane legg grunnlaget for ei ny og spennande tilnærming til kompetanseheving, som bidrar til at utdanning blir lettare tilgjengeleg òg for fagarbeidarar i full jobb i distrikta, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

I statsbudsjettet for 2021 vedtok Stortinget å løyve 37,8 millionar kroner til studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning knytte til "Industrifagskulen" - vidareutdanningstilbod retta mot fagarbeidarar innan industri og bygg. Midla vart lyst ut av Diku i januar 2021 med fire søknadsfristar, og pengane som no går til Viken og Sogn og Fjordane er den første tildelinga.

For meir informasjon: https://diku.no/programmer/driftsmidler-til-studieplasser-i-hoeyere-yrkesfaglig-utdanning-industrifagskolen-2021