1,55 milliarder kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 2,6 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2023.

Veksten er fordelt med om lag 1,7 milliardar kroner til kommunane og 0,9 milliardar kroner til fylkeskommunane.

På grunn av den økonomiske situasjonen legg ikkje regjeringa opp til stor inntektsvekst i kommunane neste år utover det som er nødvendig for å dekke høge demografikostnader som følgje av mellom anna mange flyktningar frå Ukraina.

Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett.  Heldigvis er mange kommunane godt rusta til å handtere utfordringane og gje innbyggjarane sine gode tenester også neste år. Samstundes er det store variasjonar mellom ulike kommunar og for nokre vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland fylke og den nominelle veksten frå 2022 til 2023. Vi tar utgangspunkt i eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2022, der det er tatt omsyn til at skatteanslaget er auka med 2,4 milliardar kroner etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022.

For å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Mellombelse, ekstraordinære skatteinntekter på 14 milliardar kroner og løyvingane i samband med koronapandemien, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2022.

Trekket i samla rammetilskot for kommunesektoren på 3 milliardar kroner i 2023 grunngitt med ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft påverkar ikkje berekna vekst for kommunar og fylkeskommunar, sidan det er et eittårig trekk.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023

 

Anslag på

Vekst frå anslag

 

frie

på rekneskap 2022 - 2023

Kommune

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2023

kroner

 
 

(1000 kr)

(1000 kr)

 

 

1

2

3

       

1101 Eigersund

993 570

42 393

4,5

1103 Stavanger

9 606 994

336 527

3,6

1106 Haugesund

2 373 393

88 222

3,9

1108 Sandnes

5 251 777

224 063

4,5

1111 Sokndal

248 792

7 715

3,2

1112 Lund

236 233

12 200

5,4

1114 Bjerkreim

198 229

5 528

2,9

1119 Hå

1 261 530

55 803

4,6

1120 Klepp

1 280 938

57 259

4,7

1121 Time

1 267 498

54 426

4,5

1122 Gjesdal

807 598

37 089

4,8

1124 Sola

1 872 088

66 149

3,7

1127 Randaberg

759 492

27 321

3,7

1130 Strand

873 184

36 549

4,4

1133 Hjelmeland

212 949

5 882

2,8

1134 Suldal

304 190

8 696

2,9

1135 Sauda

337 537

9 321

2,8

1144 Kvitsøy

58 463

3 018

5,4

1145 Bokn

76 164

1 505

2,0

1146 Tysvær

793 786

38 820

5,1

1149 Karmøy

2 706 742

95 514

3,7

1151 Utsira

38 662

1 349

3,6

1160 Vindafjord

625 449

22 114

3,7

Til fordeling gjennom året

15 000

 

 

Rogaland

32 200 259

1 235 162

4,0

       

Rogaland fylkeskommune

 7 134 499

 311 643

4,6

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2023, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2022 til anslag for 2023 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no