430 000 kroner til forenkling av utmarkforvaltninga i Alvdal og Tynset

– Vi er opptekne av å forenkle og forbetre utmarkforvaltninga, slik at det vert enklare for innbyggjarar, frivillige og næringsverksemder, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Alvdal og Tynset skal oppleve at det vert lettare å skape aktivitet i desse områda.

Alvdal kommune får no 430 000 kroner til eit prosjekt som skal forenkle  og forbetre utmarkforvaltninga. I prosjektet skal Alvdal kommune samarbeide med Tynset kommune for å betre organiseringa av grunneigarar og utmarknæringa i dei to kommunane. Dei skal vidareutvikle det interkommunale samarbeidet på utmarkforvaltning, mellom anna gjennom å revidere og oppdatere alle IKT-tenester på utmarkområdet. Målet er at dette skal hjelpe grunneigarar og andre som har rettigheiter å utvikle og selje utmarkprodukta sine.

Prosjektet får støtte gjennom departementet si forsøksordning for forenkling av utmarkforvaltninga.

– Alvdal og Tynset har store utmarkressursar som er viktige for sysselsetting og næringsverksemd. Eg kjem til å følgje spent med på kva dei får til, og ynsker dei lykke til med gjennomføringa av prosjektet, seier Sanner.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00