500 færre arbeidslause i februar

– Talet på heilt arbeidslause har no falle i 15 månadar på rad og nivået er det lågaste sidan 2012, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Nedgangen i den registrerte arbeidsløysa held fram. På nyåret har talet på arbeidssøkarar gått mest ned i Rogaland og Agder-fylka, samt i gruppa ingeniørar og IKT-fag.

– Gledeleg

– Framleis ser vi at der arbeidsløysa auka mest etter oljeprisfallet, er òg nedgangen størst. Det er gledeleg, seier statsråden.