Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

58 millionar til studieforbunda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til studieforbunda med 58 millionar kroner i forhold til det salderte budsjettet for 2006.

Pressemelding

Nr.: 70-06
Dato: 6.oktober

58 millionar til studieforbunda

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til studieforbunda med 58 millionar kroner i forhold til det salderte budsjettet for 2006. Med denne satsinga ønskjer Regjeringa å bidra til å stoppe den store nedgangen vi har sett i tilboda til studieforbunda.

Det nye løyvingsnivået til studieforbunda legg til rette for at aktiviteten på nytt kan komme opp på 2005-nivå.

Samtidig med styrkinga skal Kunnskapsdepartementet setje ned eit offentleg utval som skal vurdere kva rolle studieforbunda har i forhold til enkeltindividet, arbeidslivet og samfunnslivet i eit breitt perspektiv.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Jørgen Bjelle Smit, 22 24 74 46

Til toppen