862 millionar kroner meir i frie inntekter til Troms og Finnmark neste år

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår ein vekst på om lag 2,6 milliardar kroner i kommunesektoren sine frie inntekter i 2023.

Veksten er fordelt med om lag 1,7 milliardar kroner til kommunane og 0,9 milliardar kroner til fylkeskommunane.

På grunn av den økonomiske situasjonen legg ikkje regjeringa opp til stor inntektsvekst i kommunane neste år utover det som er nødvendig for å dekke høge demografikostnader som følgje av mellom anna mange flyktningar frå Ukraina.

− Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett.  Heldigvis er mange kommunane godt rusta til å handtere utfordringane og gje innbyggjarane sine gode tenester også neste år. Samstundes er det store variasjonar mellom ulike kommunar og for nokre vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Troms og Finnmark og den nominelle veksten frå 2022 til 2023. Vi tar utgangspunkt i eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2022, der det er tatt omsyn til at skatteanslaget er auka med 2,4 milliardar kroner etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022.

For å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Mellombelse, ekstraordinære skatteinntekter på 14 milliardar kroner og løyvingane i samband med koronapandemien, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2022.

Trekket i samla rammetilskot for kommunesektoren på 3 milliardar kroner i 2023 grunngitt med ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft påverkar ikkje berekna vekst for kommunar og fylkeskommunar, sidan det er et eittårig trekk.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023

 

Anslag på

Vekst frå anslag

 

frie

på rekneskap 2022 - 2023

Kommune

inntekter

Nominelle

Prosent

 

2023

kroner

 
 

(1000 kr)

(1000 kr)

 

 

1

2

3

       

5401 Tromsø

4 831 349

147 769

3,2

5402 Harstad

1 677 637

55 672

3,4

5403 Alta

1 588 750

65 268

4,3

5404 Vardø

173 096

4 847

2,9

5405 Vadsø

422 966

9 969

2,4

5406 Hammerfest

895 550

25 612

2,9

5411 Kvæfjord

231 704

7 081

3,2

5412 Tjeldsund

348 503

11 737

3,5

5413 Ibestad

120 750

3 304

2,8

5414 Gratangen

100 409

2 615

2,7

5415 Lavangen

105 303

4 641

4,6

5416 Bardu

286 295

8 570

3,1

5417 Salangen

171 374

7 374

4,5

5418 Målselv

477 003

19 377

4,2

5419 Sørreisa

239 750

6 947

3,0

5420 Dyrøy

104 758

1 716

1,7

5421 Senja

1 191 085

39 375

3,4

5422 Balsfjord

423 734

13 266

3,2

5423 Karlsøy

198 264

7 235

3,8

5424 Lyngen

251 653

8 922

3,7

5425 Storfjord

167 940

6 236

3,9

5426 Kåfjord

177 123

5 211

3,0

5427 Skjervøy

238 480

8 715

3,8

5428 Nordreisa

356 081

9 584

2,8

5429 Kvænangen

130 208

3 637

2,9

5430 Kautokeino

267 855

9 011

3,5

5432 Loppa

107 790

3 350

3,2

5433 Hasvik

109 442

1 959

1,7

5434 Måsøy

123 581

2 537

2,1

5435 Nordkapp

250 047

5 847

2,4

5436 Porsanger

307 103

12 177

4,1

5437 Karasjok

225 272

5 128

2,3

5438 Lebesby

137 319

2 576

1,9

5439 Gamvik

117 481

6 852

6,2

5440 Berlevåg

97 020

1 441

1,5

5441 Tana

257 200

9 815

4,0

5442 Nesseby

102 576

3 182

3,2

5443 Båtsfjord

184 058

5 408

2.6

5444 Sør-Varanger

726 417

21 751

3,1

Til fordeling gjennom året

79 350

 

 

Troms og Finnmark

18 002 275

598 165

3,4

       

Troms og Finnmark fylkeskommune

5 935 964

264 206

4,7

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2023, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2022 til anslag for 2023 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no