907 millionar kroner meir i frie inntekter til Møre og Romsdal neste år

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Veksten er fordelt med om lag 1,7 milliardar kroner til kommunane og 0,9 milliardar kroner til fylkeskommunane.

På grunn av den økonomiske situasjonen legg ikkje regjeringa opp til stor inntektsvekst i kommunane neste år utover det som er nødvendig for å dekke høge demografikostnader som følgje av mellom anna mange flyktningar frå Ukraina.

− Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett.  Heldigvis er mange kommunane godt rusta til å handtere utfordringane og gje innbyggjarane sine gode tenester også neste år. Samstundes er det store variasjonar mellom ulike kommunar og for nokre vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Fordeling av frie inntekter

Tabellen nedanfor viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Møre og Romsdal fylke og den nominelle veksten frå 2022 til 2023. Vi tar utgangspunkt i eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2022, der det er tatt omsyn til at skatteanslaget er auka med 2,4 milliardar kroner etter stortingsbehandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2022.

For å gjere inntektsnivået i 2022 samanliknbart med inntektsnivået i 2023, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Mellombelse, ekstraordinære skatteinntekter på 14 milliardar kroner og løyvingane i samband med koronapandemien, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2022.

Trekket i samla rammetilskot for kommunesektoren på 3 milliardar kroner i 2023 grunngitt med ekstraordinære inntekter frå konsesjonskraft påverkar ikkje berekna vekst for kommunar og fylkeskommunar, sidan det er et eittårig trekk.

Variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar kan i all hovudsak forklarast med utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

Tabell – Anslag på frie inntekter i 2023 og nominell vekst frå 2022 til 2023

 

Anslag på

Vekst frå anslag

 

frie

på rekneskap 2022 - 2023

Kommune

inntekter

Nominelle

Prosent

 

 

2023

kroner

 

 

 

(1000 kr)

(1000 kr)

 

 

 

1

2

3

 

       

 

1505 Kristiansund

1 533 881

48 241

3,2

 

1506 Molde

2 142 900

85 589

4,2

 

1507 Ålesund

4 275 139

131 480

3,2

 

1511 Vanylven

235 255

7 242

3,2

 

1514 Sande

187 639

6 017

3,3

 

1515 Herøy

578 079

21 082

3,8

 

1516 Ulstein

578 650

29 399

5,4

 

1517 Hareid

355 594

16 252

4,8

 

1520 Ørsta

728 159

31 180

4,5

 

1525 Stranda

312 872

10 168

3,4

 

1528 Sykkylven

480 104

16 460

3,6

 

1531 Sula

644 469

22 153

3,6

 

1532 Giske

574 736

23 736

4,3

 

1535 Vestnes

467 566

16 448

3,6

 

1539 Rauma

499 062

16 719

3,5

 

1547 Aukra

254 672

13 000

5,4

 

1554 Averøy

384 422

14 529

3,9

 

1557 Gjemnes

195 828

5 597

2,9

 

1560 Tingvoll

231 597

6 215

2,8

 

1563 Sunndal

501 456

25 203

5,3

 

1566 Surnadal

410 510

12 165

3,1

 

1573 Smøla

173 217

8 053

4,9

 

1576 Aure

284 585

4 430

1,6

 

1577 Volda

737 579

27 640

3,9

 

1578 Fjord

224 977

9 131

4,2

 

1579 Hustadvika

918 239

34 804

3,9

 

Til fordeling gjennom året

15 566

 

 

 

Møre og Romsdal

17 926 756

624 149

3,6

 

       

 

Møre og Romsdal fylkeskommune

 5 582 004

 282 625

5,3

 

 

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2023, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2022 til anslag for 2023 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no