Blåfjelldal vitjar Fjellandbruket i Nord-Trøndelag

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal vitjar 8-9. september fleire stader i Fjellandbruket i Nord-Trøndelag.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal vitjar 8-9. september fleire stader i Fjellandbruket i Nord-Trøndelag. Tema for vitjinga er statlege virkemiddel for å ivareta distriktslandbruket.

På si vitjing vil Blåfjelldal sjå korleis bygdeutviklingsmidla bidrar til å modernisere eksisterande driftsbygg og gi auka moglegheiter for verdiskapning. Vidare korleis omstillingsmidler har bidratt til endring av produksjon på gardsbruk og korleis rovviltsikre gjerder kan redusere rovviltskader. Lokal mat og lokale foredlingsbedrifter står også på programmet. Fjellandbruket i Nord-Trøndelag har ein ambisjon om å auke verdiskapinga 10 prosent på 5 år gjennom å satse på driftsbygg og auka storfekjøttproduksjon.

Frå programmet:

Mandag 8. september:
Kl. 18.10-19.10  Velkommen til Røyrvik kommune ved ordfører Arnt Michelsen. Velkommen ved styreleiar i Fjellandbruket SA Øyvind Skarstad. Informasjon om Fjellandbruket og Fjellandbruksprosjektet i Nord-Trøndelag ved prosjektleiar Einar Otto Ingulfsvann. Stad: Limingen Gjestegård
 
Kl. 20.00-21.00   Informasjon om Skånaliseter og Bondens marked ved Svein Håpnes. Stad: Skånaliseter gårdsysteri i Røyrvik.
 
Tirsdag 9. september:
Kl. 10.30-1130 Velkommen til Lierne kommune ved ordfører Alf Robert Arvassli. Vitjing på utbyggingsbruk for mjølk. Om folkefjøs med robot og grovforperspektiv: Ken Thomas Wallinder. Stad: Kvemotangen i Lierne.
 
Kl. 12.00-1300 Vitjing ved sauebruk i Lierne ved Murusjøen. Om sau innafor rovviltsikre gjerder, og eggproduksjon: Knut Erik Himle.
 
Kl. 13.00-14.00 Om Lierne Nasjonalpark og Lierne nasjonalparksenter ved Lillian Bergli. Meir om Lierne Nasjonalparksenter
 
Kl. 14.30-15.30 Gardsvitjing på Nesset samdrift. Omstilling fra sau til ku.
 
Kl. 16.00-17.00 Bedriftsvitjing og middag på Lisnadder. Orientering om Lisnadders drift og produkter.
 

Kontaktperson for program:
Prosjektleiar i Fjellandbruket Einar Otto Ingulfsvann 95 15 62 16.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal vitjar 8-9. september fleire stader i Fjellandbruket i Nord-Trøndelag. (Foto: Torbjørn Tandberg)