Europa vil auke sjølvforsyninga av råvareressursar

Av Ingvild Vereide Nave, EU-delegasjonen

Dei ressursrike nordområda speler ei viktig i rolle i arbeidet med å gjere Europa meir sjølvforsynt når det gjeld råvarer som metall og mineral. Men korleis bruke ressursane smartast mogeleg?

Henrik Shiellerup frå NGU fortalde om dei rike ressursane i Nord-Noreg. Foto: Torjus Kleiven Kandal, Nord-Noregs Europakontor

Dei ressursrike nordområda speler ei viktig i rolle i arbeidet med å gjere Europa meir sjølvforsynt når det gjeld råvarer som metall og mineral. Men korleis bruke ressursane smartast mogeleg?

Rundt 30 millionar arbeidsplassar i EU er avhengige av tilgangen på råvarer, men råvareressursane i Europa er langt frå uendelege. Difor er det viktig å bruke dei knappe ressursane på ein så smart måte som mogeleg.

22. oktober inviterte Nord-Norges Europakontor, Aust- og Nord-Finlands Europakontor, European Regions Research and Innovation Network (ERRIN) og European Chemical Industry Council (CEFIC) til seminar om innovasjon innanfor råvarepolitikk, teknologi og strategi.

Ser mot eigne ressursar
Målet med seminaret var å bringe saman representantar frå europeiske regionar som har råvareressursar, industrien som nyttar råvarene og EU. Europa har vendt augene mot eigne ressursar fordi ein ønskjer ei større grad av sjølvforsyning av til eksempel metall og mineral. I dag forbrukar europearar langt meir råvarer enn det som blir henta ut i Europa. For å endre dette har EU mellom anna lagt fram ein råvarestrategi. Hovudpunkta i strategien er tilgang til den internasjonale marknaden, berekraftig utnytting av eigne råvarer, innovasjon, auka ressurseffektivisering og gjenvinning.

Berekraftig utvinning i ressursrike områder, som til eksempel dei norske nordområda, er også ein viktig del av strategien. Noreg har førekomstar av både stein, metall og mineral som kan hjelpe Europa å auke sjølvforsyningsgrada, og vi samarbeider med EU i fleire prosjekt tilknytt råvareindustrien. Mellom anna deltar Noregs Geologiske Undersøking (NGU) og Norsk Bergindustri aktivt i EU sin råvarestrategi. I tillegg er dei partnarskapa i forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont 2020 som omfattar råvarer opne for norsk deltaking.

Noreg har konkurransefordel
Frå Noreg deltok prosjektleiar Henrik Schiellerup frå NGU, som mellom anna viste kart over dei mange funna av råvarer i Nord-Norge. Nokre av dei er allereie opna for gruvedrift, medan andre ligg urørte.

– På grunn av nærleik til havet og tilgang på rein energi har Noreg ein konkurransefordel. Mange råvareressursar ligg i innlandet, og blir derfor svært krevjande å transportere ut. I Noreg er det i mange tilfelle kort veg til næraste hamn, fortel Schiellerup.

Å drive gruvedrift på djupt vatn er også ein teknologi som er i utvikling. Ved hjelp av såkalla «black smokers», som er varmt vatn som sig opp frå havbotnen og ser ut som røyk, kan ein sjå kva stoff som fins i «røykskya» og dermed rekne ut kva råvarer som fins under havbotnen.

– NTNU har gjort utrekningar som tyder på at det fins betydelege mengder kobbar, sink, sølv og gull. Det skjer mykje på den teknologiske fronten som kan skape store mogelegheiter på dette feltet i åra framover, fortel Shiellerup.