Historisk arkiv

Fagernes lufthamn: Framtida for lufthamna er chartertrafikk - og staten vil vurdere privat eigarskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Stortinget har i Statsbudsjettet for 2015 slutta seg til forslaget om å sjå nærare på framtida for lufthamna på Fagernes. Formålet er å finne ein driftsform som sikrar at chartertrafikken kan halde fram når rutetrafikken Fagernes-Oslo vert avvikla frå 1. april 2016.

Stortinget har i Statsbudsjettet for 2015 slutta seg til forslaget om å sjå nærare på framtida for lufthamna på Fagernes. Formålet er å finne ein driftsform som sikrar at chartertrafikken kan halde fram når rutetrafikken Fagernes-Oslo vert avvikla frå 1. april 2016.

- Dette er ei god nyheit for nærings- og reiselivet i Hallingdal og Valdres, som har gjort ein stor innsats med å få fart på chartertrafikken dei siste par åra, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Saman med lokalt næringsliv og lokale myndigheiter vil Samferdselsdepartementet no sette i gang dette arbeidet.

- Passasjertalet på flyruta Fagernes-Oslo har falle dei siste ti åra. No er det i snitt berre tre reisande på kvar avgang. Det er difor ikkje grunnlag for å ta med strekninga Fagernes-Oslo i neste anbodsutlysing av flyruter for Sør-Noreg. Når lufthamna ikkje lenger skal ha rutetrafikk, er det naturleg å vurdere om Fagernes også i framtida skal vere ein del av det statlege Avinor-nettverket. Dette er noko av det vi skal finne ut av etter ein prosess saman med dei lokale kreftene og Avinor, seier samferdselsministeren.

En viktig del av arbeidet med å vurdere framtida for lufthamna, er å finne ut korleis ein best legg til rette for chartertrafikken. Reiselivet i Valdres og Hallingdal har lagt store ressursar i utviklinga av reisetilbod, med støtte av fylkeskommunane i Buskerud og Oppland. Om chartertrafikken utviklar seg positivt, vil staten kunne gi tilskot til lokale aktørar som ønskjer å drive lufthamna vidare som ein ikkje-statleg lufthamn.