Fiske av makrell innanfor fjordlinjene

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker har i dag vedtatt å opne for makrellfiske innanfor fjordlinjene i Troms.

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker har i dag vedtatt å opne for makrellfiske innanfor fjordlinjene i Troms.

Opninga er eit mellombels unntak frå det generelle forbodet mot fiske innanfor fjordlinjene og gjeld fram til 30. september 2014. Spørsmålet om ei øvre fartøygrense ved slike unntak vil verte gjenstand for høyring.