Høgare kornprisar

Den siste månaden har kornmarknadene vore prega av forsinka hausting av soya og mais i USA. Dette har medverka til ein auke i prisane på soya og mais, som igjen har medverka til at kveiteprisane har auka.

Det internasjonale kornrådet (IGC) oppjusterte i oktober sine produksjonsprognosar for kveite til rekordhøge 718 millionar tonn. Det er venta ein auke i produksjonen i EU, Russland, Ukraina, Argentina, Brasil, India og Kina. I USA er det venta mindre produksjon i år enn i fjor trass i auken i hausta areal. Dette kjem av at avling per dekar er venta å være lågare i år enn i fjor. Produksjonen i Canada er og venta å bli mindre enn i fjor. Dette følgjer av mindre sådd areal og lågare avling per dekar.

Konsumet  auker
Mens produksjonen er venta å bli 0,7 prosent høgare i år enn i fjor, er det venta at konsumet vil auke med 1,9 prosent. Prognosert fôrforbruk vart justert ned frå september til oktober, men er framleis venta å bli høgare enn i fjor. Prognosert forbruk til mat vart på same tid justert litt opp.

Korn
Korn (Foto: Torbjørn Tandberg)