Innspelmøte om melding til Stortinget – vekst i havbruksnæringa

-Eg ønskjer innspel om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Ho inviterer til innspelmøte i Bodø 27. mai kl. 13.00 -16.30 på Universitet i Nordland.

- Eg ønskjer innspel om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Ho inviterer til innspelmøte i Bodø.

Fiskeriministeren inviterer til innspelmøte om ny melding til Stortinget

Tid: 27. mai kl. 13.00 -16.30
Stad: Universitet i Nordland.

Hovudmålet med meldinga er å drøfte korleis Noreg  kan auke verdiskapinga ved å fremme ein ny og føreseieleg politikk for kapasitetsvekst.

Møtet er ope og alle som er opptatt av dei framtidige rammevilkåra til havbruksnæringa er velkomne til å dele tankar og idear og drøfte politikk med fiskeriministeren.

Program:

1300    Velkomen ved prorektor ved Universitet i Nordland, Grete Lysfjord       
1305    Innleiing ved fiskeriminister Elisabeth Aspaker
1310    Den økonomiske verdien av føreseieleg vekst ved Atle Guttormsen, NMBU
1330    Havbruksnæringa sine synspunkt ved FHL
1350    Pause
1405    Kva er berekraft ved Karoline Andaur i WWF
1425    Arealutvalets forslag til handlingsreglar ved Peter Gullestad
1445    Pause
1500    Paneldebatt og spørsmål frå salen
1630    Slutt

Meld deg på her

--------------------------------------------------------------------------

Neste innspelmøte er i Bergen 02.09.2014