Konkurransekraft i Sogn og Fjordane

Statsminister Erna Solberg møtte tysdag næringslivet i Sogn og Fjordane for å diskutere konkurransekraft og verdiskaping. Møtet vart halde hjå Westcon Yard i Florø, i samband med at statsministeren var på reise i fylket. I møtet kom ulike delar av næringslivet i Sogn og Fjordane med innspel til korleis konkurransekrafta kan bli betre.

På møtet deltok Elkem Bremanger, Flora Industri- og næringsforening, Highsoft, INC Gruppen, Maritim Foreining Sogn og Fjordane, Marø Havbruk, NOR Tekstil, Paneda, SafeClean, Sogn og Fjordane Energi, Strukturplast, Westcon Yard, Åsen & Øvrelid, Sogn og Fjordane fylkeskommune, LO og NHO.

Næringslivet i Sogn og Fjordane møtte denne veka statsministeren for å gi innspel til korleis konkurransekrafta for bedriftene i fylket kan bli betre. Møtet gjekk føre seg i kantina hjå Westcon Yard i Florø. Foto: Statsministerens kontor.