Historisk arkiv

Prisfall for matråvarer på verdsmarknaden i september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Trass i nok ein sterk prisauke på storfekjøt, fall prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) med 5,2 prosent i september. Årsaka er fortsatt fall i prisindeksen for laks, vegetabilske oljer/protein og kornråvarer.

Trass i nok ein sterk prisauke på storfekjøt, fall prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) med 5,2 prosent i september. Årsaka er fortsatt fall i prisindeksen for laks, vegetabilske oljer/protein og kornråvarer.

IMFs matprisindeks består av eit vekta gjennomsnitt av prisutviklinga innan varegruppene kornvarer, sukker, vegetabilske oljer/protein, kjøt, sjømat, sukker, appelsinar og bananar.

Matråvarar
Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 6,1 prosent ifølgje IMF. Dette har skjedd trass i sterk prisauke på kjøt på 28,2 prosent. Ei av årsakene er prisreduksjon på kornvarer på 19,4 prosent. 

Kornvarer
Prisindeksen for kornvarer på verdsmarknaden fall med 6,1 prosent i september. Prisen på mais fall sterkast med 7,6 prosent, medan kveite, bygg og ris fall med 7,5 prosent, 1,9 prosent og 0,9 prosent. Før sommaren var særleg marknaden for kveite prega av prisoppgang som følgje av mellom anna ugunstige vêrtilhøve i USA og Brasil og geopolitiske spenningar omkring Svartehavet. Årsaka til fall i prisen på kveite i den siste perioden skyldast gode prognosar for avlingar på verdsmarknaden.

Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 6,1 prosent. Dette har skjedd trass i sterk prisauke på kjøt på 28,2 prosent. Ei av årsakene er prisreduksjon på kornvarer på 19,4 prosent.
Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 6,1 prosent. Dette har skjedd trass i sterk prisauke på kjøt på 28,2 prosent. Ei av årsakene er prisreduksjon på kornvarer på 19,4 prosent. (Foto: Torbjørn Tandberg)