Norske matspesialitetar heidra på Matstreif

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet delte fredag 12. september ut Spesialitetsmerket til Avdem Gardsysteri, Eiker Gardsysteri og Galavolden gard.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet delte fredag 12. september ut synlege heidersteikn til Avdem Gardsysteri, Eiker Gardsysteri og Galavolden gård under opningen av Matstreif på Rådhusplassen i Oslo.  Både ost, smør og is i ulike variantar kom i denne runden gjennom nålauget til det matfaglege utvalet som bedømmer kandidatane til Spesialitet-merket. Totalt er det no 232 ulike mat- og drikkevarer som er tildelt Spesialitet-merket, frå alle delar av landet.

-Å dele ut Spesialitet-merket til så mange lokalmatprodusentar syner både kvalitetsløftet og matmangfold vi har fått i Noreg, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal.

-Matinteresserte forbrukarar kan gledje seg stort over den utviklinga vi nå haustar av etter mange år med arbeid. Eg heiar fram mangfaldet av kvalitet og godt håndverk blant våre norske lokalmatprodusentar, seier statssekretær Blåfjelldal.

Spesialitet-merket er eit informasjonsmerke for norskprodusert mat og drikke, basert på dei beste lokale råvarene, særeigne lokale oppskriftar og laga av stolte fagfolk.

Om Matmerk
Stiftelsen Matmerk ble oppretta av Landbruks- og matdepartementet i 2007. Matmerk leiast av eit styre sammensett av representantar frå heile verdikjeda, frå produsentar til dagligvarehandelen. Matmerk skal bidra til auka mangfald, kvalitet og verdiskaping i norsk matproduksjon. Matmerk arbeider for å styrkje omdømmet til norske matprodukt hjå norske forbrukarar.

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet og fiskeri- og kystminister Elisabeth Aspaker ved utdeling av Spesialitetsmerker på Matstreif i Oslo. Foto: Innovasjon Norge.