Priv. til red.:

Statsministerens program veke 37

Statsministeren er denne veka mellom anna vert for ei mottaking for den europeiske parlamentspresidentkonferansen på Akershus slott.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 9. september
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg opnar Innovasjonsdagen 2014 på Rockefeller i Oslo. Adresse: Torggata 16 i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543.

Kl. 10.30: Statsminister Erna Solberg og landbruks- og matminister Sylvi Listhaug besøkjer to gardsbruk og ei skogsdrift i Akershus. Dagen startar på Rustad gård i Nes kommune. Det blir produsert mjølk, storfekjøt og såkorn på garden. Adresse: Rustadvegen 147, 1929 Auli.

Kl. 13.40: Befaring i hogstfelt Minnesund, Eidsvoll kommune. Adresse: Ørbekenga.

Kl. 16.00: Inn på Tunet, Hauger gård og Faldalen. Inn på tunet er velferdstenester på gardsbruk som er lagt til rette for psykisk helsevern, rusomsorg og kriminalomsorg og andre som kan ha nytte av omsorgsopplegg tilknytt garden. Adresse: Haugveien 33, 1903 GAN.

Media kan delta under heile programmet, og statsministeren og landbruks- og matministeren er tilgjengelege for presse etter kvart besøk.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.

Torsdag 11. september
Kl. 19.30: Statsministeren er vert for ei mottaking for den europeiske parlamentspresidentkonferansen, på Akershus slott.

Det er høve til å fotografere i borggarden når gjestene kjem. Ein pool med NRK/TV eller TV2, NTBscanpix og ANB, kan arbeide under statsministeren sin velkomsttale.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Søndag 14. september
Kl. 13.00: Statsministeren opnar utstillinga «Ett folk, mange stemmer - Norvegiska romá (norske sigøynere) på Interkulturelt Museum i Oslo. Adresse: Tøyenbekken 5.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Rolf Erik Tveten, telefon 920 49 543 og kommunikasjonsrådgivar Cathrine Slaaen, telefon 976 77 247.