Priv. til red.:

Statsråd Vidar Helgesens program veke 47

Statsråd Vidar Helgesen deltek denne veka mellom anna på statsminister Erna Solbergs besøk til Polen og Ukraina.

Statsråden har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 17. november
Statsråd Vidar Helgesen deltek på statsminister Erna Solbergs besøk til Polen, sjå eiga pressemelding for fleire detaljar. Helgesen har i tillegg fleire møte med representantar for den polske regjeringa.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Tysdag 18. november
Statsråd Helgesen deltek på statsminister Erna Solberg si reise til Kiev i Ukraina. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Onsdag 19. november
Statsråd Helgesen er i Brussel for det halvårlege møtet i EØS-rådet (kl. 10.30). Det skal òg vere politisk dialog med EU (kl. 12.00) og møte i EFTAs konsultative komité og i EFTAs parlamentarikarkomité (kl. 14.30). Kl. 17.15 skal Helgesen møte kommissær Cecilia Malmstrøm.

Kl. 14.00 er det pressemøte i Rådsbygningen Justus Lipsius, ved VIP-inngangen.

Dei som ønskjer å fotografere/filme ved starten av EØS-rådsmøtet, vil få høve til det. Journalistar som ikkje har EU-akkreditering, må akkreditere seg på førehand i pressesekretariatet i Rådsbygningen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Torsdag 20. november

Kl. 10.00: Statsråd Helgesen held den halvårlege talen om regjeringas Europa-politikk på Stortinget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Fredag 21. november

Kl. 12.30: Statsråd Helgesen møter kretsen av EU-ambassadørar i Oslo, i residensen til den italienske ambassadøren. Stad: Inkognitogaten 5 i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.