Styrker familievernet og arbeidet mot vald

Statsbudsjettet 2015

For at fleire skal få tilbod om tidleg hjelp styrker regjeringa familievernet med 15 millionar kroner. Regjeringa opprettar òg ei ny tilskotsordning på til saman 12 millionar kroner for å støtte barn som har blir utsette for vald og overgrep.

– Tidleg hjelp og førebygging er viktig for familiane. Trygge foreldre gir trygge barn. Styrkinga av familievernet vil gjere det mogleg å forsterke det førebyggande arbeidet, og gjere ein større innsats for valdsutsette familiar og familiar som lever med høgt konfliktnivå. Familievernet kan hindre at familieproblem utviklar seg og derfor verke førebyggande på ei rekke samfunnsområde som vald, rus og psykiatri, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Regjeringa har styrkt familievernet for 2015 med til saman 27 millionar kroner meir enn Stoltenberg II-regjeringa. Familievernet har høg kompetanse på behandling av samlivskonfliktar, mekling og førebyggande familiearbeid for å støtte barns oppvekstvilkår. Kjerneoppgåver er behandling og rådgiving til familiar der det er vanskar, kriser eller konfliktar. Familievernet er eit lågterskeltilbod med spesialkompetanse, og det er ikkje krav om tilvising. Arbeidet med førebygging og tidleg innsats vil òg bli styrkt gjennom samarbeid med til dømes helsestasjonane.

- Styrkinga av hjelpetilbodet til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå er viktig for å førebygge skadeverknader for barna. Det er vidare ei målsetjing å redusere talet på foreldretvistsaker for domstolane, seier Horne.

Regjeringa vil òg satse på ei nettløysing for informasjon og program som er til nytte for brukarane av familieverntenesta. Dette vil auke tilgjenge for brukarane, gi ei meir effektiv teneste og styrkje meklingstenesta.

Ny tilskotsordning for valdsutsette barn

Regjeringa ser eit særskilt behov for tiltak som kan bidra til betre meistring av kvardagen for barn som har vore utsette for vald og overgrep.

- Vi vil opprette ei ny tilskotsordning på til saman 12 millionar kroner for å støtte etablering og drift av tiltak som kan auke livskvaliteten for barn som har blitt utsette for vald og overgrep, seier statsråd Solveig Horne.

Tilskotsmottakar kan være stiftingar, frivillige organisasjonar og andre aktørar. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) vil forvalte ordninga, og blir styrkt med 500 000 kroner til administrasjon av denne.

Saman med Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet vil BLD i haust legge fram ein prioritert tiltaksplan for å motarbeide vald og seksuelle overgrep mot barn og unge.

Omfangsundersøking

Det er behov for meir kunnskap om omfanget av vald og seksuelle overgrep blant barn og unge. BLD vil i 2015 sette i gang eit forprosjekt for å utvikle ein god metode for ei slik omfangsundersøking. Regjeringa foreslår 500 000 kroner til formålet.