Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

114 millionar kroner meir til Aust-Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Aust-Agder og Aust-Agder fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 114 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Aust-Agder og Aust-Agder fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 114 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Aust-Agder og Aust-Agder fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0901 Risør

5,4

0904 Grimstad

17,0

0906 Arendal

36,8

0911 Gjerstad

1,9

0912 Vegårshei

1,7

0914 Tvedestrand

5,2

0919 Froland

5,7

0926 Lillesand

8,6

0928 Birkenes

3,5

0929 Åmli

1,7

0935 Iveland

1,1

0937 Evje og Hornnes

3,4

0938 Bygland

1,2

0940 Valle

0,9

0941 Bykle

0,4

Aust-Agder

94,5

 

Aust-Agder fylkeskommune

19,1

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.