Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Bent Høie tek imot Rusreformutvalet sin rapport 19. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Torsdag 19. desember tek helseminister Bent Høie imot Rusreformutvalet sin NOU: Rusreform – frå straff til hjelp.

Utvalet har førebudd gjennomføringa av regjeringa si rusreform, der ansvaret for samfunnet sin reaksjon på bruk av illegale rusmiddel og innehav av illegale rusmiddel til eige bruk vert overført frå justissektoren til helsetenesta.

Regjeringa sette våren 2018 ned eit utval leia av fyrstestatsadvokat Runar Torgersen. Mandatet til utvalet har vore å utgreie og foreslå ein modell for å oppnå formålet med rusreformen.

No legg utvalet fram si innstilling.

  • Når:   Torsdag 19. desember 2019 klokka 12.00-13.00.
  • Stad:  Auditoriet i R5, Regjeringskvartalet, Oslo

Pressa er velkomen.

Pressekonferansen vert streama.

Ta med gyldig legitimasjon.

Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.