Betre og meir miljøvennlig ferjesamband Molde - Vestnes

– Regjeringa ønsker ein meir fleksibel kvardag for folk og næringsliv i heile landet. No vil vi forbetra tilbodet på riksvegferjesambandet Molde – Vestnes i Møre og Romsdal. Fleire avgangar og avgangar med stiv rutefrekvens gjer at folk treng tenkja mindre på rutetabellen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Nytt konkurransegrunnlag sendes no ut på anbud. Ny kontrakt tek til å gjelda frå 2021, for ein periode på 8 år.

I den nye kontrakten vert det innført krav om avgangar kvart 20. minutt på dagtid, og talet på avgangar aukar.

Det vert og stilt krav om fartøy drifta på null- eller lågutsleppsteknologi. Totalt vert det stilt miljøkrav til fire fartøy i sambandet. Minst to av fartøya skal vera fullelektriske i kontraktsperioden, men innfasing kan koma gradvis. Miljø vert dessutan vekta med 30 prosent som tildelingskriterium for kontrakten.

– Den sterke miljøvektinga trekkjer i retning av miljøvennlege løysingar. Konkurranseutsetjinga byggjer på det grøne skiftet i norsk skipsfart, seier Solvik-Olsen.