Presseinformasjon

Utanriksministeren til Kuala Lumpur 3.-5. august

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende deltek på Aseans årlege utanriksmøte i Kuala Lumpur 3.-5. august for å stadfeste Noregs intensjonar om utvida samarbeid med organisasjonen. - Besøket er eit høve til å møte sentrale aktørar frå Søraust-Asia og Aseans partnarland, samt norske næringslivsrepresentantar i Malaysia, seier Brende.

Søraust-Asia er ein raskt veksande region som er blitt ein stadig viktigare marknad for norske bedrifter. I 2014 var Asean (Association of South East Asian Nations), sett under eitt, Noregs fjerde største handelspartnar og heim til den høgste konsentrasjonen av norske bedrifter etablert i utlandet.

- Nærværet av norske bedrifter bidrar positivt til sysselsettinga i Asean-landa og styrker konkurransekrafta for norske bedrifter, framhevar utanriksministeren.

Det er ikkje berre økonomiske forbindelsar som held Noreg og Asean saman. Samarbeid innanfor felt som klima og energi, fred og forsoning og utdanning har også bidrege til å bringe Noreg og Asean nærare kvarandre.

- Noreg ønskjer eit formelt og substansielt partnarskap med Asean som inneber politisk dialog.

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen (med på reisa) 995 68 584.