Historisk arkiv

Då Sylvi åpna sauefjos i Åseral

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Livet som landbruks- og matminister er som for dei fleste av oss, nokre dagar på jobben er artigare enn andre. Tirsdag den 13. januar var ein triveleg dag for landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. – Det er ein dag eg vil hugse lenge, også etter at eg har slutta som statsråd, seier Sylvi.

Scena var det nye, store og flotte sauefjoset hjå Anna og Frode Forgard i Kyrkjebygda, Åseral. Eit av landets flottaste sauefjos. På 750 kvm er det plass til 300 sau med alle moderne fascilitetar. For anledningen var fjoset delt omtrent midt på med store presenningar.  

Det var mykje folk og stor festivitas då Sylvi åpna nytt sauefjos i Åseral.
Det var mykje folk og stor festivitas då Sylvi åpna nytt sauefjos i Åseral. Foto: Landbruks- og matdepartementet Foto: Foto: Landbruks- og matdepartementet
Foto: Landbruks- og matdepartementet Foto: Foto: Landbruks- og matdepartementet

På eine sida av presenningen var nokre hundre firbeinte samla, slike som retteleg høyrer heime i eit sauefjos. 

På andre sida av presenningen var samla nokre hundretals tobeinte, slike som til vanleg har mindre i eit sauefjos å gjere. Her var folk frå Sau og Geit, Landbruksrådgjevinga, Bondeorganisasjonane, Nortura, Innovasjon Norge, bygg-og reiskapsleverandørar, Fylkesmannen. Det var bladfykar frå fjern og nær. 

Men først og framst var her folk frå Åseral, og frå bygdene ikring.  Her var unge og gamle, karar og kvende. Her var stuttreiste grillpylser, heimelaga lefse, tradisjonsretten glosteik, kaffe og anna drikke. Og drøsen gjekk. Det var liv og latter. Det var talar, lukkeønskingar og gåver til Anna og Frode. 

Og så var det Sylvi. 

Frå dei som var attom presenningen høyrdest uro og breking. Det var tydeleg at dei undra seg over kva som var på gang. Og undringa vart ikkje mindre då Sylvi klypte snora, presenningen gjekk til side og dei storøygde kunne konstatere at dei nå måtte dele fjoset med ein flokk tobeinte som var minst like mange i talet som dei sjølve. 

Sylvi var overvelda: - Det er nesten utruleg å få oppleve eit slikt opplegg, frammøte og engasjement som det vi har her. Dette blir ein dag eg vil hugse lenge, sa ho. 

Og så la ho inn litt politikk: - I Norge har vi dei beste føresetnadene for å produsere prima saue- og lammekjøtt. Lang meir enn vi gjer i dag. Derfor har vi endra tilskotsordningane, slik at du nå ikkje får så mykje tilskot for å ha sauen, men først og fremst for å produsere og levere slakt og kjøtt, sa ho. 

- Det er spesielt hyggeleg og inspirerande å få kome på besøk til ei gard og ei bygd som har stor tru på og satsar på ei framtid for saueholdet, sa Sylvi Listhaug, før ho gratulerte med nytt fjøs og klypte snora. 

Ny giv i sauehaldet i Vest-Agder

Sauehaldet/talet har gått attende i Vest-Agder gjennom mange år.  Gjennom prosjektet Ny giv i saueholdet i Vest-Agder har fylket makta å snu trenden. Pilene peiker nå oppover.  Dei siste tre åra er det bygd nye og bygd om gamle sauefjøs i Vest-Agder med plass for til saman 6.000 sau. Det er investert 70 – 100 millioner kroner.

I 2014 var Vest-Agder det fylket med høgst del av lamma i beste kvalitetsklasse. Heile 83,5 prosent av lammeslakta i Vest-Agder var stjernelam.

Dei firbeinte undra seg stort over kva som var på gang.
Dei firbeinte undra seg stort over kva som var på gang. Foto: Landbruks- og matdepartementet Foto: Foto: Landbruks- og matdepartementet
Mange ville ha Sylvi i tale.
Mange ville ha Sylvi i tale. Foto: Landbruks- og matdepartementet Foto: Foto: Landbruks- og matdepartementet
Sylvi og brukarparet, Anna og Frode Forgard.
Sylvi og brukarparet, Anna og Frode Forgard. Foto: Landbruks- og matdepartementet Foto: Foto: Landbruks- og matdepartementet